< Ii Samuelis 21 >
1 Facta est quoque fames in diebus David tribus annis jugiter: et consuluit David oraculum Domini. Dixitque Dominus: Propter Saul, et domum ejus sanguinum, quia occidit Gabaonitas.
I Davids tid kom tri store uår etter kvarandre. Då gjorde David spursmål til Herren um det. Herren svara: «På Saul og hans hus kvilar blodskuld, av di han drap gibeonitarne.»
2 Vocatis ergo Gabaonitis rex, dixit ad eos (porro Gabaonitæ non erant de filiis Israël, sed reliquiæ Amorrhæorum: filii quippe Israël juraverant eis, et voluit Saul percutere eos zelo, quasi pro filiis Israël et Juda),
Kongen kalla då til seg Gibeon-mennerne og tala med deim. Gibeonitarne var ikkje israelitar, men var ei atterleiva av amoritarne. Endå Israels-borni hadde gjort eiden sin til deim, hadde Saul vore so ihuga for Israels-borni og for Juda, at han freista tyna deim.
3 dixit ergo David ad Gabaonitas: Quid faciam vobis? et quod erit vestri piaculum, ut benedicatis hæreditati Domini?
David spurde no gibeonitarne: «Kva kann eg gjera for dykk? Korleis kann eg sona brotet, so de vil velsigna Herrens arvlut?»
4 Dixeruntque ei Gabaonitæ: Non est nobis super argento et auro quæstio, sed contra Saul, et contra domum ejus: neque volumus ut interficiatur homo de Israël. Ad quos rex ait: Quid ergo vultis ut faciam vobis?
Gibeonitarne svara: «Ikkje sylv og gull krev me av Saul og hans hus. Og ikkje hev me lov å drepa nokon mann i Israel.» Han spurde: «Kva ynskjer det då eg skal gjera for dykk?»
5 Qui dixerunt regi: Virum qui attrivit nos et oppressit inique, ita delere debemus, ut ne unus quidem residuus sit de stirpe ejus in cunctis finibus Israël.
Dei svara kongen: «Den mannen som vilde tyna oss og tenktest rydja oss ut, so me ikkje lenger skulde få halda oss nokon stad innanfor Israels landskil,
6 Dentur nobis septem viri de filiis ejus, ut crucifigamus eos Domino in Gabaa Saul, quondam electi Domini. Et ait rex: Ego dabo.
av hans etterkomarar må det gjeva oss sju mann, og me vil leggja deim på stegl for Herrens augo i Sauls Gibea, han som Herren valde ut.» Kongen sagde: «De skal eg gjera.»
7 Pepercitque rex Miphiboseth filio Jonathæ filii Saul, propter jusjurandum Domini quod fuerat inter David et inter Jonathan filium Saul.
Kongen sparde Mefiboset Jonatansson, soneson åt Saul, for skuld den eiden ved Herren som David og Jonatan Saulsson hadde svore einannan.
8 Tulit itaque rex duos filios Respha filiæ Aja quos peperit Sauli, Armoni, et Miphiboseth: et quinque filios Michol filiæ Saul quos genuerat Hadrieli filio Berzellai, qui fuit de Molathi,
Derimot tok kongen dei tvo sønerne Armoni og Mefiboset som Saul hadde fenge med Rispa Ajadotter, og dei fem sønerne som Adriel Barzillaison frå Mehola hadde fenge med Mikal Saulsdotter.
9 et dedit eos in manus Gabaonitarum: qui crucifixerunt eos in monte coram Domino: et ceciderunt hi septem simul occisi in diebus messis primis, incipiente messione hordei.
Deim gav han yver til gibeonitarne. Og dei lagde deim på stegl på fjellet for Herrens augo. Dei fekk sin bane alle sju på ein gong. Det var dei fyrste skurddagarne, då byggskurden tok til, at dei let livet.
10 Tollens autem Respha filia Aja cilicium, substravit sibi supra petram ab initio messis, donec stillaret aqua super eos de cælo: et non dimisit aves lacerare eos per diem, neque bestias per noctem.
Rispa Ajadotter tok syrgjebunaden sin og breidde ut uppå fjellet frå skurdonni tok til, og til dess det strøymde regn yver deim frå himmelen. Ho let ikkje fuglarne under himmelen slå ned på deim um dagen, heller ikkje villdyri frå marki um natti.
