< Esther 4 >

1 Quæ cum audisset Mardochæus, scidit vestimenta sua, et indutus est sacco, spargens cinerem capiti: et in platea mediæ civitatis voce magna clamabat, ostendens amaritudinem animi sui,
Då Mordokai fekk vita alt som var hendt, reiv han sund klædi sine og klædde seg i sekk og oska, gjekk ut i byen og skreik høgt og sårt.
2 et hoc ejulatu usque ad fores palatii gradiens. Non enim erat licitum indutum sacco aulam regis intrare.
Og han kom til plassen utanfor kongsporten; for ingen fekk lov til å ganga inn i kongsporten i syrgjebunad.
3 In omnibus quoque provinciis, oppidis, ac locis, ad quæ crudele regis dogma pervenerat, planctus ingens erat apud Judæos, jejunium, ululatus, et fletus, sacco et cinere multis pro strato utentibus.
I kvart jarlerike, dit som kongens ord og påbod nådde, der vart det stor sorg millom jødar; dei fasta og gret og jamra; mange reidde upp under seg med sekk og oska.
4 Ingressæ autem sunt puellæ Esther et eunuchi, nuntiaveruntque ei. Quod audiens consternata est, et vestem misit, ut ablato sacco induerent eum: quam accipere noluit.
Ternorne og hirdmennerne åt Ester kom og fortalde henne dette, og dronningi vart reint forstøkt. Ho sende klæde til Mordokai som han skulde taka på seg i staden for syrgjebunaden; men han tok ikkje imot.
5 Accitoque Athach eunucho, quem rex ministrum ei dederat, præcepit ei ut iret ad Mardochæum, et disceret ab eo cur hoc faceret.
Ester kalla då til seg Hatak, ein av kongens hirdmenner, som var sett til å tena henne, og sende honom til Mordokai til å få vita kva som var tids, og kvifor han bar seg soleis.
6 Egressusque Athach, ivit ad Mardochæum stantem in platea civitatis, ante ostium palatii:
Hatak gjekk ut til Mordokai på bytorget under kongsporten.
7 qui indicavit ei omnia quæ acciderant: quomodo Aman promisisset ut in thesauros regis pro Judæorum nece inferret argentum.
Og Mordokai fortalde honom um alt det som hadde hendt honom, og nemnde grant den pengesumen som Haman hadde lova å vega upp åt kongskassa for jødarne, når han fekk tynt dei.
8 Exemplar quoque edicti, quod pendebat in Susan, dedit ei, ut reginæ ostenderet, et moneret eam ut intraret ad regem et deprecaretur eum pro populo suo.
Dessutan gav han honom avskrift av det skrivne påbodet som hadde vorte utferda i Susan um å rydja deim ut; han skulde syna Ester det og melde henne det, og bjoda henne å ganga inn til kongen og beda um miskunn og søkja nåde for folket sitt hjå honom.
9 Regressus Athach, nuntiavit Esther omnia quæ Mardochæus dixerat.
Hatak kom og melde Ester det Mordokai hadde sagt.
10 Quæ respondit ei, et jussit ut diceret Mardochæo:
Då baud Ester Hatak ganga til Mordokai og segja:
11 Omnes servi regis, et cunctæ, quæ sub ditione ejus sunt, norunt provinciæ, quod sive vir, sive mulier non vocatus, interius atrium regis intraverit, absque ulla cunctatione statim interficiatur: nisi forte rex auream virgam ad eum tetenderit pro signo clementiæ, atque ita possit vivere. Ego igitur quomodo ad regem intrare potero, quæ triginta jam diebus non sum vocata ad eum?
«Alle kongstenarane og folket i kongens jarlerike veit at den lovi gjeld for alle, kar eller kvende: gjeng nokon ukalla inn til kongen i den indre garden, so lyt han lata livet; det einaste er um kongen retter ut mot honom gullstaven, då fær han liva. Og eg hev ikkje vore kalla til kongen no på tretti dagar.»
12 Quod cum audisset Mardochæus,
Dei fortalde Mordokai kva Ester hadde sagt.
13 rursum mandavit Esther, dicens: Ne putes quod animam tuam tantum liberes, quia in domo regis es præ cunctis Judæis:
Då sagde Mordokai dei skulde svara henne: «Du må ikkje tenkja med deg sjølv at du skal sleppa undan millom alle jødar, av di er i huset hjå kongen.
14 si enim nunc silueris, per aliam occasionem liberabuntur Judæi: et tu, et domus patris tui, peribitis. Et quis novit utrum idcirco ad regnum veneris, ut in tali tempore parareris?
Nei, tegjer du verkeleg stilt i dette høvet, so skal nok jødarne få utfriing og frelsa frå ein annan kant; men du og farshuset ditt skal ganga til grunnar. Kven veit um ikkje du hev nått til kongeleg rang just for dette høvet skuld?»
15 Rursumque Esther hæc Mardochæo verba mandavit:
Då let Ester Mordokai få dette svaret:
16 Vade, et congrega omnes Judæos quos in Susan repereris, et orate pro me. Non comedatis et non bibatis tribus diebus et tribus noctibus: et ego cum ancillis meis similiter jejunabo, et tunc ingrediar ad regem contra legem faciens, non vocata, tradensque me morti et periculo.
«Gakk og få saman alle jødar som finst i Susan, og haldt fasta for meg, so de korkje et eller drikk noko på tri døger, natt og dag. Eg og ternorne mine vil og fasta sameleis. Og so vil eg ganga inn til kongen, endå det er ulovlegt. Lyt eg so døy, so lat meg døy!»
17 Ivit itaque Mardochæus, et fecit omnia quæ ei Esther præceperat.
Mordokai gjekk av stad og gjorde i alle måtar so som Ester hadde bode honom.

< Esther 4 >