< 출애굽기 12 >

1 여호와께서 애굽 땅에서 모세와 아론에게 일러 가라사대
Og Herren tala so til Moses og Aron, medan dei var i Egyptarlandet:
2 이 달로 너희에게 달의 시작 곧 해의 첫 달이 되게 하고
«Denne månaden skal vera nyårsmånaden dykkar: den fyrste månaden i året skal han vera for dykk.
3 너희는 이스라엘 회중에게 고하여 이르라 이 달 열흘에 너희 매인이 어린 양을 취할지니 각 가족대로 그 식구를 위하여 어린 양을 취하되
Tala no de til heile Israels-lyden og seg: «Den tiande dagen i denne månaden skal kvar husbonde taka seg ut eit lamb til huset sitt.
4 그 어린 양에 대하여 식구가 너무 적으면 그 집의 이웃과 함께 수를 따라서 하나를 취하며 각 사람의 식량을 따라서 너희 어린 양을 계산할 것이며
Men er lyden hans for liten til å eta upp eitt lamb, so skal han og næmaste grannen taka seg ut eit i hop, etter som dei hev folk til: de skal’kje rekna fleire folk på kvart lamb enn at alle fær metta seg.
5 너희 어린 양은 흠 없고 일년 된 수컷으로 하되 양이나 염소 중에서 취하고
Eit lytelaust verlamb lyt det vera, og årsgamalt; i staden for eit lamb kann de og taka eit kid.
6 이달 십사 일까지 간직하였다가 해질 때에 이스라엘 회중이 그 양을 잡고
De skal taka det i vare til den fjortande dagen i denne månaden; då skal heile Israels-lyden slagta det soleglads bil.
7 양을 먹을 집 문 좌우 설주와 인방에 바르고
So skal dei taka noko av blodet og strjuka på både dørskierne og dørkollen på dei husi som dei et i.
8 그 밤에 그 고기를 불에 구워 무교병과 쓴 나물과 아울러 먹되
Og kjøtet skal dei eta same natti; dei skal steikja det på elden, og eta det med søtt brød og bitre urter attåt.
9 날로나 물에 삶아서나 먹지 말고 그 머리와 정강이와 내장을 다 불에 구워 먹고
De må ikkje eta det rått, og ikkje sjoda det i vatn, men steikja det yver elden, med hovud og føter og innmat.
10 아침까지 남겨 두지 말며 아침까지 남은 것은 곧 소화하라
Heller ikkje skal de leiva noko av det til morgons; er det noko att um morgonen, so skal de brenna det upp.
11 너희는 그것을 이렇게 먹을지니 허리에 띠를 띠고 발에 신을 신고 손에 지팡이를 잡고 급히 먹으라 이것이 여호와의 유월절이니라
Soleis skal de vera budde, når de et det: med beltet kring livet, med skorne på føterne, med stav i handi; og de skal eta det i hast; det er påskehelgi åt Herren.
12 내가 그 밤에 애굽 땅에 두루 다니며 사람과 짐승을 무론하고 애굽 나라 가운데 처음 난 것을 다 치고 애굽의 모든 신에게 벌을 내리리라 나는 여호와로라
For den same natti vil eg fara igjenom Egyptarlandet, og slå i hel alt som frumbore er i Egyptarland, både folk og fe; og alle egyptargudarne vil eg døma og refsa, eg, Herren.
13 내가 애굽 땅을 칠 때에 그 피가 너희의 거하는 집에 있어서 너희를 위하여 표적이 될지라 내가 피를 볼 때에 너희를 넘어가리니 재앙이 너희에게 내려 멸하지 아니하리라
Og blodet på dei husi som de er i, skal vera til eit merke for meg, når eg ser blodet, skal eg fara framum dykk, og de skal’kje verta fyre noko vondt, når eg slær i hel folk i Egyptarland.
