< I Samuelis 13 >
1 Filius unius anni erat Saul cum regnare coepisset, duobus autem annis regnavit super Israel.
Saul hadde vore konge eitt år. Andre året han var konge yver Israel,
2 Et elegit sibi Saul tria millia de Israel: et erant cum Saul duo millia in Machmas, et in monte Bethel: mille autem cum Ionatha in Gabaa Beniamin. porro ceterum populum remisit unumquemque in tabernacula sua.
valde han seg ut or Israel tri tusund mann. Av desse hadde Saul hjå seg tvo tusund i Mikmas og i Betelsfjellbygdii, og eitt tusund hadde Jonatan med seg i Gibea i Benjamin. Resten av krigsfolket sende han heim kvar til seg.
3 Et percussit Ionathas stationem Philisthinorum, quae erat in Gabaa. Quod cum audissent Philisthiim, Saul cecinit buccina in omni terra, dicens: Audiant Hebraei.
Jonatan slo i hel filistarvakti i Gibea, og filistarane høyrde gjete det. Men Saul let blåsa i lur yver heile landet og sagde: «Hebræarane må høyra det.»
4 Et universus Israel audivit huiuscemodi famam: Percussit Saul stationem Philisthinorum: et erexit se Israel adversus Philisthiim. Clamavit ergo populus post Saul in Galgala.
Heile Israel fekk høyra at Saul hadde slege i hel filistarvakti, og at Israel hadde fenge uord på seg hjå filistarane for det same. Folket vart då utbode til å fylgja Saul til Gilgal.
5 Et Philisthiim congregati sunt ad proeliandum contra Israel, triginta millia curruum, et sex millia equitum, et reliquum vulgus, sicut arena quae est in littore maris plurima. Et ascendentes castrametati sunt in Machmas ad Orientem Bethaven.
Filistarane stemnde saman til krig mot Israel, tri tusund vogner og seks tusund hestfolk, og fotfolk so mange som sanden på havsens strand. Dei drog upp og lægra seg ved Mikmas austanfor Bet-Aven.
6 Quod cum vidissent viri Israel se in arcto positos, (afflictus enim erat populus) absconderunt se in speluncis, et in abditis, in petris quoque, et in antris, et in cisternis.
Då Israels-mennerne såg dei var komne i knipa, av di filistarane trengde på, so for folket av og løynde seg i hellerar, i klungerkjørr, i gil, i kjellarar og brunnar.
7 Hebraei autem transierunt Iordanem in Terram Gad et Galaad. Cumque adhuc esset Saul in Galgala, universus populus perterritus est, qui sequebatur eum.
Og hebræararne hadde fare yver Jordan, til Gadslandet og Gileadslandet. Saul var endå i Gilgal, og heile folket fylgde honom skjelvande.
8 Et expectavit septem diebus iuxta placitum Samuelis, et non venit Samuel in Galgala, dilapsusque est populus ab eo.
Han drygde sju dagar, til den tid Samuel hadde fastsett. Men då Samuel endå ikkje var komen til Gilgal, og då folket tok til å spreida seg og ganga frå honom,
9 Ait ergo Saul: Afferte mihi holocaustum, et pacifica. Et obtulit holocaustum.
sagde Saul: «Kom hit til meg med brennofferet og takkofferet!» Og so bar han fram brennofferet.
10 Cumque complesset offerens holocaustum, ecce Samuel veniebat: et egressus est Saul obviam ei ut salutaret eum.
Nett med same han det hadde gjort, då kom Samuel. Saul møtte honom og vilde helsa honom.
11 Locutusque est ad eum Samuel: Quid fecisti? Respondit Saul: Quia vidi quod populus dilaberetur a me, et tu non veneras iuxta placitos dies, porro Philisthiim congregati fuerant in Machmas,
Men Samuel sagde: «Kva er det du hev gjort?» Saul svara: «Då eg såg folket tok til å spreida seg og ganga frå meg, og du ikkje var komen til fastsett tid, og filistarane hadde samla seg i Mikmas,
12 dixi: Nunc descendent Philisthiim ad me in Galgala, et faciem Domini non placavi. Necessitate compulsus, obtuli holocaustum.
so tenkte eg: «No kjem filistarane yver meg i Gilgal, og eg hev endå ikkje blidka Herren.» So våga eg meg til å bera fram brennofferet.»
