< Danihelis Prophetæ 4 >
1 Nabuchodonosor rex, omnibus populis, gentibus, et linguis, qui habitant in universa terra, pax vobis multiplicetur.
Kong Nebukadnessar til alle folk og ætter og tungemål som bur på heile jordi: Heil og sæl!
2 Signa, et mirabilia fecit apud me Deus excelsus. Placuit ergo mihi prædicare
Eg hev funne for godt å kunngjera dei teikn og under som den høgste Gud hev gjort mot meg.
3 signa ejus, quia magna sunt: et mirabilia ejus, quia fortia: et regnum ejus regnum sempiternum, et potestas ejus in generationem et generationem.
Kor store er ikkje teikni hans, og megtige hans under! Riket hans er eit æveleg rike, og veldet hans varer frå ætt til ætt.
4 Ego Nabuchodonosor quietus eram in domo mea, et florens in palatio meo:
Eg, Nebukadnessar, sat i god ro i huset mitt og livde lukkeleg i kongsgarden mitt.
5 somnium vidi, quod perterruit me: et cogitationes meæ in strato meo, et visiones capitis mei conturbaverunt me.
Då hadde eg ein draum som skræmde meg; eg tok fæla av draumsviv i mi seng og av ei syn som eg såg.
6 Et per me propositum est decretum ut introducerentur in conspectu meo cuncti sapientes Babylonis, et ut solutionem somnii indicarent mihi.
Difor gav eg ut bod um at dei skulde henta alle dei vise i Babel til meg, so dei kunde segja meg uttydingi på draumen.
7 Tunc ingrediebantur arioli, magi, Chaldæi, et aruspices, et somnium narravi in conspectu eorum: et solutionem ejus non indicaverunt mihi,
So kom då runemeistrarne, manararne, kaldæarane og stjernetydarane, og eg fortalde deim draumen; men dei kunde ikkje segja meg uttydingi på honom.
8 donec collega ingressus est in conspectu meo Daniel, cui nomen Baltassar secundum nomen dei mei, qui habet spiritum deorum sanctorum in semetipso: et somnium coram ipso locutus sum.
Til slutt kom Daniel og inn for meg, han som hadde fenge namnet Beltsassar etter namnet på guden min, og som anden åt heilage gudar er i; og eg fortalde honom draumen soleis:
9 Baltassar, princeps ariolorum, quoniam ego scio quod spiritum sanctorum deorum habeas in te, et omne sacramentum non est impossibile tibi: visiones somniorum meorum, quas vidi, et solutionem earum narra.
«Beltsassar, du som er den øvste millom runemeistrarne, um deg veit eg at anden åt heilage gudar er i deg, og at ingen løyndom er for svær for deg; so seg meg kva eg såg i draumen min, og kva det tyder.
10 Visio capitis mei in cubili meo: videbam, et ecce arbor in medio terræ, et altitudo ejus nimia.
Dette var den syni eg hadde på lægjet mitt: Eg såg i syni mi eit tre standa midt på jordi, og det treet var ovleg høgt.
11 Magna arbor, et fortis, et proceritas ejus contingens cælum: aspectus illius erat usque ad terminos universæ terræ.
Ja, stort og veldugt var treet, og so høgt at det rakk til himmels og var synlegt alt til enderne av jordi.
12 Folia ejus pulcherrima, et fructus ejus nimius: et esca universorum in ea. Subter eam habitabant animalia et bestiæ, et in ramis ejus conversabantur volucres cæli: et ex ea vescebatur omnis caro.
Det hadde fager lauvklænad, og det bar mykje frukt, so det hadde føde åt alle. Dyri på marki fann skugge under det, og fuglarne under himmelen budde i greinerne på det, og alt kjøt fekk si føda frå det.
13 Videbam in visione capitis mei super stratum meum, et ecce vigil, et sanctus, de cælo descendit.
So såg eg i den syni som eg hadde på lægjet mitt, korleis ein heilag vaktar steig ned frå himmelen.
14 Clamavit fortiter, et sic ait: Succidite arborem, et præcidite ramos ejus: excutite folia ejus, et dispergite fructus ejus: fugiant bestiæ, quæ subter eam sunt, et volucres de ramis ejus.
Han ropa med høg røyst og sagde: «Hogg ned treet, og skjer greinerne av det, riv lauvklædnaden av, og spreid frukti, so dyri som ligg under det, lyt fara sin veg, og fuglarne flyg burt ifrå greinerne på det.
15 Verumtamen germen radicum ejus in terra sinite, et alligetur vinculo ferreo et æreo in herbis quæ foris sunt, et rore cæli tingatur, et cum feris pars ejus in herba terræ.
