< Hiezechielis Prophetæ 35 >
1 Et factus est sermo Domini ad me, dicens:
Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
2 Fili hominis, pone faciem tuam adversum montem Seir, et prophetabis de eo, et dices illi:
Menneskjeson! Vend di åsyn mot Se’irfjellet og spå imot det.
3 Hæc dicit Dominus Deus: Ecce ego ad te, mons Seir: et extendam manum meam super te, et dabo te desolatum atque desertum.
Og du skal segja med det: So segjer Herren, Herren: Sjå, eg vil finna deg, Se’irfjell, og eg vil retta ut mi hand imot deg og leggja deg i audn og øyde.
4 Urbes tuas demoliar, et tu desertus eris: et scies quia ego Dominus.
Byarne dine vil eg gjera til steinrøysar, og du sjølv skal verta ei audn. Og du skal sanna at eg er Herren.
5 Eo quod fueris inimicus sempiternus, et concluseris filios Israël in manus gladii in tempore afflictionis eorum, in tempore iniquitatis extremæ:
Etter di du ber på ein æveleg fiendskap og let Israels-borni koma under sverds-egg i deira usæletid, den tidi då misgjerningi laut enda,
6 propterea vivo ego, dicit Dominus Deus, quoniam sanguini tradam te, et sanguis te persequetur: et cum sanguinem oderis, sanguis persequetur te.
difor, so sant eg liver, segjer Herren, Herren, til blod vil eg gjera deg, og blod skal søkja på deg. Sidan du ikkje hev hata blod, so skal blod søkja på deg.
7 Et dabo montem Seir desolatum atque desertum, et auferam de eo euntem et redeuntem.
So vil eg då leggja Se’irfjellet i audn og øyde, og eg vil rydja ut or det både komande og farande.
8 Et implebo montes ejus occisorum suorum: in collibus tuis, et in vallibus tuis atque in torrentibus, interfecti gladio cadent.
Og eg vil fylla fjelli med slegne menner. På dine haugar og i dine dalar og i alle dine gil skal menner falla, slegne med sverd.
9 In solitudines sempiternas tradam te, et civitates tuæ non habitabuntur: et scietis quia ego Dominus Deus.
Til ævelege audner vil eg gjera deg, og byarne dine skal ikkje atter verta bustader, og de skal sanna at eg er Herren.
10 Eo quod dixeris: Duæ gentes et duæ terræ meæ erunt, et hæreditate possidebo eas, cum Dominus esset ibi:
For di du sagde: «Båe folki og båe landi skal verta mine, og eg vil taka deim til eiga, » endå Herren hev vore der,
11 propterea vivo ego, dicit Dominus Deus, quia faciam juxta iram tuam, et secundum zelum tuum, quem fecisti odio habens eos: et notus efficiar per eos, cum te judicavero.
difor, so sant eg liver, segjer Herren, Herren, vil eg gjera med deg etter den vreiden og ovundi som du hev synt i ditt hat imot deim, og eg skal verta kjend hjå deim når eg dømer deg.
12 Et scies quia ego Dominus audivi universa opprobria tua quæ locutus es de montibus Israël, dicens: Deserti nobis ad devorandum dati sunt.
Og du skal sanna at eg Herren. Eg hev høyrt alle hæde-ordi dine, som du hev tala mot Israelsfjelli, då du sagde: «Dei er i øyde lagde! dei er gjevne åt oss til mat.»
13 Et insurrexistis super me ore vestro, et derogastis adversum me verba vestra: ego audivi.
Og de hev bruka munnen mot meg i ovmod og var ordrame mot meg; eg hev nok høyrt det.
14 Hæc dicit Dominus Deus: Lætante universa terra, in solitudinem te redigam:
So segjer Herren, Herren: Medan all jordi fagnar seg, vil eg leggja deg i øyde.
15 sicuti gavisus es super hæreditatem domus Israël eo quod fuerit dissipata, sic faciam tibi: dissipatus eris, mons Seir, et Idumæa omnis: et scient quia ego Dominus.
Likeins som du fagna deg yver arvluten åt Israels-lyden, at han vart avøyd, so vil eg gjera med deg; til audn skal du verta, du Se’irfjell, og alt Edom - alt i hop, og dei skal sanna at eg er Herren.