< Ii Samuelis 23 >

1 Haec autem sunt verba novissima, quae dixit David. Dixit David filius Isai: Dixit vir, cui constitutum est de christo Dei Iacob, egregius psaltes Israel:
Dette er Davids siste ord: «So lyder ordi frå David, Isaisonen, so lyder ordi frå mannen som vart upphøgd, han som Jakobs Gud hev salva, Israels ljuvlege songmeister:
2 Spiritus Domini locutus est per me, et sermo eius per linguam meam.
Herrens Ande hev tala i meg, ordi hans er på tunga mi.
3 Dixit Deus Israel mihi, locutus est Fortis Israel, Dominator hominum, iustus dominator in timore Dei.
Israels Gud hev tala so, Israels berg hev sagt til meg: Den som råder og gjer rett millom menn, den som rikjer i otte for Gud;
4 Sicut lux aurorae, oriente sole, mane absque nubibus rutilat, et sicut pluviis germinat herba de terra.
han likjest på dagsprett når soli renn, ein morgon forutan skyer, når graset grønkast i sol etter regn.
5 Nec tanta est domus mea apud Deum, ut pactum aeternum iniret mecum firmum in omnibus atque munitum. Cuncta enim salus mea, et omnis voluntas: nec est quidquam ex ea quod non germinet.
Er det’kje so med mitt hus hjå Gud? Han gjorde ævelegt samband med meg, feste og trygde meg heilt og fullt. Ja, alt som vert meg til frelsa og gleda, det let han visseleg veksa åt meg.
6 Praevaricatores autem quasi spinae evellentur universi: quae non tolluntur manibus.
Men uvyrdor likjest alle på utkasta tornar, ein vil ikkje taka i deim med hender.
7 Et si quis tangere voluerit eas, armabitur ferro et ligno lanceato, igneque succensae comburentur, usque ad nihilum.
Lyt ein røra deim væpnar ein seg med jarn og med spjotskaft; so set ein eld på deim og brenner deim på flekken.»
8 Haec nomina fortium David. David sedens in cathedra sapientissimus princeps inter tres, ipse est quasi tenerrimus ligni vermiculus, qui octingentos interfecit impetu uno.
Dette er namni på dei djervaste stridsmennerne åt David: Joseb-Bassebet, tahkmoniten, den fremste av kjemporne, han som svinga spjotet yver åtte hundrad falne på ein gong.
9 Post hunc, Eleazar filius patrui eius Ahohites inter tres fortes, qui erant cum David quando exprobraverunt Philisthiim, et congregati sunt illuc in praelium.
Næst honom kom Eleazar, son åt Dodi, son åt ein ahohit. Han var ein av dei tri stridsmennerne som var med David, då filistarane samla seg til strid og svivyrde deim då Israels-mennerne drog seg attende.
10 Cumque ascendissent viri Israel, ipse stetit et percussit Philisthaeos donec deficeret manus eius, et obrigesceret cum gladio: fecitque Dominus salutem magnam in die illa: et populus, qui fugerat, reversus est ad caesorum spolia detrahenda.
Men han heldt stand og hogg laust på filistarane, til dess handi hans trøytna, so ho trena i hop kring sverdet. Og Herren gav ein stor siger den dagen. Etterpå hadde folket berre å snu um og fylgja med honom og plundra.
11 Et post hunc, Semma filius Age de Arari. et congregati sunt Philisthiim in statione: erat quippe ibi ager lente plenus. Cumque fugisset populus a facie Philisthiim,
Næst honom kom Samma, son åt Age, ein hararit. Ein gong stemnde filistarane i hop og vart til ein heil flokk. Der var ein åkerteig full av linsor. Folket rømde for filistarane.
12 stetit ille in medio agri, et tuitus est eum, percussitque Philisthaeos: et fecit Dominus salutem magnam.
Då tok han post midt på åkerteigen og verna honom, og slo filistarane. Herren gav ein stor siger.
13 Necnon et ante descenderant tres qui erant principes inter triginta, et venerant tempore messis ad David in speluncam Odollam: castra autem Philisthinorum erant posita in Valle gigantum.
Ein gong drog tri av dei tretti fremste kararne ned, og kom i skurdonni til David i Adullams-helleren, medan ein filistarflokk låg i læger i Refa’imsdalen.
14 Et David erat in praesidio: porro statio Philisthinorum tunc erat in Bethlehem.
David var då i fjellborgi, samstundes med at ein filistarpost låg i Betlehem.
15 Desideravit ergo David, aquam de lacu et ait: O si quis mihi daret potum aquae de cisterna, quae est in Bethlehem iuxta portam!
David fekk slik hug og sagde: «Gjev einkvan vilde gjeva meg vatn å drikka frå brunnen ved byporten i Betlehem!»
16 Irruperunt ergo tres fortes castra Philisthinorum, et hauserunt aquam de cisterna Bethlehem, quae erat iuxta portam, et attulerunt ad David: at ille noluit bibere, sed libavit eam Domino,
Då braut dei tri stridsmennerne seg gjenom filistarlægret, auste vatn or brunnen ved byporten i Betlehem og bar det til David. Men han vilde ikkje drikka det, men helte det ut for Herren.
