< Jeremiæ 38 >

1 Audivit autem Saphatias filius Mathan, et Gedelias filius Phassur, et Juchal filius Selemiæ, et Phassur filius Melchiæ, sermones quos Jeremias loquebatur ad omnem populum, dicens:
Men Sefatja Mattansson og Gedalja Pashursson og Jukal Selemjason og Pashur Malkiason høyrde dei ordi som Jeremia tala til alt folket då han sagde:
2 Hæc dicit Dominus: Quicumque manserit in civitate hac, morietur gladio, et fame, et peste: qui autem profugerit ad Chaldæos, vivet, et erit anima ejus sospes et vivens.
«So segjer Herren: Den som vert verande i denne byen, skal døy for sverd og av svolt og i sott, men den som gjeng ut til kaldæarane, skal liva, han skal njota sitt liv til herfang og liva.
3 Hæc dicit Dominus: Tradendo tradetur civitas hæc in manu exercitus regis Babylonis, et capiet eam.
So segjer Herren: Denne byen skal visseleg verta gjeven i henderne på heren åt Babel-kongen, og han skal taka honom.»
4 Et dixerunt principes regi: Rogamus ut occidatur homo iste: de industria enim dissolvit manus virorum bellantium qui remanserunt in civitate hac, et manus universi populi, loquens ad eos juxta verba hæc: siquidem homo iste non quærit pacem populo huic, sed malum.
Då sagde hovdingarne med kongen: «Lat deim drepa denne mannen, etter di han gjer folket modlaust, både hermennerne som er att i denne byen og alt det andre folket, med di han talar slike ord til deim. For denne mannen søker ikkje å gagna dette folket, men å skade det.»
5 Et dixit rex Sedecias: Ecce ipse in manibus vestris est: nec enim fas est regem vobis quidquam negare.
Då sagde Sidkia: «Sjå, han er i dykkar hender, for kongen magtast ikkje noko imot dykk.»
6 Tulerunt ergo Jeremiam, et projecerunt eum in lacum Melchiæ filii Amelech, qui erat in vestibulo carceris: et submiserunt Jeremiam funibus in lacum, in quo non erat aqua, sed lutum: descendit itaque Jeremias in cœnum.
Då tok dei Jeremia og kasta honom i brunnen åt kongssonen Malkia, den som var i vaktgarden; dei fira Jeremia ned med tog. Men i brunnen var det ikkje vatn, berre dy, og Jeremia sokk ned i dyet.
7 Audivit autem Abdemelech Æthiops, vir eunuchus, qui erat in domo regis, quod misissent Jeremiam in lacum. Porro rex sedebat in porta Benjamin:
Men ætiopen Ebed-Melek, ein hirdmann som var i kongsgarden, frette at dei hadde kasta Jeremia i brunnen - kongen sat då i Benjaminsporten.
8 et egressus est Abdemelech de domo regis, et locutus est ad regem, dicens:
So gjekk Ebed-Melek ut or kongsgarden og tala til kongen og sagde:
9 Domine mi rex, male fecerunt viri isti omnia quæcumque perpetrarunt contra Jeremiam prophetam, mittentes eum in lacum, ut moriatur ibi fame: non sunt enim panes ultra in civitate.
«Herre konge! Illverk hev desse menner fremja med alt det dei hev gjort mot profeten Jeremia som dei hev kasta i brunnen, og der lyt han døy av svolt, for det finst ikkje meir brød i byen.»
10 Præcepit itaque rex Abdemelech Æthiopi, dicens: Tolle tecum hinc triginta viros, et leva Jeremiam prophetam de lacu, antequam moriatur.
Då bad kongen ætiopen Ebed-Melek og sagde: «Tak med deg herifrå tretti mann og drag profeten Jeremia upp or brunnen, fyrr han døyr.»
11 Assumptis ergo Abdemelech secum viris, ingressus est domum regis, quæ erat sub cellario, et tulit inde veteres pannos, et antiqua quæ computruerant, et submisit ea ad Jeremiam in lacum per funiculos.
Og Ebed-Melek tok mennerne med seg og gjekk inn i kongsgarden, i romet under skattkammeret, og tok der fillor av sundrivne og utslitne klæde og fira deim med tog ned i brunnen til Jeremia.
12 Dixitque Abdemelech Æthiops ad Jeremiam: Pone veteres pannos, et hæc scissa et putrida, sub cubito manuum tuarum, et super funes. Fecit ergo Jeremias sic,
Sidan sagde ætiopen Ebed-Melek med Jeremia: «Legg fillorne av dei sundrivne og utslitne klædi under armarne dine, under togi!» Og Jeremia gjorde so.
13 et extraxerunt Jeremiam funibus, et eduxerunt eum de lacu: mansit autem Jeremias in vestibulo carceris.
Dei drog då Jeremia upp med togi og fekk honom upp or brunnen. Og no sat Jeremia i vaktgarden.
14 Et misit rex Sedecias, et tulit ad se Jeremiam prophetam ad ostium tertium quod erat in domo Domini: et dixit rex ad Jeremiam: Interrogo ego te sermonem, ne abscondas a me aliquid.
Sidan sende kong Sidkia bod og let henta profeten Jeremia til seg i den tridje inngangen til Herrens hus. Og kongen sagde med Jeremia: «Eg vil spyrja deg um noko; løyn ikkje noko for meg!»
