< Isaiæ 54 >
1 Lauda, sterilis, quæ non paris; decanta laudem, et hinni, quæ non pariebas: quoniam multi filii desertæ magis quam ejus quæ habet virum, dicit Dominus.
Fagna deg, du barnlause, du som ikkje fødde! Set i med fagnadrop og jubla, du som ei hadde rider! For den einslege hev fleire born enn den gifte kona, segjer Herren.
2 Dilata locum tentorii tui, et pelles tabernaculorum tuorum extende: ne parcas: longos fac funiculos tuos, et clavos tuos consolida.
Vida ut tjeldromet ditt, lat deim spana ut tjeldet du bur i, hindra det ikkje! Tøyg tjeldsnorerne dine, og slå pålarne fast!
3 Ad dexteram enim et ad lævam penetrabis, et semen tuum gentes hæreditabit, et civitates desertas inhabitabit.
For du skal breida deg til høgre og vinstre, og di ætt skal taka heidningfolk til eiga og folka upp att øydelagde byar.
4 Noli timere, quia non confunderis, neque erubesces; non enim te pudebit, quia confusionis adolescentiæ tuæ oblivisceris, et opprobrii viduitatis tuæ non recordaberis amplius.
Ottast ikkje, for du skal ikkje turva skjemmast, ver ikkje skamfull, for du skal ikkje turva raudna. Nei, skammi frå ungdomen skal du gløyma, og spotti frå enkjestandet skal du’kje minnast meir.
5 Quia dominabitur tui qui fecit te, Dominus exercituum nomen ejus, et redemptor tuus, Sanctus Israël: Deus omnis terræ vocabitur.
For mannen din er skaparen din, Allhers-Herren er namnet hans, og Israels Heilage er din utløysar. Han heitar Gud for all jordi.
6 Quia ut mulierem derelictam et mœrentem spiritu vocavit te Dominus, et uxorem ab adolescentia abjectam, dixit Deus tuus.
Då du var ei burtstøytt kvinna med hjartesorg, kalla Herren deg. Kor kann ein forsmå sitt ungdomsviv? Segjer din Gud.
7 Ad punctum in modico dereliqui te, et in miserationibus magnis congregabo te.
Ei liti stund gjekk eg frå deg, men i miskunn stor vil eg samla deg.
8 In momento indignationis abscondi faciem meam parumper a te; et in misericordia sempiterna misertus sum tui, dixit redemptor tuus, Dominus.
I ei harmflaga løynde eg mi åsyn for deg ei stund, men med æveleg nåde miskunnar eg deg, segjer Herren, utløysaren din.
9 Sicut in diebus Noë istud mihi est, cui juravi ne inducerem aquas Noë ultra super terram; sic juravi ut non irascar tibi, et non increpem te.
For som Noah-flaumen er dette for meg. Som eg svor at Noah-flaumen ikkje meir skal koma yver jordi, so hev eg svore at eg ikkje meir vil harmast på deg eller skjenna på deg.
10 Montes enim commovebuntur, et colles contremiscent; misericordia autem mea non recedet a te, et fœdus pacis meæ non movebitur, dixit miserator tuus Dominus.
Ja, um fjelli vik og haugarne svigtar, so skal ikkje nåden min vika frå deg, og mi fredspakt skal ikkje svigta, segjer Herren som miskunnar deg.
11 Paupercula, tempestate convulsa absque ulla consolatione, ecce ego sternam per ordinem lapides tuos, et fundabo te in sapphiris:
Du arme stormdrivne, trøystarlause, sjå, eg legg dine steinar i antimon, byggjer grunnmuren din med safirar.
12 et ponam jaspidem propugnacula tua, et portas tuas in lapides sculptos, et omnes terminos tuos in lapides desiderabiles;
Eg gjer dine murtindar av rubinar og portarne av karfunkel og heile din ringmur av dyre steinar.
13 universos filios tuos doctos a Domino, et multitudinem pacis filiis tuis.
Og alle dine søner skal vera upplærde av Herren, og stor fred skal sønerne dine hava.
14 Et in justitia fundaberis: recede procul a calumnia, quia non timebis, et a pavore, quia non appropinquabit tibi.
Ved rettferd skal du standa fast, ver trygg for vald, du hev inkje å ottast, og for rædsla, ho når deg ikkje.
15 Ecce accola veniet qui non erat mecum, advena quondam tuus adjungetur tibi.
Yppar nokon til strid, kjem det ikkje frå meg, den som tek på deg, skal falla i striden mot deg.
16 Ecce ego creavi fabrum sufflantem in igne prunas, et proferentem vas in opus suum; et ego creavi interfectorem ad disperdendum.
Sjå, eg hev skapt smeden som blæs i kolelden og lagar våpn til sitt bruk, og eg hev skapt tynaren til å øyda det.
17 Omne vas quod fictum est contra te, non dirigetur, et omnem linguam resistentem tibi in judicio, judicabis. Hæc est hæreditas servorum Domini, et justitia eorum apud me, dicit Dominus.
Alle våpn dei smider mot deg, skal vanheppast; og kvar tunga som yppar strider med deg, skal du få domfelt. Det er den arv som Herrens tenarar fær, og deira rettferd frå meg, segjer Herren.