< I Paralipomenon 19 >
1 Accidit autem ut moreretur Naas rex filiorum Ammon, et regnaret filius ejus pro eo.
Sidan bar det so til at Nahas, kongen åt Ammons-sønerne, døydde, og son hans vart konge etter honom.
2 Dixitque David: Faciam misericordiam cum Hanon filio Naas: præstitit enim mihi pater ejus gratiam. Misitque David nuntios ad consolandum eum super morte patris sui. Qui cum pervenissent in terram filiorum Ammon ut consolarentur Hanon,
Då sagde David: «Eg vil syna Hanun Nahasson venskap, etter di far hans syne meg venskap.» Og David skikka sendemenner til å trøysta honom i hans sorg etter faren. Tenarane hans David kom då til landet åt Ammons-sønerne, til Hanun, og vilde trøysta honom.
3 dixerunt principes filiorum Ammon ad Hanon: Tu forsitan putas, quod David honoris causa in patrem tuum miserit qui consolentur te: nec animadvertis quod ut explorent, et investigent, et scrutentur terram tuam, venerint ad te servi ejus.
Då sagde hovdingarne for Ammons-sønerne til Hanun: «Trur du at David vil æra far din med det at han sender trøystarar til deg? Nei, det er til å gjera seg kjende i landet, til å øydeleggja og spæja det ut, at tenararne hans er komne til deg.»
4 Igitur Hanon pueros David decalvavit, et rasit, et præcidit tunicas eorum a natibus usque ad pedes, et dimisit eos.
Då tok Hanun tenararne åt David og let raka deim og skjera av klædi deira på midten rett upp åt med sætet, og let deim so fara.
5 Qui cum abiissent, et hoc mandassent David, misit in occursum eorum (grandem enim contumeliam sustinuerant) et præcepit ut manerent in Jericho, donec cresceret barba eorum, et tunc reverterentur.
Og det kom folk til David med tidend um mennerne; då sende han bod imot deim; for mennerne var groveleg svivyrde. Og kongen let segja: «Ver i Jeriko til dess skjegget dykkar er utvakse, og kom so heim att.»
6 Videntes autem filii Ammon quod injuriam fecissent David, tam Hanon quam reliquus populus, miserunt mille talenta argenti, ut conducerent sibi de Mesopotamia, et de Syria Maacha, et de Soba currus et equites.
Då no Ammons-sønerne skyna at dei hadde gjort David hatig på seg, sende Hanun og ammonitarne tvo og eit halvt tusund vågar sylv til å leiga seg vogner og hestfolk for frå Mesopotamia, frå Aram-Ma’aka og frå Soba.
7 Conduxeruntque triginta duo millia curruum, et regem Maacha cum populo ejus. Qui cum venissent, castrametati sunt e regione Medaba. Filii quoque Ammon congregati de urbibus suis venerunt ad bellum.
Dei leigde seg tvo og tretti tusund vogner og dertil hjelp hjå kongen i Ma’aka og hans folk; dei kom og lægra seg framfor Medba. Ammonitarane samla seg og or byarne sine og tok ut til strid.
8 Quod cum audisset David, misit Joab, et omnem exercitum virorum fortium:
Då David høyrde det, sende han Joab i veg med heile heren, dei djervaste hermennerne.
9 egressique filii Ammon, direxerunt aciem juxta portam civitatis; reges autem, qui ad auxilium ejus venerant, separatim in agro steterunt.
Og Ammons-sønerne drog ut og fylkte seg framfor byporten; men kongarne som var komne dit, stod for seg sjølve på opi mark.
10 Igitur Joab, intelligens bellum ex adverso et post tergum contra se fieri, elegit viros fortissimos de universo Israël, et perrexit contra Syrum.
Då Joab såg at han hadde fiendar både frampå og bak, gjorde han eit utval millom det utvalde mannskapet, og so fylkte han deim imot syrarane.
11 Reliquam autem partem populi dedit sub manu Abisai fratris sui: et perrexerunt contra filios Ammon.
Men hitt folket han gav han yver til Absai, bror sin, og dei fylkte seg beint imot ammonitarne.
12 Dixitque: Si vicerit me Syrus, auxilio eris mihi: si autem superaverint te filii Ammon, ero tibi in præsidium.
Og han sagde: «I fall syrarane vinn på meg, so skal du koma meg til hjelp; og vinn Ammons-sønerne på deg, skal eg hjelpa deg.
13 Confortare, et agamus viriliter pro populo nostro, et pro urbibus Dei nostri: Dominus autem, quod in conspectu suo bonum est, faciet.
Ver no djerv; ja, lat oss syna manndom i striden for folket vårt og for byarne åt vår Gud! Og so fær Herren gjera det som han tykkjer best.»
14 Perrexit ergo Joab et populus qui cum eo erat, contra Syrum ad prælium: et fugavit eos.
So gjekk Joab fram med folket sitt til strid mot syrarane, og dei rømde for honom.
15 Porro filii Ammon videntes quod fugisset Syrus, ipsi quoque fugerunt Abisai fratrem ejus, et ingressi sunt civitatem: reversusque est etiam Joab in Jerusalem.
Men då ammonitarne såg at syrarane rømde, so flydde dei og for Absai, bror hans, og drog seg inn i byen. Då for Joab heim til Jerusalem.
16 Videns autem Syrus quod cecidisset coram Israël, misit nuntios, et adduxit Syrum, qui erat trans fluvium: Sophach autem princeps militiæ Adarezer erat dux eorum.
Då syrarane såg at dei hadde roke for Israel, sende dei bod til syrarane som budde på hi sida åt elvi, at dei skulde taka ut med Sofak til herførar; han var hovudsmann hjå Hadarezer,
17 Quod cum nuntiatum esset David, congregavit universum Israël, et transivit Jordanem, irruitque in eos et direxit ex adverso aciem, illis contra pugnantibus.
Då David spurde dette, samla han heile Israel og gjekk yver Jordan, og då han kom fram til deim, fylkte han heren til strid imot syrarane, og so gav dei seg til å strida mot honom.
18 Fugit autem Syrus Israël, et interfecit David de Syris septem millia curruum, et quadraginta millia peditum, et Sophach exercitus principem.
Men syrarane rømde for Israel, og David hogg ned hermennerne på sju tusund vogner og fyrti tusund mann fotfolk av syrarane; herhovdingen Sofak felte han og.
19 Videntes autem servi Adarezer se ab Israël esse superatos, transfugerunt ad David, et servierunt ei: noluitque ultra Syria auxilium præbere filiis Ammon.
Då tenarane åt Hadarezer såg at dei hadde roke for israelitarne, gjorde dei fred med David og vart tenarane hans. Då vilde ikkje syrarane hjelpa ammonitarne meir.