< Ii Samuelis 11 >

1 Factum est autem, vertente anno, eo tempore quo solent reges ad bella procedere, misit David Ioab, et servos suos cum eo, et universum Israel, et vastaverunt filios Ammon, et obsederunt Rabba: David autem remansit in Ierusalem.
Det hende seg året etter, den tid då kongarne plar fara i herferd, då sende David Joab av stad, og alle herhovdingarne som var under honom og heile Israel, og dei herja Ammonitarlandet og kringsette Rabba. Sjølv heldt David seg heime i Jerusalem.
2 Dum hæc agerentur, accidit ut surgeret David de strato suo post meridiem, et deambularet in solario domus regiæ: viditque mulierem se lavantem, ex adverso super solarium suum: erat autem mulier pulchra valde.
No bar det so til ein dag ved kveldstid David reis upp frå kvila si og gjekk og dreiv på taket på kongshalli, at han såg frå taket ei kona som lauga seg. Kona var ovleg væn å sjå til.
3 Misit ergo rex, et requisivit quæ esset mulier. Nunciatumque est ei quod ipsa esset Bethsabee filia Eliam, uxor Uriæ Hethæi.
David let spyrja etter kven kona var. Han fekk til svar: «Det er Batseba Eliamsdotter, kona åt hetiten Uria.»
4 Missis itaque David nunciis, tulit eam. Quæ cum ingressa esset ad illum, dormivit cum ea: statimque sanctificata est ab immunditia sua:
David sende nokre folk og let henta henne. Ho kom upp, og han låg med henne. Ho hadde nett helga seg etter ho hadde vore urein. Og so for ho heim att.
5 et reversa est domum suam concepto fœtu. Mittensque nunciavit David, et ait: Concepi.
Kona vart med barn. Ho sende bod og melde David at ho var med barn.
6 Misit autem David ad Ioab, dicens: Mitte ad me Uriam Hethæum. Misitque Ioab Uriam ad David.
David sende då det bodet til Joab: «Send hit hetiten Uria!» Joab sende Uria til David.
7 Et venit Urias ad David. Quæsivitque David quam recte ageret Ioab, et populus, et quomodo administraretur bellum.
Då Uria kom inn til honom, spurde David korleis Joab og heren hadde det, og kor det gjekk i krigen.
8 Et dixit David ad Uriam: Vade in domum tuam, et lava pedes tuos. Et egressus est Urias de domo regis, secutusque est eum cibus regius.
So sagde David med Uria: «No kann du ganga heim og lauga føterne dine.» Då Uria gjekk frå kongshalli, fylgde ei kongsgåva etter honom.
9 Dormivit autem Urias ante portam domus regiæ cum aliis servis domini sui, et non descendit ad domum suam.
Men Uria lagde seg ved inngangen til kongshalli saman med alle kongstenarane; han gjekk ikkje heim.
10 Nunciatumque est David a dicentibus: Non ivit Urias in domum suam. Et ait David ad Uriam: Numquid non de via venisti? Quare non descendisti in domum tuam?
David fekk vita at Uria ikkje var gjengen heim. Då sagde David med Uria: «Du kjem då frå ei utferd! Kvifor gjeng du ikkje heim?»
11 Et ait Urias ad David: Arca Dei et Israel et Iuda habitant in papilionibus, et dominus meus Ioab, et servi domini mei super faciem terræ manent: et ego ingrediar domum meam, ut comedam et bibam, et dormiam cum uxore mea? Per salutem tuam, et per salutem animæ tuæ non faciam rem hanc.
Uria svara: «Kista og Israel og Juda bur no i buder; Joab, herren min, og folket hans ligg i læger ute på marki. Og so skulde eg ganga heim og eta og drikka og liggja med kona mi? So sant Herren liver, og so sant du liver: dette gjer eg ikkje!»
12 Ait ergo David ad Uriam: Mane hic etiam hodie, et cras dimittam te. Mansit Urias in Ierusalem in die illa et altera:
Då sagde David med Uria: «Stana her i dag og! So vil eg i morgon senda deg av stad.» Uria stana i Jerusalem den dagen og næste dag.
13 et vocavit eum David ut comederet coram se et biberet, et inebriavit eum: qui egressus vespere, dormivit in strato suo cum servis domini sui, et in domum suam non descendit.
