< 레위기 2 >
1 누구든지 소제의 예물을 여호와께 드리려거든 고운 가루로 예물을 삼아 그 위에 기름을 붓고 또 그 위에 유향을 놓아
Når nokon vil bera fram eit grjonoffer for Herren, so skal offergåva hans vera fint mjøl; det skal han hella olje yver og leggja røykjelse attmed,
2 아론의 자손 제사장들에게로 가져 올 것이요 제사장은 그 고운 기름 가루 한 줌과 그 모든 유향을 취하여 기념물로 단 위에 불사를지니 이는 화제라 여호와께 향기로운 냄새니라
og so skal han koma til Arons-sønerne, til prestarne, med det, og presten skal taka ein neve av mjølet og oljen og so all røykelsen, og brenna det på altaret, so røyken stig upp mot himmelen til ei minning; då er det ein offerret åt Herren, ein som det angar godt av.
3 그 소제물의 남은 것은 아론과 그 자손에게 돌릴지니 이는 여호와의 화제 중에 지극히 거룩한 것이니라
Det som er att av grjonofferet, skal Aron og sønerne hans hava; det høyrer til det som er høgheilagt av offerrettarne åt Herren.
4 네가 화덕에 구운 것으로 소제의 예물을 드리려거든 고운 가루에 기름을 섞어 만든 무교병이나 기름을 바른 무교병을 드릴 것이요
Når du vil bera fram eit grjonoffer av noko som er baka i omn, so skal det vera av fint mjøl, anten hellekakor med olje i eller oljesmurde tunnbrødleivar.
5 번철에 부친 것으로 소제의 예물을 드리려거든 고운 가루에 누룩을 넣지 말고 기름을 섞어
Vil du gjeva eit grjonoffer som er steikt på takka, so skal det og vera av fint mjøl som er blanda med olje, og usyrt.
6 조각으로 나누고 그 위에 기름을 부을지니 이는 소제니라
Du skal brjota det i bitar, og hella olje yver det, so er det eit rett grjonoffer.
7 네가 솥에 삶은 것으로 소제를 드리려거든 고운 가루와 기름을 섞어 만들지니라
Vil du gjeva eit grjonoffer som er steikt i panna, so skal det med vera tillaga av fint mjøl og olje.
8 너는 이것들로 만든 소제물을 여호와께로 가져다가 제사장에게 줄 것이요 제사장은 그것을 단으로 가져다가
Når grjonofferet er tillaga på ein av dei måtarne, skal du bera det fram for Herren. Du skal koma til presten med det, og han skal bera det fram åt altaret.
9 그 소제물 중에서 기념할 것을 취하여 단 위에 불사를지니 이는 화제라 여호와께 향기로운 냄새니라
So skal presten taka av det som skal vera til minningsoffer, og brenna det på altaret, so røyken stig upp mot himmelen; då er det ein offerret åt Herren, ein som det angar godt av.
10 소제물의 남은 것은 아론과 그 자손에게 돌릴찌니 이는 여호와의 화제 중에 지극히 거룩한 것이니라
Og det som då er att av offeret, skal Aron og sønerne hans hava. Det høyrer til det som er høgheilagt av Herrens offerrettar.
11 무릇 너희가 여호와께 드리는 소제물에는 모두 누룩을 넣지 말지니 너희가 누룩이나 꿀을 여호와께 화제로 드려 사르지 못할지니라
Eit grjonoffer som de ber fram for Herren, må aldri vera syrt; det som det er surdeig eller honning i, må de ikkje brenna til offermat for Herren.
12 처음 익은 것으로는 그것을 여호와께 드릴지나 향기로운 냄새를 위하여는 단에 올리지 말지며
Til nygrødeoffer kann de hava det; men på altaret må det ikkje koma, til godange for Herren.
13 네 모든 소제물에 소금을 치라 네 하나님의 언약의 소금을 네 소제에 빼지 못할지니 네 모든 예물에 소금을 드릴지니라
Alle grjonoffer som du ber fram, skal du salta; aldri må du lata det vanta på salt i grjonofferet ditt. Saltet høyrer til sambandet med din Gud; di skal du bera fram salt attåt alle offeri dine.
14 너는 첫 이삭의 소제를 여호와께 드리거든 첫 이삭을 볶아 찧은 것으로 너의 소제를 삼되
Vil du gjeva Herren eit grjonoffer av nygrøda, so skal offeret som du ber fram av nygrøda divera aks som er steikte yver elden, eller nyhausta korn som er grøypt.
15 그 위에 기름을 붓고 그 위에 유향을 더할지니 이는 소제니라
Det skal du hella olje yver og leggja røykjelse attmed; då er det eit rett grjonoffer.
16 제사장은 찧은 곡식 얼마와 기름의 얼마와 모든 유향을 기념물로 불사를지니 이는 여호와께 드리는 화제니라
Og presten skal brenna noko av det grøypte kornet og av oljen og all røykjelsen, so røyken stig upp mot himmelen til ei minning; då er det ein god offerrett for Herren.