< I Regum 16 >

1 Factus est autem sermo Domini ad Iehu filium Hanani contra Baasa, dicens:
Og Herrens ord kom til Jehu Hananison um Baesa, soleis:
2 Pro eo quod exaltavi te de pulvere, et posui te ducem super populum meum Israel, tu autem ambulasti in via Ieroboam, et peccare fecisti populum meum Israel, ut me irritares in peccatis eorum:
«Eg hev lyft deg upp or moldi og sett deg til hovding yver Israel, folket mitt. Men du hev fare der Jerobeam for, og fenge Israel, folket mitt, til å synda, so dei hev harma meg med synderne sine.
3 ecce, ego demetam posteriora Baasa, et posteriora domus eius: et faciam domum tuam sicut domum Ieroboam filii Nabat.
Difor vil eg sopa etter Baesa og huset hans; eg vil gjera med ditt hus som eg gjorde med huset åt Jerobeam Nebatsson.
4 Qui mortuus fuerat de Baasa in civitate, comedent eum canes: et qui mortuus fuerit ex eo in regione, comedent eum volucres cæli.
Den av huset åt Baesa som døyr i byen, skal hundarne eta upp, og den av huset hans som døyr utpå marki, skal fuglarne under himmelen eta upp.»
5 Reliqua autem sermonum Baasa, et quæcumque fecit, et prælia eius, nonne hæc scripta sunt in Libro verborum dierum regum Israel?
Det som elles er å fortelja um Baesa og um det han gjorde, um storverki hans, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.
6 Dormivit ergo Baasa cum patribus suis, sepultusque est in Thersa: et regnavit Ela filius eius pro eo.
Og Baesa lagde seg til kvile hjå federne sine og vart gravlagd i Tirsa, og Ela, son hans, vart konge i staden hans.
7 Cum autem in manu Iehu filii Hanani prophetæ verbum Domini factum esset contra Baasa, et contra domum eius, et contra omne malum, quod fecerat coram Domino, ad irritandum eum in operibus manuum suarum, ut fieret sicut domus Ieroboam: ob hanc causam occidit eum, hoc est, Iehu filium Hanani, prophetam.
Men gjenom profeten Jehu Hananison var Herrens ord kome til Baesa og huset hans både for alt det han gjorde som Herren mislika, då han harma honom med det som henderne hans gjorde i likskap med Jerobeams hus, og for det at han hadde slege dette i hel.
8 Anno vigesimo sexto Asa regis Iuda, regnavit Ela filius Baasa super Israel in Thersa duobus annis.
I det seks og tjugande året åt Juda-kongen Asa vart Ela Baesason konge yver Israel i Tirsa, og det var han i tvo år.
9 Et rebellavit contra eum servus suus Zambri, dux mediæ partis equitum: erat autem Ela in Thersa bibens, et temulentus in domo Arsa præfecti Thersa.
Då fekk ein av tenarane hans, Zimri, hovdingen for helvti av vognerne, til ei samansverjing imot honom, og ein gong han hadde teke seg eit rus i Tirsa, i huset åt Arsa, drottseten i Tirsa,
10 Irruens ergo Zambri, percussit, et occidit eum anno vigesimo septimo Asa regis Iuda, et regnavit pro eo.
kom Zimri dit og slo han i hel - det var i sju og tjugande året åt Juda-kongen Asa - og so vart han sjølv konge i staden hans.
11 Cumque regnasset, et sedisset super solium eius, percussit omnem domum Baasa, et non dereliquit ex ea mingentem ad parietem, et propinquos et amicos eius.
Og då han hadde vorte konge og var komen på kongsstolen sin, tynte han heile huset åt Baesa; han let det ikkje vera att nokon karmann, men drap jamvel skyldfolk og vener til honom.
12 Delevitque Zambri omnem domum Baasa, iuxta verbum Domini, quod locutus fuerat ad Baasa in manu Iehu prophetæ,
So rudde Zimri ut heile huset åt Baesa, etter det ord som Herren hadde tala til Baesa gjenom profeten Jehu,
13 propter universa peccata Baasa, et peccata Ela filii eius, qui peccaverunt, et peccare fecerunt Israel provocantes Dominum Deum Israel in vanitatibus suis.
for alle dei synder skuld som Baesa og Ela, son hans, hadde gjort, og som dei hadde fenge Israel til å gjera, so dei harma Herren, Israels Gud, med dei fånyttige avgudarne sine.
14 Reliqua autem sermonum Ela, et omnia quæ fecit, nonne hæc scripta sunt in Libro verborum dierum regum Israel?
Det som elles er å fortelja um Ela og alt det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.
15 Anno vigesimo septimo Asa regis Iuda, regnavit Zambri septem diebus in Thersa: porro exercitus obsidebat Gebbethon urbem Philisthinorum.
I det sju og tjugande året åt Juda-kongen Asa vart Zimri konge i sju dagar i Tirsa, den gongen folket kringsette Gibbeton, som tilhøyrde filistarane.
16 Cumque audisset rebellasse Zambri, et occidisse regem, fecit sibi regem omnis Israel Amri, qui erat princeps militiæ super Israel in die illa in castris.
Då folket som låg i lægret, høyrde at Zimri hadde fenge til ei samansverjing og jamvel slege kongen i hel, gjorde heile Israel den israelitiske herføraren Omri til konge i lægret same dagen.
17 Ascendit ergo Amri, et omnis Israel cum eo de Gebbethon, et obsidebant Thersa.
Og Omri tok upp ifrå Gibbeton og heile Israel med honom, og dei kringsette Tirsa.
