< Leviticus 9 >

1 Facto autem octavo die, vocavit Moyses Aaron, et filios ejus, ac majores natu Israël, dixitque ad Aaron:
Då den åttande dagen var komen, kalla Moses til seg Aron og sønerne hans og dei øvste i Israel,
2 Tolle de armento vitulum pro peccato, et arietem in holocaustum, utrumque immaculatum, et offer illos coram Domino.
og han sagde med Aron: «Tak ein uksekalv til syndoffer og ein ver til brennoffer, lytelause båe tvo, og leid deim fram for Herrens åsyn!
3 Et ad filios Israël loqueris: Tollite hircum pro peccato, et vitulum, atque agnum, anniculos, et sine macula in holocaustum,
Og til Israels-folket skal du segja: «Tak ein geitebukk til syndoffer, og ein kalv og eit lamb, årsgamle og lytelause båe tvo, til brennoffer,
4 bovem et arietem pro pacificis: et immolate eos coram Domino, in sacrificio singulorum similam conspersam oleo offerentes: hodie enim Dominus apparebit vobis.
og ein ukse og ein ver til takkoffer - dei skal slagtast for Herrens åsyn - og so eit grjonoffer som er tillaga med olje! For i dag vil Herren syna seg for dykk.»»
5 Tulerunt ergo cuncta quæ jusserat Moyses ad ostium tabernaculi: ubi cum omnis multitudo astaret,
So henta dei det som Moses hadde sagt, og sette det framanfor møtetjeldet, og heile lyden gjekk innåt, og stod for Herrens åsyn.
6 ait Moyses: Iste est sermo, quem præcepit Dominus: facite, et apparebit vobis gloria ejus.
Og Moses sagde: «Soleis hev Herren sagt de skal gjera, so skal herlegdomen åt Herren syna seg for dykk.»
7 Et dixit ad Aaron: Accede ad altare, et immola pro peccato tuo: offer holocaustum, et deprecare pro te et pro populo: cumque mactaveris hostiam populi, ora pro eo, sicut præcepit Dominus.
So sagde han til Aron: «Kom hit åt altaret, og ofra syndofferet og brennofferet ditt, og gjer soning for deg og for folket, og ber so fram offergåva frå folket og gjer soning for deim, soleis som Herren hev sagt!»
8 Statimque Aaron accedens ad altare, immolavit vitulum pro peccato suo:
So steig Aron fram åt altaret, og slagta uksekalven som skulde vera syndoffer for honom sjølv.
9 cujus sanguinem obtulerunt ei filii sui: in quo tingens digitum, tetigit cornua altaris, et fudit residuum ad basim ejus.
Sønerne hans gav honom blodet, og han duppa fingeren i blodet, og strauk det på altaret, og det som var att av blodet, helte han ut tett innmed altarfoten.
10 Adipemque, et renunculos, ac reticulum jecoris, quæ sunt pro peccato, adolevit super altare, sicut præceperat Dominus Moysi:
Feittet og nyro og den store livreflaga av syndofferdyret brende han på altaret, so røyken steig upp mot himmelen, soleis som Herren hadde sagt med Moses;
11 carnes vero et pellem ejus extra castra combussit igni.
men kjøtet og hudi brende han i elden utanfor lægret.
12 Immolavit et holocausti victimam: obtuleruntque ei filii sui sanguinem ejus, quem fudit per altaris circuitum.
So slagta han brennofferdyret. Sønerne hans gav honom blodet, og han skvette det rundt ikring på altaret.
13 Ipsam etiam hostiam in frusta concisam, cum capite et membris singulis obtulerunt; quæ omnia super altare cremavit igni,
Sidan rette dei sjølve brennofferet til honom, stykke for stykke, og hovudet, og han brende det på altaret, so røyken steig upp mot himmelen.
14 lotis aqua prius intestinis et pedibus.
Innvolen og føterne tvo han i vatn, og so brende han det og på altaret i hop med hitt.
15 Et pro peccato populi offerens, mactavit hircum: expiatoque altari,
So bar han fram offergåvorne frå folket. Fyrst tok han bukken som skulde vera syndoffer for folket, og slagta honom, og bar honom fram til syndoffer, liksom det fyrste offerdyret.
16 fecit holocaustum,
Sameleis førde han fram brennofferet, og stelte det til på rette gjerdi.
17 addens in sacrificio libamenta, quæ pariter offeruntur, et adolens ea super altare, absque cæremoniis holocausti matutini.
Sidan bar han fram grjonofferet; av det tok han ein neve og brende på altaret umfram morgon-brennofferet.
18 Immolavit et bovem atque arietem, hostias pacificas populi: obtuleruntque ei filii sui sanguinem, quem fudit super altare in circuitum.
So slagta han uksen og veren, takkofferet frå folket; sønerne hans gav honom blodet, og han skvette det rundt ikring på altaret.
19 Adipem autem bovis, et caudam arietis, renunculosque cum adipibus suis, et reticulum jecoris,
Og feittet av uksen, og spælen og netja og nyro og den store livreflaga av veren,
20 posuerunt super pectora: cumque cremati essent adipes super altare,
alt feittet, lagde dei uppå bringestykki. Og Aron brende feittet på altaret, so røyken steig upp mot himmelen;
21 pectora eorum, et armos dextros separavit Aaron, elevans coram Domino, sicut præceperat Moyses.
men bringestykki og det høgre låret svinga han att og fram for Herrens åsyn, som Moses hadde sagt til honom.
22 Et extendens manus ad populum, benedixit ei. Sicque completis hostiis pro peccato, et holocaustis, et pacificis, descendit.
Og Aron lyfte henderne yver folket og velsigna deim, og so steig han ned, etter han hadde bore fram syndofferet og brennofferet og takkofferet.
23 Ingressi autem Moyses et Aaron in tabernaculum testimonii, et deinceps egressi, benedixerunt populo. Apparuitque gloria Domini omni multitudini:
Sidan gjekk Moses og Aron inn i møtetjeldet, og då dei kom ut att, velsigna dei folket. Då synte herlegdomen åt Herren seg for heile folket,
24 et ecce egressus ignis a Domino, devoravit holocaustum, et adipes qui erant super altare. Quod cum vidissent turbæ, laudaverunt Dominum, ruentes in facies suas.
og det for eld ut frå Herren åsyn og brende upp det som var på altaret, både brennofferet og feittet, og då folket såg det, ropa dei alle høgt av gleda, og kasta seg ned, med andlitet mot jordi.

< Leviticus 9 >