< Liber Numeri 32 >
1 Filii autem Ruben et Gad habebant pecora multa, et erat illis in iumentis infinita substantia. Cumque vidissent Iazer, et Galaad aptas animalibus alendis terras,
Rubens-sønerne og Gads-sønerne hadde mykje bufe - uhorveleg mykje. Då dei no såg dei gode beitemarkerne i landet kring Jazer og i Gileadlandet,
2 venerunt ad Moysen, et ad Elezarum sacerdotem, et principes multitudinis, atque dixerunt:
kom dei og sagde til Moses og Eleazar, øvstepresten, og hovdingarne i lyden:
3 Ataroth, et Dibon, et Iazer, et Nemra, Hesebon, et Eleale, et Saban, et Nebo, et Beon,
«Atarot og Dibon og Jazer og Nimra og Hesbon og Elale og Sebam og Nebo og Beon,
4 terra, quam percussit Dominus in conspectu filiorum Israel, regio uberrima est ad pastum animalium: et nos servi tui habemus iumenta plurima:
dei bygderne som Herren hev vunne for Israels-lyden, det er gode febygder, og me hev mykje fe.
5 precamurque si invenimus gratiam coram te, ut des nobis famulis tuis eam in possessionem, nec facias nos transire Iordanem.
«Vil du gjera vel mot oss», sagde dei, so lat oss få det landet til odel og eiga, og før oss ikkje yver Jordan!»
6 Quibus respondit Moyses: Numquid fratres vestri ibunt ad pugnam, et vos hic sedebitis?
Då sagde Moses til Gads-sønerne og Rubens-sønerne: «Skal brørne dykkar ganga i striden, og de setja dykk til her?
7 Cur subvertitis mentes filiorum Israel, ne transire audeant in locum, quem eis daturus est Dominus?
Vil de då gjera Israels-sønerne uhuga til å fara yver åt det landet som Herren hev gjeve deim?
8 Nonne ita egerunt patres vestri, quando misi de Cadesbarne ad explorandam Terram?
Det var det federne dykkar gjorde då eg sende deim ut frå Kades-Barnea til å skoda landet:
9 Cumque venissent usque ad Vallem Botri, lustrata omni regione, subverterunt cor filiorum Israel, ut non intrarent fines, quos eis Dominus dedit.
dei for upp til Eskoldalen og såg på landet, og so skræmde dei Israels-sønerne, so dei miste hugen til å koma inn i det landet som Herren hadde gjeve deim.
10 Qui iratus iuravit, dicens:
Den dagen vart Herren brennande harm, og han svor:
11 Si videbunt homines isti, qui ascenderunt ex Ægypto a viginti annis et supra, Terram, quam sub iuramento pollicitus sum Abraham, Isaac, et Iacob: et noluerunt sequi me,
«Ingen av dei mennerne som for upp frå Egyptarland, og er yver tjuge år gamle, skal få sjå det landet eg hev lova Abraham og Isak og Jakob; for dei hev ikkje lydt meg som dei skulde -
12 præter Caleb filium Iephone Cenezæum, et Iosue filium Nun: isti impleverunt voluntatem meam.
ingen utan Kaleb Jefunneson av Kenaz-ætti og Josva Nunsson; dei hev vore trugne til å fylgja Herren.»
13 Iratusque Dominus adversum Israel, circumduxit eum per desertum quadraginta annis, donec consumeretur universa generatio, quæ fecerat malum in conspectu eius.
Herren vart harm på Israel og let deim flakka ikring i øydemarki i fyrti år, til det var ende på heile den ætti som hadde gjort Herren imot.
14 Et ecce, inquit, vos surrexistis pro patribus vestris, incrementa, et alumni hominum peccatorum, ut augeretis furorem Domini contra Israel.
Og no hev de stige i staden åt federne dykkar, eit elde av synduge menner, og aukar endå meir Herrens harm imot Israel.
15 Quod si nolueritis sequi eum, in solitudine populum derelinquet, et vos causa eritis necis omnium.
For slær de dykk ifrå og ikkje vil fylgja honom, so kjem han til å halda deim endå lenger i øydemarki, og de fører ulukka yver heile dette folket.»
16 At illi prope accedentes, dixerunt: Caulas ovium fabricabimus, et stabula iumentorum, parvulis quoque nostris urbes munitas:
Då gjekk dei fram for Moses og sagde: «Me vil gjera kvier for feet vårt her og byggja borgar for konorne og borni våre;
17 nos autem ipsi armati et accincti pergemus ad prælium ante filios Israel, donec introducamus eos ad loca sua. Parvuli nostri, et quidquid habere possumus, erunt in urbibus muratis, propter habitatorum insidias.
og so vil me væpna oss snøggast me vinn og fara fyre dei hine Israels-sønerne, til me hev ført deim dit dei skal; men konorne og borni våre skal sitja att i borgerne, so dei er trygge for folket her i landet.
18 Non revertemur in domos nostras, usque dum possideant filii Israel hereditatem suam:
Me skal ikkje venda heim att, fyrr Israels-borni hev fenge kvar sin eigedom;
19 nec quidquam quæremus trans Iordanem, quia iam habemus nostram possessionem in orientali eius plaga.
for me vil ikkje taka land saman med dei andre på hi sida Jordan og lenger undan, når me fær vårt land på denne sida, austanfor Jordan.»
