< Hiezechielis Prophetæ 13 >

1 Et factus est sermo Domini ad me, dicens:
Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
2 Fili hominis, vaticinare ad prophetas Israel, qui prophetant: et dices prophetantibus de corde suo: Audite verbum Domini.
Menneskjeson! Spå mot profetarne i Israel, som spår, og seg med deim som spår utav eige hjarta: Høyr Herrens ord!
3 Hæc dicit Dominus Deus: Væ prophetis insipientibus, qui sequuntur spiritum suum, et nihil vident.
So segjer Herren, Herren: Usæla yver profetarne, dei dårar, som gjeng etter si eiga ånd og etter det dei ikkje hev set!
4 Quasi vulpes in desertis, prophetæ tui Israel erant.
Som revar i røysar er dine profetar, Israel.
5 Non ascendistis ex adverso, neque opposuistis murum pro domo Israel, ut staretis in prælio in die Domini.
De er ikkje stigne upp i murrivorne og hev ikkje mura upp verjemur kring Israels-lyden, so han kunde standa seg i striden på Herrens dag.
6 Vident vana, et divinant mendacium, dicentes: Ait Dominus: cum Dominus non miserit eos: et perseveraverunt confirmare sermonem.
Deira syner var fåfengd og deira spådomar lygn, dei som segjer: So segjer Herren, endå Herren ikkje hev sendt deim. Like vel vonar dei å vera sannspådde.
7 Numquid non visionem cassam vidistis, et divinationem mendacem locuti estis? et dicitis, ait Dominus: cum ego non sim locutus.
Er det ikkje fåfengd syn de hev set, og ljugar-spåing de hev fare med, når de segjer: «So segjer Herren, » enda eg ikkje hadde tala?
8 Propterea hæc dicit Dominus Deus: Quia locuti estis vana, et vidistis mendacium: ideo ecce ego ad vos, dicit Dominus Deus:
Difor, so segjer Herren, Herren: Med di at de talar fåfengd og ser lygn, difor, sjå, so vil eg finna dykk, segjer Herren, Herren.
9 Et erit manus mea super prophetas, qui vident vana, et divinant mendacium: in consilio populi mei non erunt, et in scriptura domus Israel non scribentur, nec in terram Israel ingredientur: et scietis quia ego Dominus Deus:
Og mi hand skal vera mot dei profetarne som ser fåfengd og fer med ljugar-spåing; i mitt folks råd skal dei ikkje vera, og i boki åt Israels-lyden skal dei ikkje verta skrivne, og til Israels land skal dei ikkje koma; og de skal sanna at eg er Herren, Herren,
10 Eo quod deceperint populum meum, dicentes: Pax, et non est pax: et ipse ædificabat parietem, illi autem liniebant eum luto absque paleis.
for di, ja, for di de hev villa mitt folk og sagt: «Fred, » og der er ikkje fred - og når det byggjer ein murvegg, sjå, so stryk dei berre kalkrøra på.
11 Dic ad eos, qui liniunt absque temperatura, quod casurus sit: erit enim imber inundans, et dabo lapides prægrandes desuper irruentes, et ventum procellæ dissipantem.
Seg til kalk-strjukarane, at han vil ramla ned, det kjem eit skvalande støyteregn, og de, haglsteinar, skal falla, og ei stormflaga skal koma kastande.
12 Si quidem ecce cecidit paries: numquid non dicetur vobis: Ubi est litura, quam linistis?
Og sjå, når veggen er nedramla, vil det då ikkje verta sagt med dykk: «Kvar vart det av kalken som de strauk på?»
13 Propterea hæc dicit Dominus Deus: Et erumpere faciam spiritum tempestatum in indignatione mea, et imber inundans in furore meo erit: et lapides grandes in ira in consumptionem.
Difor, so segjer Herren, Herren: I min harm let eg ei stormflaga koma kastande, og i min vreide let eg eit skvalande støytregn koma, og i min harm haglsteinar til å øydeleggja alt i hop.