11 Et nuntiata sunt David quæ fecerat Respha filia Aja, concubina Saul.
Då David spurde det Rispa Ajadotter, fylgjekona åt Saul, hadde gjort,
12 Et abiit David, et tulit ossa Saul, et ossa Jonathæ filii ejus, a viris Jabes Galaad, qui furati fuerant ea de platea Bethsan in qua suspenderant eos Philisthiim cum interfecissent Saul in Gelboë:
drog David av stad og let henta beini etter Saul og Jonatan, son hans, hjå borgarne i Jabes i Gilead. Dei hadde i løynd teke liki frå torget i Bet-San, der som filistarane hadde hengt deim upp då dei hadde slege Saul på Gilboa.
13 et asportavit inde ossa Saul, et ossa Jonathæ filii ejus: et colligentes ossa eorum qui affixi fuerant,
Då han fekk ført beini etter Saul og Jonatan, son hans, upp derifrå, sanka dei i hop beini etter deim som var lagde på stegl,
14 sepelierunt ea cum ossibus Saul et Jonathæ filii ejus in terra Benjamin, in latere, in sepulchro Cis patris ejus: feceruntque omnia quæ præceperat rex, et repropitiatus est Deus terræ post hæc.
og gravlagde deim saman med beini etter Saul og Jonatan, son hans, i Benjaminslandet, i Sela, i gravi åt Kis, far hans. Dei gjorde alt det kongen baud. Og etterpå det vende Gud sin nåde til landet.
15 Factum est autem rursum prælium Philisthinorum adversum Israël, et descendit David, et servi ejus cum eo, et pugnabant contra Philisthiim. Deficiente autem David,
Det vart krig millom filistarane og Israel att. David drog ned med tenarane sine; og dei slost med filistarane. Men David trøytna.
16 Jesbibenob, qui fuit de genere Arapha, cujus ferrum hastæ trecentas uncias appendebat, et accinctus erat ense novo, nisus est percutere David.
Jisbo-Benob, ein ætting av Rafa - han hadde eit spjot som vog tri hundrad lodd kopar, og han hadde spent um seg eit nytt sverd - han tenktest drepa David.
17 Præsidioque ei fuit Abisai filius Sarviæ, et percussum Philisthæum interfecit. Tunc juraverunt viri David, dicentes: Jam non egredieris nobiscum in bellum, ne extinguas lucernam Israël.
Men Abisai Serujason hjelpte kongen og gav filistaren banehogg. Då svor Davids menner ein eid til honom, og sagde: «Du må aldri meir draga ut med oss i strid. Elles kann Israels lampa slokna.»
18 Secundum quoque bellum fuit in Gob contra Philisthæos: tunc percussit Sobochai de Husati, Saph de stirpe Arapha de genere gigantum.
So hende det sidan at det stod ein bardage med filistarane ved Gob. Då slo husatiten Sibbekai Saf av Rafa-ætti.
19 Tertium quoque fuit bellum in Gob contra Philisthæos, in quo percussit Adeodatus filius Saltus polymitarius Bethlehemites Goliath Gethæum, cujus hastile hastæ erat quasi liciatorium texentium.
Då det endå ein gong stod eit slag mot filistarane ved Gob, gav Elhanan, son åt Ja’are-Orgim frå Betlehem, Goliat frå Gat banehogg, han som hadde eit spjotskaft so stort som ein vevbom.
20 Quartum bellum fuit in Geth: in quo vir fuit excelsus, qui senos in manibus pedibusque habebat digitos, id est, viginti quatuor: et erat de origine Arapha.
Då det vart eit slag att ved Gat, var der ein storvaksen mann som hadde seks fingrar på kvar hand og seks tær på kvar fot, fire og tjuge til saman. Han var ogso utstokken frå Rafa-ætti.
21 Et blasphemavit Israël: percussit autem eum Jonathan filius Samaa fratris David.
Han svivyrde Israels-mennerne. Jonatan, son åt Simea, bror åt David, gav honom difor banehugg.
22 Hi quatuor nati sunt de Arapha in Geth, et ceciderunt in manu David et servorum ejus.
Desse fire var ætta frå Rafa i Gat. Og dei fall for David og mennerne hans.