< Ruth 3 >
1 Postquam autem reversa est ad socrum suam, audivit ab ea: Filia mea, quæram tibi requiem, et providebo ut bene sit tibi.
Og No’omi, vermor hennar, sagde til henne: «Dotter mi, eg vil sjå til å hjelpa deg, so du kann finna ein kvilestad, der du kann få det godt.
2 Booz iste, cuius puellis in agro iuncta es, propinquus noster est, et hac nocte aream hordei ventilat.
Høyr no: Boaz, som du hev vore saman med tenestgjentorne åt, han er frenden vår. No i natt kastar han bygg på treskjestaden sin.
3 Lavare igitur, et undere, et induere cultioribus vestimentis, et descende in aream. Non te videat homo, donec esum potumque finierit.
Vaska deg no og salva deg; klæd so på deg og gakk ned på plassen. Men lat honom ikkje sjå deg fyrr han hev ete og drukke.
4 Quando autem ierit ad dormiendum, nota locum in quo dormiat: veniesque et discooperies pallium, quo operitur a parte pedum, et proiicies te, et ibi iacebis: ipse autem dicet tibi quid agere debeas.
Når han legg seg, sjå so etter kvar han legg seg. Gakk dit og lyft upp klædet nedmed føterne hans, og legg deg der! då vil han segja deg sjølv kva du skal gjera!»
5 Quæ respondit: Quidquid præceperis, faciam.
Ho svara henne: «Alt det du segjer, vil eg gjera.»
6 Descenditque in aream, et fecit omnia, quæ sibi imperaverat socrus.
Og ho gjekk ho ned på treskjarplassen og gjorde alt so som vermor hennar hadde sagt ho skulle gjera.
7 Cumque comedisset Booz, et bibisset, et factus esset hilarior, issetque ad dormiendum iuxta acervum manipulorum, venit abscondite, et discooperto pallio a pedibus eius, se proiecit.
Då Boaz hadde ete og drukke, var han i godlag og lagde seg attmed kornhaugen; då gjekk ho stilt dit og lyfte upp klædet nedmed føterne hans, og lagde seg der.
8 Et ecce, nocte iam media expavit homo, et conturbatus est: viditque mulierem iacentem ad pedes suos,
Ved midnattsleite vart mannen uppskræmd og bøygde seg framyver, og so fekk han sjå at det låg ei kvinna nedmed føterne hans.
9 et ait illi: Quæ es? Illaque respondit: Ego sum Ruth ancilla tua: expande pallium tuum super famulam tuam, quia propinquus es.
«Kven er du?» sagde han. Ho svara: «Eg er Rut, trælkvinna di; breid ut vengjerne dine yver trælkvinna di, for du er løysingsmannen min.»
10 Et ille, Benedicta, inquit, es a Domino filia, et priorem misericordiam posteriore superasti: quia non est secuta iuvenes pauperes, sive divites.
Då sagde han: «Herren velsigne deg, dotter mi! Du hev no synt større kjærleik enn fyrr, for du hev ikkje rent etter unge menner, korkje fatige eller rike.
11 Noli ergo metuere, sed quidquid dixeris mihi, faciam tibi. Scit enim omnis populus, qui habitat intra portas urbis meæ, mulierem te esse virtutis.
Ver no ikkje rædd, dotter mi! Alt det du segjer, vil eg gjera; for alt folket i byen veit at du er ei dygdefull kvinna.
12 Nec abnuo me propinquum, sed est alius me propinquior.
Det er no sant og visst at eg er løysingsmannen din; men det er ein annan løysingsmann som er næmare enn eg.
13 Quiesce hac nocte: et facto mane, si te voluerit propinquitatis iure retinere, bene res acta est: sin autem ille noluerit, ego te absque ulla dubitatione suscipiam, vivit Dominus. Dormi usque mane.
Ver no her i natt; vil han då i morgon løysa deg, so lat honom gjera det; men hev han ikkje hug til å løysa deg, so skal eg gjera det, so sant Herren liver! Ligg no her til morgons!»
14 Dormivit itaque ad pedes eius, usque ad noctis abscessum. Surrexit itaque antequam homines se cognoscerent mutuo, et dixit Booz: Cave ne quis noverit quod huc veneris.
So låg ho då nedmed føterne hans til morgons; men ho stod upp fyrr den eine kunde skilja den andre greidt; for han tenkte: «Det må ikkje nokon vita at kvinna hev kome hit til treskjarplassen.
15 Et rursum, Expande, inquit, pallium tuum, quo operiris, et tene utraque manu. Qua extendente, et tenente, mensus est sex modios hordei, et posuit super eam. Quæ portans ingressa est civitatem,
Og han sagde: Kom med kåpa du hev på deg, og haldt henne fram!» Og ho hene fram. Då mælte han i seks mål bygg og gav henne; dermed gjekk ho inn i byen.
16 et venit ad socrum suam. Quæ dixit ei: Quid egisti filia? Narravitque ei omnia, quæ sibi fecisset homo.
Og då ho kom til vermor si, sagde ho: «Korleis hev det gjenge, dotter mi?» Då fortalde ho henne alt det mannen hadde gjort mot henne.
17 Et ait: Ecce sex modios hordei dedit mihi, et ait: Nolo vacuam te reverti ad socrum tuam.
Og ho sagde: «Desse seks måli med bygg gav han meg og sagde: «Du skal ikkje koma tomhendt heim til vermor di.»»
18 Dixitque Noemi: Expecta filia donec videamus quem res exitum habeat. Neque enim cessabit homo nisi compleverit quod locutus est.
Då svara ho: «Haldt deg no roleg, dotter mi, til du fær sjå korleis det gjeng! for den mannen gjev seg ikkje fyrr han fær avgjort saki i dag.»