< Ii Regum 10 >
1 Erant autem Achab septuaginta filii in Samaria: scripsit ergo Iehu litteras, et misit in Samariam, ad optimates civitatis, et ad maiores natu, et ad nutritios Achab, dicens:
Ahab hadde sytti søner i Samaria. Jehu skreiv brev og sende til Samaria, til dei øvste i Jizre’el, til styresmennerne og til dei fosterfeder Ahab hadde sett inn, og der sagde han:
2 Statim ut acceperitis litteras has, qui habetis filios domini vestri, et currus, et equos, et civitates firmas, et arma,
«- - Og når de no fær dette brevet, de som hev hjå dykk sønerne åt herren dykkar, de som råder yver vognerne og hestarne, og hev festning og våpn,
3 eligite meliorem, et eum qui vobis placuerit de filiis domini vestri, et eum ponite super solium patris sui, et pugnate pro domo domini vestri.
so kåra ut den hævaste og likaste av sønerne åt herren dykkar, og set honom upp på kongsstolen åt far hans, og strid so for ætti åt herren dykkar!»
4 Timuerunt illi vehementer, et dixerunt: Ecce duo reges non potuerunt stare coram eo, et quo modo nos valebimus resistere?
Men dei vart reint livrædde. «Når ikkje dei tvo kongarne stod seg mot honom, » sagde dei, «kor kann då me?»
5 Miserunt ergo præpositi domus, et præfecti civitatis, et maiores natu, et nutritii, ad Iehu, dicentes: Servi tui sumus, quæcumque iusseris faciemus, nec constituemus nobis regem: quæcumque tibi placent, fac.
Drottseten og byhovdingen og dei øvste og fosterfederne sende det svaret til Jehu: «Dine tenarar er me; alt det du byd oss, gjer me; ingen vil me kåra til konge. Gjer du som du tykkjer sjølv!»
6 Rescripsit autem eis litteras secundo, dicens: Si mei estis, et obeditis mihi, tollite capita filiorum domini vestri, et venite ad me hac eadem hora cras in Iezrahel. Porro filii regis, septuaginta viri apud optimates civitates nutriebantur.
Då skreiv han eit nytt brev til deim: «Er so det held med meg og lyder mine bod, so hogg hovudi av kongssønerne, og kom til meg i morgon dette bil, til Jizrael!» Dei sytti kongssønerne budde hjå stormennerne i byen, dei som fostra deim.
7 Cumque venissent litteras ad eos, tulerunt filios regis, et occiderunt septuaginta viros, et posuerunt capita eorum in cophinis, et miserunt ad eum in Iezrahel.
Då dei fekk brevet, tok dei kongssønerne og drap deim, alle sytti, lagde so hovudi i korger og sende deim til honom i Jizre’el.
8 Venit autem nuncius, et indicavit ei, dicens: Attulerunt capita filiorum regis. Qui respondit: Ponite ea ad duos acervos iuxta introitum portæ usque mane.
Då han fekk bod at dei var komne med hovudi av kongssønerne, sagde han: «Legg dei i tvo dungar attmed byporten til i morgon!»
9 Cumque diluxisset, egressus est, et stans dixit ad omnem populum: Iusti estis: si ego coniuravi contra dominum meum, et interfeci eum, quis percussit omnes hos?
Morgonen etter for han dit ut, steig fram og tala for folket: «De er skuldlause. Det var eg som fekk i stand samansverjingi mot herren min; det var eg som drap honom; men kven hev slege i hel alle desse?
10 Videte ergo nunc quoniam non cecidit de sermonibus Domini in terram, quos locutus est Dominus super domum Achab, et Dominus fecit quod locutus est in manu servi sui Eliæ.
Skyna då at ikkje eitt av Herrens ord hev vorte til inkjes, av det Herren tala mot Ahabs hus. Herren hev gjort so som han tala ved Elia, tenaren sin.»
11 Percussit igitur Iehu omnes, qui reliqui erant de domo Achab in Iezrahel, et universos optimates eius, et notos, et sacerdotes, donec non remanerent ex eo reliquiæ.
Jehu slo i hel alle som var att av Ahabs hus i Jizre’el, like eins alle stormennerne hans og venerne hans og prestarne hans, so ingen vart att eller slapp undan.