Men lat stuven med røterne standa att i jordi, men bunden med lekkjor av jarn og kopar, midt i grøne graslendet; av doggi frå himmelen skal han vætast, og hava sin lut med dyri millom urterne på marki.
16 Cor ejus ab humano commutetur, et cor feræ detur ei: et septem tempora mutentur super eum.
Hjarta hans skal skapast um, so det ikkje er eit mannehjarta meir; eit dyrehjarta skal han få, og sju tider skal skrida fram yver honom.
17 In sententia vigilum decretum est, et sermo sanctorum, et petitio: donec cognoscant viventes quoniam dominatur Excelsus in regno hominum, et cuicumque voluerit, dabit illud, et humillimum hominem constituet super eum.
So er det skipa ved rådgjerd av vaktarane, og so hev dei heilage sagt i saki, so mykje dei levande skal sanna at det er den Høgste som råder yver manneriket og gjev det til kven han vil, ja, set den ringaste millom menneskje yver det.»
18 Hoc somnium vidi ego Nabuchodonosor rex: tu ergo Baltassar interpretationem narra festinus, quia omnes sapientes regni mei non queunt solutionem edicere mihi: tu autem potes, quia spiritus deorum sanctorum in te est.
Soleis var draumen som eg, kong Nebukadnessar, hadde. Og no må du, Beltsassar, segja kva han tyder; for ingen av dei vise i riket mitt kann segja meg uttydingi; men du kann det vel, for anden åt heilage gudar er i deg.»
19 Tunc Daniel, cujus nomen Baltassar, cœpit intra semetipsum tacitus cogitare quasi una hora: et cogitationes ejus conturbabant eum. Respondens autem rex, ait: Baltassar, somnium et interpretatio ejus non conturbent te. Respondit Baltassar, et dixit: Domine mi, somnium his, qui te oderunt, et interpretatio ejus hostibus tuis sit.
Då stod Daniel, han som dei og kalla Beltsassar, ei stund forfærd og full av urolege tankar. Men kongen tok atter til ords og sagde: «Beltsassar, lat ikkje draumen og det som han tyder, skræma deg!» Beltsassar svara og sagde: «Herre min, gjev draumen måtte gjelda deim som hatar deg, og tydingi på honom fiendarne dine!
20 Arborem, quam vidisti sublimem atque robustam, cujus altitudo pertingit ad cælum, et aspectus illius in omnem terram;
Treet du såg, som var so stort og so veldugt, og so høgt at det rakk til himmels og var synlegt yver all jordi,
21 et rami ejus pulcherrimi, et fructus ejus nimius, et esca omnium in ea, subter eam habitantes bestiæ agri, et in ramis ejus commorantes aves cæli:
og som hadde so fager lauvklædnad, og bar so mykje frukt at det gav føda åt alle, treet som dyri på marki budde under, og som fuglarne under himmelen hadde reiri sine i greinerne på,
22 tu es rex, qui magnificatus es, et invaluisti: et magnitudo tua crevit, et pervenit usque ad cælum, et potestas tua in terminos universæ terræ.
det er du sjølv, konge, du som er so stor og veldug; stordomen din hev vakse so han når til himmels, og veldet ditt strekkjer seg til endarne av jordi.
23 Quod autem vidit rex vigilem, et sanctum descendere de cælo, et dicere: Succidite arborem, et dissipate illam, attamen germen radicum ejus in terra dimittite, et vinciatur ferro et ære in herbis foris, et rore cæli conspergatur, et cum feris sit pabulum ejus, donec septem tempora mutentur super eum:
Men at kongen såg ein heilag vaktar stiga ned frå himmelen, som sagde: «Hogg ned treet og øydelegg det, men lat stuven med røterne standa att i jordi, bunden med lekkjer av jarn og kopar, midt i grøne graslendet! av doggi frå himmelen skal han vætast, og hava sin lut millom dyri på marki, til dess sju tider hev skride fram yver honom -
24 hæc est interpretatio sententiæ Altissimi, quæ pervenit super dominum meum regem,
det tyder, konge, og dette er rådgjerdi åt den Høgste som råkar herren min, konge:
25 Ejicient te ab hominibus, et cum bestiis ferisque erit habitatio tua, et fœnum ut bos comedes, et rore cæli infunderis: septem quoque tempora mutabuntur super te, donec scias quod dominetur Excelsus super regnum hominum, et cuicumque voluerit, det illud.
Du skal verta utstøytt frå menneski og ljota bu millom dyri på marki og eta gras som uksarne og verta vætt av doggi frå himmelen, og sju tider skal skrida fram yver deg til dess du sannar at det er den Høgste som råder yver mannariket og gjev det til kven han vil.
