< 출애굽기 30 >

1 너는 분향할 단을 만들지니 곧 조각목으로 만들되
So skal du gjera eit altar til å brenna røykjelse på. Av akazietre skal du gjera det,
2 장이 일 규빗, 광이 일 규빗으로 네모 반듯하게 하고 고는 이 규빗으로 하며 그 뿔을 그것과 연하게 하고
ei alen langt og ei alen breidt; firkanta skal det vera og tvo alner høgt, og hava horn som er samgjorde med det.
3 단 상면과 전후 좌우면과 뿔을 정금으로 싸고 주위에 금테를 두를지며
Du skal klæda det med skirt gull, både ovanpå og rundt ikring på sidorne og på horni, og gjera ein gullkrans på det heilt ikring.
4 금테 아래 양편에 금고리 둘을 만들되 곧 그 양편에 만들지니 이는 단을 메는 채를 꿸 곳이며
Nedanfor kransen på dei tvo sidorne skal du setja tvo gullringar, tvo på kvar sida, dei skal det smøygjast stenger inn i til å bera altaret etter.
5 그 채를 조각목으로 만들고 금으로 싸고
Stengerne skal du gjera av akazietre, og klæda deim med gull.
6 그 단을 증거궤 위 속죄소 맞은편 곧 증거궤 앞에 있는 장 밖에 두라 그 속죄소는 내가 너와 만날 곳이며
Dette altaret skal du setja framanfor forhenget som heng attfor lovtavlekista, beint framfor loket som ligg yver lovtavlorne, der som eg vil møtast med deg.
7 아론이 아침마다 그 위에 향기로운 향을 사르되 등불을 정리할 때에 사를지며
Og Aron skal brenna angande røykjelse på det: kvar morgon når han steller lamporne, skal han brenna røykjelsen;
8 또 저녁때 등불을 켤 때에 사를지니 이 향은 너희가 대대로 여호와앞에 끊지 못할지며
og det same skal han gjera, når han set upp lamporne i kveldingi. Dette røykofferet skal de og etterkomarane dykkar dagstødt bera fram for Herrens andlit.
9 너희는 그 위에 다른 향을 사르지 말며 번제나 소제를 드리지 말며 전제의 술을 붓지 말며
De må ikkje ofra framand røykjelse på det, og ikkje brennoffer eller grjonoffer; heller ikkje må de hella ut drykkoffer på det.
10 아론이 일년 일차씩 이 향단 뿔을 위하여 속죄하되 속죄제의 피로 일년 일차씩 대대로 속죄할지니라 이 단은 여호와께 지극히 거룩하니라
Ein gong um året skal Aron strjuka blodet av sonings-syndofferet på alterhorni; mann etter mann skal han og etterkomarane hans ein gong um året gjera soning for altaret; då er det høgheilagt for Herren.»
11 여호와께서 모세에게 일러 가라사대
Og Herren tala til Moses, og sagde:
12 네가 이스라엘 자손의 수효를 따라 조사할 때에 조사 받은 각 사람은 그 생명의 속전을 여호와께 드릴지니 이는 그 계수할 때에 그들 중에 온역이 없게 하려 함이라
«Når du held manntal yver Israels-folket, so skal alle dei som kjem med i manntalet, gjeva Herren løysepengar for livet sitt med same dei vert talde, so det ikkje skal koma nokor ulukka yver deim for teljingi skuld.
13 무릇 계수 중에 드는 자마다 성소에 세겔대로 반 세겔을 낼지니 한 세겔은 이십 게라라 그 반 세겔을 여호와께 드릴지며
Ein halv dalar i heilag mynt - etter tjuge gera i dalaren - skal kvar gjeva, som kjem med i manntalet. Denne halve dalaren skal vera ei reida til Herren.
14 무릇 계수 중에 드는 자 곧 이십세 이상 된 자가 여호와께 드리되
Alle dei som vert talde, frå tjugeårsalderen og uppetter, skal leggja denne reida til Herren.
15 너희의 생명을 속하기 위하여 여호와께 드릴 때에 부자라고 반 세겔에서 더 내지 말고 가난한 자라고 덜 내지 말지며
Dei rike skal ikkje gjeva meir, og dei fatige ikkje mindre enn ein halv dalar, når de legg denne reida åt Herren til løysepengar for livet dykkar.
16 너는 이스라엘 자손에게서 속전을 취하여 회막의 봉사에 쓰라 이것이 여호와 앞에서 이스라엘 자손의 기념이 되어서 너희의 생명을 속하리라
Og du skal taka imot løysepengarne av Israels-folket og bruka deim til gudstenesta i møtetjeldet, so det kann vera ei minning for Herren um Israels-folket og ein løysepening for livet deira.»
17 여호와께서 모세에게 일러 가라사대
Og Herren tala meir til Moses, og sagde:
18 너는 물두멍을 놋으로 만들어 씻게 하되 그것을 회막과 단 사이에 두고 그 속에 물을 담으라
«Du skal gjera ei tvåttebalja av kopar; foten under henne skal og vera av kopar, og du skal setja henne millom møtetjeldet og altaret, og hava vatn i henne.
