< Iosue 21 >

1 Accesseruntque principes familiarum Levi ad Eleazarum sacerdotem, et Iosue filium Nun, et ad duces cognationum per singulas tribus filiorum Israel:
Medan dei var i Silo i Kana’ans-landet, gjekk ættefederne åt levitarne gjekk fram for Eleazar, øvstepresten, og Josva Nunsson og ættefederne åt Israels-sønerne,
2 locutique sunt ad eos in Silo Terræ Chanaan, atque dixerunt: Dominus præcepit per manum Moysi, ut darentur nobis urbes ad habitandum, et suburbana earum ad alenda iumenta.
og tala soleis til deim: «Moses kom med det bodet frå Herren at me skulde få byar til å bu i, med bumark ikring åt feet vårt.»
3 Dederuntque filii Israel de possessionibus suis iuxta imperium Domini, civitates et suburbana earum.
Og Israels-sønerne gjorde som Herren hadde sagt, og gav levitarne av sitt eige land dei byarne me snart skal nemna, med bumarki som låg ikring.
4 Egressaque est sors in familiam Caath filiorum Aaron sacerdotis de tribubus Iuda, et Simeon, et Beniamin, civitates tredecim:
Då dei no drog strå, fall den fyrste luten på Kahats-sønerne; dei levitarne som var ætta frå Aron, øvstepresten, fekk trettan byar hjå Juda-ætti og Simeons-ætti og Benjamins-ætti,
5 Et reliquis filiorum Caath, id est, Levitis, qui superfuerant de tribubus Ephraim, et Dan, et dimidia tribu Manasse, civitates decem.
og dei andre Kahats-sønerne fekk for sin lut ti byar hjå Efraims ættgreiner og Dans-ætti og den eine helvti av Manasse-ætti.
6 Porro filii Gerson egressa est sors, ut acciperent de tribubus Issachar et Aser et Nephthali, dimidiaque tribu Manasse in Basan civitates numero tredecim.
Gersons-sønerne fekk for sin lut trettan byar hjå Issakars ættgreiner og Assers-ætti og Naftali-ætti og den helvti av Manasse-ætti som var i Basan.
7 Et filiis Merari per cognationes suas de tribubus Ruben et Gad et Zabulon urbes duodecim.
Merari-borni og ættgreinerne deira fekk tolv byar hjå Rubens-ætti og Gads-ætti og Sebulons-ætti.
8 Dederuntque filii Israel Levitis civitates et suburbana earum, sicut præcepit Dominus per manum Moysi, singulis sorte tribuentes.
Desse byarne, med bumarki som høyrde til, gav Israels-sønerne åt levitarne, soleis som Moses hadde sagt dei frå Herren, og let dei draga strå um deim.
9 De tribubus filiorum Iuda et Simeon dedit Iosue civitates: quarum ista sunt nomina,
I Judafylket og Simeonsfylket gav dei frå seg dei byarne som me no skal nemna ein for ein:
10 filiis Aaron per familias Caath Levitici generis (prima enim sors illis egressa est)
det var Arons-sønerne av Levi-ætti, Kahat-greini, som fekk dei; for deim fall den fyrste luten på.
11 Cariatharbe patris Enac, quæ vocatur Hebron, in monte Iuda, et suburbana eius per circuitum.
Dei gav deim den byen på Judafjellet som heitte etter Arba, ættefaren åt anakitarne, og som me no kallar Hebron, med bumarki som låg rundt ikring;
12 Agros vero, et villas eius dederat Caleb filio Iephone ad possidendum.
men åkerlandet og gardarne som høyrde til byen, gav dei Kaleb Jefunneson til odel og eiga.
13 Dedit ergo filiis Aaron sacerdotis Hebron confugii civitatem, ac suburbana eius: et Lobnam cum suburbanis suis:
Dei som var ætta frå Aron, øvstepresten, fekk i desse tvo fylki både Hebron, som var fristad for dråpsmenner, og Libna
14 et Iether, et Esthemo,
og Jattir og Estemoa
15 et Holon, et Dabir,
og Holon og Debir
16 et Ain, et Ieta, et Bethsames, cum suburbanis suis: civitates novem de tribubus, ut dictum est, duabus.
og Ajin og Jutta og Bet-Semes, ni byar, med bumarki som høyrde til,
17 De tribu autem filiorum Beniamin, Gabaon, et Gabæ,
og i Benjaminsfylket Gibeon og Geba
18 et Anathoth et Almon, cum suburbanis suis: civitates quattuor.
og Anatot og Almon, fire byar, med bumarki som høyrde til.
19 Omnes simul civitates filiorum Aaron sacerdotis, tredecim, cum suburbanis suis.
Soleis fekk Arons-sønerne, prestarne, i alt trettan byar med bumark attåt.
