< Ii Paralipomenon 32 >
1 Post quæ et hujuscemodi veritatem, venit Sennacherib rex Assyriorum, et ingressus Judam, obsedit civitates munitas, volens eas capere.
Etter desse hendingar og denne truskap kom assyrarkongen Sankerib og drog inn i Juda; der lægra han seg kring dei faste borger og tenkte å leggja deim under seg.
2 Quod cum vidisset Ezechias, venisse scilicet Sennacherib, et totum belli impetum verti contra Jerusalem,
Då no Hizkia vart vis med at Sankerib var komen og hadde tenkt seg til å gjera åtak på Jerusalem,
3 inito cum principibus consilio, virisque fortissimis, ut obturarent capita fontium qui erant extra urbem: et hoc omnium decernente sententia,
rådlagde han med hovdingarne og kjemporne sine um å teppa for vatnet i kjeldorne utanfor byen, og dei hjelpte honom.
4 congregavit plurimam multitudinem, et obturaverunt cunctos fontes, et rivum qui fluebat in medio terræ, dicentes: Ne veniant reges Assyriorum, et inveniant aquarum abundantiam.
Det samla seg då ei mengd med folk som tepte kjeldorne og bekken som renn midt igjenom landet; for dei sagde: «Kvi skulde assyrarkongarne koma og finna mykje vatn?»
5 Ædificavit quoque, agens industrie, omnem murum qui fuerat dissipatus, et exstruxit turres desuper, et forinsecus alterum murum: instauravitque Mello in civitate David, et fecit universi generis armaturam et clypeos:
So tok han mod og mannskap til seg og bygde upp heile den luten av muren som var nedbroten, og bygde radt upp til tårni, og ein annan mur bygde han utanfor; han vigfeste Millo i Davidsbyen og laga ei mengd kastevåpn og skjoldar.
6 constituitque principes bellatorum in exercitu, et convocavit universos in platea portæ civitatis, ac locutus est ad cor eorum, dicens:
Og han sette herførarar yver krigsfolket, og då han hadde stemnt deim saman på plassen ved byporten, tala han til deim og moda deim upp og sagde:
7 Viriliter agite, et confortamini: nolite timere, nec paveatis regem Assyriorum, et universam multitudinem quæ est cum eo: multo enim plures nobiscum sunt, quam cum illo.
«Ver hugheile og modige, ottast ikkje og ræddast ikkje for assyrarkongen og heile den hopen han hev med seg; for med oss er det ein som er større enn den som er med honom!
8 Cum illo enim est brachium carneum: nobiscum Dominus Deus noster, qui auxiliator est noster, pugnatque pro nobis. Confortatusque est populus hujuscemodi verbis Ezechiæ regis Juda.
Med honom er det ein arm av kjøt, men med oss er Herren, vår Gud, som vil hjelpa oss og føra krigarne våre.» Då leit folket på talen åt Juda-kongen Hizkia.
9 Quæ postquam gesta sunt, misit Sennacherib rex Assyriorum servos suos in Jerusalem (ipse enim cum universo exercitu obsidebat Lachis) ad Ezechiam regem Juda, et ad omnem populum qui erat in urbe, dicens:
Assyrarkongen Sanherib kringsette sjølv Lakis med heile hermagti si, men sende tenarane sine til Juda-kongen Hizkia og til alle Juda-mennerne i Jerusalem og let deim segja:
10 Hæc dicit Sennacherib rex Assyriorum: In quo habentes fiduciam sedetis obsessi in Jerusalem?
«So segjer assyrarkongen Sankerib: «Kva er det de lit på, de som sit innestengde i Jerusalem?
11 num Ezechias decipit vos, ut tradat morti in fame et siti, affirmans quod Dominus Deus vester liberet vos de manu regis Assyriorum?
Hizkia lokkar dykk til å døy av hunger og torste når han segjer: «Herren, vår Gud, skal berga oss or handi åt assyrarkongen.»
12 Numquid non iste est Ezechias, qui destruxit excelsa illius, et altaria, et præcepit Juda et Jerusalem, dicens: Coram altari uno adorabitis, et in ipso comburetis incensum?
