< Isaiæ 18 >
1 Væ terræ cymbalo alarum, quæ est trans flumina Æthiopiæ,
Høyr, du land med dei surrande vengjer, du land burtanfor elvarne i Ætiopia,
2 qui mittit in mare legatos, et in vasis papyri super aquas. Ite, angeli veloces, ad gentem convulsam et dilaceratam; ad populum terribilem, post quem non est alius; ad gentem exspectantem et conculcatam, cujus diripuerunt flumina terram ejus.
du som hev sendt bodberarar yver havet, og i røyrbåtar yver vatnet! Gakk av stad, de snøgge sendemenner, til det røslege folket med glansande hud, til folket som dei ottast vida ikring, det sterke og sigersæle folket i det landet som vert gjenomskore av elvar!
3 Omnes habitatores orbis, qui moramini in terra, cum elevatum fuerit signum in montibus, videbitis, et clangorem tubæ audietis.
Alle de som i heimsringen byggjer og på jordi bur: Når dei reiser merke på fjelli, so sjå til, og når luren ljomar, so høyr etter!
4 Quia hæc dicit Dominus ad me: Quiescam et considerabo in loco meo, sicut meridiana lux clara est, et sicut nubes roris in die messis.
For so hev Herren sagt til meg: Logn vil eg skoda ned frå min bustad, liksom soli gløder ned um sumaren, og liksom skyi sender dogg i den heite skurdtidi.
5 Ante messem enim totus effloruit, et immatura perfectio germinabit; et præcidentur ramusculi ejus falcibus, et quæ derelicta fuerint abscindentur et excutientur.
For fyrr hausten er inne, just då blømingi er til ende, og blomen fer til å mognast til druva, då skal han skjera av rankorne med hagesigden og hogga renningarne burt.
6 Et relinquentur simul avibus montium et bestiis terræ; et æstate perpetua erunt super eum volucres, et omnes bestiæ terræ super illum hiemabunt.
Dei skal alle saman verta gjevne åt rovfuglarne på fjelli og åt dyri i marki; rovfuglarne skal der hava reiri sine um sumaren, og alle dyr på marki skal hava sitt tilhald der um vinteren.
7 In tempore illo deferetur munus Domino exercituum a populo divulso et dilacerato, a populo terribili, post quem non fuit alius; a gente exspectante, exspectante et conculcata, cujus diripuerunt flumina terram ejus; ad locum nominis Domini exercituum, montem Sion.
På den tidi skal det berast gåvor fram til Herren, allhers drott, frå det røslege folket med glansande hud, frå folket som dei ottast vida ikring, det sterke og sigersæle folket i det landet som vert gjenomskore av elvar - til den staden der namnet åt Herren, allhers drott, bur, til Sionsfjellet.