< Hiezechielis Prophetæ 43 >

1 Et duxit me ad portam, quæ respiciebat ad viam Orientalem.
So let han meg ganga til porten, den porten som snudde i aust.
2 Et ecce gloria Dei Israel ingrediebatur per viam Orientalem: et vox erat ei quasi vox aquarum multarum, et terra splendebat a maiestate eius.
Og sjå, herlegdomen åt Israels Gud kom austan-ifrå, og ljomen av honom var som ljomen av store vatn, og jordi skein av herlegdomen hans.
3 Et vidi visionem secundum speciem, quam videram, quando venit ut disperderet civitatem: et species secundum aspectum, quem videram iuxta fluvium Chobar: et cecidi super faciem meam.
Og den syni som eg såg, var likeins som den syni eg hadde set då eg kom og skulde leggja byen i øyde, og som den syni eg hadde set burtmed Kebarelvi, soleis var synerne. Og eg fall å gruve på mitt andlit.
4 Et maiestas Domini ingressa est templum per viam portæ, quæ respiciebat ad Orientem.
Og Herrens herlegdom for inn i huset gjenom den porten som snudde i aust.
5 Et elevavit me Spiritus, et introduxit me in atrium interius: et ecce repleta erat gloria Domini domus.
Og anden lyfte meg upp og førde meg inn i den indre fyregarden. Og sjå, Herrens herlegdom fyllte huset.
6 Et audivi loquentem ad me de domo, et vir qui stabat iuxta me,
Og eg høyrde einkvan tala til meg utor huset, og ein mann stod attmed meg.
7 dixit ad me: Fili hominis, locus solii mei, et locus vestigiorum pedum meorum, ubi habito in medio filiorum Israel in æternum: et non polluent ultra domus Israel nomen sanctum meum, ipsi, et reges eorum in fornicationibus suis, et in ruinis regum suorum, et in excelsis.
Og han sagde med meg: «Menneskjeson! Dette er den staden der kongsstolen min og fotskammelen min skal standa, og der eg vil bu hjå Israels-borni æveleg. Og Israels-borni skal aldri meir vanhelga mitt heilage namn, korkje dei eller kongarne deira, med hordomen sin og med liki av kongarne sine og med offerhaugarne sine -
8 Qui fabricati sunt limen suum iuxta limen meum, et postes suos iuxta postes meos: et murus erat inter me et eos: et polluerunt nomen sanctum meum in abominationibus, quas fecerunt: propter quod consumpsi eos in ira mea.
dei som sette dørstokken sin attmed dørstokk min og dørskierne sine attmed dørskierne mine, so det berre var veggen millom meg og deim. Og på den måten gjorde dei mitt heilage namn ureint med styggedomen sin som dei for med, so eg laut tyna deim i min vreide.
9 Nunc ergo repellant procul fornicationem suam, et ruinas regum suorum a me: et habitabo in medio eorum semper.
No skal dei hava sin hordom og liki av kongarne sine langt burt ifrå meg, so eg vil bu hjå deim æveleg.
10 Tu autem fili hominis ostende domui Israel templum, et confundantur ab iniquitatibus suis, et metiantur fabricam:
Du menneskjeson! Kunngjer for Israels-lyden um dette huset, so dei må blygjast for misgjerningarne sine, og mæla den vel tilmåta bygnaden.
11 et erubescant ex omnibus, quæ fecerunt: Figuram domus, et fabricæ eius exitus, et introitus, et omnem descriptionem eius, et universa præcepta eius, cunctumque ordinem eius, et omnes leges eius ostende eis, et scribes in oculis eorum: ut custodiant omnes descriptiones eius, et præcepta illius, et faciant ea.
Og når dei blygjest for alt det dei hev gjort, so skal du kunngjera for deim skapnaden på huset og skipnaden i det: utgangar og inngangar og skapnader på alt og alle fyresegnerne um alt, ja, all skapnaden og alle loverne um det; og rit det av framfor deira augo, so dei kann koma i hug heile skapnaden på huset og fyresegnerne um det, og gjera etter deim.
12 Ista est lex domus in summitate montis: Omnis finis eius in circuitu, Sanctum Sanctorum est: hæc est ergo lex domus.
Dette er lovi um huset: På toppen av fjellet skal heile umkverven kringum det vera høgheilag. Sjå, dette er lovi um huset.
13 Istæ autem mensuræ altaris in cubito verissimo, qui habebat cubitum, et palmum: in sinu eius erat cubitus et cubitus in latitudine, et definitio eius usque ad labium eius, et in circuitu, palmus unus. Hæc quoque erat fossa altaris.