Hev ikkje den same Hizkia teke burt offerhaugarne og altari hans og bode Juda og Jerusalem at dei berre skal kasta seg ned for eit einaste altar og berre kveikja offereld på det?
13 an ignoratis quæ ego fecerim, et patres mei, cunctis terrarum populis? numquid prævaluerunt dii gentium, omniumque terrarum, liberare regionem suam de manu mea?
Veit de då ikkje kva eg og federne mine hev gjort med folki frå alle land? hev vel folkegudarne i landi magta å berga landi sine or mi hand?
14 Quis est de universis diis gentium, quas vastaverunt patres mei, qui potuerit eruere populum suum de manu mea, ut possit etiam Deus vester eruere vos de hac manu?
Kven av alle gudarne hjå desse folki, som federne mine hev bannstøytt, er det som hev kunna berga folket sitt or mi hand, so dykkar Gud skulde kunna berga dykk or mi hand!
15 non vos ergo decipiat Ezechias, nec vana persuasione deludat, neque credatis ei. Si enim nullus potuit deus cunctarum gentium atque regnorum liberare populum suum de manu mea, et de manu patrum meorum, consequenter nec Deus vester poterit eruere vos de manu mea.
Lat difor ikkje Hizkia narra dykk og dåra dykk på denne måten! Tru honom ikkje! for ingen gud hjå noko folk eller rike hev magta å berga folket sitt ut or mi hand eller or handi på federne mine; kor mykje mindre skulde då dykkar gud kunna berga dykk or mi hand!»»
16 Sed et alia multa locuti sunt servi ejus contra Dominum Deum, et contra Ezechiam servum ejus.
Og tenarane hans tala endå fleire ord imot Herren Gud og imot Hizkia, tenaren hans.
17 Epistolas quoque scripsit plenas blasphemiæ in Dominum Deum Israël, et locutus est adversus eum: Sicut dii gentium ceterarum non potuerunt liberare populum suum de manu mea, sic et Deus Ezechiæ eruere non poterit populum suum de manu ista.
Og han skreiv eit brev og til å hæda Herren, Israels Gud, og tala imot honom, og der stod det: «Likso lite som folkegudarne i landi hev berga folki sine or mi hand, likso lite skal Guden åt Hizkia berga sitt folk or mi hand.»
18 Insuper et clamore magno, lingua judaica, contra populum qui sedebat in muris Jerusalem, personabat, ut terreret eos, et caperet civitatem.
Og dei ropa med høg røyst på jødisk mål til folket i Jerusalem, som stod på muren; dei vilde støkkja og skræma deim, so dei kunde take byen.
19 Locutusque est contra Deum Jerusalem, sicut adversum deos populorum terræ, opera manuum hominum.
Og dei tala um Jerusalems Gud på same måten som um folkegudar på jordi, dei som er verk av mannehender.
20 Oraverunt igitur Ezechias rex, et Isaias filius Amos prophetes, adversum hanc blasphemiam, ac vociferati sunt usque in cælum.
Då bad kong Hizkia og profeten Jesaja Amosson for denne saki skuld, og dei ropa til himmelen.
21 Et misit Dominus angelum, qui percussit omnem virum robustum, et bellatorem, et principem exercitus regis Assyriorum: reversusque est cum ignominia in terram suam. Cumque ingressus esset domum dei sui, filii qui egressi fuerant de utero ejus interfecerunt eum gladio.
Og Herren sende ein engel som øydde ut alle stridsmennerne, fyrstarne og hovdingarne i lægret åt assyrarkongen, so han laut snu heim att til landet sitt med spott og spe. Og då han gjekk inn i huset åt guden sin, var det nokre av hans eige avkjøme som hogg honom ned med sverd.
22 Salvavitque Dominus Ezechiam et habitatores Jerusalem de manu Sennacherib regis Assyriorum, et de manu omnium, et præstitit eis quietem per circuitum.
Soleis frelste Herren Hizkia og Jerusalems-folket or handi åt assyrarkongen Sanherib og or handi åt alle andre, og han gav deim fred på alle kantar.
