< Psalmorum 54 >
1 In finem, In carminibus intellectus David, Cum venissent Ziphæi, et dixissent ad Saul: Nonne David absconditus est apud nos? Deus in nomine tuo salvum me fac: et in virtute tua iudica me.
Til songmeisteren, med strengleik; ein song til lærdom av David, då zifitarne kom og sagde til Saul: «David held seg løynd hjå oss.» Gud, frels meg ved ditt namn, og døm meg til min rett ved di kraft!
2 Deus exaudi orationem meam: auribus percipe verba oris mei.
Gud, høyr mi bøn, vend øyra til ordi frå min munn!
3 Quoniam alieni insurrexerunt adversum me, et fortes quæsierunt animam meam: et non proposuerunt Deum ante conspectum suum.
For framande stend upp imot meg, og valdsmenner stend meg etter livet; dei hev ikkje Gud for augo. (Sela)
4 Ecce enim Deus adiuvat me: et Dominus susceptor est animæ meæ.
Sjå, Gud hjelper meg, Herren er den som held uppe mi sjæl.
5 Averte mala inimicis meis: et in veritate tua disperde illos.
Det vonde skal falla tilbake på deim som lurar på meg; gjer deim til inkjes i din truskap!
6 Voluntarie sacrificabo tibi, et confitebor nomini tuo Domine: quoniam bonum est:
Med viljugt hjarta vil eg ofra til deg; ditt namn vil eg prisa, Herre, for det er godt.
7 Quoniam ex omni tribulatione eripuisti me: et super inimicos meos despexit oculus meus.
For det friar meg ut or all naud, og på mine fiendar ser mitt auga med lyst.