Og dette er måli på altaret i alnetal, kvar aln ei handbreidd lengre enn ei vanleg aln: det skal vera eit fotstykke, ei aln høgt og ei aln breidt, og kantlisti på kanten av det ei spann breid rundt ikring. Dette er underlaget åt altaret.
14 Et de sinu terræ usque ad crepidinem novissimam duo cubiti, et latitudo cubiti unius: et a crepidine minore usque ad crepidinem maiorem quattuor cubiti, et latitudo cubiti unius.
Og frå fotstykket på jordi uppåt den nedste skori skal det vera tvo alner, og breiddi skal vera ei aln, og frå den litle skori uppåt den store skori skal det vera fire alner, og breiddi skal vera ei aln.
15 Ipse autem Ariel quattuor cubitorum: et ab Ariel usque ad sursum, cornua quattuor.
Og «Guds-fjellet» skal vera fire alner, og frå «Guds-åren» skal dei fire horni stinga upp.
16 Et Ariel duodecim cubitorum in longitudine per duodecim cubitos latitudinis: quadrangulatum æquis lateribus.
Og Guds-åren skal vera tolv alner lang og tolv alner breid, firkanta med fire jamlange sidor.
17 Et crepido quattuordecim cubitorum longitudinis per quattuordecim cubitos latitudinis in quattuor angulis eius: et corona in circuitu eius dimidii cubiti, et sinus eius unius cubiti per circuitum: gradus autem eius versi ad Orientem.
Og skori skal vera fjortan alner lang og fjortan alner breid, med fire jamlange sidor, og kantlisti kringum henne ei halv aln tjukk, og fotstykket ei aln rundt ikring, og tropperne skal snu i aust.»
18 Et dixit ad me: Fili hominis, hæc dicit Dominus Deus: Hi sunt ritus altaris in quacumque die fuerit fabricatum: ut offeratur super illud holocaustum, et effundatur sanguis.
Og han sagde med meg: «Menneskjeson! So segjer Herren, Herren: Dette er fyresegnerne um altaret den dagen det vert gjort, so ein kann ofra brennoffer og skvetta blod på det.
19 Et dabis sacerdotibus, et Levitis, qui sunt de semine Sadoc, qui accedunt ad me, ait Dominus Deus, ut offerant mihi vitulum de armento pro peccato.
Du skal gjeva dei levitiske prestarne, dei som er av Sadoks-ætti, og som stig nær meg og tener meg, segjer Herren, Herren, ein ungukse til syndoffer.
20 Et assumens de sanguine eius, pones super quattuor cornua eius, et super quattuor angulos crepidinis, et super coronam in circuitu: et mundabis illud, et expiabis.
Og du skal taka noko av blodet hans og strjuka på dei fire altarhorni og på dei fire skorhyrno og på kantlisti rundt ikring; soleis skal du reinsa det frå synd og gjera soning for det.
21 Et tolles vitulum, qui oblatus fuerit pro peccato: et combures eum in separato loco domus extra sanctuarium.
Og du skal taka syndofferuksen, og honom skal dei brenna på mynstringsplassen åt huset, utanfor heilagdomen.
22 Et in die secunda offeres hircum caprarum immaculatum pro peccato: et expiabunt altare, sicut expiaverunt in vitulo.
Og andre dagen skal du ofra ein lytelaus bukk til syndoffer, og dei skal reinsa altaret frå synd likeins som dei reinsa det med uksen.
23 Cumque compleveris expians illud, offeres vitulum de armento immaculatum, et arietem de grege immaculatum.
Når du då hev gjort frå deg reinsingi, skal du leida fram ein lytelaus ungukse og ein lytelaus ver or saueflokken.
24 Et offeres eos in conspectu Domini: et mittent sacerdotes super eos sal, et offerent eos holocaustum Domino.
Du skal leida deim fram for Herrens åsyn, og prestarne skal strå salt på deim og ofra deim til brennoffer åt Herren.
25 Septem diebus facies hircum pro peccato quotidie: et vitulum de armento, et arietem de pecoribus immaculatos offerent.
I sju dagar skal du ofra ein bukk til syndoffer kvar dag; og ein ungukse og ein ver or saueflokken, båe lytelause, skal du ofra.
26 Septem diebus expiabunt altare, et mundabunt illud: et implebunt manum eius.
I sju dagar skal dei gjera soning for altaret og reinsa det og vigja det.
27 Expletis autem diebus, in die octava et ultra, facient sacerdotes super altare holocausta vestra, et quæ pro pace offerunt: et placatus ero vobis, ait Dominus Deus.
Og når dei hev fullenda dei dagarne, skal prestarne åttande dagen og fremetter ofra brennofferet dykkar og takkofferi dykkar på altaret, og eg vil hava hugnad i dykk, segjer Herren, Herren.»

< Hiezechielis Prophetæ 43 >