< Petri I 2 >
1 Deponentes igitur omnem malitiam, et omnem dolum, et simulationes, et invidias, et omnes detractiones,
Legg difor av all vondskap og alt svik og hyklarskap og ovund og all baktale,
2 sicut modo geniti infantes, rationabiles sine dolo lac concupiscite: ut in eo crescatis in salutem:
og lengta liksom nyfødde born etter den åndelege, ufalska mjølk, so de kann veksa ved henne til frelsa,
3 si tamen gustastis quoniam dulcis est Dominus.
so framt de då hev smaka at Herren er god!
4 Ad quem accedentes lapidem vivum, ab hominibus quidem reprobatum, a Deo autem electum, et honorificatum:
Kom til honom, den livande steinen, som vel vart vanda av menneskje, men er utvald og dyrverdig for Gud!
5 et ipsi tamquam lapides vivi superaedificamini, domos spirituales, sacerdotium sanctum, offerre spirituales hostias, acceptabiles Deo per Iesum Christum:
og vert de sjølve, som livande steinar, uppbygde til eit åndelegt hus, eit heilagt presteskap, til å bera fram åndelege offer til hugnad for Gud ved Jesus Kristus.
6 Propter quod continet Scriptura: Ecce pono in Sion lapidem summum angularem probatum, electum, pretiosum: et qui crediderit in eum, non confundetur.
For det heiter i skrifti: «Sjå, eg legg i Sion ein hyrnestein, som er utvald og dyrverdig, og den som trur på honom, skal slett ikkje verta til skammar.»
7 Vobis igitur honor credentibus: non credentibus autem lapis, quem reprobaverunt aedificantes, hic factus est in caput anguli:
Dykk då som trur, høyrer æra til; men for dei vantruande hev den steinen som bygningsmennerne vanda, vorte til hyrnestein og snåvestein og støyteberg,
8 et lapis offensionis, et petra scandali his, qui offendunt verbo, nec credunt in quo et positi sunt.
dei som støyter seg med di dei ikkje trur ordet, som dei og var etla til.
9 Vos autem genus electum, regale sacerdotium, gens sancta, populus acquisitionis: ut virtutes annuncietis eius, qui de tenebris vos vocavit in admirabile lumen suum.
Men de er ei utvald ætt, eit kongelegt presteskap, eit heilagt folk, eit folk til eigedom, so de skal forkynna hans dygder som kalla dykk ut or myrker til sitt underfulle ljos,
10 Qui aliquando non populus Dei, nunc autem populus Dei: qui non consecuti misericordiam, nunc autem misericordiam consecuti.
de som fyrr ikkje var eit folk, men no er Guds folk, de som ikkje hadde funne miskunn, men no hev fenge miskunn.
11 Charissimi, obsecro vos tamquam advenas et peregrinos abstinere vos a carnalibus desideriis, quae militant adversus animam,
Kjære, eg legg dykk på hjarta som framande og utledningar, at de skal halda dykk ifrå dei kjøtlege lyster, som strider imot sjæli,
12 conversationem vestram inter Gentes habentes bonam: ut in eo, quod detrectant de vobis tamquam de malefactoribus, ex bonis operibus vos considerantes, glorificent Deum in die visitationis.
og lata dykkar ferd millom heidningarne vera god, so dei, medan dei baktalar dykk som illgjerdsmenner, må sjå dykkar gode gjerningar og for deira skuld prisa Gud på tilsynsdagen!
13 Subiecti igitur estote omni humanae creaturae propter Deum: sive regi quasi praecellenti:
Ver difor all menneskjeleg skipnad undergjevne for Herrens skuld, anten det er kongen som den høgste,
14 sive ducibus tamquam ab eo missis ad vindictam malefactorum, laudem vero bonorum:
eller landshovdingar som utsendingar frå honom til refsing for deim som gjer vondt, men til ros for deim som gjer godt!
15 quia sic est voluntas Dei, ut benefacientes obmutescere faciatis imprudentium hominum ignorantiam:
For soleis er det Guds vilje, at de med å gjera det gode skal målbinda vankunna hjå uvituge menneskje,
16 quasi liberi, et non quasi velamen habentes malitiae libertatem, sed sicut servi Dei.
so som frie, og ikkje slike som hev fridomen til vondskaps skyle, men som Guds tenarar.
17 Omnes honorate: fraternitatem diligite: Deum timete: Regem honorificate.
Æra alle, elska broderlaget, ottast Gud, æra kongen!
18 Servi subditi estote in omni timore dominis, non tantum bonis et modestis, sed etiam dyscolis.
De tenarar, ver dykkar herrar undergjevne i all age, ikkje berre dei gode og milde, men og dei rangvise!
19 Haec est enim gratia, si propter Dei conscientiam sustinet quis tristitias, patiens iniuste.
For det finn nåde, um nokon av samvit for Gud toler harmingar som han lid uretteleg.
20 Quae enim est gratia, si peccantes, et colaphizati suffertis? sed si bene facientes patienter sustinetis: haec est gratia apud Deum.
For kva er det for ei ros, um de tek det med tolmod når de syndar og fær refsing for det? Men um de tek det med tolmod når de gjer godt og endå lyt lida, det finn nåde hjå Gud.
21 In hoc enim vocati estis: quia et Christus passus est pro nobis, vobis relinquens exemplum ut sequamini vestigia eius.
For til det vart de kalla, av di Kristus og leid for dykk og let etter for dykk eit fyredøme, so de skal fylgja hans fotfar.
22 qui peccatum non fecit, nec inventus est dolus in ore eius:
Han gjorde ikkje synd, og det fanst ikkje heller svik i hans munn;
23 qui cum malediceretur, non maledicebat: cum pateretur, non comminabatur: tradebat autem iudicanti se iniuste:
han skjelte ikkje att når han vart utskjelt, ikkje truga ham når han leid, men gav det yver til honom som dømer rettferdigt;
24 qui peccata nostra ipse pertulit in corpore suo super lignum: ut peccatis mortui, iustitiae vivamus: cuius livore sanati estis.
han bar synderne våre på likamen sin upp på treet, so me skal døy av frå synderne våre og liva for rettferdi, då de er lækte ved hans sår.
25 Eratis enim sicut oves errantes, sed conversi estis nunc ad pastorem, et episcopum animarum vestrarum.
For de var villfarande som sauer, men hev no vendt um til hyrdingen og tilsynsmannen for sjælerne dykkar.