< Amos Propheta 2 >
1 Haec dicit Dominus: Super tribus sceleribus Moab, et super quattuor non convertam eum: eo quod incenderit ossa regis Idumaeae usque ad cinerem.
So segjer Herren: For trifald misgjerd av Moab, for firfald eg ikkje meg attrar. For di dei brende beini åt Edom-kongen til kalk,
2 Et mittam ignem in Moab, et devorabit aedes Carioth: et morietur in sonitu Moab, in clangore tubae:
so sender eg eld imot Moab, han skal øyda Kerijots borgar. Og i ståket Moab skal døy, med hergny og luraljod skrell.
3 et disperdam iudicem de medio eius, et omnes principes eius interficiam cum eo, dicit Dominus.
Domaren deira eg tynar, alle hovdingarn’ likeins eg drep, segjer Herren.
4 Haec dicit Dominus: Super tribus sceleribus Iuda, et super quattuor non convertam eum: eo quod abiecerit legem Domini, et mandata eius non custodierit: deceperant enim eos idola sua, post quae abierant patres eorum.
So segjer Herren: For trifald misgjerd av Juda, for firfald eg ikkje meg attrar. Då dei vanvyrde Herrens lov og heldt ikkje bodordi hans, men let seg av lygn-gudar dåra, som federne fyrr hadde fylgt,
5 Et mittam ignem in Iuda, et devorabit aedes Ierusalem.
so sender eg eld imot Juda, han skal øyda Jerusalems borger.
6 Haec dicit Dominus: Super tribus sceleribus Israel, et super quattuor non convertam eum: pro eo quod vendiderit pro argento iustum, et pauperem pro calceamentis.
So segjer Herren: For trifald misgjerd av Israel og for firfald eg ikkje meg attrar. For sylv dei sel ein skuldlaus og ein arming for eit par skor,
7 Qui conterunt super pulverem terrae capita pauperum, et viam humilium declinant: et filius ac pater eius ierunt ad puellam, ut violarent nomen sanctum meum.
dei som helst ser mold på ein stakkars hovud, og rengjer småfolks rett. Til same gjenta gjeng far og son til vanhelging for mitt heilage namn.
8 Et super vestimentis pignoratis accubuerunt iuxta omne altare: et vinum damnatorum bibebant in domo Dei sui.
Og på pantsette klæde ved kvart eit altar dei ligg, og skadebots-vin dei drikk i huset til sin Gud.
9 Ego autem exterminavi Amorrhaeum a facie eorum: cuius altitudo, cedrorum altitudo eius, et fortis ipse quasi quercus: et contrivi fructum eius desuper, et radices eius subter.
Det var då eg som dreiv amoritarne frå deim, som høge som cedertre var, og sterke som eiker, men eg tynte alda i topp og roti i jord.
10 Ego sum, qui ascendere vos feci de Terra Aegypti, et duxi vos in deserto quadraginta annis ut possideretis terram Amorrhaei.
Det var eg som dykk førde frå Egyptarland og dykk leidde i villmarki fram gjenom fyrti år til å vinna Amorit-landet.
11 Et suscitavi de filiis vestris in prophetas, et de iuvenibus vestris nazaraeos: numquid non ita est filii Israel dicit Dominus?
Eg vekte profetar av dykkar søner, naziræarar bland dykkar ungdomar. Er det’kje so, de Israels-born? Segjer Herren.
12 Et propinabitis nazaraeis vinum: et prophetis mandabitis, dicentes: Ne prophetetis.
Men de gav naziræaran’ vin, og baud profetarn’ og sagde: «Profetera ikkje!»
13 Ecce ego stridebo subter vos, sicut stridet plaustrum onustum foeno.
Sjå no skal eg lata det dynja under dykk som under ei full-lest kornvogn.
14 Et peribit fuga a veloce, et fortis non obtinebit virtutem suam, et robustus non salvabit animam suam:
Og den rappe kjem ingen stad av, og den sterke fær’kje bruka si magt, og kjempa skal’kje berga sitt liv.
15 et tenens arcum non stabit, et velox pedibus suis non salvabitur, et ascensor equi non salvabit animam suam:
Mannen med bogen er magtlaus, og lett på fot kann’kje berga seg, og mannen på hest skal’kje berga sitt liv.
16 et robustus corde inter fortes nudus fugiet in illa die, dicit Dominus.
Hugdjervaste kjempa ho lyt naken røma på dagen den, segjer Herren.