14 너희는 이 날을 기념하여 여호와의 절기를 삼아 영원한 규례로 대대에 지킬지니라
Og sidan skal denne dagen vera ein minnedag for dykk: då skal de halda helg og høgtid for Herren; ei æveleg lov skal det vera for dykk og etterkomarane dykkar å halda heilag den dagen.
15 너희는 칠 일 동안 무교병을 먹을지니 그 첫날에 누룩을 너희 집에서 제하라 무릇 첫날부터 칠일까지 유교병을 먹는 자는 이스라엘에서 끊쳐지리라
Sju dagar skal de eta søtt brød; straks den fyrste dagen skal de hava surdeigen burt or husi dykkar; for kvar den mann som et surbrød millom den fyrste og sjuande dagen, han skal rydjast ut or Israel.
16 너희에게 첫날에도 성회요 제칠일에도 성회가 되리니 이 두 날에는 아무 일도 하지 말고 각인의 식물만 너희가 갖출 것이니라
Den fyrste dagen skal de halda ei heilag samling, og den sjuande dagen ei heilag samling. Dei dagarne skal de ikkje hava noko arbeid fyre dykk; berre den maten som kvar mann treng, skal de laga til og elles ingen ting gjera.
17 너희는 무교절을 지키라 이 날에 내가 너희 군대를 애굽 땅에서 인도하여 내었음이니라 그러므로 너희가 영원한 규례를 삼아 이 날을 대대로 지킬지라
De skal høgtida søtebrødhelgi; for då førde eg herarne dykkar ut or Egyptarlandet. Difor skal de høgtida denne dagen; det skal vera ei æveleg lov for dykk og etterkomarane dykkar.
18 정월에 그 달 십사일 저녁부터 이십일일 저녁까지 너희는 무교병을 먹을 것이요
Frå fjortandedags kvelden i den fyrste månaden til ein og tjugandedags kvelden i same månaden skal de eta brød som det ikkje er surt i.
19 칠 일 동안은 누룩을 너희 집에 있지 않게 하라 무릇 유교물을 먹는 타국인이든지 본국에서 난 자든지 무론하고 이스라엘 회중에서 끊쳐지리니
I sju dagar må det ikkje finnast surdeig i husi dykkar: kvar den mann som et surbrød, skal rydjast ut or Israels-lyden, anten han er framand eller fødd og alen i landet.
20 너희는 아무 유교물이든지 먹지 말고 너희 모든 유하는 곳에서 무교병을 먹을지니라
De må ikkje smaka den minste grand som er syrt; i alle hus skal de eta usyrt brød!»»
21 모세가 이스라엘 모든 장로를 불러서 그들에게 이르되 너희는 나가서 너희 가족대로 어린 양을 택하여 유월절 양으로 잡고
Då kalla Moses i hop alle dei øvste i Israel, og sagde med deim: «No lyt de av og finna dykk lamb åt husi dykkar, og slagta deim til påskeoffer.
22 너희는 우슬초 묶음을 취하여 그릇에 담은 피에 적시어서 그 피를 문 인방과 좌우 설주에 뿌리고 아침까지 한 사람도 자기 집 문밖에 나가지 말라
Og so skal de taka ein myntekvost og duppa i blodet som er i troget, og strjuka noko av det blodet på dørkollen og båe dørskierne. Og ingen av dykk må ganga ut or husdøri si fyre morgon.
23 여호와께서 애굽 사람을 치러 두루 다니실 때에 문 인방과 좌우 설주의 피를 보시면 그 문을 넘으시고 멸하는 자로 너희 집에 들어가서 너희를 치지 못하게 하실 것임이니라
For Herren vil fara igjenom landet og heimsøkja egyptarane; og når han ser blodet på dørkollen og på dørskierne, då skal han fara framum døri og ikkje lata tynarengelen sleppa inn i husi dykkar og drepa.
24 너희는 이 일을 규례로 삼아 너희와 너희 자손이 영원히 지킬 것이니
So skal de då halda dykk etter dette bodet; det skal vera ei lov for deg og borni dine i all æva.