David bad honom til seg, til å eta og drikka med seg; og han drakk honom drukken. Men um kvelden gjekk han av og lagde seg til kvile med kongstenarane; heim gjekk han ikkje.
14 Factum est ergo mane, et scripsit David epistolam ad Ioab: misitque per manum Uriæ,
Morgonen etter skreiv David eit brev til Joab og sende det med Uria.
15 scribens in epistola: Ponite Uriam ex adverso belli, ubi fortissimum est prælium: et derelinquite eum, ut percussus intereat.
I brevet skreiv han: «Set Uria lengst framme, der som striden er hardast. Røm so undan frå honom, so han fær banehogg!»
16 Igitur cum Ioab obsideret urbem, posuit Uriam in loco ubi sciebat viros esse fortissimos.
Joab heldt på og kringsette byen. Då sette han Uria på den staden, der han visste han møtte dei djervaste kararne.
17 Egressique viri de civitate, bellabant adversum Ioab, et ceciderunt de populo servorum David, et mortuus est etiam Urias Hethæus.
Byfolket gjorde utfall og slost med Joab. Det fall då nokre av folket, av mannskapet åt David; hetiten Uria fekk og banen sin der.
18 Misit itaque Ioab, et nunciavit David omnia verba prælii:
Joab sende melding til David um korleis det hadde gjenge i slaget.
19 præcepitque nuncio, dicens: Cum compleveris universos sermones belli ad regem,
Og han gav sendemannen den fyresegni: «Når du er ferdig med å melda kongen alt um striden,
20 si eum videris indignari, et dixerit: Quare accessistis ad murum, ut præliaremini? An ignorabatis quod multa desuper ex muro tela mittantur?
og so harmen kjem upp hjå kongen, og han spør deg: «Kvifor kom de so nær byen i striden? de måtte då vita at dei vilde skjota på dykk ovantil frå muren!
21 Quis percussit Abimelech filium Ierobaal? Nonne mulier misit super eum fragmen molæ de muro, et interfecit eum in Thebes? Quare iuxta murum accessistis? dices: Etiam servus tuus Urias Hethæus occubuit.
Kven var det som vart banen hans Abimelek Jerubbesetsson? Ei kona som kasta ein kvernstein i hovudet på honom ovanfrå muren! Det vart banen hans, der i Tebes! Kvifor kom de so nær muren?» - so skal du fortelja: «Tenaren din, hetiten Uria, fekk og banen sin.»»
22 Abiit ergo nuncius, et venit, et narravit David omnia quæ ei præceperat Ioab.
Mannen gjekk og melde David alt det Joab hadde bode honom.
23 Et dixit nuncius ad David: Prævaluerunt adversum nos viri, et egressi sunt ad nos in agrum: nos autem facto impetu persecuti eos sumus usque ad portam civitatis.
Mannen fortalde for David: «Kararne gjekk hardt på og drog ut mot oss i opi mark. Men me slo deim attende til byporten.
24 Et direxerunt iacula sagittarii ad servos tuos ex muro desuper: mortuique sunt de servis regis, quin etiam servus tuus Urias Hethæus mortuus est.
Då skaut bogeskyttarane på tenarane dine ovanfrå muren, so nokre av kongsmennerne dine fekk sin bane; tenaren din, hetiten Uria, fekk og sin bane der.»
25 Et dixit David ad nuncium: Hæc dices Ioab: Non te frangat ista res: varius enim eventus est belli, nunc hunc, et nunc illum consumit gladius: conforta bellatores tuos adversus urbem, ut destruas eam, et exhortare eos.
David svara sendemannen: «So skal du svara Joab: «Gjer deg inkje ilt av dette! sverdet øyder so ein, so hin! Berre gakk på byen med større styrke, og riv honom ned til grunns!» Styrk hugen hans med dei ordi!»
26 Audivit autem uxor Uriæ, quod mortuus esset Urias vir suus, et planxit eum.
Då kona hans Uria spurde at mannen hennar var fallen, øya og gret ho yver husbonden sin.
27 Transacto autem luctu misit David, et introduxit eam in domum suam, et facta est ei uxor, peperitque ei filium: et displicuit verbum hoc, quod fecerat David, coram Domino.
Då syrgjetidi var ute, sende David bod og let henta henne heim til seg. Ho vart kona hans, og ho åtte ein son. Men det David hadde gjort, var ilt i Herrens augo.

< Ii Samuelis 11 >