15 Dixit autem Jeremias ad Sedeciam: Si annuntiavero tibi, numquid non interficies me? et si consilium dedero tibi, non me audies.
Jeremia sagde med Sidkia: «Um eg segjer deg det, vil du då ikkje drepa meg? Og um eg gjev deg ei råd, so lyder du ikkje på meg.»
16 Juravit ergo rex Sedecias Jeremiæ clam, dicens: Vivit Dominus, qui fecit nobis animam hanc, si occidero te, et si tradidero te in manus virorum istorum qui quærunt animam tuam.
Då gjorde kong Sedekias eiden sin til Jeremia i dulsmål og sagde: «So sant som Herren liver, han som hev skapt oss i dette vårt liv, vil eg ikkje drepa deg og ikkje gjeva deg i henderne på desse menner som ligg deg etter livet.»
17 Et dixit Jeremias ad Sedeciam: Hæc dicit Dominus exercituum, Deus Israël: Si profectus exieris ad principes regis Babylonis, vivet anima tua, et civitas hæc non succendetur igni: et salvus eris tu, et domus tua.
Då sagde Jeremia med Sidkia: «So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Gjeng du ut til Babel-kongens hovdingar, skal du få liva, og denne byen skal ikkje verta uppbrend i eld, men du skal få liva, du og ditt hus.
18 Si autem non exieris ad principes regis Babylonis, tradetur civitas hæc in manus Chaldæorum, et succendent eam igni: et tu non effugies de manu eorum.
Men gjeng du ikkje ut til Babel-kongens hovdingar, so skal denne byen verta gjeven i henderne på kaldæarane, og dei skal brenna honom upp i eld, og du sjølv skal ikkje koma deg undan deira hender.»
19 Et dixit rex Sedecias ad Jeremiam: Sollicitus sum propter Judæos qui transfugerunt ad Chaldæos, ne forte tradar in manus eorum, et illudant mihi.
Då sagde kong Sidkia med Jeremia: «Eg ottast dei jødarne som hev gjeve seg yver til kaldæarane, at eg kunde verta gjeven i deira hender, og dei skulde fara stygt åt med meg.»
20 Respondit autem Jeremias: Non te tradent. Audi, quæso, vocem Domini, quam ego loquor ad te, et bene tibi erit, et vivet anima tua.
Men Jeremia sagde: «Dei skal ikkje gjera det. Høyr du på Herrens røyst i det eg talar til deg, då skal det ganga deg vel, og du skal få liva!
21 Quod si nolueris egredi, iste est sermo quem ostendit mihi Dominus:
Men dreg du deg undan og ikkje gjeng ut, då er dette det ordet Herren hev synt meg:
22 ecce omnes mulieres quæ remanserunt in domo regis Juda educentur ad principes regis Babylonis, et ipsæ dicent: Seduxerunt te, et prævaluerunt adversum te, viri pacifici tui: demerserunt in cœno et in lubrico pedes tuos, et recesserunt a te.
Sjå, alle dei kvende som er att i Juda-kongens hus, skal verta førde ut til Babel-kongens hovdingar, og sjå, dei skal segja til deg: «Dine eigne vener hev lokka deg og vunne på deg; då føterne dine sokk ned i dya, drog dei seg undan.»
23 Et omnes uxores tuæ et filii tui educentur ad Chaldæos: et non effugies manus eorum, sed in manu regis Babylonis capieris, et civitatem hanc comburet igni.
Og alle konorne dine og borni dine skal dei leida ut til kaldæarane, og du sjølv skal ikkje sleppa undan deira hender, men Babel-kongen skal taka deg med si hand, og for di skuld skal denne byen verta uppbrend i eld.»
24 Dixit ergo Sedecias ad Jeremiam: Nullus sciat verba hæc, et non morieris.
Då sagde Sidkia til Jeremia: «Lat ingen få vita av denne samrøda, elles vert det din bane!
25 Si autem audierint principes quia locutus sum tecum, et venerint ad te, et dixerint tibi: Indica nobis quid locutus sis cum rege: ne celes nos, et non te interficiemus: et quid locutus est tecum rex:
Men når hovdingarne fær høyra at eg hev tala med deg, og dei so kjem til deg og segjer med deg: «Seg oss kva du hev tala med kongen! Løyn det ikkje for oss, elles drep me deg! Kva hev kongen tala til deg?»
26 dices ad eos: Prostravi ego preces meas coram rege, ne me reduci juberet in domum Jonathan, et ibi morerer.
då skal du segja med deim: «Eg bar mi audmjuke bøn fram for kongens åsyn, at han ikkje måtte lata meg fara tilbake til Jonatans hus og døy der.»»
27 Venerunt ergo omnes principes ad Jeremiam, et interrogaverunt eum, et locutus est eis juxta omnia verba quæ præceperat ei rex: et cessaverunt ab eo: nihil enim fuerat auditum.
Og alle hovdingarne kom til Jeremia og spurde honom, han svara deim med kvart det ord som kongen hadde bede honom um. Då let dei honom vera i fred, for saki hadde ikkje vorte kjend.
28 Mansit vero Jeremias in vestibulo carceris usque ad diem quo capta est Jerusalem: et factum est ut caperetur Jerusalem.
Og Jeremia sat i vaktgarden alt til den dagen då Jerusalem vart teke.

< Jeremiæ 38 >