18 Videns autem Zambri quod expugnanda esset civitas, ingressus est palatium, et succendit se cum domo regia: et mortuus est
Og då Zimri såg at byen var teken, gjekk han inn i borgi i kongsgarden og sette eld på kongsgarden yver seg og døydde soleis,
19 in peccatis suis, quæ peccaverat faciens malum coram Domino, et ambulans in via Ieroboam, et in peccato eius, quo fecit peccare Israel.
for dei synder han hadde gjort, med di han gjorde det som vondt var i Herrens augo og stemnde fram på Jerobeams veg og i den synd som han hadde gjort og fenge Israel til å gjera.
20 Reliqua autem sermonum Zambri, et insidiarum eius, et tyrannidis, nonne hæc scripta sunt in Libro verborum dierum regum Israel?
Det som elles er å fortelja um Zimri og um den samansverjingi som han fekk til, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.
21 Tunc divisus est populus Israel in duas partes: media pars populi sequebatur Thebni filium Gineth, ut constitueret eum regem: et media pars Amri.
No kløydest Israels-folket seg i tvo flokkar; den eine helvti av folket heldt med Tibni Ginatsson og gjorde honom til konge, men den andre helvti heldt seg til Omri.
22 Prævaluit autem populus, qui erat cum Amri, populo qui sequebatur Thebni filium Gineth: mortuusque est Thebni, et regnavit Amri.
Og den flokken som heldt med Omri, vart for sterk for deim som heldt med Tibni Ginatsson, og då Tibni døydde, vart Omri konge.
23 Anno trigesimo primo Asa regis Iuda regnavit Amri super Israel, duodecim annis: in Thersa regnavit sex annis.
I det eitt og trettiande året åt Juda-kongen Asa vart Omri konge i Israel, og det var han i tolv år. I Tirsa styrde han i seks år.
24 Emitque montem Samariæ a Somer duobus talentis argenti: et ædificavit eum, et vocavit nomen civitatis, quam extruxerat, nomine Semer, domini montis Samariam.
Han kjøpte berget Samaria av Semer for fem våger sylv, og han bygde på berget og kalla byen som han bygde der Samaria, etter Semer, som hadde ått berget.
25 Fecit autem Amri malum in conspectu Domini, et operatus est nequiter super omnes, qui fuerunt ante eum.
Men Omri gjorde det som vondt var i Herrens augo; ja, han bar seg verre åt enn alle som hadde vore fyre honom.
26 Ambulavitque in omni via Ieroboam filii Nabat, et in peccatis eius quibus peccare fecerat Israel: ut irritaret Dominum Deum Israel in vanitatibus suis.
Han fylgde Jerobeam Nebatsson etter på alle hans vegar og i alle dei synder som han hadde fenge Israel til å gjera, so dei harma Herren, Israels Gud, med sine fånyttige avgudar.
27 Reliqua autem sermonum Amri, et prælia eius, quæ gessit, nonne hæc scripta sunt in Libro verborum dierum regum Israel?
Det som elles er å fortelja um Omri, um det han gjorde og um storverki hans, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.
28 Dormivitque Amri cum patribus suis, et sepultus est in Samaria: regnavitque Achab filius eius pro eo.
Og Omri lagde seg til kvile hjå federne sine og vart gravlagd i Samaria, og Ahab, son hans, vart konge i staden hans.
29 Achab vero filius Amri regnavit super Israel anno trigesimo octavo Asa regis Iuda. Et regnavit Achab filius Amri super Israel in Samaria viginti et duobus annis.
Ahab Omrison vart konge yver Israel i det åtte og trettiande året åt Juda-kongen Asa, og Ahab Omrison styrde Israel tvo og tjuge år i Samaria.
30 Et fecit Achab filius Amri malum in conspectu Domini super omnes, qui fuerunt ante eum.
Ahab Omrison gjorde det som vondt var i Herrens augo, meir enn alle som hadde vore fyre honom.
31 Nec suffecit ei ut ambularet in peccatis Ieroboam, filii Nabat: insuper duxit uxorem Iezabel filiam Ethbaal regis Sidoniorum. Et abiit, et servivit Baal, et adoravit eum.
Det var ikkje nok for honom at han livde i synderne til Jerobeam Nebatsson, men han tok jamvel og gifte seg med Jezabel, dotter åt sidonarkongen Etba’al, og gjekk so av stad og tente Ba’al og tilbad honom.
32 Et posuit aram Baal in templo Baal, quod ædificaverat in Samaria,
Og han reiste eit altar for Ba’al i det Ba’als-huset som han hadde bygt i Samaria.
33 et plantavit lucum: et addidit Achab in opere suo, irritans Dominum Deum Israel super omnes reges Israel, qui fuerunt ante eum.
Ahab fekk ei Asjera tillaga og gjorde meir til å harma Herren, Israels Gud, enn alle Israels-kongarne som hadde vore fyre honom.
34 In diebus eius ædificavit Hiel de Bethel, Iericho: in Abiram primitivo suo fundavit eam, et in Segub novissimo suo posuit portas eius: iuxta verbum Domini, quod locutus fuerat in manu Iosue filii Nun.
I hans tid bygde beteliten Hiel upp att Jeriko. Men det kosta honom eldste son hans, Abiram, å leggja grunnen; og det kosta honom yngste son hans, Segub, å setja upp portarne, etter det ord Herren hadde tala gjenom Josva Nunsson.

< I Regum 16 >