12 Et surrexit, et venit in Samariam: cumque venisset ad cameram pastorum in via,
So tok han ut og for av stad til Samaria. På vegen dit attmed Gjætar-Bet-Eked
13 invenit fratres Ochoziæ regis Iuda, dixitque ad eos: Quinam estis vos? Qui responderunt: Fratres Ochoziæ sumus, et descendimus ad salutandos filios regis, et filios reginæ.
råka han på brørne til Ahazja, kongen i Juda. «Kven er de?» spurde han. Dei svara: «Brørne til Ahazja er me; me er på veg og vil helsa på kongssønerne og sønerne åt kongsmori.»
14 Qui ait: Comprehendite eos vivos. Quos cum comprehendissent vivos, iugulaverunt eos in cisterna iuxta Cameram, quadraginta duos viros, et non reliquit ex eis quemquam.
«Fanga deim livande!» ropa han. Dei so gjorde. Og han drap deim og kasta deim i brunnen i Bet-Eked, tvo og fyrti i talet; ikkje ein av deim vart spard.
15 Cumque abiisset inde, invenit Ionadab filium Rechab in occursum sibi, et benedixit ei. Et ait ad eum: Numquid est cor tuum rectum, sicut cor meum cum corde tuo? Et ait Ionadab: Est. Si est, inquit, da manum tuam. Qui dedit ei manum suam. At ille levavit eum ad se in currum:
På vegen derifrå møtte han på Jonadab Rekabsson. Han helsa og spurde: «Er du likso ærleg i hugen mot meg, som eg er mot deg?» «Ja, » svara Jonadab. «Er du det so gjev meg handi!» Han so gjorde, og dermed drog han honom upp til seg i vogni.
16 dixitque ad eum: Veni mecum, et vide zelum meum pro Domino. Et impositum in curru suo
«Køyr med meg, » sagde han, «so skal du sjå kor brennhuga eg er for Herren!» So fekk han køyra med honom i vogni.
17 duxit in Samariam. Et percussit omnes qui reliqui fuerant de Achab in Samaria usque ad unum, iuxta verbum Domini, quod locutus est per Eliam.
Då han kom til Samaria, slo han i hel alle som var att av Ahabs hus der i byen; han tynte deim alle, soleis som Herren hadde sagt til Elia.
18 Congregavit ergo Iehu omnem populum, et dixit ad eos: Achab coluit Baal parum, ego autem colam eum amplius.
So stemnde Jehu saman alt folket og tala til deim: «Ahab dyrka Ba’al lite, Jehu vil dyrka honom mykje.
19 Nunc igitur omnes prophetas Baal, et universos servos eius, et cunctos sacerdotes ipsius vocate ad me: nullus sit qui non veniat, sacrificium enim grande est mihi Baal: quicumque defuerit, non vivet. Porro Iehu faciebat hoc insidiose, ut disperderet cultores Baal.
Stemn no i hop til meg alle Ba’als-profetarne, alle dyrkarne hans, og alle prestarne hans, ikkje ein må vanta! for eg etlar halda ein stor offerveitsla for Ba’al; og kvar som vantar, skal bøta med livet.» Jehu gjorde det på svik, av di han vilde rydja ut Ba’als-dyrkararne.
20 Et dixit: Sanctificate diem sollemnem Baal. Vocavitque
Jehu baud: «Lys ut ei stor samlingshøgtid for Ba’al!» Dei lyste henne ut.
21 et misit in univeros terminos Israel, et venerunt cuncti servi Baal: non fuit residuus ne unus quidem qui non veniret. Et ingressi sunt templum Baal: et repleta est domus Baal, a summo usque ad summum.
Jehu sende bod kring i heile Israel, og alle Ba’als-dyrkararne kom; det var ikkje ein som ikkje møtte. Dei gjekk inn i Ba’als-templet, og Ba’als-templet vart fullt frå ende til annan.
22 Dixitque his, qui erant super vestes: Proferte vestimenta universis servis Baal. Et protulerunt eis vestes.
So baud han tilsynsmannen yver klædebui: «Tak fram bunader åt alle Ba’als-dyrkararne!» Og han tok fram bunader åt deim.
23 Ingressusque Iehu, et Ionadab filius Rechab templum Baal, ait cultoribus Baal: Perquirite, et videte, ne quis forte vobiscum sit de servis Domini, sed ut sint servi Baal soli.
