< 에스겔 46 >

1 나 주 여호와가 말하노라 안 뜰 동향한 문을 일하는 육 일 동안에는 닫되 안식일에는 열며 월삭에도 열고
So segjer Herren, Herren: Porten åt den indre fyregarden, den som snur i aust, skal vera attlaten dei seks vyrkedagarne, men kviledagen skal han vera open, og nymånedagen skal han vera open.
2 왕은 바깥 문 현관을 통하여 들어와서 문 벽 곁에 서고 제사장은 그를 위하여 번제와 감사제를 드릴 것이요 왕은 문통에서 경배한 후에 밖으로 나가고 그 문은 저녁까지 닫지 말 것이며
Og fyrsten skal ganga inn vegen til port-forhalli utanfrå og stana attmed port-dørskii. Og prestarne skal ofra brennofferet hans og takkofferi hans, og han skal tilbeda på portdørstokken og sidan ganga ut att. Men porten skal ikkje stengjast fyrr det kveldar.
3 이 땅 백성도 안식일과 월삭에 이 문통에서 나 여호와 앞에 경배할 것이며
Og um kviledagarne og nymånarne skal landslyden tilbeda attmed inngangen til den same porten for Herrens åsyn.
4 안식일에 왕이 여호와께 드릴 번제는 흠 없는 어린 양 여섯과 흠없는 수양 하나라
Og brennofferet som fyrsten skal føra fram for Herren på kviledagen, skal vera seks lytelause lamb og ein lytelaus ver,
5 그 소제는 수양 하나에는 밀가루 한 에바요 모든 어린 양에는 그 힘대로 할 것이며 밀가루 한 에바에는 기름 한 힌씩이니라
og til grjonoffer ein efa med veren, men med lambi slikt grjonoffer som han sjølv vil gjeva, og ein åttung olje med kvar efa.
6 월삭에는 흠 없는 수송아지 하나와 어린 양 여섯과 수양 하나를 드리되 모두 흠 없는 것으로 할 것이며
Og um nymånedagen ein lytelaus ungukse og seks lamb og ein ver; lytelause skal dei vera.
7 또 소제를 갖추되 수송아지에는 밀가루 한 에바요 수양에도 밀가루 한 에바며 모든 어린 양에는 그 힘대로 할 것이요 밀가루 한 에바에는 기름 한 힌씩이며
Og til grjonoffer skal han ofra ein efa med uksen og ein efa med veren, men med lambi so mykje som han hev råd til, og ein åttung olje med kvar efa.
8 왕이 올 때에는 이 문 현관을 통하여 들어오고 나갈 때에도 그리할지니라
Og når fyrsten gjeng inn, skal han ganga inn vegen til port-forhalli, og same vegen skal han ganga ut att.
9 그러나 모든 정한 절기에 이 땅 거민이 나 여호와 앞에 나아올 때에는 북문으로 들어와서 경배하는 자는 남문으로 나가고 남문으로 들어오는 자는 북문으로 나갈지라 들어온 문으로 도로 나가지 말고 그 몸이 앞으로 향한 대로 나갈지며
Og når landslyden gjeng inn for Herrens åsyn på høgtiderne, då skal den som gjeng inn gjenom nordporten og skal tilbeda, ganga ut att gjenom sudporten, og den som gjeng inn gjenom sudporten, skal ganga ut gjenom nordporten; ingen skal snu og ganga ut att gjenom den porten han kom inn, men dei skal ganga ut beint fram.
10 왕은 무리 가운데 있어서 그들의 들어올 때에 들어오고 그들의 나갈 때에 나갈지니라
Og fyrsten skal ganga inn midt ibland deim når dei gjeng inn, og når dei gjeng ut, skal dei ganga ut saman.
11 절기와 성회 때에 그 소제는 수송아지 하나에 밀가루 한 에바요 수양 하나에도 한 에바요 모든 어린 양에는 그 힘대로 할 것이며 밀가루 한 에바에는 기름 한 힌씩이며
Og i helgarne og høgtiderne skal grjonofferet vera ein efa med kvar ukse og ein efa med kvar ver, men med lambi slikt som kvar sjølv vil gjeva, og ein åttung olje med kvar efa.
12 만일 왕이 자원하여 번제를 갖추거나 혹 자원하여 감사제를 갖추어 나 여호와께 드릴 때에는 그를 위하여 동향한 문을 열고 그가 번제와 감사제를 안식일에 드림 같이 드리고 밖으로 나갈지며 나간 후에 문을 닫을지니라
Og når fyrsten vil ofra eit friviljugt offer, anten brennoffer eller takkoffer til friviljugt offer åt Herren, då skal dei lata upp åt honom den porten som snur i aust, og han skal ofra brennofferet sitt og takkofferi sine like eins som han gjer på kviledagen. So skal han ganga ut att, og ein skal lata att porten etter han er utgjengen.