17 dicens: Propitius sit mihi Dominus, ne faciam hoc: num sanguinem hominum istorum, qui profecti sunt, et animarum periculum bibam? Noluit ergo bibere. Haec fecerunt tres robustissimi.
For han sagde: «Aldri i verdi, Herre, vil eg gjera dette! Skulde eg drikka blodet av dei mennerne som gjekk av stad og våga livet sitt?» Og han vilde ikkje drikka det. - Sovore hadde dei tri stridsmennerne gjort.
18 Abisai quoque frater Ioab filius Sarviae, princeps erat de tribus: ipse est qui levavit hastam suam contra trecentos, quos interfecit, nominatus in tribus,
Abisai, bror åt Joab Serujason, var den fremste av tri andre. Ein gong svinga han spjotet sitt yver tri hundrad falne. Han hadde eit stort namn millom dei tri;
19 et inter tres nobilior, eratque eorum princeps, sed usque ad tres primos non pervenerat.
han var visseleg meir vyrd enn nokon annan i dette trimannslaget; og han var hovding yver dei hine. Men upp til dei tri fyrste nådde han ikkje.
20 Et Banaias filius Ioiadae viri fortissimi, magnorum operum, de Cabseel: ipse percussit duos leones Moab, et ipse descendit, et percussit leonem in media cisterna in diebus nivis.
Benaja Jojadason var son til ein djerv og dådrik mann frå Kabse’el. Han slo dei tvo Ariel i Moab. Det var han som steig ned ein snøversdag og drap løva i brunnen.
21 Ipse quoque interfecit virum Aegyptium, virum dignum spectaculo, habentem in manu hastam: itaque cum descendisset ad eum in virga, vi extorsit hastam de manu Aegyptii, et interfecit eum hasta sua.
Han drap og den egyptaren som var so sjåleg. Endå egyptaren hadde spjot i hand, gjekk han på honom berre med ein stav. Han reiv spjotet ut or handi på egyptaren og drap honom med hans eige spjot.
22 haec fecit Banaias filius Ioiadae.
Sovore hadde Benaja Jojadason gjort. Han hadde eit stort namn millom dei tri stridsmennerne.
23 Et ipse nominatus inter tres robustos, qui erant inter triginta nobiliores: verumtamen usque ad tres non pervenerat: fecitque eum sibi David auricularium, a secreto.
Han var meir vyrd enn nokon av dei tretti. Men upp til dei tri nådde han ikkje. David sette honom inn i livvakti si.
24 Asael frater Ioab inter triginta, Elehanan filius patrui eius de Bethlehem,
Til dei tretti høyrde: Asael, bror åt Joab, Elhanan Dodoson frå Betlehem,
25 Semma de Harodi, Elica de Harodi,
Samma frå Harod, Elika frå Harod,
26 Heles de Phalti, Hira filius Acces de Thecua,
Heles, paltiten, Ira Ikkesson frå Tekoa,
27 Abiezer de Anathoth, Mobonnai de Husati,
Abiezer frå Anatot, husatiten Mebunnai,
28 Selmon Ahohites, Maharai Netophathites,
ahotiten Salmon, netofatiten Maharai,
29 Heled filius Baana, et ipse Netophathites, Ithai filius Ribai de Gabaath filiorum Beniamin,
netofatiten Heleb Ba’anason, Ittai Ribaison frå Gibea i Benjamins-ætti,
30 Banaia Pharathonites, Heddai de Torrente Gaas,
Benaja, ein piratonit, Hiddai frå Ga’asdalarne,
31 Abialbon Arbathites, Azmaveth de Beromi,
arbatiten Abi-Albon, barhumiten Azmavet,
32 Eliaba de Salaboni. Filii Iassen, Ionathan,
sa’alboniten Eljahba, Bene-Jasen, Jonatan,
33 Semma de Orodi, Aiam filius Sarar Arorites,
harariten Samma, arariten Ahiam Sararsson,
34 Eliphelet filius Aasbai filii Machati, Eliam filius Achitophel Gelonites,
Elifelet, son åt Ahasbai, son åt ma’akatiten, Eliam Ahitofelsson frå Gilo,
35 Hesrai de Carmelo, Pharai de Arbi,
Hesro frå Karmel, arbiten Pa’arai,
36 Igaal filius Nathan de Soba, Bonni de Gadi,
Jigal Natansson frå Soba, gaditen Bani,
37 Selec de Ammoni, Naharai Berothites armiger Ioab filii Sarviae,
ammoniten Selek, be’erotiten Naharai, våpnsveinen åt Joab Serujason,
38 Ira Iethrites, Gareb et ipse Iethrites,
jitriten Ir, jitriten Gareb,
39 Urias Hethaeus. Omnes triginta septem.
hetiten Uria. I alt var dei sju og tretti.

< Ii Samuelis 23 >