< Deuteronomii 3 >
1 Itaque conversi ascendimus per iter Basan: egressusque est Og rex Basan in occursum nobis cum populo suo ad bellandum in Edrai.
So tok me på ei onnor leid, og for uppetter på vegen til Basan, og Og, kongen i Basan, kom imot oss til Edre’i med alt herfolket sitt, og baud ufred.
2 Dixitque Dominus ad me: Ne timeas eum: quia in manu tua traditus est cum omni populo ac terra sua: faciesque ei sicut fecisti Sehon regi Amorrhaeorum, qui habitavit in Hesebon.
Men Herren sagde til meg: «Du tarv ikkje vera rædd honom. Eg gjev honom i dine hender med alt folket og landet hans, og du kann gjera med honom, som du gjorde med Sihon, kongen yver amoritarne, som budde i Hesbon.»
3 Tradidit ergo Dominus Deus noster in manibus nostris etiam Og regem Basan, et universum populum eius: percussimusque eos usque ad internecionem,
So gav Herren, vår Gud, Basan-kongen Og i våre hender, både honom og alt folket hans, og me hogg deim ned, so ingen vart att eller slapp undan.
4 vastantes cunctas civitates illius uno tempore. non fuit oppidum, quod nos effugeret: sexaginta urbes, omnem regionem Argob regni Og in Basan.
Den gongen tok me alle byarne hans - det fanst ikkje ein by utan me tok honom frå deim - seksti byar, som alle høyrde til Argoblandet, riket åt Og i Basan.
5 Cunctae urbes erant munitae muris altissimis, portisque et vectibus, absque oppidis innumeris, quae non habebant muros.
Alle desse var faste borger med høge murar og tvihurda portar med slå fyre. Umfram deim tok me og alle landsbyarne, og det var uhorveleg mange.
6 Et delevimus eos, sicut feceramus Sehon regi Hesebon, disperdentes omnem civitatem, virosque ac mulieres et parvulos:
Me bannstøytte deim, som me hadde gjort med Sihon, kongen i Hesbon; kvar einaste by bannstøytte me, og drap både menner og kvinnor og born.
7 iumenta autem et spolia urbium diripuimus.
Men all buskapen og alt herfanget i byarne eigna me til oss.
8 Tulimusque illo in tempore terram de manu duorum regum Amorrhaeorum, qui erant trans Iordanem: a torrente Arnon usque ad montem Hernon,
Soleis tok me den gongen landet frå båe amoritarkongane austanfor Jordan, alt ifrå Arnonåi til Hermonfjellet
9 quem Sidonii Sarion vocant, et Amorrhaei Sanir:
- det er det som sidonitarne kallar Sirjon, og amoritarne Senir -
10 omnes civitates, quae sitae sunt in planitie, et universam Terram Galaad et Basan usque ad Selcha, et Edrai civitates regni Og in Basan.
alle byarne på høgsletta og heile Gilead og heile Basan radt til Salka og Edre’i, alle byarne i riket åt Og i Basan.
11 Solus quippe Og rex Basan restiterat de stirpe gigantum. Monstratur lectus eius ferreus, qui est in Rabbath filiorum Ammon, novem cubitos habens longitudinis, et quattuor latitudinis ad mensuram cubiti virilis manus.
Og, kongen i Basan, var den siste som var att av kjempefolket; kista hans stend, som alle veit, i Rabba, hovudstaden åt Ammons-sønerne; ho er av jarnstein, og er ni alner lang og fire alner breid etter vanleg alnemål.
12 Terramque possedimus tempore illo ab Aroer, quae est super ripam torrentis Arnon, usque ad mediam partem montis Galaad: et civitates illius dedi Ruben et Gad.
«Dette landet lagde me under oss då. Bygderne nordanfor Aroer, som ligg innmed Arnonåi, og helvti av Gileadfjelli med byarne som der var, let eg rubenitarne og gaditarne få.
13 Reliquam autem partem Galaad, et omnem Basan regni Og, tradidi mediae tribui Manasse, omnem regionem Argob: cunctaque Basan vocatur Terra gigantum.
Og det som var att av Gilead og heile Basan, riket åt Og, heile Argoblandet, gav eg til den halve Manasse-ætti.» Heile dette Basanriket rekna dei til kjempelandi.
14 Iair filius Manasse possedit omnem regionem Argob usque ad terminos Gessuri, et Machati. Vocavitque ex nomine suo Basan, Havoth Iair, id est, Villas Iair, usque in praesentem diem.
Ja’ir, son åt Manasse, tok heile Argoblandet radt til bytet mot gesuritarne og ma’akatitarne; desse bygderne, Basanbygderne, gav han namn etter seg sjølv, og sidan hev folk kalla deim Ja’irsbygderne alt til denne dag.