25 너희는 여호와께서 허락하신 대로 너희에게 주시는 땅에 이를 때에 이 예식을 지킬 것이라
Når de so kjem til det landet Herren vil gjeva dykk, som han hev lova, då skal de halda uppe denne helgeseden.
26 이 후에 너희 자녀가 묻기를 이 예식이 무슨 뜻이냐 하거든
Og når borni dykkar spør: «Kva er dette for ein helgesed de brukar?»
27 너희는 이르기를 이는 여호와의 유월절 제사라 여호와께서 애굽 사람을 치실 때에 애굽에 있는 이스라엘 자손의 집을 넘으사 우리의 집을 구원하셨느니라 하라 하매 백성이 머리 숙여 경배하니라
då skal de svara: «Det er påskeoffer til Herren, som for utum husi åt Israels-folket i Egyptarland: då han heimsøkte egyptarane, sparde han våre hus.»» Då lagde folket seg på kne og bad.
28 이스라엘 자손이 물러가서 그대로 행하되 여호와께서 모세와 아론에게 명하신 대로 행하니라
Og Israels-mennerne gjekk av og gjorde dette; som Herren hadde sagt til Moses og Aron, so gjorde dei.
29 밤중에 여호와께서 애굽 땅에서 모든 처음 난 것 곧 위에 앉은 바로의 장자로부터 옥에 갇힌 사람의 장자까지와 생축의 처음 난것을 다 치시매
So hende det i midnattsstundi at Herren slo i hel alt som frumbore var i Egyptarlandet, frå den frumborne sonen åt Farao, som sat i høgsetet sitt, til den frumborne sonen åt fangen, som sat i myrkestova, og alle frumsungarne i buskapen.
30 그 밤에 바로와 그 모든 신하와 모든 애굽 사람이 일어나고 애굽에 큰 호곡이 있었으니 이는 그 나라에 사망치 아니한 집이 하나도 없었음이었더라
Då for Farao upp um natti, han og alle mennerne hans og alle egyptarane, og det vart eit øgjeleg skrik i Egyptarland; for det fanst ikkje eit hus som det ikkje var lik i.
31 밤에 바로가 모세와 아론을 불러서 이르되 너희와 이스라엘 자손은 일어나 내 백성 가운데서 떠나서 너희의 말대로 가서 여호와를 섬기며
Og Farao sende bod etter Moses og Aron midt på natti og sagde: «Nøyt dykk og far ut or riket mitt, både de og Israels-folket, og gakk av og haldt høgtid for Herren, som de hev tala um!
32 너희의 말대로 너희의 양도 소도 몰아가고 나를 위하여 축복하라 하며
Tak med dykk alt bufeet dykkar, både smått og stort, so som de hev sagt, og far burt, og bed godt for meg og!»
33 애굽 사람들은 말하기를 우리가 다 죽은 자가 되도다 하고 백성을 재촉하여 그 지경에서 속히 보내려 하므로
Og egyptarane anna på Israels-folket at dei skulde hava seg fort utor landet. «Elles døyr me alle saman!» sagde dei.
34 백성이 발교되지 못한 반죽 담은 그릇을 옷에 싸서 어깨에 메니라
So tok Israels-folket deigen sin, fyrr han vart syrt: dei sveipte deigtrogi inn i kjolarne, og bar deim på ryggen.
35 이스라엘 자손이 모세의 말대로 하여 애굽 사람에게 은금 패물과 의복을 구하매
Og dei gjorde som Moses sagde, og bad egyptarane um sylv og gull og helgeklæde.
36 여호와께서 애굽 사람으로 백성에게 은혜를 입히게 하사 그들의 구하는 대로 주게 하시므로 그들이 애굽 사람의 물품을 취하였더라
Og Herren hadde laga det so at egyptarane vilde Israels-folket vel, so dei var gode å beda. Soleis tok dei herfang av egyptarane.