13 Dixitque Samuel ad Saul: Stulte egisti, nec custodisti mandata Domini Dei tui, quae praecepit tibi. Quod si non fecisses, iam nunc praeparasset Dominus regnum tuum super Israel in sempiternum,
Samuel sagde til Saul: «Du var uvisleg gjort av deg. Hadde du agta på bodet frå Herren, din Gud, som han baud deg, so vilde Herren no ha grunnfest kongedømet ditt til æveleg tid.
14 sed nequaquam regnum tuum ultra consurget. Quaesivit Dominus sibi virum iuxta cor suum: et praecepit ei Dominus ut esset dux super populum suum, eo quod non servaveris quae praecepit Dominus.
Men no vil kongedømet ditt ikkje standa seg. Herren hev valt seg ut ein mann etter sin hug; og Herren hev etla honom til fyrste yver folket sitt, av di du ikkje agta på det Herren baud deg.»
15 Surrexit autem Samuel, et ascendit de Galgalis in Gabaa Beniamin. Et reliqui populi ascenderunt post Saul obviam populo, qui expugnabant eos venientes de Galgala in Gabaa, in colle Beniamin. Et recensuit Saul populum, qui inventi fuerant cum eo, quasi sexcentos viros.
Samuel reis upp og for heim frå Gilgal upp til Benjamins Gibea. Saul mynstra krigsfolket som var hjå honom; um lag seks hundrad mann.
16 Et Saul et Ionathas filius eius, populusque qui inventus fuerat cum eis, erat in Gabaa Beniamin: porro Philisthiim consederant in Machmas.
Saul og Jonatan heldt seg i Geba i Benjamin med det folket som var att hjå deim, og filistarane låg i læger i Mikmas.
17 Et egressi sunt ad praedandum de castris Philisthinorum tres cunei. Unus cuneus pergebat contra viam Ephra ad Terram Sual.
Frå filistarlægret sende dei ut røvarflokkar i tri hopar; eine hopen tok vegen til Ofra i Sualslandet,
18 porro alius ingrediebatur per viam Beth horon. tertius autem verterat se ad iter termini in terra Sabaa imminentis valli Seboim contra desertum.
andre hopen tok vegen til Bet-Horon, og tridje hopen tok vegen til kverven som hallar ned imot Sebojimsdalen, burtimot øydemarki.
19 Porro faber ferrarius non inveniebatur in omni Terra Israel. caverant enim Philisthiim, ne forte facerent Hebraei gladium aut lanceam.
Det fanst ingen smed i heile Israelslandet; for filistarane hadde vore rædde at hebræarane skulde smida sverd eller spjot.
20 Descendebat ergo omnis Israel ad Philisthiim, ut exacueret unusquisque vomerem suum, et ligonem et securim et sarculum.
Og so laut kvar einast israelit ned til filistarane og få kvest både plogjarn og grev og øksar og ristlar,
21 Retusae itaque erant acies vomerum, et ligonum, et tridentum, et securium, usque ad stimulum corrigendum.
so snart eggjarne vart skjemde på plogjarni, eller grevi, eller greiparne, eller øksarne, eller når dei turvte vøla på oksebroddarne.
22 Cumque venisset dies proelii, non est inventus ensis et lancea in manu totius populi, qui erat cum Saule et Ionatha, excepto Saul et Ionatha filio eius.
Av dette hadde det seg so at då slaget skulde standa, hadde ingen av mennerne åt Saul og Jonatan sverd eller spjot. Einast Saul og Jonatan, son hans hadde våpn.
23 Egressa est autem statio Philisthiim, ut transcenderet in Machmas.
Filistarane sette fram ein utpost i Mikmasskardet.