< Job 18 >

1 Respondens autem Baldad Suhites, dixit:
Då tok Bildad frå Suah til ords og sagde:
2 Usque ad quem finem verba jactabitis? intelligite prius, et sic loquamur.
«Kor lenge driv de jagt på ord? Gjev gaum, lat oss so talast ved!
3 Quare reputati sumus ut jumenta, et sorduimus coram vobis?
Kvi skal me reknast liksom fe, som ureine i dykkar augo?
4 Qui perdis animam tuam in furore tuo, numquid propter te derelinquetur terra, et transferentur rupes de loco suo?
Å, du som riv deg sund i sinne, skal jordi øydast for di skuld? Skal fjellet flytjast frå sin stad?
5 Nonne lux impii extinguetur, nec splendebit flamma ignis ejus?
Men sløkt vert ljoset for den vonde, og hans åre-eld skal ikkje skina.
6 Lux obtenebrescet in tabernaculo illius, et lucerna quæ super eum est extinguetur.
I tjeldet hans vert ljoset myrkt, og lampa sloknar yver han.
7 Arctabuntur gressus virtutis ejus, et præcipitabit eum consilium suum.
Hans sterke stig vert snævra inn; han snåvar yver sine planar.
8 Immisit enim in rete pedes suos, et in maculis ejus ambulat.
Hans fot vert fløkt i garnet inn, og upp i netet ferdast han;
9 Tenebitur planta illius laqueo, et exardescet contra eum sitis.
og snara triv um hælen hans, og gildra tek på honom fat.
10 Abscondita est in terra pedica ejus, et decipula illius super semitam.
I jordi løynde gildror lurer, og fellor ventar på hans veg.
11 Undique terrebunt eum formidines, et involvent pedes ejus.
Og rædslor trugar rundt ikring og skræmer han for kvart eit stig.
12 Attenuetur fame robur ejus, et inedia invadat costas illius.
Ulukka hungrar etter han, og vondt vil føra han til fall,
13 Devoret pulchritudinem cutis ejus; consumat brachia illius primogenita mors.
vil eta kvar ein led og lem, ja, det vil daudens eldste son.
14 Avellatur de tabernaculo suo fiducia ejus, et calcet super eum, quasi rex, interitus.
Hans trygd er rivi frå hans tjeld; du sender han til rædsle-kongen.
15 Habitent in tabernaculo illius socii ejus qui non est; aspergatur in tabernaculo ejus sulphur.
I huset hans bur framande, det vert strått svåvel på hans bustad.
16 Deorsum radices ejus siccentur: sursum autem atteratur messis ejus.
Hans rot i grunnen turkar ut; den høge kruna visnar burt.
17 Memoria illius pereat de terra, et non celebretur nomen ejus in plateis.
Hans minne kverv frå jordi burt, og namnlaus vert han vidt og breidt.
18 Expellet eum de luce in tenebras, et de orbe transferet eum.
Frå ljos til myrker driv dei honom og jagar han frå landi burt.
19 Non erit semen ejus, neque progenies in populo suo, nec ullæ reliquiæ in regionibus ejus.
Han barnlaus vert i eige folk; i heimen hans slepp ingen undan.
20 In die ejus stupebunt novissimi, et primos invadet horror.
Og vestmenn støkk for dagen hans, og austmenn vert av rædsla slegne.
21 Hæc sunt ergo tabernacula iniqui, et iste locus ejus qui ignorat Deum.
Just soleis gjeng det nidings hus, den heim der ingen kjenner Gud.»

< Job 18 >