< Deuteronomii 12 >

1 Hæc sunt præcepta atque iudicia, quæ facere debetis in Terra, quam Dominus Deus patrum tuorum daturus est tibi, ut possideas eam cunctis diebus, quibus super humum gradieris.
Dette er dei loverne og bodi de skal halda dykk etter i det landet som Herren, fedreguden dykkar, hev gjeve dykk; lat deim aldri ganga dykk or minne so lenge de liver på jordi:
2 Subvertite omnia loca, in quibus coluerunt gentes, quas possessuri estis, deos suos super montes excelsos, et colles, et subter omne lignum frondosum.
Der som dei folki de tek landet frå, hev dyrka gudarne sine, der skal de gjera det audt, på dei høge fjell og på haugar og under sigrøne tre.
3 Dissipate aras eorum, et confringite statuas, lucos igne comburite, et idola comminuite: disperdite nomina eorum de locis illis.
De skal riva ned altari deira, og slå sund minnesteinarne; dei heilage trei deira skal de brenna, og hogga sund gudebilæti, og rydja ut namni deira der dei hev vore.
4 Non facietis ita Domino Deo vestro:
Når de dyrkar Herren, dykkar Gud, skal de ikkje fara åt som dei folki gjorde;
5 sed ad locum, quem elegerit Dominus Deus vester de cunctis tribubus vestris, ut ponat nomen suum ibi, et habitet in eo, venietis:
de skal søkja til den staden som Herren, dykkar Gud, vel seg til bustad i eit av fylki dykkar; dit skal du koma,
6 et offeretis in loco illo holocausta et victimas vestras, decimas et primitias manuum vestrarum, et vota atque donaria, primogenita boum et ovium.
og dit skal de føra brennofferi og slagtofferi dykkar, og tiendi og reidorne dykkar, og gåvorne dykkar, både deim de hev lova, og deim de gjev i godvilje, og frumsungarne av storfeet og småfeet dykkar.
7 Et comedetis ibi in conspectu Domini Dei vestri: ac lætabimini in cunctis, ad quæ miseritis manum vos et domus vestræ, in quibus benedixerit vobis Dominus Deus vester.
Og der skal de halda måltid for Herrens åsyn, de og huslydarne dykkar, og gleda dykk i alt det de hev vunne med arbeidet dykkar, og som Herren, dykkar Gud, hev velsigna dykk med.
8 Non facietis ibi quæ nos hic facimus hodie, singuli quod sibi rectum videtur.
De må ikkje gjera so som me gjer her i dag - for no gjer kvar det han sjølv held for rett -
9 Neque enim usque in præsens tempus venistis ad requiem, et possessionem, quam Dominus Deus vester daturus est vobis.
av di de endå ikkje er komne til den heimen og den odelseigni som Herren vil gjeva dykk.
10 Transibitis Iordanem, et habitabitis in Terra, quam Dominus Deus vester daturus est vobis, ut requiescatis a cunctis hostibus per circuitum: et absque ullo timore habitetis
Men når de hev gjenge yver Jordan, og sett dykk ned i det landet som Herren, dykkar Gud, gjev dykk til odel og eiga, og han hev gjeve dykk ro for alle fiendar rundt ikring, so de bur trygt,
11 in loco, quem elegerit Dominus Deus vester, ut sit nomen eius in eo. Illuc omnia, quæ præcipio, conferetis, holocausta, et hostias, ac decimas, et primitias manuum vestrarum: et quidquid præcipuum est in muneribus, quæ vovebitis Domino.
då vil han kåra seg ein bustad millom dykk, og dit skal det koma med alt det eg segjer dykk fyre: brennofferi og slagtofferi dykkar, tiendi og reidorne og alle dei valde gåvorne som de hev lova Herren.
12 Ibi epulabimini coram Domino Deo vestro, vos et filii ac filiæ vestræ, famuli et famulæ atque Levites, qui in urbibus vestris commoratur. Neque enim habet aliam partem et possessionem inter vos.
Og de skal gleda dykk for Herrens åsyn, de og sønerne og døtterne dykkar, og drengjerne og tenestgjentorne, og levitarne som bur hjå dykk; for dei hev ikkje fenge nokon arvlut tilliks med dykk.
13 Cave ne offeras holocausta tua in omni loco, quem videris:
Agta deg at du ikkje ber fram brennofferi dine kvar du kjem på det.
14 sed in eo, quem elegerit Dominus, in una tribuum tuarum offeres hostias, et facies quæcumque præcipio tibi.
På den staden som Herren vel seg ut i eit av fylki dykkar, der skal du ofra brennofferi dine, og der skal du gjera alt anna eg segjer deg fyre.
15 Sin autem comedere volueris, et te esus carnium delectaverit, occide, comede iuxta benedictionem Domini Dei tui, quam dedit tibi in urbibus tuis: sive immundum fuerit, hoc est, maculatum et debile: sive mundum, hoc est, integrum et sine macula, quod offerri licet, sicut capream et cervum, comedes,
Men elles kann de slagta, og eta kjøt so mykje du hev hug til, i alle heimarne dykkar, etter som Herren, dykkar Gud, gjev dykk råd til. Både ureine og reine kann eta det, liksom det var gasella eller hjort,
16 absque esu dumtaxat sanguinis, quem super terram quasi aquam effundes.
so nær som blodet; det må de ikkje eta; de skal slå det ut på marki liksom vatn.
