< Liber Numeri 8 >
1 Locutusque est Dominus ad Moysen, dicens:
Og Herren sagde til Moses:
2 Loquere Aaron, et dices ad eum: Cum posueris septem lucernas, candelabrum in australi parte erigatur. Hoc igitur præcipe ut lucernæ contra boream e regione respiciant ad mensam panum propositionis, contra eam partem, quam candelabrum respicit, lucere debebunt.
«Tala til Aron, og seg til honom: «Når du set upp lamporne, so skal du laga det so at alle sju lamporne kastar ljoset frametter, på romet framanfor ljosestaken.»»
3 Fecitque Aaron, et imposuit lucernas super candelabrum, ut præceperat Dominus Moysi.
Og Aron gjorde so: han sette upp lamporne so ljoset fall frametter, på romet framanfor ljosestaken, som Herren hadde sagt med honom.
4 Hæc autem erat factura candelabri, ex auro ductili, tam medius stipes, quam cuncta quæ ex utroque calamorum latere nascebantur: iuxta exemplum quod ostendit Dominus Moysi, ita operatus est candelabrum.
Ljosestaken var av drive gull; både leggen og kruna var drive arbeid. Etter det bilætet som Herren synte Moses, hadde dei gjort ljosestaken.
5 Et locutus est Dominus ad Moysen, dicens:
Og Herren tala atter til Moses, og sagde:
6 Tolle Levitas de medio filiorum Israel, et purificabis eos
«Du skal taka levitarne fram or Israels-folket og reinsa deim.
7 iuxta hunc ritum: Aspergantur aqua lustrationis, et radant omnes pilos carnis suæ. Cumque laverint vestimenta sua, et mundati fuerint,
So skal du fara åt når du reinsar deim: Du skal skvetta skiringsvatn på deim, og dei skal fara yver heile likamen sin med rakekniven, og två klædi sine, so dei er reine.
8 tollent bovem de armentis, et libamentum eius similam oleo conspersam: bovem autem alterum de armento tu accipies pro peccato:
So skal dei taka ein ung ukse og grjonofferet som høyrer til: fint mjøl blanda med olje, og til syndoffer skal du taka ein annan ung ukse.
9 et applicabis Levitas coram tabernaculo fœderis, convocata omni multitudine filiorum Israel.
Du skal segja med levitarne, at dei skal koma hit til møtetjeldet, og so skal du kalla i hop heile Israels-lyden,
10 Cumque Levitæ fuerint coram Domino, ponent filii Israel manus suas super eos.
og føra levitarne fram for Herrens åsyn. So skal Israels-sønerne leggja henderne på levitarne,
11 Et offeret Aaron Levitas, munus in conspectu Domini a filiis Israel, ut serviant in ministerio eius.
og Aron skal vigja deim til Herren for Israels-folket på same visi som når han svinger offeret for Herrens åsyn; og sidan skal dei tena Herren; det skal vera deira kall.
12 Levitæ quoque ponent manus suas super capita boum, e quibus unum facies pro peccato, et alterum in holocaustum Domini, ut depreceris pro eis.
So skal levitarne leggja henderne på hovudet åt uksarne, og du skal ofra den eine til syndoffer og den andre til brennoffer åt Herren, og gjera soning for levitarne.
13 Statuesque Levitas in conspectu Aaron et filiorum eius, et consecrabis oblatos Domino,
So skal du då føra levitarne fram for Aron og sønerne hans, og vigja deim til Herren på same visi som når offeret vert svinga att og fram for Herrens åsyn.
14 ac separabis de medio filiorum Israel, ut sint mei.
Du skal skilja levitarne ut ifrå hitt Israels-folket, og dei skal høyra meg til,
15 Et postea ingredientur tabernaculum fœderis, ut serviant mihi. Sicque purificabis et consecrabis eos in oblationem Domini: quoniam dono donati sunt mihi a filiis Israel.
og sidan, når du hev reinsa og vigt deim, skal dei koma og gjera tenesta i møtetjeldet.
16 Pro primogenitis quæ aperiunt omnem vulvam in Israel, accepi eos.
For dei er ei gåva til meg, ei gåva frå heile Israels-folket; eg valde meg deim i staden for det som kjem fyrst frå morsliv, alt det som er frumbore hjå Israels-folket.
17 Mea sunt enim omnia primogenita filiorum Israel, tam ex hominibus quam ex iumentis. Ex die quo percussi omne primogenitum in Terra Ægypti, sanctificavi eos mihi:
For mine er alle dei frumborne hjå Israels-folket, både folk og fe; den gongen eg slo i hel alt frumbore i Egyptarlandet, helga eg deim åt meg.
18 et tuli Levitas pro cunctis primogenitis filiorum Israel:
Men no hev eg teke levitarne i staden for alle dei frumborne Israels-borni;
19 tradidique eos dono Aaron et filiis eius de medio populi, ut serviant mihi pro Israel in tabernaculo fœderis, et orent pro eis ne sit in populo plaga, si ausi fuerint accedere ad Sanctuarium.
eg tok deim fram or Israels-folket, og gav deim til Aron og sønerne hans, på den måten at dei skulde greida tenesta i møtetjeldet for Israels-sønerne og gjera soning for deim, so Israels-sønerne ikkje skal koma innåt heilagdomen og soleis føra ulukka yver seg.»
20 Feceruntque Moyses et Aaron et omnis multitudo filiorum Israel super Levitas quæ præceperat Dominus Moysi:
Moses og Aron og heile Israels-lyden gjorde i alle måtar so med levitarne som Herren hadde sagt med Moses.
21 purificatique sunt, et laverunt vestimenta sua. Elevavitque eos Aaron in conspectu Domini, et oravit pro eis,
Og levitarne reinsa seg med skiringsvatnet, og tvo klædi sine, og Aron vigde deim for Herrens åsyn på same visi som når eit svingeoffer vert vigt, og gjorde soning for deim, so dei vart reine,
22 ut purificati ingrederentur ad officia sua in tabernaculum fœderis coram Aaron et filiis eius. Sicut præceperat Dominus Moysi de Levitis, ita factum est.
og so kom dei og gjorde arbeidet sitt i møtetjeldet, for augo åt Aron og sønerne hans. Som Herren hadde sagt Moses fyre, so gjorde dei med levitarne.
23 Locutusque est Dominus ad Moysen, dicens:
Og Herren tala atter til Moses, og sagde:
24 Hæc est lex Levitarum, A viginti quinque annis et supra, ingredientur ut ministrent in tabernaculo fœderis.
«Dette er lovi som gjeld for levitarne: Frå dei er fem og tjuge år gamle, skal dei standa i tenesta og gjera alt det arbeidet som trengst i møtetjeldet;
25 Cumque quinquagesimum annum ætatis impleverint, servire cessabunt:
men so snart dei hev fyllt femti år, skal dei gjeva seg utor tenesta, og ikkje arbeida lenger.
26 eruntque ministri fratrum suorum in tabernaculo fœderis, ut custodiant quæ sibi fuerunt commendata, opera autem ipsa non faciant. Sic dispones Levitis in custodiis suis.
Dei kann vera brørne sine til hjelp i møtetjeldet med eitt og anna som er å gjera der, men dei skal ikkje hava fast tenesta. Soleis skal du skipa det med levitarne og tenesta deira.»