< Ii Regum 21 >

1 Duodecim annorum erat Manasses cum regnare cœpisset, et quinquaginta quinque annis regnavit in Ierusalem: nomen matris eius Haphsiba.
Tolv år gamall var Manasse då han vart konge, fem og femti år rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Hefsiba.
2 Fecitque malum in conspectu Domini, iuxta idola gentium, quas delevit Dominus a facie filiorum Israel.
Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, likt med dei avstyggjelege skikkarne hjå dei folki Herren hadde rudt ut for Israels-borni.
3 Conversusque est, et ædificavit excelsa, quæ dissipaverat Ezechias pater eius: et erexit aras Baal, et fecit lucos sicut fecerat Achab rex Israel, et adoravit omnem militiam cæli, et coluit eam.
Han bygde upp att dei offerhaugarne som Hizkia, far hans, hadde lagt i øyde, og reiste altar for Ba’al og laga Astarte-bilæte, liksom Ahab, Israels-kongen, hadde gjort, og kasta seg ned for og tente heile himmelheren.
4 Extruxitque aras in domo Domini, de qua dixit Dominus: In Ierusalem ponam nomen meum.
Ja, han bygde altar i Herrens hus, der som Herren hadde sagt: «Til Jerusalem vil eg festa namnet mitt.»
5 Et extruxit altaria universæ militiæ cæli in duobus atriis templi Domini.
I båe tuni kring Herrens hus bygde han altar for heile himmelheren.
6 Et traduxit filium suum per ignem: et ariolatus est, et observavit auguria, et fecit pythones, et aruspices multiplicavit, ut faceret malum coram Domino, et irritaret eum.
Han vigde son sin i elden og for med spådom og trolldom, og tinga folk til å mana fram draugar og spåvette. Han gjorde mykje som var vondt i Herrens augo, og harma honom.
7 Posuit quoque idolum luci, quem fecerat in templo Domini, super quod locutus est Dominus ad David, et ad Salomonem filium eius: In templo hoc, et in Ierusalem, quam elegi de cunctis tribubus Israel, ponam nomen meum in sempiternum.
Astarte-bilætet som han hadde laga, sette han i det huset som Herren hadde sagt um til David og Salomo, son hans: «Til dette huset og til Jerusalem, som eg hev valt ut millom alle Israels ætter, vil eg festa namnet mitt i all æva.
8 Et ultra non faciam commoveri pedem Israel de terra, quam dedi patribus eorum: si tamen custodierint opere omnia quæ præcepi eis, et universam legem, quam mandavit eis servus meus Moyses.
Eg vil ikkje meir lata Israel flakka heimlaus burt frå landet eg gav federne deira. Berre dei gjer og heldt seg etter alle mine bod og etter heile lovi som Moses, tenaren min, gav deim!»
9 Illi vero non audierunt: sed seducti sunt a Manasse, ut facerent malum super gentes, quas contrivit Dominus a facie filiorum Israel.
Men dei lydde ikkje. Manasse forførde deim, so dei stelte seg verre enn dei folki Herren hadde øydt ut for Israels-borni.
10 Locutusque est Dominus in manu servorum suorum Prophetarum, dicens:
Då tala Herren ved tenarane sine, profetarne, soleis:
11 Quia fecit Manasses rex Iuda abominationes istas pessimas, super omnia quæ fecerunt Amorrhæi ante eum, et peccare fecit etiam Iudam in immunditiis suis:
«Av di Manasse, Juda-kongen, hev drive med desse avstyggjelege skikkarne, verre enn alt det amoritarne gjorde fyre hans tid, og forført med sine steingudar ogso Juda til å synda,
12 propterea hæc dicit Dominus Deus Israel: Ecce ego inducam mala super Ierusalem et Iudam: ut quicumque audierit, tinniant ambæ aures eius.
so segjer Herren, Israels Gud: «Sjå, eg sendar ulukka yver Jerusalem og Juda, so det skal ringja for båe øyro på alle som høyrer det.