37 이스라엘 자손이 라암셋에서 발행하여 숙곳에 이르니 유아 외에 보행하는 장정이 육십만 가량이요
So tok då Israels-folket ut frå Ramses, og lagde vegen til Sukkot; dei var på lag seks hundrad tusund gangføre mann, umfram kvende og born.
38 중다한 잡족과 양과 소와 심히 많은 생축이 그들과 함께하였으며
Og ein stor hop med framande fylgde og med deim, og mykje bufe, både smått og stort, ei ovstor drift.
39 그들이 가지고 나온 발교되지 못한 반죽으로 무교병을 구웠으니 이는 그들이 애굽에서 쫓겨 남으로 지체할 수 없었음이며 아무 양식도 준비하지 못하였음이었더라
Av deigen dei hadde med seg frå Egyptarland, baka dei hellekakor; for han var ikkje syrt, etter di dei vart jaga ut or Egyptarland og ikkje torde drygja der lenger; og ikkje hadde dei butt seg til med ferdakost heller.
40 이스라엘 자손이 애굽에 거주한지 사백삼십 년이라
Den tidi som Israels-folket hadde havt bustaden sin i Egyptarland, var fire hundrad og tretti år.
41 사백삼십 년이 마치는 그 날에 여호와의 군대가 다 애굽 땅에서 나왔은즉
Då dei fire hundrad og tretti åri var på dagen utlidne, då tok alle Herrens herar ut frå Egyptarland.
42 이 밤은 그들을 애굽 땅에서 인도하여 내심을 인하여 여호와 앞에 지킬 것이니 이는 여호와의 밤이라 이스라엘 자손이 다 대대로 지킬 것이니라
Den natti var ei vokenatt for Herren, då han fylgde deim ut or Egyptarlandet; den same natti skal alle Israels-borni halda voka for Herren, ætt etter ætt.
43 여호와께서 모세와 아론에게 이르시되 유월절 규례가 이러하니라 이방 사람은 먹지 못할 것이나
Og Herren sagde til Moses og Aron: «So er fyresegni um påskelambet: Ingen framand må eta av det.
44 각 사람이 돈으로 산 종은 할례를 받은 후에 먹을 것이며
Hev nokon ein tenestdreng som er kjøpt for pengar, so skal du fyrst umskjera honom; sidan kann han eta av det.
45 거류인과 타국 품꾼은 먹지 못하리라
Ingen busete eller leigekar må eta av det.
46 한 집에서 먹되 그 고기를 조금도 집 밖으로 내지 말고 뼈도 꺾지 말지며
I eitt hus skal det eta av det; du må ikkje hava noko av kjøtet ut or huset, og ikkje brjota noko bein i det.
47 이스라엘 회중이 다 이것을 지킬지니라
So skal heile Israels-lyden gjera.
48 너희와 함께 거하는 타국인이 여호와의 유월절을 지키고자 하거든 그 모든 남자는 할례를 받은 후에야 가까이하여 지킬지니 곧 그는 본토인과 같이 될 것이나 할례받지 못한 자는 먹지 못할 것이니라
Og når ein framand held til hjå dykk, og vil halda påskehøgtid for Herren, då skal alle karfolki hans umskjerast, so kann han få vera med og halda høgtid, og då skal han vera jamgod med deim som er fødde og alne i landet; men ein som ikkje er umskoren, må aldri eta av det.
49 본토인에게나 너희 중에 우거한 이방인에게나 이 법이 동일하니라 하셨으므로
Det skal gjelda same lovi for deim som er fødde og alne i landet og for dei framande som held til hjå dykk.»
50 온 이스라엘 자손이 이와 같이 행하되 여호와께서 모세와 아론에게 명하신 대로 행하였으며
Og alt Israels-folket gjorde dette; som Herren hadde sagt til Moses og Aron, so gjorde dei.
51 그 같은 날에 여호와께서 이스라엘 자손을 그 군대대로 애굽 땅에서 인도하여 내셨더라
Soleis gjekk det til den dagen då Herren fylgde Israels-folket ut or Egyptarland, fylking etter fylking.

< 출애굽기 12 >