< 다니엘 8 >

1 나 다니엘에게 처음에 나타난 이상 후 벨사살 왕 삼년에 다시 이상이 나타나니라
I det tridje styringsåret åt Belsassar såg eg, Daniel, ei syn, ei som kom etter den eg fyrr hadde set.
2 내가 이상을 보았는데 내가 그것을 볼 때에 내 몸은 엘람도 수산 성에 있었고 내가 이상을 보기는 을래 강변에서니라
Då eg no i denne syni skulde til å sjå, syntest det meg at eg var i Susanborgi i Elamfylket; og då eg såg meir til i syni, fann eg at eg var ved elvi Ulai.
3 내가 눈을 들어본즉 강 가에 두 뿔 가진 수양이 섰는데 그 두 뿔이 다 길어도 한 뿔은 다른 뿔보다도 길었고 그 긴 것은 나중에 난 것이더라
Og då eg såg upp, fekk eg sjå ein ver framved elvi, og han hadde tvo horn; og båe horni var høge; men det eine var høgre enn hitt, og det som var høgre, skaut sist upp.
4 내가 본즉 그 수양이 서와 북과 남을 향하여 받으나 그것을 당할 짐승이 하나도 없고 그 손에서 능히 구할 이가 절대로 없으므로 그것이 임의로 행하고 스스로 강대하더라
Eg såg veren stanga med horni vestetter og nordetter og sudetter, og inkje dyr kunde standa honom imot, og ingen kunde berga or hans vald; han for fram som han vilde, og tok seg store ting til.
5 내가 생각할 때에 한 수염소가 서편에서부터 와서 온 지면에 두루 다니되 땅에 닿지 아니하며 그 염소 두 눈 사이에는 현저한 뿔이 있더라
Og då eg gav meir gaum, fekk eg sjå ein bukk koma vestantil og fara fram yver all jordi, men han kom ikkje nær marki; og bukken hadde eit drustelegt horn i skallen.
6 그것이 두 뿔 가진 수양 곧 내가 본 바 강가에 섰던 양에게로 나아가되 분노한 힘으로 그것에게로 달려가더니
Og han kom burt til veren med dei tvo horni, den som eg hadde set standa framved elvi, og for imot honom i veldug vreide.
7 내가 본즉 그것이 수양에게로 가까이 나아가서는 더욱 성내어 그 수양을 땅에 엎드러뜨리고 짓밟았으나 능히 수양을 그 손에서 벗어나게 할 이가 없었더라
Eg såg honom koma radt inn på veren og drusa til honom i illska, og han stanga til veren og braut sund båe horni hans, so at veren ingi magt hadde til å standa imot honom; og han kasta honom til jordi og trakka på honom, og det beid ingen som kunde berga veren or hans vald.
8 수염소가 스스로 심히 강대하여 가더니 강성할 때에 그 큰 뿔이 꺾이고 그 대신에 현저한 뿔 넷이 하늘 사방을 향하여 났더라
Og bukken briska seg storleg. Men då han stod i si beste magt, brotna det store hornet hans, og fire andre drustelege horn skaut upp i staden, ut mot dei fire himmelætterne.
9 그 중 한 뿔에서 또 작은 뿔 하나가 나서 남편과 동편과 또 영화로운 땅을 향하여 심히 커지더니
Frå eitt av deim gjekk det ut eit nytt horn, lite i fyrstningi, og det voks oversleg sudetter og austetter og mot det herlege landet.
10 그것이 하늘 군대에 미칠만큼 커져서 그 군대와 별 중에 몇을 땅에 떨어뜨리고 그것을 짓밞고
Og det voks ende upp til himmelheren og kasta nokre av denne heren, av stjernorne, ned til jordi og trakka på deim.
11 또 스스로 높아져서 군대의 주재를 대적하며 그에게 매일 드리는 제사를 제하여 버렸고 그의 성소를 헐었으며
Ja, jamvel mot hovdingen yver heren briska det seg; han tok burt det daglege offeret, og hans heilagdoms bustad vart nedriven.
12 범죄함을 인하여 백성과 매일 드리는 제사가 그것에게 붙인 바 되었고 그것이 또 진리를 땅에 던지며 자의로 행하여 형통하였더라
Saman med det daglege offeret vart og ein herskare gjeven til pris for brot skuld. Og det slo sanningi ned til jordi, og det lukkast vel, alt det tok seg til.
13 내가 들은즉 거룩한 자가 말하더니 다른 거룩한 자가 그 말하는 자에게 묻되 이상에 나타난 바 매일 드리는 제사와 망하게 하는 죄악에 대한 일과 성소와 백성이 내어준 바 되며 짓밟힐 일이 어느 때까지 이를꼬 하매
Sidan høyrde eg ein heilag som tala, og ein annan heilag spurde honom som tala: «Kor lang tid sigtar ho på, syni um det daglege offeret og um brotet som valdar øyding, og um nedtrakkingi av både heilagdom og her?»