20 Quibus Moyses ait: Si facitis quod promittitis, expediti pergite coram Domino ad pugnam:
«Ja, gjer de det, » sagde Moses, «væpnar de dykk til striden for Herrens augo,
21 et omnis vir bellator armatus Iordanem transeat, donec subvertat Dominus inimicos suos,
og alle stridsmennerne dykkar fer yver Jordan for Herrens augo, til han hev drive fiendarne sine or syne,
22 et subiiciatur ei omnis Terra: tunc eritis inculpabiles apud Dominum et apud Israel, et obtinebitis regiones, quas vultis coram Domino.
og vender de’kje heim att fyrr landet er vunne for Herrens augo, so hev de ingi skuld på dykk, korkje mot Herren eller Israel, og dette landet her skal vera dykkar eigedom med Herrens vilje.
23 Sin autem quod dicitis, non feceritis, nulli dubium est quin peccetis in Deum: et scitote quoniam peccatum vestrum apprehendet vos.
Men gjer de det ikkje, då syndar de imot Herren, og skal få kjenna at syndi finn dykk att.
24 Ædificate ergo urbes parvulis vestris, et caulas, et stabula ovibus ac iumentis: et quod polliciti estis implete.
Bygg borgar for konorne og borni dykkar, og stell til kvier for småfeet, og gjer som de hev lova!»
25 Dixeruntque filii Gad et Ruben ad Moysen: Servi tui sumus, faciemus quod iubet dominus noster.
«Me vil gjera som du segjer, herre, » svara dei;
26 Parvulos nostros, et mulieres, et pecora, ac iumenta relinquemus in urbibus Galaad:
«borni og konorne våre og feet og alle klyvdyri skal vera her i Gileads-borgerne;
27 nos autem famuli tui omnes expediti pergemus ad bellum, sicut tu domine loqueris.
men sjølve vil me ganga yver Jordan for Herrens augo til strid, kvar våpnfør mann, soleis som du hev sagt.»
28 Præcepit ergo Moyses Eleazaro sacerdoti, et Iosue filio Nun, et principibus familiarum per tribus Israel, et dixit ad eos:
So tala Moses um det til Eleazar, øvstepresten, og Josva Nunsson og hovdingarne yver alle Israels-ætterne,
29 Si transierint filii Gad, et filii Ruben vobiscum Iordanem omnes armati ad bellum coram Domino, et vobis fuerit Terra subiecta: date eis Galaad in possessionem.
og sagde: «Gjeng Gads-sønerne og Rubens-sønerne, so mange som er våpnføre, med dykk yver Jordan for Herrens augo, og landet vert teke, so skal de gjeva deim Gileadlandet til eigedom.
30 Sin autem noluerint transire armati vobiscum in Terram Chanaan, inter vos habitandi accipiant loca.
Men gjeng dei ikkje stridsbudde med dykk yver, so skal dei få eigedomen sin i Kana’ans-landet, saman med dykk andre.»
31 Responderuntque filii Gad, et filii Ruben: Sicut locutus est Dominus servis suis, ita faciemus:
Og Gads-sønerne og Rubens-sønerne svara: «Det som Herren hev sagt til oss, det vil me gjera:
32 ipsi armati pergemus coram Domino in Terram Chanaan, et possessionem iam suscepisse nos confitemur trans Iordanem.
me vil fara stridsbudde yver til Kana’ans-landet for Herrens augo, men odelseiga vår skal vera her på denne sida av Jordan.»
33 Dedit itaque Moyses filiis Gad et Ruben, et dimidiæ tribui Manasse filii Ioseph regnum Sehon regis Amorrhæi, et regnum Og regis Basan, et terram eorum cum urbibus suis per circuitum.
Då gav Moses Gads- og Rubens-ætterne og halve Manasse-ætti dei riki som Sihon, amoritarkongen, og Og, kongen i Basan, hadde ått, heile landet med alle byarne rundt ikring og markerne som høyrde til.
34 Igitur extruxerunt filii Gad, Dibon, et Ataroth, et Aroer,
Og Gads-sønerne bygde upp att Dibon og Atarot og Aroer
35 et Etroth, et Sophan, et Iazer, et Iegbaa,
og Atrot-Sofan og Jazer og Jogbeha
36 et Bethnemra, et Betharan, urbes munitas, et caulas pecoribus suis.
og Bet-Nimra og Bet-Haran - faste borger og fekvier.
37 Filii vero Ruben ædificaverunt Hesebon, et Eleale, et Cariathaim,
Og Rubens-sønerne bygde upp att Hesbon og Elale og Kirjatajim
38 et Nabo, et Baalmeon versis nominibus, Sabama quoque: imponentes vocabula urbibus, quas extruxerunt.
og Nebo og Sibma og Ba’al-Meon, den siste vende dei namnet på; elles let dei borgerne hava dei gamle namni.
39 Porro filii Machir filii Manasse perrexerunt in Galaad, et vastaverunt eam interfecto Amorrhæo habitatore eius.
Sønerne åt Makir, Manasses son, for til Gileadlandet, og tok det, og dreiv ut amoritarne som budde der.
40 Dedit ergo Moyses Terram Galaad Machir filio Manasse, qui habitavit in ea.
Og Moses gav Makirs-ætti Gilead, og dei sette seg ned der.
41 Iair autem filius Manasse abiit et occupavit vicos eius, quos appellavit Havoth Iair, id est, Villas Iair.
Ja’ir, son åt Manasse, for av stad og tok tjeldbyarne deira, og kalla deim Ja’irsbyarne.
42 Nobe quoque perrexit, et apprehendit Chanath cum viculis suis: vocavitque eam ex nomine suo Nobe.
Og Nobah for av, og tok Kenatborgi og grenderne der ikring og gav borgi sitt eige namn, Nobah.