So gjekk Jehu og Jonadab Rekabsson inn i Ba’als-templet. Han bad Ba’als-dyrkararne agta på og sjå etter at det ikkje fanst nokon av Herrens tenarar millom deim, anna einast Ba’als-dyrkarar.
24 Ingressi sunt igitur ut facerent victimas et holocausta: Iehu autem præparaverat sibi foris octoginta viros, et dixerat eis: Quicumque fugerit de hominibus his, quos ego adduxero in manus vestras, anima eius erit pro anima illius.
So gjekk dei inn og ofra slagtoffer og brennoffer. Jehu hadde sett åtteti mann utanfor og sagt: «Slepp det undan ein einaste av deim eg gjev i dykkar hende, skal de bøta liv for liv!»
25 Factum est autem, cum completum esset holocaustum, præcepit Iehu militibus et ducibus suis: Ingredimini, et percutite eos, nullus evadat. Percusseruntque eos in ore gladii, et proiecerunt milites et duces: et ierunt in civitatem templi Baal,
Då han so var ferdig med å ofra brennofferet, baud Jehu livvakti og kjemporne: «Inn og slå deim i hel! Slepp ingen ut!» Dei hogg deim ned, og kasta ut liki. So trengde livvakti og kjemporne seg inn i det inste av Ba’als-templet,
26 et protulerunt statuam de fano Baal, et combusserunt,
og kasta ut stolparne i Ba’als-templet og brende deim upp.
27 et comminuerunt eam. Destruxerunt quoque ædem Baal, et fecerunt pro ea latrinas usque in diem hanc.
Dei reiv ned Ba’als-sula, og dei reiv ned heile Ba’als-templet, og laga det um til naudturftstad, som finst den dag i dag.
28 Delevit itaque Iehu Baal de Israel:
So øydde Jehu Ba’al ut or Israel.
29 verumtamen a peccatis Ieroboam filii Nabat, qui peccare fecit Israel, non recessit, nec dereliquit vitulos aureos, qui erant in Bethel, et in Dan.
Men han gav ikkje upp synderne hans Jerobeam Nebatsson, som han hadde forført Israel til: gullkalvarne i Betel og Dan.
30 Dixit autem Dominus ad Iehu: Quia studiose egisti quod rectum erat, et placebat in oculis meis, et omnia quæ erant in corde meo fecisti contra domum Achab: filii tui usque ad quartam generationem sedebunt super thronum Israel.
Herren tala til Jehu: «Av di du gjorde til gagns det som eg tykkjer er rett, med di du gjorde alt det eg hadde etla Ahabs-ætti, so skal barnebarns-borni dine sitja på Israels kongsstol.»
31 Porro Iehu non custodivit ut ambularet in lege Domini Dei Israel in toto corde suo: non enim recessit a peccatis Ieroboam, qui peccare fecerat Israel.
Men Jehu heldt seg ikkje heilt etter Herrens, Israels Guds, lov; han gav ikkje upp synderne hans Jerobeam, som han hadde forført Israel til.
32 In diebus illis cœpit Dominus tædere super Israel: percussitque eos Hazael in universis finibus Israel,
Ved denne tid tok Herren til å skjera stykke or Israel. Hazael slo deim langs heile Israels landskil;
33 a Iordane contra Orientalem plagam, omnem Terram Galaad, et Gad, et Ruben, et Manasse, ab Aroer, quæ est super Torrentem Arnon, et Galaad, et Basan.
på austsida av Jordan tok han heile Gileadlandet, Gads-ætti, Rubens-ætti, Manasse-ætti, frå Aroer ved Arnonåi, heile Gilead og Basan.
34 Reliqua autem verborum Iehu, et universa quæ fecit, et fortitudo eius, nonne hæc scripta sunt in Libro verborum dierum regum Israel?
Det som elles er å fortelja um Jehu, um alt det han gjorde og alle hans storverk, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.
35 Et dormivit Iehu cum patribus suis, sepelieruntque eum in Samaria: et regnavit Ioachaz filius eius pro eo.
Jehu lagde seg til kvile hjå federne sine og vart gravlagd i Samaria. Joahaz, son hans, vart konge i staden hans.
36 Dies autem, quos regnavit Iehu super Israel, viginti et octo anni sunt, in Samaria.
Den tidi Jehu var konge yver Israel i Samaria, var åtte og tjuge år.