< I Regum 14 >

1 In tempore illo ægrotavit Abia filius Jeroboam.
Ved det bilet vart Abia, son åt Jerobeam, sjuk.
2 Dixitque Jeroboam uxori suæ: Surge, et commuta habitum, ne cognoscaris quod sis uxor Jeroboam, et vade in Silo, ubi est Ahias propheta, qui locutus est mihi quod regnaturus essem super populum hunc.
Då sagde Jerobeam til kona si: «Tak og klæd deg ut, so ingen vert vis med at du er kona åt Jerobeam, og gakk so til Silo! Der bur profeten Ahia, han som tala um at eg skulde verta konge yver dette folket.
3 Tolle quoque in manu tua decem panes, et crustulam, et vas mellis, et vade ad illum: ipse enim indicabit tibi quid eventurum sit puero huic.
Tak med deg ti brød og kakor og ei krukka med honning og gakk inn til honom! Han skal vitra deg um korleis det skal ganga med guten.»
4 Fecit ut dixerat, uxor Jeroboam: et consurgens abiit in Silo, et venit in domum Ahiæ: at ille non poterat videre, quia caligaverant oculi ejus præ senectute.
Og kona åt Jerobeam gjorde so; ho tok ut til Silo og kom til huset åt Ahia. Men Ahia kunde ikkje sjå; for augo hans var star-blinde av alderdom.
5 Dixit autem Dominus ad Ahiam: Ecce uxor Jeroboam ingreditur ut consulat te super filio suo qui ægrotat: hæc et hæc loqueris ei. Cum ergo illa intraret, et dissimularet se esse quæ erat,
Men Herren hadde sagt til Ahia: «Kona åt Jerobeam kjem og vil spyrja deg ut um son sin, for han er sjuk. Det og det skal du segja med henne. Når ho kjem, vil ho bera seg åt liksom ho var framand.»
6 audivit Ahias sonitum pedum ejus introëuntis per ostium, et ait: Ingredere, uxor Jeroboam: quare aliam te esse simulas? ego autem missus sum ad te durus nuntius.
Då no Ahia høyrde fotstigi hennar i det same ho kom inn døri, sagde han: «Kom inn, du kona åt Jerobeam! Kvi ber du deg åt liksom du var framand? Eg er send til deg med eit hardt bod.
7 Vade, et dic Jeroboam: Hæc dicit Dominus Deus Israël: Quia exaltavi te de medio populi, et dedi te ducem super populum meum Israël,
Gakk og seg til Jerobeam: «So segjer Herren, Israels Gud: «Eg hev lyft deg upp or folket og sett deg til fyrste yver folket mitt, Israel,
8 et scidi regnum domus David, et dedi illud tibi, et non fuisti sicut servus meus David, qui custodivit mandata mea, et secutus est me in toto corde suo, faciens quod placitum esset in conspectu meo:
og rive riket ifrå Davids hus og gav det til deg. Men du hev ikkje stelt deg som tenaren min, David; han heldt bodi mine og fylgde meg av alt sitt hjarta, so han gjorde einast det som rett var i mine augo;
9 sed operatus es mala super omnes qui fuerunt ante te, et fecisti tibi deos alienos et conflatiles, ut me ad iracundiam provocares, me autem projecisti post corpus tuum:
men du hev gjort meir vondt enn alle som hev vore fyre deg; du hev gjenge av og laga deg andre gudar, støypte bilæte, for å harma meg, og meg hev du kasta attum ryggen din.
10 idcirco ecce ego inducam mala super domum Jeroboam, et percutiam de Jeroboam mingentem ad parietem, et clausum, et novissimum in Israël: et mundabo reliquias domus Jeroboam, sicut mundari solet fimus usque ad purum.
Difor vil eg lata ulukka koma yver Jerobeams hus og rydja ut kvar ein karmann av ætti hans både, både ufri og fri i Israel, og eg skal sopa etter Jerobeams hus plent som ein sopar burt skarn, til dess det ingen ting er att av det.
11 Qui mortui fuerint de Jeroboam in civitate, comedent eos canes: qui autem mortui fuerint in agro, vorabunt eos aves cæli: quia Dominus locutus est.
Den av Jerobeams hus som døyr i byen, skal hundarne eta upp, og den som døyr utpå marki, skal fuglane under himmelen eta upp. For soleis hev Herren tala.»»
12 Tu igitur surge, et vade in domum tuam: et in ipso introitu pedum tuorum in urbem, morietur puer,
Gakk no du heim att! Når føterne stig inn i byen, so døyr barnet.
13 et planget eum omnis Israël, et sepeliet: iste enim solus inferetur de Jeroboam in sepulchrum, quia inventus est super eo sermo bonus a Domino Deo Israël in domo Jeroboam.
Og heile Israel skal halda syrgjehøgtid for honom, og dei skal gravleggja honom; for av Jerobeams hus er han den einaste som skal koma i ei grav, etter di han var den einaste i Jerobeams hus som det var noko godt hjå imot Herren, Israels Gud.
14 Constituet autem sibi Dominus regem super Israël, qui percutiet domum Jeroboam in hac die, et in hoc tempore:
Men Herren skal setja seg ein konge yver Israel, som skal rydja ut Jerobeams hus. Dette er dagen, og no skal det henda.