17 Non poteris comedere in oppidis tuis decimam frumenti, et vini, et olei tui, primogenita armentorum et pecorum, et omnia quæ voveris, et sponte offerre volueris, et primitias manuum tuarum:
Tiendi av kornet ditt og av vinen og oljen, og frumsungarne av storfeet og småfeet ditt, og loveofferi som du hev vigt, og gåvorne som du gjev i godvilje, og reidorne som du ber fram, det må du ikkje eta heime i di eigi bygd.
18 sed coram Domino Deo tuo comedes ea in loco, quem elegerit Dominus Deus tuus, tu et filius tuus et filia tua, et servus et famula, atque Levites, qui manet in urbibus tuis: et lætaberis et reficieris coram Domino Deo tuo in cunctis, ad quæ extenderis manum tuam.
For Herrens åsyn, på den staden han vel seg ut, skal du eta det, du og son sin og dotter di, og drengen og tenestgjenta, og leviten som bur innan portarne dine, og du skal gleda deg for Herrens åsyn i alt det du hev vunne med arbeidet ditt;
19 Cave ne derelinquas Levitem in omni tempore quo versaris in terra.
men agta deg at du aldri gløymer leviten so lenge du liver i landet ditt!
20 Quando dilataverit Dominus Deus tuus terminos tuos, sicut locutus est tibi, et volueris vesci carnibus, quas desiderat anima tua:
Når Herren, din Gud, aukar riket ditt, soleis som han hev lova deg, og du tenkjer som so: «No vil eg eta kjøt, » av di du hev hug på kjøt, so kann du eta kjøt so mykje du vil.
21 locus autem, quem elegerit Dominus Deus tuus ut sit nomen eius ibi, si procul fuerit, occides de armentis et pecoribus, quæ habueris, sicut præcepi tibi, et comedes in oppidis tuis, ut tibi placet.
Hev du lang veg til den staden som Herren, din Gud, hev valt seg til bustad, so må du gjera som eg hev sagt, og slagta noko av storfeet og småfeet som Herren hev gjeve deg, og eta det i bygdi di, so mykje som du hev hug til.
22 Sicut comeditur caprea et cervus, ita vesceris eis: et mundus et immundus in commune vescentur.
Men du må eta det liksom det var gasella eller hjort; både ureine og reine kann eta det.
23 Hoc solum cave, ne sanguinem comedas. Sanguis enim eorum pro anima est: et idcirco non debes animam comedere cum carnibus:
Men kom i hug at du ikkje et blodet! For i blodet er livet, og du må ikkje eta livet saman med kjøtet.
24 sed super terram fundes quasi aquam,
Du må ikkje eta blodet; du skal slå det ut på marki liksom vatn.
25 ut bene sit tibi et filiis tuis post te, cum feceris quod placet in conspectu Domini.
Et det ikkje, so skal det ganga deg vel, og borni dine og, for di du gjer det som er rett i Herrens augo.
26 Quæ autem sanctificaveris, et voveris Domino, tolles, et venies ad locum, quem elegerit Dominus:
Men vigslegåvorne som du vil gjeva og loveofferi, skal du taka og føra til den staden som Herren hev valt seg ut.
27 et offeres oblationes tuas carnem et sanguinem super altare Domini Dei tui: sanguinem hostiarum fundes in altari: carnibus autem ipse vesceris.
Brennofferi dine skal du ofra på Herrens altar, både kjøtet og blodet; av slagtofferi skal blodet hellast ut på altaret; men kjøtet kann du eta.
28 Observa et audi omnia quæ ego præcipio tibi, ut bene sit tibi et filiis tuis post te in sempiternum, cum feceris quod bonum est et placitum in conspectu Domini Dei tui.
Lyd då etter alle desse ordi som eg segjer deg no, og ber deim i hugen, so det kann ganga deg og borni dine vel i all æva, for di du gjer det som er godt og rett i augo åt Herren, din Gud!
29 Quando disperdiderit Dominus Deus tuus ante faciem tuam gentes, ad quas ingredieris possidendas, et possederis eas, atque habitaveris in terra earum:
Når Herren, din Gud, hev rudt ut for deg dei folki du no fer imot og vil driva burt, og når du hev jaga deim ut og sett deg ned i landet deira,
30 cave ne imiteris eas, postquam te fuerint introeunte subversæ, et requiras ceremonias earum, dicens: Sicut coluerunt gentes istæ deos suos, ita et ego colam.
agta deg då at du ikkje vert dåra og fylgjer i fotfaret deira, etter dei hev vorte utøydde for augo dine! Du skal ikkje spyrja etter gudarne deira og segja: «Korleis tente desse folki gudarne sine? Eg vil gjera som dei.»
31 Non facies similiter Domino Deo tuo. Omnes enim abominationes, quas aversatur Dominus, fecerunt diis suis, offerentes filios et filias, et comburentes igni.
Far aldri åt som dei gjer, når du dyrkar Herren, din Gud; for alt det som Herren mislikar, og som er ein styggedom hans augo, det gjer dei for gudarne sine; jamvel sønerne og døtterne sine brenner dei til æra for desse gudarne sine.
32 Quod præcipio tibi, hoc tantum facito Domino: nec addas quidquam, nec minuas.
Alt det eg segjer dykk fyre, skal de gøyma i hjarta, og liva etter det; de må ingen ting leggja attåt, og ingen ting taka ifrå.

< Deuteronomii 12 >