< Jeremiæ 19 >

1 Hæc dicit Dominus: Vade, et accipe lagunculam figuli testeam a senioribus populi et a senioribus sacerdotum,
So sagde Herren: Gakk og kjøp deg ei krukka av krusmakaren! Tak so med deg nokre av dei øvste av folket og nokre av dei øvste av prestarne,
2 et egredere ad vallem filii Ennom, quæ est juxta introitum portæ fictilis: et prædicabis ibi verba quæ ego loquar ad te.
og gakk ut til Hinnomssons-dalen, som er frammed Krusbrot-porten, og ropa ut der dei ord som eg vil tala til deg!
3 Et dices: Audite verbum Domini, reges Juda, et habitatores Jerusalem. Hæc dicit Dominus exercituum, Deus Israël: Ecce ego inducam afflictionem super locum istum, ita ut omnis qui audierit illam, tinniant aures ejus,
Du skal segja: «Høyr Herrens ord, de Juda-kongar og Jerusalems-buar! So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Sjå, eg sender ei ulukka yver denne staden, so det skal ringja for øyro på kvar den som høyrer det,
4 eo quod dereliquerint me, et alienum fecerint locum istum, et libaverunt in eo diis alienis quos nescierunt, ipsi et patres eorum, et reges Juda: et repleverunt locum istum sanguine innocentum,
sidan dei vende seg frå meg og mismætte denne staden og brende røykjelse der for andre gudar, som dei ikkje kjende, korkje dei sjølve eller federne deira eller Juda-kongarne, og fyllte denne staden med skuldlaust blod,
5 et ædificaverunt excelsa Baalim, ad comburendos filios suos igni in holocaustum Baalim: quæ non præcepi, nec locutus sum, nec ascenderunt in cor meum.
og bygde Ba’als-haugar til å brenna sønerne sine i eld på, til brennoffer åt Ba’al, slikt som eg korkje hev skipa eller tala um, og som aldri kom meg i hugen.
6 Propterea ecce dies veniunt, dicit Dominus, et non vocabitur amplius locus iste Topheth, et vallis filii Ennom, sed vallis occisionis.
Difor, sjå, det kjem det dagar, segjer Herren, då denne staden ikkje lenger skal kallast «Tofet» eller «Hinnomssons-dalen», men «Dråpsdalen».
7 Et dissipabo consilium Juda et Jerusalem in loco isto, et subvertam eos gladio in conspectu inimicorum suorum, et in manu quærentium animas eorum: et dabo cadavera eorum escam volatilibus cæli et bestiis terræ.
Og Juda og Jerusalem gjer eg rådlause på denne staden, og let deim falla for sverd for deira fiendar og ved deira hand som ligg deim etter livet; og liki deira vil eg gjeva til mat åt fuglarne under himmelen og dyri på jordi.
8 Et ponam civitatem hanc in stuporem, et in sibilum: omnis qui præterierit per eam obstupescet, et sibilabit super universa plaga ejus.
Og eg vil gjera denne byen til ei skræma og til ei spott; alle som fer framum honom, skal verta forstøkte og hæda yver alle plågorne hans.
9 Et cibabo eos carnibus filiorum suorum et carnibus filiarum suarum: et unusquisque carnem amici sui comedet in obsidione, et in angustia in qua concludent eos inimici eorum, et qui quærunt animas eorum.
Og eg vil lata deim eta kjøtet av sønerne sine og kjøtet av døtterne sine, og dei skal eta kjøtet av kvarandre i den naud og trengsla som deira fiendar og dei som ligg deim etter livet, skal trengja deim med.»
10 Et conteres lagunculam in oculis virorum qui ibunt tecum,
Og du skal krasa krukka framanfor augo på dei menner som gjeng med deg.
11 et dices ad eos: Hæc dicit Dominus exercituum: Sic conteram populum istum, et civitatem istam, sicut conteritur vas figuli, quod non potest ultra instaurari: et in Topheth sepelientur, eo quod non sit alius locus ad sepeliendum.
Og du skal segja med deim: «So segjer Herren, allhers drott: Soleis vil eg krasa dette folket og denne byen som ein krasar krusty som ikkje let seg bøta, og i Tofet skal dei gravleggja med di det ikkje bid andre stader til å jorda i.
12 Sic faciam loco huic, ait Dominus, et habitatoribus ejus, et ponam civitatem istam sicut Topheth.
Soleis vil eg fara åt med denne staden, segjer Herren, og med deim som her bur, so eg gjer denne byen lik Tofet.
13 Et erunt domus Jerusalem, et domus regum Juda, sicut locus Topheth, immundæ, omnes domus in quarum domatibus sacrificaverunt omni militiæ cæli, et libaverunt libamina diis alienis.
Og husi i Jerusalem og husi åt Juda-kongarne skal verta som Tofetstaden, ureine som dei er, alle dei husi der dei uppå taki hev brent røykjelse åt heile himmelheren og rent ut drykkoffer åt framande gudar.»
14 Venit autem Jeremias de Topheth, quo miserat eum Dominus ad prophetandum, et stetit in atrio domus Domini, et dixit ad omnem populum:
Og Jeremia kom frå Tofet, dit som Herren hadde sendt honom til å spå, og han stod i fyregarden til Herrens hus og sagde med alt folket:
15 Hæc dicit Dominus exercituum, Deus Israël: Ecce ego inducam super civitatem hanc, et super omnes urbes ejus, universa mala quæ locutus sum adversum eam, quoniam induraverunt cervicem suam ut non audirent sermones meos.
«So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Sjå, yver denne byen og yver alle dei byarne som høyrer honom til, let eg koma all den ulukka som eg hev tala imot deim; for dei gjeng der hardnakka og høyrer ikkje mine ord.»

< Jeremiæ 19 >