15 et percutiet Dominus Deus Israël, sicut moveri solet arundo in aqua: et evellet Israël de terra bona hac, quam dedit patribus eorum, et ventilabit eos trans flumen: quia fecerunt sibi lucos, ut irritarent Dominum.
Herren skal slå Israel som sevet voggar i vatnet, og han skal rykkja Israel upp or dette gode landet, som han gav federne deira, og strøya deim på andre sida åt Storelvi, for di dei hev laga seg asjeror og vekt Herrens harm.
16 Et tradet Dominus Israël propter peccata Jeroboam, qui peccavit, et peccare fecit Israël.
Og han skal ofra Israel for dei synder skuld som Jerobeam gjorde, og som han fekk Israel til å gjera.»
17 Surrexit itaque uxor Jeroboam, et abiit, et venit in Thersa: cumque illa ingrederetur limen domus, puer mortuus est,
Då reis kona åt Jerobeam upp og gjekk sin veg og kom til Tirsa, og med same ho steig yver dørstokken i huset, døydde guten.
18 et sepelierunt eum. Et planxit eum omnis Israël juxta sermonem Domini, quem locutus est in manu servi sui Ahiæ prophetæ.
Og dei gravlagde honom, og heile Israel heldt syrgjehøgtid for honom, etter det ord som Herren hadde tala ved tenaren sin, profeten Ahia.
19 Reliqua autem verborum Jeroboam, quomodo pugnaverit, et quomodo regnaverit, ecce scripta sunt in libro verborum dierum regum Israël.
Det som elles er å fortelja um Jerobeam, um krigerne hans og styringi hans, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.
20 Dies autem quibus regnavit Jeroboam, viginti duo anni sunt: et dormivit cum patribus suis, regnavitque Nadab filius ejus pro eo.
Styringstidi åt Jerobeam var tvo og tjuge år. So lagde han seg til kvile hjå federne sine, og Nadab, son hans, vart konge i staden hans.
21 Porro Roboam filius Salomonis regnavit in Juda. Quadraginta et unius anni erat Roboam cum regnare cœpisset: decem et septem annos regnavit in Jerusalem civitate, quam elegit Dominus ut poneret nomen suum ibi, ex omnibus tribubus Israël. Nomen autem matris ejus Naama Ammanitis.
Men Rehabeam, son åt Salomo, var konge i Juda; ein og fyrti år var Rehabeam då han vart konge, og syttan år styrde han i Jerusalem, den byen som Herren hadde valt ut av alle Israels ætter til bustad for namnet sitt. Mor hans var ei ammonitkvinna som heitte Na’ama.
22 Et fecit Judas malum coram Domino, et irritaverunt eum super omnibus quæ fecerant patres eorum in peccatis suis quæ peccaverunt.
Og Juda gjorde det som vondt var i Herrens augo; med dei synder dei gjorde, vekte dei brennhugen hans meir enn federne deira hadde gjort.
23 Ædificaverunt enim et ipsi sibi aras, et statuas, et lucos super omnem collem excelsum, et subter omnem arborem frondosam:
Dei og bygde seg offerhaugar og laga til stolpar og asjeror på kvar ein høg bakke og under kvart eit grønt tre;
24 sed et effeminati fuerunt in terra, feceruntque omnes abominationes gentium quas attrivit Dominus ante faciem filiorum Israël.
ja, det var jamvel utukt-sveinar i landet. Dei heldt på med all styggedomen hjå dei folki som Herren hadde jaga undan for Israels-sønerne.
25 In quinto autem anno regni Roboam, ascendit Sesac rex Ægypti in Jerusalem,
I femte styringsåret åt Rehabeam drog egyptarkongen Sisak upp imot Jerusalem.
26 et tulit thesauros domus Domini, et thesauros regios, et universa diripuit: scuta quoque aurea, quæ fecerat Salomon:
Og han tok skattarne i Herrens hus og skattarne i kongshuset; alt saman tok han. Han tok alle gullskjoldarne og, som Salomo hadde late gjera.
27 pro quibus fecit rex Roboam scuta ærea, et tradidit ea in manum ducum scutariorum, et eorum qui excubabant ante ostium domus regis.
I deira stad fekk kong Rehabeam gjort koparskjoldar og gav deim i varveitsla til hovdingarne for livvakti, dei som heldt vakt ved inngangen til kongshuset;
28 Cumque ingrederetur rex in domum Domini, portabant ea qui præeundi habebant officium: et postea reportabant ad armamentarium scutariorum.
og kvar gong kongen gjekk til Herrens hus, bar vaktmennerne deim og tok deim so attende til vaktstova.
29 Reliqua autem sermonum Roboam, et omnia quæ fecit, ecce scripta sunt in libro sermonum dierum regum Juda.
Det som elles er å fortelja um Rehabeam, um alt det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne.
30 Fuitque bellum inter Roboam et Jeroboam cunctis diebus.
Millom Rehabeam og Jerobeam var det ufred stødt.
31 Dormivitque Roboam cum patribus suis, et sepultus est cum eis in civitate David: nomen autem matris ejus Naama Ammanitis: et regnavit Abiam filius ejus pro eo.
Og Rehabeam lagde seg til kvile hjå federne sine, og vart gravlagd hjå federne sine i Davidsbyen. Mor hans heitte Na’ama, ammonitkvinna. Og Abiam, son hans, vart konge i staden hans.

< I Regum 14 >