< Ii Regum 8 >

1 Eliseus autem locutus est ad mulierem, cuius vivere fecerat filium, dicens: Surge, vade tu et domus tua, et peregrinare ubicumque repereris: vocavit enim Dominus famem, et veniet super terram septem annis.
Elisa sagde med mor åt den guten han hadde gjort livande: «Ferda deg til, og far burt, du og huslyden din, og set bu kvar helst det buande er! for Herren hev sendt bod etter hungersnaudi, ho er alt komi og skal vara sju år.»
2 Quae surrexit, et fecit iuxta verbum hominis Dei: et vadens cum domo sua, peregrinata est in Terra Philisthiim diebus multis.
Kona ferda seg til, og gjorde som gudsmannen sagde. Ho og huslyden hennar for ut, og sette bu i Filistarlandet i sju år.
3 Cumque finiti essent anni septem, reversa est mulier de Terra Philisthiim: et egressa est ut interpellaret regem pro domo sua, et pro agris suis.
Då dei sju åri var lidne, kom ho attende frå Filistarlandet. Og gav seg i veg til kongen til å beda um å få att heimen og jordeigedomen sin.
4 Rex autem loquebatur cum Giezi puero viri Dei, dicens: Narra mihi omnia magnalia quae fecit Eliseus.
Kongen heldt just på å tala med Gehazi, drengen åt gudsmannen, og bad honom fortelja um alle dei storverki Elisa hadde gjort.
5 Cumque ille narraret regi quo modo mortuum suscitasset, apparuit mulier, cuius vivificaverat filium, clamans ad regem pro domo sua, et pro agris suis. Dixitque Giezi: Domine mi rex, haec est mulier, et hic est filius eius, quem suscitavit Eliseus.
Medan han heldt på og fortalde kongen korleis han gjorde den daude guten livande, nett i det same kom mor åt den guten og bad kongen um heimen og jordeigedomen sin. «Herre konge!» sagde Gehazi, «der er kona; og der er son hennar, som Elisa gjorde livande.»
6 Et interrogavit rex mulierem: quae narravit ei. Deditque ei rex eunuchum unum, dicens: Restitue ei omnia quae sua sunt, et universos reditus agrorum a die, qua reliquit terram usque ad praesens.
Kongen spurde kona ut, og ho fortalde. So let kongen henne få ein av hirdmennerne med seg og baud honom: «Hjelp henne til å få att alt som høyrer henne til, og all avlingi av eigedomen frå den dagen ho for frå landet og til no!»
7 Venit quoque Eliseus Damascum, et Benadad rex Syriae aegrotabat: nunciaveruntque ei, dicentes: Venit vir Dei huc.
Elisa kom til Damaskus, medan syrarkongen Benhadad låg sjuk. Då kongen spurde at gudsmannen var komen dit,
8 Et ait rex ad Hazael: Tolle tecum munera, et vade in occursum viri Dei, et consule Dominum per eum, dicens: Si evadere potero de infirmitate mea hac?
sagde han med Hazael: «Tak med deg gåvor, gakk til møtes med gudsmannen og spør Herren gjenom honom um eg skal koma meg av denne sjukdomen.»
9 Ivit igitur Hazael in occursum eius, habens secum munera, et omnia bona Damasci, onera quadraginta camelorum. Cumque stetisset coram eo, ait: Filius tuus Benadad rex Syriae misit me ad te, dicens: Si sanari potero de infirmitate mea hac?
Hazael so gjorde, tok med seg gåvor, alt det likaste som i Damaskus var, so mykje som fyrti kamelar kunde bera. Han gjekk fram for Elisa og sagde: «Son din, syrarkongen Benhadad, sender meg til deg og spør um han skal koma seg av denne sjukdomen.»
10 Dixitque ei Eliseus: Vade, dic ei: Sanaberis: porro ostendit mihi Dominus quia morte morietur.
Elisa svara honom: «Du kann segja med honom at han skal koma seg. Men Herren syner meg at han skal døy.»
11 Stetique cum eo, et conturbatus est usque ad suffusionem vultus: flevitque vir Dei.
Medan han stod framfyre honom og nistirde, sette gudsmannen i og gret.
12 Cui Hazael ait: Quare dominus meus flet? At ille dixit: Quia scio quae facturus sis filiis Israel mala. Civitates eorum munitas igne succendes, et iuvenes eorum interficies gladio, et parvulos eorum elides, et praegnantes divides.
«Kvifor græt du, herre?» spurde Hazael. «For di eg veit kor mykje ilt du vil gjera mot Israels-borni, » svara han; «dei faste byarne set du eld på, unggutarne deira myrder du med sverd, småborni krasar du, og barnkonorne skjer du upp.»
13 Dixitque Hazael: Quid enim sum servus tuus canis, ut faciam rem istam magnam? Et ait Eliseus: Ostendit mihi Dominus te regem Syriae fore.
Hazael sagde: «Korleis kann vel tenaren din, slik ein hund som eg er, gjera sovorne storverk?» Elisa svara: «Herren hev synt meg at du vert konge yver Syria.»
