< Ecclesiastes 7 >
1 Melius est nomen bonum quam unguenta pretiosa, et dies mortis die nativitatis.
Betre godt namn enn god salve, og betre døyande-dagen enn fødedagen.
2 Melius est ire ad domum luctus quam ad domum convivii; in illa enim finis cunctorum admonetur hominum, et vivens cogitat quid futurum sit.
Betre til syrgjehus ganga enn til gjestebodshus, so visst som det er enden for alle menneskje, og den som liver, skal leggja seg det på hjarta.
3 Melior est ira risu, quia per tristitiam vultus corrigitur animus delinquentis.
Betre gremmelse enn lått, for når andlitet ser ille ut, stend vel til med hjarta.
4 Cor sapientium ubi tristitia est, et cor stultorum ubi lætitia.
Hjarta åt vismenner er i syrgjehus, men hjarta åt dårar er i gledehus.
5 Melius est a sapiente corripi, quam stultorum adulatione decipi;
Betre høyra skjenn av ein vismann enn når nokon høyrer song av dårar.
6 quia sicut sonitus spinarum ardentium sub olla, sic risus stulti. Sed et hoc vanitas.
For som tyrnerris sprakar under gryta, soleis er det når dåren lær. - Det og er fåfengd.
7 Calumnia conturbat sapientem, et perdet robur cordis illius.
For urett vinning gjer vismann til dåre, og mutor skjemmer ut hjarta.
8 Melior est finis orationis quam principium. Melior est patiens arrogante.
Betre enden på ei sak enn upphavet, betre tolmodig enn ovmodig.
9 Ne sis velox ad irascendum, quia ira in sinu stulti requiescit.
Ver ikkje for brå i hugen til å gremmast, for gremmelse bur i barmen på dårar.
10 Ne dicas: Quid putas causæ est quod priora tempora meliora fuere quam nunc sunt? stulta enim est hujuscemodi interrogatio.
Seg ikkje: «Korleis hev det seg at dei framfarne dagar var betre enn dei som no er?» For ikkje utav visdom spør du um det.
11 Utilior est sapientia cum divitiis, et magis prodest videntibus solem.
Visdom er jamgod med ervegods, og ei vinning for deim som ser soli.
12 Sicut enim protegit sapientia, sic protegit pecunia; hoc autem plus habet eruditio et sapientia, quod vitam tribuunt possessori suo.
For ein sit i skuggen av visdomen som i skuggen av pengar, men fyremunen med kunnskap er at visdomen held eigaren sin i live.
13 Considera opera Dei, quod nemo possit corrigere quem ille despexerit.
Sjå på Guds verk! For kven kann beinka det som han hev gjort krokut?
14 In die bona fruere bonis, et malam diem præcave; sicut enim hanc, sic et illam fecit Deus, ut non inveniat homo contra eum justas querimonias.
På ein god dag skal du vera i godlag, og på ein vond dag skal du tenkja på at Gud hev gjort den og likso vel som hin, av di at menneskja ikkje skal finna noko ulivt etter si avferd.
15 Hæc quoque vidi in diebus vanitatis meæ: justus perit in justitia sua, et impius multo vivit tempore in malitia sua.
Alt hev eg set i dei fåfengde dagerne mine: Det hender at ein rettferdig gjeng til grunns tråss i si rettferd, og at ein gudlaus liver lenge tråss i sin vondskap.
16 Noli esse justus multum, neque plus sapias quam necesse est, ne obstupescas.
Ver ikkje altfor rettferdig, og te deg ikkje for vis! Kvifor vil du tyna deg sjølv?
17 Ne impie agas multum, et noli esse stultus, ne moriaris in tempore non tuo.
Ver ikkje altfor gudlaus, og ver ikkje ein dåre? Kvifor vil du døy fyre tidi?
18 Bonum est te sustentare justum: sed et ab illo ne subtrahas manum tuam; quia qui timet Deum nihil negligit.
Det er godt at du held fast på det eine og ikkje heller slepper handi av det andre, for den som ottast Gud, han greider seg or alt dette.
19 Sapientia confortavit sapientem super decem principes civitatis;
Visdomen gjev vismannen ei sterkare vern enn ti magthavarar i ein by.
20 non est enim homo justus in terra qui faciat bonum et non peccet.
For det finst ikkje eit rettferdigt menneskje på jordi som berre gjer godt og aldri syndar.
21 Sed et cunctis sermonibus qui dicuntur ne accomodes cor tuum, ne forte audias servum tuum maledicentem tibi;
Agta ikkje heller på alt det som folk segjer, elles kunde du få høyra din eigen træl banna deg.
22 scit enim conscientia tua quia et tu crebro maledixisti aliis.
For du veit med deg sjølv, at du og mange gonger hev banna andre.
23 Cuncta tentavi in sapientia. Dixi: Sapiens efficiar: et ipsa longius recessit a me,
Alt dette hev eg røynt ut med visdom. Eg tenkte: «Visdom vil eg vinna!» men han heldt seg langt burte frå meg.
24 multo magis quam erat. Et alta profunditas, quis inveniet eam?
Langt burte er det som til er, og so djupt, so djupt; kven kann nå det?
25 Lustravi universa animo meo, ut scirem et considerarem, et quærerem sapientiam, et rationem, et ut cognoscerem impietatem stulti, et errorem imprudentium:
Eg gav meg til, og hugen gjekk ut på å kjenna og granska og søkja visdom og ettertanke og få vita at gudløysa er dårskap og narreskapen vitløysa.
26 et inveni amariorem morte mulierem, quæ laqueus venatorum est, et sagena cor ejus; vincula sunt manus illius. Qui placet Deo effugiet illam; qui autem peccator est capietur ab illa.
Då fann eg at kvinna er beiskare enn dauden, for ho er eit net, og hjarta hennar eit garn, og henderne hennar lekkjor. Den som tekkjest Gud, slepp ifrå henne, men syndaren vert hennar fange.
27 Ecce hoc inveni, dixit Ecclesiastes, unum et alterum ut invenirem rationem,
Sjå det fann eg, segjer preikaren, då eg lagde det eine i hop med det andre og vilde koma til ei endelykt:
28 quam adhuc quærit anima mea, et non inveni. Virum de mille unum reperi; mulierem ex omnibus non inveni.
Det som eg stødt hev leita etter, men ikkje funne, det er: Ein mann millom tusund hev eg funne, men ei kvinna hev eg ikkje funne millom alle deim.
29 Solummodo hoc inveni, quod fecerit Deus hominem rectum, et ipse se infinitis miscuerit quæstionibus. Quis talis ut sapiens est? et quis cognovit solutionem verbi?
Berre dette hev eg funne ut, skal du vita, at Gud hev skapt menneskja rett, men dei søkjer mange krokar.