13 아침마다 일 년 되고 흠 없는 어린 양 하나로 번제를 갖추어 나 여호와께 드리고
Og eit årsgamalt lytelaust lamb skal du dagstødt ofra til brennoffer åt Herren; kvar morgon skal du ofra det.
14 또 아침마다 그것과 함께 드릴 소제를 갖추되 곧 밀가루 에바 육분지 일과 기름 힌 삼분지 일을 섞을 것이니 이는 영원한 규례를 삼아 항상 나 여호와께 드릴 소제라
Og til grjonoffer skal du kvar morgon ofra setteparten av ein efa og tvo pottar olje til å lata uppi mjølet. Det er eit grjonoffer åt Herren - ævelege fyresegner, stødt og stendig.
15 이와 같이 아침마다 그 어린 양과 밀가루와 기름을 갖추어 항상 드리는 번제를 삼을지니라
Og dei skal ofra lambet og grjonofferet og oljen kvar morgon til eit stendigt brennoffer.
16 나 주 여호와가 말하노라 왕이 만일 한 아들에게 선물을 준즉 그의 기업이 되어 그 자손에게 속하나니 이는 그 기업을 이어 받음이어니와
So segjer Herren, Israels Gud: Um fyrsten gjev einkvan av sønerne sine noko av odelen sin til gåva, so vert det hans odelen; åt sønerne hans skal det vera, dei fær det til odel og eiga.
17 왕이 만일 그 기업으로 한 종에게 선물로 준즉 그 종에게 속하여 희년까지 이르고 그 후에는 왕에게로 돌아갈 것이니 왕의 기업은 그 아들이 이어 받을 것임이니라
Men gjev han einkvan av tenarane sine noko av odelen sin til gåva, då skal det vera hans til fridomsåret, men då skal fyrsten få det att. Odelen hans er det, åt sønerne hans skal det vera.
18 왕은 백성의 기업을 취하여 그 산업에서 쫓아내지 못할지니 왕이 자기 아들에게 기업으로 줄 것은 자기 산업으로만 할 것임이니라 백성으로 각각 그 산업을 떠나 흩어지지 않게 할 것이니라
Og fyrsten må ikkje taka odelsjord frå folket og på den måten trengja deim burt frå deira eiga - av si eigi eiga skal han lata sønerne sine erva - so ikkje folket mitt vert spreidt, kvar burt frå si eiga.
19 그 후에 그가 나를 데리고 문곁 통행구로 말미암아 제사장의 북향한 거룩한 방에 들어가시니 그 방 뒤 서편에 한 처소가 있더라
So let han meg koma gjenom den inngangen som var attmed porten, til dei heilage kovarne som var etla prestarne, og som snudde i nord. Og sjå, der var det eit rom lengst burte mot vest.
20 그가 내게 이르시되 이는 제사장이 속건제와 속죄제 희생을 삶으며 소제 제물을 구울 처소니 그들이 이 성물을 가지고 바깥 뜰에 나가면 백성을 거룩하게 할까 함이니라 하시고
Og han sagde med meg: «Dette er den staden der prestarne skal koka skuldofferet og syndofferet, og der dei skal baka grjonofferet, so dei ikkje skal turva bera det ut i den ytre fyregarden og på den måten helga lyden.»
21 나를 데리고 바깥 뜰로 나가서 나로 뜰 네 구석을 지나가게 하시는데 본즉 그 뜰 매 구석에 또 뜰이 있는데
So let han meg stiga ut i den ytre fyregarden og let meg ganga kringum dei fire hyrno på fyregarden. Og sjå, i kvart hyrna på fyregarden var det eit tun.
22 뜰 네 구석에 있는 그 뜰에 담이 둘렸으니 뜰의 장이 사십 척이요 광이 삼십 척이라 구석의 네 뜰이 한 척수며
I dei fire hyrno på fyregarden var dei inngjerde, desse tuni; fyrti alner lange og tretti alner breide, desse fire tuni i hyrno hadde same målet.
23 그 작은 네 뜰 사면으로 돌아가며 부엌이 있고 그 사면 부엌에 삶는 기구가 설비되었는데
Og det gjekk ein murgard rundt ikring inni deim, rundt ikring i alle fire. So var det gjort gruvor til å koka i nedantil med murgarden rundt ikring.
24 그가 내게 이르시되 이는 삶는 부엌이니 전에 수종드는 자가 백성의 제물을 여기서 삶을 것이니라 하시더라
Og han sagde med meg: «Dette er kokehusi der tenarane i huset skal koka slagtofferi åt folket.»

< 에스겔 46 >