14 Qui cum recessisset ab Eliseo, venit ad dominum suum. Qui ait ei: Quid dixit tibi Eliseus? At ille respondit: Dixit mihi: Recipies sanitatem.
Han gjekk då frå Elisa heim att til herren sin. «Kva sagde Elisa med deg?» spurde han. «Han sagde med meg at du skal verta god att.»
15 Cumque venisset dies altera, tulit stragulum, et infudit aquam, et expandit super faciem eius: quo mortuo, regnavit Hazael pro eo.
Men so dagen etter tok han eit åklæde, duppa det i vatn og breidde det yver andlitet hans; det vart banen hans. Og Hazael vart konge etter honom.
16 Anno quinto Ioram filii Achab regis Israel, et Iosaphat regis Iuda, regnavit Ioram filius Iosaphat rex Iuda.
I femte styringsåret åt Israels-kongen Joram Ahabssons, medan Josafat var konge i Juda, vart Joram Josafatsson konge i Jerusalem.
17 Triginta duorum annorum erat cum regnare coepisset, et octo annis regnavit in Ierusalem.
Tvo og tretti år gamall var han då han vart konge, og åtte år var han konge i Jerusalem.
18 Ambulavitque in viis regum Israel, sicut ambulaverat domus Achab: filia enim Achab erat uxor eius: et fecit quod malum est in conspectu Domini.
Han for fram liksom Israels-kongarne og Ahabs hus; for han var gift med ei dotter til Ahab. Han gjorde det som vondt var i Herrens augo.
19 Noluit autem Dominus disperdere Iudam, propter David servum suum, sicut promiserat ei, ut daret illi lucernam, et filiis eius cunctis diebus.
Men Herren vilde ikkje tyna Juda for sin tenar David skuld, etter di han hadde lova honom at det alle dagar skulde lysa ei lampa for honom og sønerne hans.
20 In diebus eius recessit Edom, ne esset sub Iuda, et constituit sibi regem.
I hans tid reiv edomitarne seg laus frå Juda og kåra seg ein konge.
21 Venitque Ioram Seira, et omnes currus cum eo: et surrexit nocte, percussitque Idumaeos, qui eum circumdederant, et principes curruum, populus autem fugit in tabernacula sua.
Då drog Joram av til Sa’ir med alle stridsvognerne sine. Og han tok um natti og slo edomitarne som kringsette honom, og hovudsmennerne yver vognerne, og herfolket flydde heim.
22 Recessit ergo Edom ne esset sub Iuda, usque ad diem hanc. Tunc recessit et Lobna in tempore illo.
So kom edomitarne seg laus frå Juda, og er frie den dag i dag. Nett samstundes reiv Libna seg og laus.
23 Reliqua autem sermonum Ioram, et universa, quae fecit, nonne haec scripta sunt in Libro verborum dierum regum Iuda?
Det som elles er å fortelja um Joram og alt det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne.
24 Et dormivit Ioram cum patribus suis, sepultusque est cum eis in Civitate David, et regnavit Ochozias filius eius pro eo.
Joram lagde seg til kvile hjå federne sine og vart gravlagd hjå federne sine, i Davidsbyen. Ahazja, son hans, vart konge i staden hans.
25 Anno duodecimo Ioram filii Achab regis Israel regnavit Ochozias filius Ioram regis Iudae.
I det tolvte året åt Israels-kongen Joram Ahabsson vart Ahazja Joramsson konge i Juda.
26 Viginti duorum annorum erat Ochozias cum regnare coepisset, et uno anno regnavit in Ierusalem: nomen matris eius Athalia filia Amri regis Israel.
Tvo og tjuge år gamall var Ahazja då han vart konge; eitt år var han konge i Jerusalem. Mor hans heitte Atalja, dotter åt Israels-kongen Omri.
27 Et ambulavit in viis domus Achab: et fecit quod malum est coram Domino, sicut domus Achab: gener enim domus Achab fuit.
Han gjekk i fotefari åt Ahabs hus, og gjorde det som vondt var i Herrens augo, etter gjerdi åt Ahabs hus; for han stod i skyldskap til Ahabs hus.
28 Abiit quoque cum Ioram filio Achab, ad praeliandum contra Hazael regem Syriae in Ramoth Galaad, et vulneraverunt Syri Ioram:
Saman med Joram Ahabsson for han i herferd mot syrarkongen Hazael ved Ramot i Gilead. Men Joram vart såra av syrarane.
29 qui reversus est ut curaretur, in Iezrahel: quia vulneraverant eum Syri in Ramoth praeliantem contra Hazael regem Syriae. Porro Ochozias filius Ioram rex Iuda, descendit invisere Ioram filium Achab in Iezrahel, quia aegrotabat ibi.
Kong Joram vende då attende til Jizre’el, og vilde få lækt dei såri han hadde fenge av syrarane, i slaget ved Rama mot syrarkongen Hazael. Og Juda-kongen Ahazja Joramsson drog ned og vilde sjå um Joram Ahabsson i Jizre’el, etter di han låg sjuk.

< Ii Regum 8 >