< Ii Paralipomenon 14 >
1 Dormivit autem Abia cum patribus suis, et sepelierunt eum in Civitate David: regnavitque Asa filius eius pro eo, in cuius diebus quievit terra annis decem.
Og Abia lagde seg til kvile hjå federne sine, og dei gravlagde honom i Davidsbyen; Asa, son hans, vart konge i staden hans. I hans dagar hadde landet fred i ti år.
2 Fecit autem Asa quod bonum et placitum erat in conspectu Dei sui, et subvertit altaria peregrini cultus, et excelsa,
Asa gjorde det som var godt og rett i augo åt Herren, hans Gud.
3 et confregit statuas, lucosque succidit:
Han fekk burt dei framande altari og offerhaugarne, braut sund minnesteinarne og hogg ned Astarte-bilæti.
4 et præcepit Iudæ ut quæreret Dominum Deum patrum suorum, et faceret legem, et universa mandata:
Og han baud Juda-mennerne at dei skulde søkja Herren, deira fedregud, og halda lovi og bodet.
5 et abstulit de cunctis urbibus Iuda aras, et fana, et regnavit in pace.
Og han fekk burt offerhaugarne og solsulorne frå alle byarne i Juda, og riket hadde ro so lenge han livde.
6 Ædificavit quoque urbes munitas in Iuda, quia quietus erat, et nulla temporibus eius bella surrexerant, pacem Domino largiente.
Han bygde borgar i Juda; for landet hadde fred, og det kom ikkje til nokon krig imot honom i dei åri, for Herren gav honom ro.
7 Dixit autem Iudæ: Ædificemus civitates istas, et vallemus muris, et roboremus turribus, et portis, et seris, donec a bellis quieta sunt omnia, eo quod quæsierimus Dominum Deum patrum nostrorum, et dederit nobis pacem per gyrum. Ædificaverunt igitur, et nullum in extruendo impedimentum fuit.
Han sagde til Juda: «Lat oss byggja desse byarne og setja murar og tårn ikring deim og portar og portbommar, medan me endå hev landet i vår magt, for di me hev søkt Herren, vår Gud; me hev søkt honom, og han hev gjeve oss fred til alle sidor.» So bygde dei då, og det gjekk godt.
8 Habuit autem Asa in exercitu suo portantium scuta et hastas de Iuda trecenta millia, de Beniamin vero scutariorum et sagittariorum ducenta octoginta millia, omnes isti viri fortissimi.
Asa hadde ein her som var væpna med langskjoldar og spjot, tri hundrad tusund mann av Juda, og dessutan tvo hundrad og åtteti tusund av Benjamin, som bar rundskjoldar og spente boge. Alle desse var djerve stridsmenner.
9 Egressus est autem contra eos Zara Æthiops cum exercitu suo, decies centena millia, et curribus trecentis: et venit usque Maresa.
Og ætiopen Zerah drog ut imot deim med ein her på tusund gonger tusund mann og tri hundrad stridsvogner, og han kom til Maresa.
10 Porro Asa perrexit obviam ei, et instruxit aciem ad bellum in Valle Sephata, quæ est iuxta Maresa:
Og Asa drog imot honom, og dei fylkte seg til strid i Sefatadalen ved Maresa.
11 et invocavit Dominum Deum, et ait: Domine non est apud te ulla distantia utrum in paucis auxilieris, an in pluribus: Adiuva nos Domine Deus noster: in te enim, et in tuo nomine habentes fiduciam venimus contra hanc multitudinem. Domine, Deus noster tu es, non prævaleat contra te homo.
Då ropa Asa til Herren, hans Gud: «Herre! det er ingen som du til å hjelpa i strid millom ein som er sterk og ein som er magtlaus. So hjelp oss, Herre, vår Gud! For til deg held me oss, og med ditt namn er me komne hit imot denne hopen. Herre, du er vår Gud; lat ikkje noko menneskje standa seg imot deg!»
12 Exterruit itaque Dominus Æthiopes coram Asa et Iuda: fugeruntque Æthiopes.
Då slo Herren ætioparne for augo på Asa og Juda og ætioparne rømde.
13 Et persecutus est eos Asa, et populus, qui cum eo erat, usque Gerara: et ruerunt Æthiopes usque ad internecionem, quia Domino cædente contriti sunt, et exercitu illius præliante. Tulerunt ergo spolia multa,
Asa og folket som var med honom, forfylgde deim til Gerar, og det fall so mange av ætioparne, at ingen vart i live, for dei vart knustra for Herren og hans her. Folket tok ei uhorveleg mengd med herfang.
14 et percusserunt civitates omnes per circuitum Geraræ: grandis quippe cunctos terror invaserat: et diripuerunt urbes, et multam prædam asportaverunt.
Og dei tok alle byarne rundt ikring Gerar, for ein støkk frå Herren hadde kome yver deim, og dei plundra alle byarne, for det var mykje herfang i deim.
15 Sed et caulas ovium destruentes, tulerunt pecorum infinitam multitudinem, et camelorum: reversique sunt in Ierusalem.
Jamvel buskaps-tjeldi tok dei, og dei drog med seg ei mengd med småfe og kamelar, og so snudde dei heim att til Jerusalem.