< Hiezechielis Prophetæ 26 >
1 Et factum est in undecimo anno, prima mensis, factus est sermo Domini ad me, dicens:
So hende det i det ellevte året, den fyrste dagen i månaden, at Herrens ord kom til meg; han sagde:
2 Fili hominis, pro eo quod dixit Tyrus de Ierusalem: Euge confractæ sunt portæ populorum, conversa est ad me: implebor, deserta est.
Menneskjeson! Av di Tyrus segjer um Jerusalem: «Hå, hå! I sund er folkeporten broten, til meg er han no flutt; eg vert fyllt sidan han er øydelagd, »
3 Propterea hæc dicit Dominus Deus: Ecce ego super te Tyre, et ascendere faciam ad te gentes multas, sicut ascendit mare fluctuans.
difor, so segjer Herren, Herren: Sjå, eg skal finna deg, Tyrus, og let mange folkeslag koma veltande upp yver deg, likeins som havet kjem veltande med bårorne sine.
4 Et dissipabunt muros Tyri, et destruent turres eius: et radam pulverem eius de ea, et dabo eam in limpidissimam petram.
Og dei skal brjota ned murarne kring Tyrus og riva ned tårni, og eg vil sopa dusti av tufterne, og gjera byen til eit snaudt svadberg.
5 Siccatio sagenarum erit in medio maris, quia ego locutus sum, ait Dominus Deus: et erit in direptionem Gentibus.
Ein stad til å greida garn på skal det verta der uti havet, for eg hev tala, segjer Herren, Herren. Og det skal verta til herfang åt folki.
6 Filiæ quoque eius, quæ sunt in agro, gladio interficientur: et scient quia ego Dominus.
Og døtterne som er på innlandet, skal verta drepne med sverd. Og dei skal sanna at eg er Herren.
7 Quia hæc dicit Dominus Deus: Ecce ego adducam ad Tyrum Nabuchodonosor regem Babylonis ab Aquilone regem regum, cum equis, et curribus, et equitibus, et cœtu, populoque magno.
For so segjer Herren, Herren: Sjå, eg sender mot Tyrus Nebukadressar, Babel-kongen, frå Norderlandi, kongen yver kongarne, med hestar og med vogner og med hestfolk og med ein her og mykje folk.
8 Filias tuas, quæ sunt in agro, gladio interficiet: et circumdabit te munitionibus, et comportabit aggerem in gyro: et elevabit contra te clypeum.
Døtterne dine på innlandet skal han drepa med sverd. Og han skal gjera ein åtaksmur deg og kasta upp ein voll imot deg og reisa upp eit skjoldtak imot deg.
9 Et vineas, et arietes temperabit in muros tuos, et turres tuas destruet in armatura sua.
Og murstangaren sin skal han setja mot murarne dine, og tårni dine skal han brotja ned med jarni sine.
10 Inundatione equorum eius operiet te pulvis eorum: a sonitu equitum, et rotarum, et curruum movebuntur muri tui, cum ingressus fuerit portas tuas quasi per introitum urbis dissipatæ.
Hans hestar i mengd skal hylja deg i dumba. Gnyen av hestfolk og hjul og vogner fær murarne dine til å dirra, når han fer inn gjenom portarne dine, sameleis som når ein fer inn i herteken by.
11 Ungulis equorum suorum conculcabit omnes plateas tuas: populum tuum gladio cædet, et statuæ tuæ nobiles in terram corruent.
Med hovarne sine skal hestarne hans trakka ned alle gatorne dine. Lyden din skal han slå i hel med sverd, og dei sterke stolparne dine skal stupa til jordi.
12 Vastabunt opes tuas, diripient negotiationes tuas: et destruent muros tuos, et domos tuas præclaras subvertent: et lapides tuos, et ligna tua, et pulverem tuum in medio aquarum ponent.
Og dei skal rana din rikdom og gjera dine varor til herfang og brjota ned dine murar, og dine hugnadlege hus skal dei riva ned. Og steinarne dine og treverket ditt og dusti etter deg skal dei kasta beint på sjøen.
13 Et quiescere faciam multitudinem canticorum tuorum, et sonitus cithararum tuarum non audietur amplius.
Og ljoden av songarane dine let eg tagna, og ljomen av cithrarne dine skal ein aldri meir høyra.
14 Et dabo te in limpidissimam petram, siccatio sagenarum eris, nec ædificaberis ultra: quia ego locutus sum, ait Dominus Deus.
Og eg vil gjera deg til ei bert svadberg, ein stad til å greida garni på skal du verta; du skal aldri verta uppatt-bygd. For eg, Herren, hev tala, segjer Herren, Herren.
15 Hæc dicit Dominus Deus Tyro: Numquid non a sonitu ruinæ tuæ, et gemitu interfectorum tuorum cum occisi fuerint, in medio tui commovebuntur insulæ?
So segjer Herren, Herren med Tyrus: Skal ikkje havstrenderne bivra for omen av ditt fall, når gjenomstungne styn, når dei drep og myrder midt inni deg?
16 Et descendent de sedibus suis omnes principes maris: et auferent exuvias suas, et vestimenta sua varia abiicient, et induentur stupore: in terra sedebunt, et attoniti super repentino casu tuo admirabuntur.
Då skal dei stiga ned av sine høgsæte alle fyrstarne på havet, og dei skal leggja av seg kåporne sine og taka av seg sine rosesauma klæde. I skjelte skal dei klæda seg, på jordi skal dei sitja og skjelva kvar augneblink og ræddast yver lagnaden deg.
17 Et assumentes super te lamentum, dicent tibi: Quomodo peristi, quæ habitas in mari, urbs inclyta, quæ fuisti fortis in mari cum habitatoribus tuis, quos formidabant universi?
Og dei skal setja i med ein syrgjesong og segja til deg: «Korleis er du lagd i øyde, du som sjømanna bustad, byen den fræge, som hadde magti på havet, både du og dine ibuarar, som skaut skjelk i bringa på alle som budde der?
18 Nunc stupebunt naves in die pavoris tui: et turbabuntur insulæ in mari, eo quod nullus egrediatur ex te.
No skjelv dei, øyarne, den dagen du fell, og utøyarne i havet tek fæla av di endelykt.»
19 Quia hæc dicit Dominus Deus: Cum dedero te urbem desolatam sicut civitates, quæ non habitantur: et adduxero super te abyssum, et operuerint te aquæ multæ:
For so segjer Herren, Herren: Når eg gjer deg til ein øydestad, lik byar der ingen bur, når eg sender dragsudi uppetter deg og let storhavet gøyma deg,
20 Et detraxero te cum his, qui descendunt in lacum ad populum sempiternum et collocavero te in terra novissima sicut solitudines veteres cum his, qui deducuntur in lacum, ut non habiteris: porro cum dedero gloriam in terra viventium,
då støyper eg deg ned med deim som i gravi fer ned, til folket frå fordom, og let deg bu i nedheimen, i audner frå æva, med deim som fer ned i gravi, so ingen skal bu i deg; men eg vil gjeva pryda i landet åt dei livande.
21 in nihilum redigam te, et non eris, et requisita non invenieris ultra in sempiternum, dicit Dominus Deus.
Til ei skræma vil eg gjera deg, og so er du upp i inkje, og ein skal leita etter deg, men ikkje finna deg i all æva, segjer Herren, Herren.