13 Et extendam super Ierusalem funiculum Samariæ, et pondus domus Achab: et delebo Ierusalem, sicut deleri solent tabulæ: et delens vertam, et ducam crebrius stylum super faciem eius.
Eg spanar same mælesnori yver Jerusalem som yver Samaria, og nyttar same vegtloddet som yver Ahabs hus. Eg turkar burt Jerusalem, liksom ein turkar av eit fat og so snur det upp ned.
14 Dimittam vero reliquias hereditatis meæ, et tradam eas in manus inimicorum eius: eruntque in vastitatem, et in rapinam cunctis adversariis suis:
Eg støyter ifrå meg deim som er att av arvluten min, og gjev deim i fiendevald, so dei vert til ran og til herfang for alle sine fiendar.
15 eo quod fecerint malum coram me, et perseveraverint irritantes me, ex die qua egressi sunt patres eorum ex Ægypto, usque ad hanc diem.
Og det av di dei hev gjort det som vondt er i mine augo, og jamt harma meg frå den dagen federne deira drog ut or Egyptarland og til den dag i dag.»»
16 Insuper et sanguinem innoxium fudit Manasses multum nimis, donec impleret Ierusalem usque ad os: absque peccatis suis, quibus peccare fecit Iudam, ut faceret malum coram Domino.
Manasse let og skuldlaust blod renna, i so stor mengd at Jerusalem vart fyllt av det frå ende til annan, umfram den syndi at han forførde Juda til å gjera det som vondt var i Herrens augo.
17 Reliqua autem sermonum Manasse, ut universa quæ fecit, et peccatum eius, quod peccavit, nonne hæc scripta sunt in Libro sermonum dierum regum Iuda?
Det som elles er å fortelja um Manasse, um det han gjorde og um hans synd, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne.
18 Dormivitque Manasses cum patribus suis, et sepultus est in horto domus suæ, in horto Oza: et regnavit Amon filius eius pro eo.
Manasse lagde seg til kvile hjå federne sine, og vart gravlagd i slottshagen, i Uzzas hage. Og Amon, son hans, vart konge i staden hans.
19 Viginti duorum annorum erat Amon cum regnare cœpisset: duobus quoque annis regnavit in Ierusalem. Nomen matris eius Messalemeth filia Harus de Ieteba.
Tvo og tjuge år gamall var Amon då han vart konge; tvo år rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Mesullemet Harusdotter, frå Jotba.
20 Fecitque malum in conspectu Domini, sicut fecerat Manasses pater eius.
Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, liksom Manasse, far hans;
21 Et ambulavit in omni via, per quam ambulaverat pater eius: servivitque immunditiis, quibus servierat pater eius, et adoravit eas,
han fylgde i alt fotefari til far sin, og tente steingudarne som far hans hadde tent, og bad til deim.
22 et dereliquit Dominum Deum patrum suorum, et non ambulavit in via Domini.
Han vende seg frå Herren, sin fedregud, og gjekk ikkje på Herrens veg.
23 Tetenderuntque ei insidias servi sui, et interfecerunt regem in domo sua.
Amons hirdmenner samansvor seg og drap kongen i huset hans.
24 Percussit autem populus terræ omnes, qui coniuraverant contra regem Amon: et constituerunt sibi regem Iosiam filium eius pro eo.
Landsfolket slo i hel deim som hadde samansvore seg saman mot Amon, og tok Josia, son hans, til konge i staden hans.
25 Reliqua autem sermonum Amon quæ fecit, nonne hæc scripta sunt in Libro sermonum dierum regum Iuda?
Det som elles er å fortelja um Amon, det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne.
26 Sepelieruntque eum in sepulchro suo, in horto Oza: et regnavit Iosias filius eius pro eo.
Han vart gravlagd i gravi i Uzzias hage. Josia, son hans, vart konge i staden hans.

< Ii Regum 21 >