< 신명기 21 >
1 네 하나님 여호와께서 네게 주어 얻게 하시는 땅에서 혹시 피살한 시체가 들에 엎드러진 것을 발견하고 그 쳐 죽인 자가 누구인지 알지 못하거든
Finn de ein mann som ligg drepen på marki i det landet Herren, dykkar Gud, gjev dykk til eigedom, og ingen veit kven hev slege honom i hel,
2 너의 장로들과 재판장들이 나가서 그 피살한 곳에서 사면에 있는 각 성읍의 원근을 잴 것이요
so skal styresmennerne og domarane dykkar ganga ut og mæla kor langt det er frå liket til dei byarne som ligg der ikring;
3 그 피살한 곳에서 제일 가까운 성읍 곧 그 성읍의 장로들이 아직 부리우지 아니하고 멍에를 메지 아니한 암송아지를 취하고
og styresmennerne i den byen som er næmast liket, skal taka ei kviga som aldri hev vore bruka til arbeids og aldri havt sele på seg,
4 성읍의 장로들이 물이 항상 흐르고 갈지도 심지도 못하는 골짜기로 그 송아지를 끌고 가서 그 골짜기에서 그 송아지의 목을 꺾을 것이요
og leida henne ned i ein bekkjedal som korkje vert pløgd eller sådd, og i den dalen skal dei brjota halsen på kviga.
5 레위 자손 제사장들도 그리로 올지니 그들은 네 하나님 여호와께서 택하사 자기를 섬기게 하시며 또 여호와의 이름으로 축복하게 하신 자라 모든 소송과 모든 투쟁이 그들의 말대로 판결될 것이니라
So skal prestarne koma, Levi-sønerne; for deim hev Herren, din Gud, kåra til å tena seg og til å velsigna i Herrens namn; og etter deira ord skal kvar trætta jamnast og kvar skade bøtast.
6 그 피살된 곳에서 제일 가까운 성읍의 모든 장로들은 그 골짜기에서 목을 꺾은 암송아지 위에 손을 씻으며
Og alle styresmennerne i byen, dei som bur næmast der liket vart funne, skal två henderne sine uppyver kviga som dei hev brote halsen på i dalen,
7 말하기를 우리의 손이 이 피를 흘리지 아니하였고 우리의 눈이 이것을 보지도 못하였나이다
og so skal dei taka soleis til ords: «Våre hender hev ikkje rent ut dette blodet, og våre augo hev ikkje set kven som gjorde det.
8 여호와여 주께서 속량하신 주의 백성 이스라엘을 사하시고 무죄한 피를 주의 백성 이스라엘 중에 머물러 두지 마옵소서 하면 그 피흘린 죄가 사함을 받으리니
Herre, tak burt skuldi frå Israel, folket ditt, som du hev løyst ut, og lat ikkje Israel, ditt eige folk, lida for dråpet på ein skuldlaus mann!» Då får dei soning for blodskuldi.
9 너는 이와 같이 여호와의 보시기에 정직한 일을 행하여 무죄자의 피흘린 죄를 너희 중에서 제할지니라
Soleis reinsar du deg for blodskuld, og gjer det som er rett i Herrens augo.
10 네가 나가서 대적과 싸움함을 당하여 네 하나님 여호와께서 그들을 네 손에 붙이시므로 네가 그들을 사로잡은 후에
Når du tek ut i strid mot fienden, og Herren, din Gud, gjev honom i dine hender, so du tek fangar,
11 네가 만일 그 포로 중의 아리따운 여자를 보고 연련하여 아내를 삼고자 하거든
og du millom fangarne fær sjå ei fager kvinna, som du legg hug til og vil hava til kona,
12 그를 네 집으로 데려갈 것이요 그는 그 머리를 밀고 손톱을 베고
då skal du leida henne inn i huset ditt; ho skal klyppa håret og skjera neglerne
13 또 포로의 의복을 벗고 네 집에 거하며 그 부모를 위하여 일 개월 동안 애곡한 후에 네가 그에게로 들어가서 그 남편이 되고 그는 네 아내가 될 것이요
og leggja av seg dei klædi ho gjekk med då ho vart teki, og so skal ho vera i huset ditt og syrgja yver far sin og mor si ein heil månad; sidan kann du taka henne til deg og gifta deg med henne, og ho skal vera kona di.