14 Et destruam parietem, quem linistis absque temperamento: et adæquabo eum terræ, et revelabitur fundamentum eius: et cadet, et consumetur in medio eius: et scietis quia ego sum Dominus.
Og eg vil riva ned veggen som de strauk med kalk, og velta honom til jordi, og hans grunnvollar skal verta berrlagde. Når det då ramlar i røys, skal de verta tynte i fallet, og de skal sanna at eg er Herren.
15 Et complebo indignationem meam in pariete, et in his, qui liniunt eum absque temperamento, dicamque vobis: Non est paries, et non sunt qui liniunt eum.
Og eg vil tøma ut all mi vreide yver veggen, og yver deim som strauk honom med kalk. Då vil eg segja med dykk: Burte er både veggen og dei som strauk på honom,
16 Prophetæ Israel, qui prophetant ad Ierusalem, et vident ei visionem pacis: et non est pax, ait Dominus Deus.
profetarne i Israel som spådde um Jerusalem og såg fredssyner åt det, endå det ikkje var fred, segjer Herren, Herren.
17 Et tu fili hominis, pone faciem tuam contra filias populi tui, quæ prophetant de corde suo: et vaticinare super eas,
Og du, menneskjeson! Vend di åsyn mot ditt folks døtter, som spår ut av sitt eige hjarta, og spå imot deim!
18 et dic: Hæc dicit Dominus Deus: Væ quæ consuunt pulvillos sub omni cubito manus: et faciunt cervicalia sub capite universæ ætatis ad capiendas animas: et cum caperent animas populi mei, vivificabant animas eorum.
Og du skal segja: So segjer Herren, Herren: Usæla yver dei kvende som saumar bindsl åt alle handleder og lagar hovudsveip åt alle, både store og små, so dei kann fanga sjæler! De fangar sjæler for folket mitt, og andre sjæler held de i live, dykk til vinning.
19 Et violabant me ad populum meum propter pugillum hordei, et fragmen panis, ut interficerent animas, quæ non moriuntur, et vivificarent animas, quæ non vivunt, mentientes populo meo credenti mendaciis.
Og de vanhelgar meg for mitt folk for nokre korn-nevar og brødmolar - til å drepa sjæler som ikkje skulde døy, og til å halda liv i sjæler som ikkje skulde liva, med di de lyg for lyden min som lyder på lygn.
20 Propter hoc hæc dicit Dominus Deus: Ecce ego ad pulvillos vestros, quibus vos capitis animas volantes: et dirumpam eos de brachiis vestris: et dimittam animas, quas vos capitis, animas ad volandum.
Difor, so segjer Herren, Herren: Sjå, eg vil få tak i bindsli dykkar, som de fangar sjælerne med likeins som fuglar, og vil riva deim av armarne dykkar. Og eg vil fria sjælerne som de hev fanga, sjæler likeins som fuglar.
21 Et dirumpam cervicalia vestra, et liberabo populum meum de manu vestra, neque erunt ultra in manibus vestris ad prædandum: et scietis quia ego Dominus.
Og eg vil riva sund dykkar hovudsveip og berga mitt folk utor dykkar hender, so dei aldri meir skal vera veidefang i dykkar hender, og de skal sanna at eg er Herren.
22 Pro eo quod mœrere fecistis cor iusti mendaciter, quem ego non contristavi: et confortastis manus impii, ut non reverteretur a via sua mala, et viveret:
For di de ved lygn fær rettferdig manns hjarta til å vanmodast, endå eg ikkje hev gjort honom vanmoda, og de hev gjort gudlaus manns hender sterke, for at han ikkje skulde venda um frå sin vonde veg so eg kunde få halda honom i live,
23 propterea vana non videbitis, et divinationes non divinabitis amplius, et eruam populum meum de manu vestra: et scietis quia ego Dominus.
difor skal de ikkje hava fåfengde syner, og rune-kunster fær det ikkje fara med lenger; og eg vil berga mitt folk ut or dykkar hender, og de skal sanna at eg er Herren.

< Hiezechielis Prophetæ 13 >