26 Quod autem præcepit ut relinqueretur germen radicum ejus, id est arboris: regnum tuum tibi manebit postquam cognoveris potestatem esse cælestem.
Men at det vart bode at trestuven og røterne skulde standa att, det tyder at du skal få hava riket ditt, når du hev sannkjent at himmelen hev magti.
27 Quam ob rem, rex, consilium meum placeat tibi, et peccata tua eleemosynis redime, et iniquitates tuas misericordiis pauperum: forsitan ignoscet delictis tuis.
Difor må du, konge, lata mitt råd tekkjast deg, og gjera deg fri frå synderne dine med di du gjer godt, og frå misgjerningarne dine med di du gjer sælebot mot dei fatige, um lukka di då kann henda kunde verta varande.»»
28 Omnia hæc venerunt super Nabuchodonosor regem.
Alt dette kom yver kong Nebukadnessar.
29 Post finem mensium duodecim, in aula Babylonis deambulabat.
Tolv månader etter gjekk kongen ein gong ikring på taket av kongsslottet i Babel.
30 Responditque rex, et ait: Nonne hæc est Babylon magna, quam ego ædificavi in domum regni, in robore fortitudinis meæ, et in gloria decoris mei?
Då tok kongen til ords og sagde: «Sjå, dette er det store Babel, som eg hev bygt til kongssæte med mi velduge magt, min herlegdom til æra!»
31 Cumque sermo adhuc esset in ore regis, vox de cælo ruit: Tibi dicitur, Nabuchodonosor rex: Regnum tuum transibit a te,
Fyrr ordet endå var or munnen på kongen, kom det ei røyst frå himmelen: «Deg, kong Nebukadnessar, vere det sagt: Kongedømmet hev vike frå deg;
32 et ab hominibus ejicient te, et cum bestiis et feris erit habitatio tua: fœnum quasi bos comedes, et septem tempora mutabuntur super te, donec scias quod dominetur Excelsus in regno hominum, et cuicumque voluerit, det illud.
du skal verta utstøytt frå menneski og ljota bu millom dyri på marki og eta gras som uksarne, og sju tider skal skrida fram yver deg, til dess du sannar at den Høgste råder yver manneriket og gjev det til kven han vil.»
33 Eadem hora sermo completus est super Nabuchodonosor, et ex hominibus abjectus est, et fœnum ut bos comedit, et rore cæli corpus ejus infectum est, donec capilli ejus in similitudinem aquilarum crescerent, et ungues ejus quasi avium.
I same stundi slo dette ordet til på Nebukadnessar; han vart utstøytt frå menneski og laut eta gras som uksarne, og kroppen hans vart vætt av doggi frå himmelen, til dess at håret hans voks og vart som ørnefjører, og til dess neglerne hans vart som fugleklør.
34 Igitur post finem dierum, ego Nabuchodonosor oculos meos ad cælum levavi, et sensus meus redditus est mihi: et Altissimo benedixi, et viventem in sempiternum laudavi et glorificavi: quia potestas ejus potestas sempiterna, et regnum ejus in generationem et generationem.
Men då tidi var lidi, lyfte eg, Nebukadnessar, augo mine upp til himmelen og fekk vitet mitt att. Då lova eg den Høgste, eg prisa og æra honom som liver æveleg, han som hev eit velde som er eit ævelegt velde, og eit rike som varer frå ætt til ætt.
35 Et omnes habitatores terræ apud eum in nihilum reputati sunt: juxta voluntatem enim suam facit tam in virtutibus cæli quam in habitatoribus terræ: et non est qui resistat manui ejus, et dicat ei: Quare fecisti?
Alle som på jordi bur, er som inkje å agta imot honom, for han gjer kva han vil, både med himmelheren og med deim som bur på jordi, og ingen kann standa seg imot hans hand eller segja til honom: «Kva gjer du?»
36 In ipso tempore sensus meus reversus est ad me, et ad honorem regni mei, decoremque perveni: et figura mea reversa est ad me, et optimates mei et magistratus mei requisierunt me, et in regno meo restitutus sum: et magnificentia amplior addita est mihi.
So fekk eg då på den tidi vitet mitt att, og eg fekk att min herlegdom og glans, mitt kongedøme til æra, og rådsherrarne og stormennerne mine leita meg upp. Og eg vart innsett i kongedømet mitt att, og endå større magt vart meg gjevi.
37 Nunc igitur, ego Nabuchodonosor laudo, et magnifico, et glorifico regem cæli: quia omnia opera ejus vera, et viæ ejus judicia, et gradientes in superbia potest humiliare.
Difor prisar no eg, Nebukadnessar, og høglovar og ærar kongen i himmelen; for alle hans gjerningar er sanning, og vegarne hans er rette, og han kann bøygja deim ned som ferdast i ovmod.