20 Reliquis vero per familias filiorum Caath Levitici generis hæc est data possessio.
No skal me nemna dei byarne som fall på dei andre Kahats-sønerne, dei levitiske Kahats-ætterne: Dei fekk i Efraimsfylket
21 De tribu Ephraim urbes confugii, Sichem cum suburbanis suis in monte Ephraim, et Gazer
Sikem, som var fristad for dråpsmenner, på Efraimsfjellet, og Gezer
22 et Cibsaim et Beth horon, cum suburbanis suis, civitates quattuor.
og Kibsajim og Bet-Horon, fire byar, med bumarki som høyrde til,
23 De tribu quoque Dan, Eltheco et Gabathon,
og i Dansfylket Elteke og Gibbeton
24 et Aialon et Gethremmon, cum suburbanis suis, civitates quattuor.
og Ajjalon og Gat-Rimmon, fire byar, med bumarki som høyrde til,
25 Porro de dimidia tribu Manasse, Thanach et Gethremmon, cum suburbanis suis civitates duæ.
og i det eine halve Manassefylket Ta’anak og Gat-Rimmon, tvo byar, med bumarki som høyrde til.
26 Omnes civitates decem, et suburbana earum, datæ sunt filiis Caath inferioris gradus.
Det var i alt ti byar med bumark attåt som dei hine greinerne av Kahats-ætti fekk.
27 Filiis quoque Gerson Levitici generis dedit de dimidia tribu Manasse confugii civitates, Gaulon in Basan, et Bosram, cum suburbanis suis, civitates duas.
Levitarne av Gersons-greini fekk i det andre halve Manassefylket Golan i Basan, ein av fristaderne for dråpsmenner, og Be’estera, tvo byar, med bumarki som høyrde til,
28 Porro de tribu Issachar, Cesion, et Dabereth,
og i Issakarsfylket Kisjon og Daberat,
29 et Iaramoth, et Engannim, cum suburbanis suis, civitates quattuor.
Jarmut og En-Gannim, fire byar, med bumarki som høyrde til,
30 De tribu autem Aser, Masal et Abdon,
og i Assersfylket Misal og Abdon
31 et Helcath, et Rohob, cum suburbanis suis, civitates quattuor.
og Helkat og Rehob, fire byar, med bumarki som høyrde til,
32 De tribu quoque Nephthali civitates confugii, Cedes in Galilæa, et Hammoth Dor, et Carthan, cum suburbanis suis, civitates tres.
og i Naftalifylket Kedes i Galilæa, ein av fristaderne for dråpsmenner, og Hammot-Dor og Kartan, tri byar, med bumarki som høyrde til.
33 Omnes urbes familiarum Gerson, tredecim, cum suburbanis suis.
Soleis fekk gersonitarne og ættgreinerne deira i alt trettan byar med bumark attåt.
34 Filiis autem Merari Levitis inferioris gradus per familias suas data est de tribu Zabulon, Iecnam et Cartha
Dei som var att av levitarne, Merari-sønerne og ættgreinerne deira, fekk i Sebulonsfylket Jokneam og Karta
35 et Damna et Naalol, civitates quattuor cum suburbanis suis.
og Dimna og Nahalal, fire byar, med bumarki som høyrde til,
36 De tribu Ruben ultra Iordanem contra Iericho civitates refugii, Bosor in solitudine, Misor et Iaser et Iethson et Mephaath, civitates quattuor cum suburbanis suis.
og i Rubensfylket Beser og Jahsa,
37 De tribu Gad civitates confugii, Ramoth in Galaad, et Manaim et Hesebon et Iazer, civitates quattuor cum suburbanis suis.
Kedemot og Mefa’at, fire byar, med bumarki som høyrde til,
og i Gadsfylket Ramot i Gilead, ein av fristaderne for dråpsmenner, og Mahanajim
og Hesbon og Jaser, fire byar, med bumarki som høyrde til.
40 Omnes urbes filiorum Merari per familias et cognationes suas, duodecim.
Det var i alt tolv byar som fall på dei siste Levi-ætterne, Merari-sønerne og ættgreinerne deira.
41 Itaque civitates universæ Levitarum in medio possessionis filiorum Israel fuerunt quadragintaocto
Alt i alt fekk levitarne i odelslandet åt Israels-sønerne åtte og fyrti byar, med bumark attåt.
42 cum suburbanis suis, singulæ per familias distributæ.
Desse byarne hadde kvar si bumark ikring seg; so var det med deim alle.
43 Deditque Dominus Deus Israeli omnem Terram, quam traditurum se patribus eorum iuraverat: et possederunt illam, atque habitaverunt in ea.
Soleis gav Herren Israel heile det landet som han hadde lova at han vilde gjeva federne deira, og dei eigna det til seg og vart buande der.
44 Dataque est ab eo pax in omnes per circuitum nationes: nullusque eis hostium resistere ausus est, sed cuncti in eorum ditionem redacti sunt.
Og Herren let deim hava fred på alle leder, heiltupp soleis som han hadde lova federne deira. Ingen av alle uvenerne deira kunde standa seg imot deim; Herren gav alle fiendar i deira hender.
45 Ne unum quidem verbum, quod illis præstiturum se esse promiserat, irritum fuit, sed rebus expleta sunt omnia.
Ikkje eit einaste av alle dei gode ordi Herren hadde tala til Israels hus, vart um inkje; alt saman gjekk fram.

< Iosue 21 >