23 Multi etiam deferebant hostias et sacrificia Domino in Jerusalem, et munera Ezechiæ regi Juda: qui exaltatus est post hæc coram cunctis gentibus.
Og mange førde gåvor til Herren, til Jerusalem, og dyre gåvor til Juda-kongen Hizkia, og han vart høgvyrd hjå alle folki etter dette.
24 In diebus illis ægrotavit Ezechias usque ad mortem, et oravit Dominum: exaudivitque eum, et dedit ei signum.
I dei dagarne lagdest Hizkia i helsott. Då bad han til Herren, og han svara honom og gav honom eit underteikn.
25 Sed non juxta beneficia quæ acceperat, retribuit, quia elevatum est cor ejus: et facta est contra eum ira, et contra Judam et Jerusalem.
Men Hizkia lønte ikkje den velgjerningi som vart gjord imot honom, men hjarta hans vart ovmodigt, og difor kom det harm yver honom og Juda og Jerusalem.
26 Humiliatusque est postea, eo quod exaltatum fuisset cor ejus, tam ipse quam habitatores Jerusalem: et idcirco non venit super eos ira Domini in diebus Ezechiæ.
Men han audmykte seg midt i sitt hjartans ovmod, og Jerusalems-folket med honom, då kom Herrens harm ikkje yver deim so lenge Hizkia livde.
27 Fuit autem Ezechias dives, et inclytus valde, et thesauros sibi plurimos congregavit argenti, et auri, et lapidis pretiosi, aromatum, et armorum universi generis, et vasorum magni pretii.
Hizkia hadde ovstor rikdom og æra. Han bygde seg skattkammer for gull og sylv og glimesteinar og finangande kryddor og alle slags dyrverdige ting,
28 Apothecas quoque frumenti, vini, et olei, et præsepia omnium jumentorum, caulasque pecorum,
dessutan forrådshus for avgrødet av korn og druvesaft og olje, fjøs for alle slags bufe, og kvier for buskaparne.
29 et urbes ædificavit sibi: habebat quippe greges ovium et armentorum innumerabiles, eo quod dedisset ei Dominus substantiam multam nimis.
Og han fekk seg byar og bufe og småfe i mengd; for Gud gav honom ovmykje gods.
30 Ipse est Ezechias, qui obturavit superiorem fontem aquarum Gihon, et avertit eas subter ad occidentem urbis David: in omnibus operibus suis fecit prospere quæ voluit.
Den same Hizkia tepte det øvre utlaupet av Gihonvatnet, og leidde vatnet ned mot vest til Davidsbyen. I alle tiltaki sine hadde Hizkia lukka med seg.
31 Attamen in legatione principum Babylonis, qui missi fuerant ad eum ut interrogarent de portento quod acciderat super terram, dereliquit eum Deus ut tentaretur, et nota fierent omnia quæ erant in corde ejus.
Soleis og då sendebodi kom frå Babels-fyrstarne, som sende bod til honom og vilde høyra um det underteiknet som hadde hendt i landet, då gjekk Gud frå honom berre soleis, at han sette honom på prøva, so han kunde få fullrøynt huglyndet hans.
32 Reliqua autem sermonum Ezechiæ, et misericordiarum ejus, scripta sunt in visione Isaiæ filii Amos prophetæ, et in libro regum Juda et Israël.
Det som elles er å fortelja um Hizkia og godgjerningarne hans, er uppskrive i openberringi åt profeten Jesaja Amosson og i boki um Juda- og Israels-kongarne.
33 Dormivitque Ezechias cum patribus suis, et sepelierunt eum super sepulchra filiorum David: et celebravit ejus exequias universus Juda, et omnes habitatores Jerusalem: regnavitque Manasses filius ejus pro eo.
Og Hizkia lagde seg til kvile hjå federne sine, og dei gravlagde honom der som ein stig upp til graverne åt Davids-sønerne; og alle Juda-mennerne og Jerusalems-buarne synte honom stor æra ved avferdi hans. Og Manasse, son hans, vart konge i staden hans.