14 그가 내게 이르되 이천삼백 주야까지니 그 때에 성소가 정결하게 함을 입으리라 하였느니라
Då svara han meg: «Tvo tusund og tri hundrad kveldar og morgnar; etter det skal heilagdomen koma til retten sin att.»
15 나 다니엘이 이 이상을 보고 그 뜻을 알고자 할 때에 사람 모양 같은 것이 내 앞에 섰고
Då eg, Daniel, no hadde set denne syni og freista skyna henne, fekk eg sjå at det stod noko framfyre meg, som liktest ein mann.
16 내가 들은즉 을래 강 두 언덕 사이에서 사람의 목소리가 있어 외쳐 이르되 가브리엘아 이 이상을 이 사람에게 깨닫게 하라 하더니
Og midt yver Ulai høyrde eg ei mannerøyst, som ropa og sagde: «Gabriel, tyd syni for denne mannen!»
17 그가 나의 선 곳으로 나아왔는데 그 나아올 때에 내가 두려워서 얼굴을 땅에 대고 엎드리매 그가 내게 이르되 인자야 깨달아 알라 이 이상은 정한 때 끝에 관한 것이니라
Då kom han innåt staden der eg stod; men eg vart rædd då han kom, og kasta meg å gruve. Og han sagde til meg: «Gjev gaum på dette, du menneskjeson; for syni sigtar på endetidi.»
18 그가 내게 말할 때에 내가 얼굴을 땅에 대고 엎드리어 깊이 잠들매 그가 나를 어루만져서 일으켜 세우며
Medan han soleis tala med meg, seig eg i uvit med andlitet mot jordi; men han rørde ved meg og reiste meg upp att.
19 가로되 진노하시는 때가 마친 후에 될 일을 내가 네게 알게 하리니 이 이상은 정한 때 끝에 관한 일임이니라
So sagde han: «Sjå, eg vil kunngjera deg kva som skal henda når det lid til endes med vreiden; for på endetidi sigtar dette.
20 네가 본 바 두 뿔 가진 수양은 곧 메대와 바사 왕들이요
Den tvihyrnte veren som du såg, tyder kongarne i Media og Persia.
21 털이 많은 수염소는 곧 헬라 왕이요 두 눈 사이에 있는 큰 뿔은 곧 그 첫째 왕이요
Men den raggute bukken er Javan-kongen, og det store hornet i skallen hans er den fyrste kongen.
22 이 뿔이 꺾이고 그 대신에 네 뿔이 났은즉 그 나라 가운데서 네 나라가 일어나되 그 권세만 못하리라
Men at det brotna, og at det kom fire andre att i staden, det tyder at folket hans skal verta fire rike, men ikkje med hans kraft.
23 이 네 나라 마지막 때에 패역자들이 가득할 즈음에 한 왕이 일어나리니 그 얼굴은 엄장하며 궤휼에 능하며
Og ved slutten på veldet deira, når illgjerdsmennerne hev fyllt sitt mål, skal det koma upp ein konge, ubljug og meinsløg.
24 그 권세가 강할 것이나 자기의 힘으로 말미암은 것이 아니며 그가 장차 비상하게 파괴를 행하고 자의로 행하여 형통하며 강한 자들과 거룩한 백성을 멸하리라
Veldet hans skal verta stort, men ikkje med hans kraft; og han skal gjera utruleg stor skade og hava heppa med seg i verket sitt; megtige skal han tyna, og eit folk av heilage.
25 그가 꾀를 베풀어 제 손으로 궤휼을 이루고 마음에 스스로 큰 체하며 또 평화한 때에 많은 무리를 멸하며 또 스스로 서서 만왕의 왕을 대적할 것이나 그가 사람의 손을 말미암지 않고 깨어지리라
Med di han er so klok, skal han hava slik heppa med seg i svikarferdi si; han skal setja seg store ting fyre, og uventande skal han tyna mange. Ja, mot hovdingen yver hovdingarne skal han setja seg upp; men utan manns hand skal han då verta krasa.
26 이미 말한 바 주야에 대한 이상이 확실하니 너는 그 이상을 간수하라 이는 여러 날 후의 일임이니라
Og sanning er syni um kveldarne og morgnarne, som no er umtala. Men gøym du denne syni, for ho peikar langt fram i tidi.»
27 이에 나 다니엘이 혼절하여 수일을 앓다가 일어나서 왕의 일을 보았느니라 내가 그 이상을 인하여 놀랐고 그 뜻을 깨닫는 사람도 없었느니라
Men eg, Daniel, vart reint utav det og låg sjuk ei tid. Sidan kom eg meg på føterne att og gjorde mi tenesta hjå kongen; og eg var forstøkt yver syni; men det var ingen som merka det.

< 다니엘 8 >