< Ii Regum 3 >

1 Ioram vero filius Achab regnavit super Israel in Samaria anno decimo octavo Iosaphat regis Iudae. Regnavitque duodecim annis.
Joram Ahabsson vart konge yver Israel i Samaria i det attande styringsåret åt Juda-kongen Josafat. Han var konge i tolv år.
2 Et fecit malum coram Domino, sed non sicut pater suus et mater: tulit enim statuas Baal, quas fecerat pater eius.
Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, men endå ikkje soleis som far og mor hans. Han fekk burt Ba’als-sula som far hans hadde sett upp.
3 Verumtamen in peccatis Ieroboam filii Nabat, qui peccare fecit Israel, adhaesit, nec recessit ab eis.
Men han heldt fast på synderne åt Jerobeam Nebatsson, som han hadde fenge Israel til å gjera, deim gav han ikkje upp.
4 Porro Mesa rex Moab, nutriebat pecora multa, et solvebat regi Israel centum millia agnorum, et centum millia arietum cum velleribus suis.
Moabs-kongen Mesa åtte so mykje fe. I skatt til Israels-kongen hadde han svara hundrad tusund lamb og ulli av hundrad tusund verar.
5 Cumque mortuus fuisset Achab, praevaricatus est foedus, quod habebat cum rege Israel.
Men då Ahab døydde, sagde Moabs-kongen seg laus frå Israels-kongen.
6 Egressus est igitur rex Ioram in die illa de Samaria, et recensuit universum Israel.
På timen drog kong Joram ut or Samaria og mynstra heile Israels-heren.
7 Misitque ad Iosaphat regem Iuda, dicens: Rex Moab recessit a me, veni mecum contra eum ad praelium. Qui respondit: Ascendam: qui meus est, tuus est: populus meus, populus tuus: et equi mei, equi tui.
Og so sende han bod til Juda-kongen Josafat med dei ordi: «Moabs-kongen hev sagt seg laus frå meg; vil du fara med meg og føra krig Moab?» «Ja, » svara han, «eg skal fara med, eg som du, mitt folk som ditt folk, mine hestar som dine hestar.»
8 Dixitque: Per quam viam ascendemus? At ille respondit: Per desertum Idumaeae.
Han spurde: «Kva veg skal me fara?» «Yver Edomheidarne, » svara han.
9 Perrexerunt igitur rex Israel, et rex Iuda, et rex Edom, et circuierunt per viam septem dierum, nec erat aqua exercitui, et iumentis, quae sequebantur eos.
Gav dei seg so i veg, Israels-kongen og Juda-kongen og Edom-kongen. Men då dei hadde fare sju dagsferder, vanta dei vatn til heren og til dyri som fulgde etter.
10 Dixitque rex Israel: Heu heu heu, congregavit nos Dominus tres reges, ut traderet in manus Moab.
«Å du, å du!» sagde Israels-kongen, «no hev Herren stemnt i hop desse tri kongarne til å gjeva deim i henderne på moabitarne.»
11 Et ait Iosaphat: Est ne hic propheta Domini, ut deprecemur Dominum per eum? Et respondit unus de servis regis Israel: Est hic Eliseus filius Saphat, qui fundebat aquam super manus Eliae.
«Finst det ingen Herrens profet her?» sagde Josafat, «so me kann spyrja Herren gjenom honom!» Ein av tenarane åt Israels-kongen svara: «Jau, Elisa Safatsson er her, han som helte vatn yver henderne åt Elia.»
12 Et ait Iosaphat: Est apud eum sermo Domini. Descenditque ad eum rex Israel, et Iosaphat rex Iuda, et rex Edom.
«I hans eige er Herrens ord, » sagde Josafat. Gjekk dei so ned til honom, Israels-kongen og Josafat og Edom-kongen.
13 Dixit autem Eliseus ad regem Israel: Quid mihi et tibi est? vade ad prophetas patris tui, et matris tuae. Et ait illi rex Israel: Quare congregavit Dominus tres reges hos, ut traderet eos in manus Moab?
Men Elisa svara Israels-kongen: «Kva vil du meg? Gakk du til profetarne åt far din og profeterne åt mor di!» «Seg ikkje so!» svara Israels-kongen; «du skyner Herren hev stemnt i hop desse tri kongarne til å gjeva deim i henderne på Moab.»
14 Dixitque ad eum Eliseus: Vivit Dominus exercituum, in cuius conspectu sto, quod si non vultum Iosaphat regis Iudae erubescerem, non attendissem quidem te, nec respexissem.