14 그 후에 네가 그를 기뻐하지 아니하거든 그 마음대로 가게 하고 결코 돈을 받고 팔지 말지라 네가 그를 욕보였은즉 종으로 여기지 말지니라
Men vert det til det at du ikkje likar henne lenger, so skal du gjeva henne fri, so ho kann fara kvar ho vil; selja henne skal du ikkje og ikkje fara vanvyrdeleg med henne, sidan du hev livt i hop med henne.
15 어떤 사람이 두 아내를 두었는데 하나는 사랑을 받고 하나는 미움을 받다가 그 사랑을 받는 자와 미움을 받는 자가 둘 다 아들을 낳았다 하자 그 미움을 받는 자의 소생이 장자여든
Når ein mann hev tvo konor, ei som han elskar og ei som han ikkje bryr seg um, og dei fær kvar sin son, men son åt den han ikkje held av er den eldste,
16 자기의 소유를 그 아들들에게 기업으로 나누는 날에 그 사랑을 받는 자의 아들로 장자를 삼아 참 장자 곧 미움을 받는 자의 아들보다 앞세우지 말고
og han so, når den tid kjem, vil skifta det han eig millom sønerne sine, då må han ikkje lata sonen åt den kona han elskar verta odelsmannen, til meins for den sonen som er eldst.
17 반드시 그 미움을 받는 자의 아들을 장자로 인정하여 자기의 소유에서 그에게는 두 몫을 줄 것이니 그는 자기의 기력의 시작이라 장자의 권리가 그에게 있음이니라
Han skal kanna den eldste for odelsboren, endå han er son til den kona han ikkje likar, og gjeva honom dobbel lut av alt som finst i hans eige; for han er blomen av manndomen hans, han er det som eig odelsretten.
18 사람에게 완악하고 패역한 아들이 있어 그 아비의 말이나 그 어미의 말을 순종치 아니하고 부모가 징책하여도 듣지 아니하거든
Hev nokon ein son som er stridig og tråssug, og ikkje vil lyda foreldri sine, og ikkje høyra på deim når dei tel for honom,
19 부모가 그를 잡아가지고 성문에 이르러 그 성읍 장로들에게 나아가서
so skal foreldri taka honom med seg på tinget, til styresmennerne der i byen,
20 그 성읍 장로들에게 말하기를 우리의 이 자식은 완악하고 패역하여 우리 말을 순종치 아니하고 방탕하며 술에 잠긴 자라 하거든
og segja til deim: «Denne sonen vår er stridig og tråssug, og vil ikkje lyda oss; han er ein øydar og ein drikkar.»
21 그 성읍의 모든 사람들이 그를 돌로 쳐 죽일지니 이같이 네가 너의 중에 악을 제하라 그리하면 온 이스라엘이 듣고 두려워하리라
Då skal alle mennerne i byen steina honom i hel. Soleis skal du rydja det vonde ut or lyden. Og det skal spyrjast yver heile Israel, so alle vert ottefulle.
22 사람이 만일 죽을 죄를 범하므로 네가 그를 죽여 나무 위에 달거든
Hev nokon gjort eit brot som det er sett livsstraff for, og han so hev vorte avretta og hengd upp på eit tre,
23 그 시체를 나무 위에 밤새도록 두지 말고 당일에 장사하여 네 하나님 여호와께서 네게 기업으로 주시는 땅을 더럽히지 말라 나무에 달린 자는 하나님께 저주를 받았음이니라
so må ikkje liket hans verta hangande på treet natti yver, men du skal jorda honom same dagen; for Guds forbanning ligg på den som er upphengd, og du skal ikkje gjera landet ditt ureint, det som Herren, din Gud, hev gjeve deg til odel og eiga.