15 Machir quoque dedi Galaad.
Gilead let eg Makir få,
16 Et tribubus Ruben et Gad dedi de Terra Galaad usque ad Torrentem Arnon medium torrentis, et confinium usque ad torrentem Ieboc, qui est terminus filiorum Ammon:
og rubenitarne og gaditarne gav eg landet frå Gilead til Arnonåi, til midt i åi, der som landskilet gjeng, og til Jabbokåi, som er landskilet mot Ammons-sønerne,
17 et planitiem solitudinis, atque Iordanem, et terminos Cenereth usque ad mare deserti, quod est salsissimum, ad radices montis Phasga contra orientem.
og Moarne nedunder Pisgaliderne austanfor Jordanåi - for ho er landskilet der - frå Kinneret til Moavatnet, det som dei kallar Saltsjøen.
18 Praecepique vobis in tempore illo, dicens: Dominus Deus vester dat vobis terram hanc in hereditatem: expediti praecedite fratres vestros filios Israel omnes viri robusti:
Den gongen var det eg sagde til dykk: «Dette landet hev Herren, dykkar Gud, gjeve dykk til eigedom. No lyt de fara fram stridsbudde fyre dei andre Israels-sønerne, so mange av dykk som er våpnføre,
19 absque uxoribus, et parvulis atque iumentis. Novi enim quod plura habeatis pecora, et in urbibus remanere debebunt, quas tradidi vobis,
og berre konorne og borni dykkar og bufeet - for eg veit de hev mykje bufe - skal vera att i byarne som eg hev gjeve dykk;
20 donec requiem tribuat Dominus fratribus vestris, sicut vobis tribuit: et possideant ipsi etiam Terram, quam daturus est eis trans Iordanem: tunc revertetur unusquisque in possessionem suam, quam dedi vobis.
men når Herren hev late brørne dykkar koma til ro liksom de, og dei og hev lagt under seg det landet han gjev deim på hi sida Jordan, då kann de fara heim att til eigedomarne som eg hev gjeve dykk.»
21 Iosue quoque in tempore illo praecepi, dicens: Oculi tui viderunt quae fecit Dominus Deus vester duobus his regibus: sic faciet omnibus regnis, ad quae transiturus es.
Same gongen sagde eg til Josva: «Du såg sjølv kva Herren, dykkar Gud, gjorde med desse tvo kongarne; so vil han gjera med alle dei riki du kjem til der du fer fram.
22 Ne timeas eos: Dominus enim Deus vester pugnabit pro vobis.
De tarv ikkje ræddast deim; for Herren, dykkar Gud, vil sjølv strida for dykk.»
23 Precatusque sum Dominum in tempore illo, dicens:
Og same gongen bad eg so vænt til Herren, og sagde:
24 Domine Deus tu coepisti ostendere servo tuo magnitudinem tuam, manumque fortissimam. neque enim est alius Deus vel in caelo, vel in terra, qui possit facere opera tua, et comparari fortitudini tuae.
«Herre, min Gud, du hev alt synt meg so mykje av din storleik og di allmagt; for kvar finst det ein gud i himmelen eller på jordi som kann gjera slike storverk og under som du!
25 Transibo igitur, et videbo Terram hanc optimam trans Iordanem, et montem istum egregium, et Libanum.
Å, lat meg få koma yver og sjå det gilde landet på hi sida åt Jordan, desse væne fjelli og Libanon!»
26 Iratusque est Dominus mihi propter vos, nec exaudivit me, sed dixit mihi: Sufficit tibi: nequaquam ultra loquaris de hac re ad me.
Men Herren var harm på meg for dykkar skuld; han vilde ikkje høyra på meg og sagde: «No lyt det vara nok! Tala ikkje um det til meg meir!
27 Ascende cacumen Phasgae, et oculos tuos circumfer ad occidentem, et ad aquilonem, austrumque et orientem, et aspice. nec enim transibis Iordanem istum.
Stig upp på Pisgahøgdi, og vend augo dine mot vest, og mot nord, og mot sud, og mot aust, og sjå vel ikring deg! For denne Jordanåi kjem du aldri yver.
28 Praecipe Iosue, et corrobora eum atque conforta: quia ipse praecedet populum istum, et dividet eis Terram, quam visurus es.
So skal du segja Josva fyre, og styrkja og stålsetja honom; for han skal føra dette folket yver og hjelpa deim til å vinna det landet du fær sjå.»
29 Mansimusque in valle contra fanum Phogor.
So lagde me oss til i dalen, midt for Bet-Peor.