Då svara Elisa: «So sant Herren, allhers drott, liver, han som eg tener: hadde det ikkje vore for Juda-kongen Josafat skuld, nei menn um eg vilde anten vyrda eller varast deg.
15 Nunc autem adducite mihi psaltem. Cumque caneret psaltes, facta est super eum manus Domini, et ait:
Men no kann du henta ein harpespelar åt meg.» Då harpespelaren leika på harpa, kom Herrens Ande yver honom,
16 Haec dicit Dominus: Facite alveum torrentis huius fossas, et fossas.
Og han sagde: «So segjer Herren: «Grav grop på grop i denne dalen!
17 Haec enim dicit Dominus: Non videbitis ventum, neque pluviam: et alveus iste replebitur aquis, et bibetis vos, et familiae vestrae, et iumenta vestra.
For so segjer Herren: Ikkje ser de vind, og ikkje ser de regn; men denne dalen vert full av vatn; sjølve fær de drikka, og heren dykkar og dyri dykkar.
18 Parumque est hoc in conspectu Domini: insuper tradet etiam Moab in manus vestras.
Men dette tykkjest Herren for lite; difor vil han gjeva Moab i dykkar hand.
19 Et percutietis omnem civitatem munitam, et omnem urbem electam, et universum lignum fructiferum succidetis, cunctosque fontes aquarum obturabitis, et omnem agrum egregium operietis lapidibus.
Alle faste byar og kvar storby skal de taka; kvart aldetre skal de fella, kvar ei uppkoma skal de kasta att, kvar grøderik åker skal de tyna med stein.»»
20 Factum est igitur mane, quando sacrificium offerri solet, et ecce, aquae veniebant per viam Edom, et repleta est terra aquis.
Andre morgonen, den tid dei bar fram grjonofferet, kom det vatn frå Edom-leitet, og landet vart fullt av vatn.
21 Universi autem Moabitae audientes quod ascendissent reges ut pugnarent adversum eos, convocaverunt omnes qui accincti erant balteo desuper, et steterunt in terminis.
Då alle moabitarne frette at kongarne drog i krig mot deim, baud dei ut alle våpnføre folk og vel so det, og fylkte seg attmed landskilet.
22 Primoque mane surgentes, et orto iam sole ex adverso aquarum, viderunt Moabitae econtra aquas rubras quasi sanguinem,
Tidleg um morgonen då soli rann og skein på vatnet, tykte moabitarne frå sin synsstad, at vatnet såg ut som blod.
23 dixeruntque: Sanguis gladii est: pugnaverunt reges contra se, et caesi sunt mutuo: nunc perge ad praedam Moab.
«Det er blod!» ropa dei; «det er tydelegt at kongarne hev tynt kvarandre i strid innbyrdes! No er herfang å få, moabitar!»
24 Perrexeruntque in castra Israel: porro consurgens Israel, percussit Moab: at illi fugerunt coram eis. Venerunt igitur qui vicerant, et percusserunt Moab,
Då dei kom til Israels-lægret, ruste israelitarne på og slo moabitarne, so dei tok til rømings. So fall dei inn i Moabiterlandet og slo deim heilt.
25 et civitates destruxerunt: et omnem agrum optimum, mittentes singuli lapides, repleverunt: et universos fontes aquarum obturaverunt: et omnia ligna fructifera succiderunt, ita ut muri tantum fictiles remanerent: et circumdata est civitas a fundibulariis, et magna ex parte percussa.
Byarne braut dei ned, på alle dei grøderike åkrarne kasta dei kvar sin stein og steina deim ned, kvar ei uppkoma kasta dei att, kvart eit aldetre felte dei, til dess ikkje anna var att enn steinmurarne i Kir-Hareset; og det kringsette slyngjekastarane og skaut på det.
26 Quod cum vidisset rex Moab, praevaluisse scilicet hostes, tulit secum septingentos viros educentes gladios, ut irrumperent ad regem Edom: et non potuerunt.
Då Moab-kongen såg at han ikkje kunde standa seg i striden, tok han sju hundrad mann våpnføre mann med seg og vilde slå seg igjenom fram til Edom-kongen. Men det mislukkast.
27 Arripiensque filium suum primogenitum, qui regnaturus erat pro eo, obtulit holocaustum super murum: et facta est indignatio magna in Israel, statimque recesserunt ab eo, et reversi sunt in terram suam.
Då tok han fyrstefødde son sin som skulde verta konge i staden hans, og ofra honom på muren til brennoffer. Og ein stor harm råka Israel, so dei laut brjota upp derifrå og snu heim att.

< Ii Regum 3 >