19 아론과 그 아들들이 그 두멍에서 수족을 씻되
Og Aron og sønerne hans skal taka av vatnet, og två henderne og føterne sine;
20 그들이 회막에 들어갈 때에 물로 씻어 죽기를 면할 것이요 단에 가까이 가서 그 직분을 행하여 화제를 여호와 앞에 사를 때에도 그리 할지니라
kvar gong dei gjeng inn i møtetjeldet, skal dei två seg i vatnet, so dei ikkje skal lata livet, og like eins når dei stig fram åt altaret og skal halda gudstenesta og brenna eldoffer åt Herren.
21 이와 같이 그들이 그 수족을 씻어 죽기를 면할지니 이는 그와 그 자손이 대대로 영원히 지킬 규례니라
Dei skal två hender og føter; elles lyt dei døy. Det skal vera ei lov for honom og ætti hans, mann etter mann, i all æva.»
22 여호와께서 모세에게 또 일러 가라사대
Og Herren tala endå meir til Moses, og sagde:
23 너는 상등 향품을 취하되 액체 몰약 오백 세겔과 그 반수의 향기로운 육계 이백오십 세겔과 향기로운 창포 이백오십 세겔과
«Få deg angande kryddor av dei gjævaste som er: sjølvrunnen myrra, tretti merker, og egte kanelbork, helvti so mykje eller femtan merker, og krydderøyr, femtan merker,
24 계피 오백 세겔을 성소의 세겔대로 하고 감람 기름 한 힌을 취하여
og kassia, tretti merker, alt etter heilag vegt, og so ein åttung av den finaste beroljen.
25 그것으로 거룩한 관유를 만들되 향을 제조하는 법대로 향기름을 만들지니 그것이 거룩한 관유가 될지라
Av det skal du laga ein heilag salvingsolje, ei kryddemyrsel, soleis som dokterane lagar salve. Ein heilag salvingsolje skal det vera,
26 너는 그것으로 회막과 증거궤에 바르고
og med den skal du salva møtetjeldet og lovtavlekista
27 상과 그 모든 기구며 등대와 그 기구며 분향단과
og bordet med alt det som til høyrer, og ljosestaken med det som høyrer til honom, og røykofferaltaret
28 및 번제단과 그 모든 기구와 물두멍과 그 받침에 발라
og brennofferaltaret med alt det som til høyrer, og balja med foten ho stend på.
29 그것들을 지성물로 구별하라 무릇 이것에 접촉하는 것이 거룩하리라
Du skal vigsla deim, so dei vert høgheilage; kvar den som kjem nær deim, skal vera vigd åt heilagdomen.
30 너는 아론과 그 아들들에게 기름을 발라 그들을 거룩하게 하고 그들로 내게 제사장 직분을 행하게 하고
Og Aron og sønerne hans skal du salva og vigja til prestar for meg.
31 이스라엘 자손에게 고하여 이르기를 이것은 너희 대대로 내게 거룩한 관유니
Og du skal tala til Israels-folket og segja: «Denne salvingsoljen skal de og etterkomarane dykkar vigja åt meg.
32 사람의 몸에 붓지 말며 이 방법대로 이와 같은 것을 만들지 말라 이는 거룩하니 너희는 거룩히 여기라
Han må ikkje koma på likamen på kvar manns likam, og de må ikkje laga annan olje som er soleis blanda som denne. Heilag er han, og heilag skal de halda honom.
33 무릇 이와 같은 것을 만드는 자나 무릇 이것을 타인에게 붓는 자는 그 백성 중에서 끊쳐지리라 하라
Den som lagar maken til denne kryddesalven, eller brukar honom på framande, han skal rydjast ut or folket sitt.»»
34 여호와께서 모세에게 이르시되 너는 소합향과 나감향과 풍자향의 향품을 취하고 그 향품을 유향에 섞되 각기 동일한 중수로 하고
Og endå sagde Herren det til Moses: «Få deg sterke røykjekryddor: myrrakvåda og angeskjel og galban, desse tri kryddeslagi, og so rein angekvåda, like mykje av kvart!
35 그것으로 향을 만들되 향 만드는 법대로 만들고 그것에 소금을 쳐서 성결하게 하고
Det skal du gjera røykjelse av, ei kryddeblanding slik som apotekarane lagar, salta, rein, vigsla.
36 그 향 얼마를 곱게 찧어 내가 너와 만날 회막 안 증거궤 앞에 두라 이 향은 너희에게 지극히 거룩하니라
Noko av det skal du mylja smått og leggja framfor lovtavlorne i møtetjeldet, der som eg vil møtast med deg; høgheilagt skal de halda det.
37 네가 만들 향은 여호와를 위하여 거룩한 것이니 그 방법대로 너희를 위하여 만들지 말라
Røykjelse som er soleis blanda som denne, må de ikkje laga åt dykk sjølve; han skal vera vigd åt Herren.
38 무릇 맡으려고 이같은 것을 만드는 자는 그 백성 중에서 끊쳐지리라
Den som lagar slik røykjelse til å anga på, han skal rydjast ut or folket sitt.»

< 출애굽기 30 >