< 느헤미야 4 >

1 산발랏이 우리가 성을 건축한다 함을 듣고 크게 분노하여 유다 사람을 비웃으며
Då no Sanballat høyrde gjete at me dreiv på og bygde på muren, vart han brennande harm og fælt sinna. Han spotta jødarne,
2 자기 형제들과 사마리아 군대 앞에서 말하여 가로되 `이 미약한 유다 사람들의 하는 일이 무엇인가 스스로 견고케 하려는가 제사를 드리려는가 하루에 필역하려는가 소화된 돌을 흙 무더기에서 다시 일으키려는가' 하고
og tala soleis til brørne sine og til stridsfolket i Samaria: «Kva er det desse visne jødarne driv på med? Skal dei hava lov til sovore? Skal dei få ofra? Kann henda dei vil få arbeidet ferdigt i dag! Kann henda dei vil blåsa liv i steinarne frå dei forbrende røysarne!»
3 암몬 사람 도비야는 곁에 섰다가 가로되 '저들의 건축하는 성벽은 여우가 올라가도 곧 무너지리라' 하더라
Ammoniten Tobia, som stod jamsides med honom, sagde: «Lat deim byggja so mykje dei vil. Berre ein rev hoppar uppå, kjem han til å riva ned heile steinmuren!»
4 `우리 하나님이여, 들으시옵소서 우리가 업신여김을 당하나이다 원컨대 저희의 욕하는 것으로 자기의 머리에 돌리사 노략거리가 되어 이방에 사로잡히게 하시고
«Høyr, vår Gud, kor me er til spott og spe! Lat hædingi deira koma attende på deira eige hovud og gjev deim til plundring i eit land der dei lyt vera fangar!
5 주의 앞에서 그 악을 덮어 두지 마옵시며 그 죄를 도말하지 마옵소서 저희가 건축하는 자 앞에서 주의 노를 격동하였음이니이다' 하고
Løyn ikkje misgjerningi deira! Lat ikkje syndi deira verta utstroki for di åsyn, av di dei hev krenkt deg medan byggjarane høyrde på det!»
6 이에 우리가 성을 건축하여 전부가 연락되고 고가 절반에 미쳤으니 이는 백성이 마음들여 역사하였음이니라
Me bygde på muren, og heile muren vart gjort ferdig upp til halve høgdi. Og folket hadde godt mod på arbeidet.
7 산발랏과, 도비야와, 아라비아 사람들과, 암몬 사람들과, 아스돗 사람들이 예루살렘 성이 중수되어 그 퇴락한 곳이 수보되어 간다 함을 듣고 심히 분하여
Men då Sanballat og Tobia og arabararne og ammonitarne og asdoditarne høyrde at murarne i Jerusalem heldt på å heilna og rivnorne tok til å teppast, då vart dei brennande harme.
8 다 함께 꾀하기를 예루살렘으로 가서 쳐서 요란하게 하자 하기로
Dei lagde seg i hop alle saman um å koma og strida mot Jerusalem og gjera ugreida for folket.
9 우리가 우리 하나님께 기도하며 저희를 인하여 파숫군을 두어 주야로 방비하는데
Då bad me til vår Gud. Og me sette vaktpostar natt og dag til vern mot deim.
10 유다 사람들은 이르기를 `흙 무더기가 아직도 많거늘 담부하는 자의 힘이 쇠하였으니 우리가 성을 건축하지 못하리라' 하고
Men jødarne sagde: «Magti tryt hjå arbeidsfolket, og grushaugane er for store; me orkar ikkje byggja på muren!»
11 우리의 대적은 이르기를 `저희가 알지 못하고 보지 못하는 사이에 우리가 저희 중에 달려 들어가서 살륙하여 역사를 그치게 하리라' 하고
Og fiendarne våre sagde: «Inkje skal dei gå og inkje skal dei sjå fyrr me kjem midt uppi flokken og høgg deim ned og soleis gjer ende på arbeidet.»
12 그 대적의 근처에 거하는 유다 사람들도 그 각처에서 와서 열 번이나 우리에게 고하기를 '너희가 우리에게로 와야 하리라' 하기로
Og jødarne som budde nær deim, kom frå alle kantar og sagde med oss vel ti gonger: «De lyt koma attende til oss.»
13 내가 성 뒤 낮고 넓은 곳에 백성으로 그 종족을 따라 칼과 창과 활을 가지고 서게 하고
Då fylkte eg folket i lægderne bak muren, på dei opne plassarne; fylkte deim kvar ættgrein for seg med sine sverd og med spjot og med bogar.
14 내가 돌아본 후에 일어나서 귀인들과 민장과 남은 백성에게 고하기를 너희는 저희를 두려워 말고 지극히 크시고 두려우신 주를 기억하고 너희 형제와 자녀와 아내와 집을 위하여 싸우라 하였었느니라
Eg mynstra deim, gjekk so fram og tala til dei adelborne og formennerne og til hitt folket: «Ver ikkje rædde deim! Tenk på Herren, den store og skræmelege, og strid for brørne dykkar, for sønerne og døtterne dykkar, for konorne dykkar og for heimarne dykkar.»
15 우리의 대적이 자기의 뜻을 우리가 알았다 함을 들으니라 하나님이 저희의 꾀를 폐하셨으므로 우리가 다 성에 돌아와서 각각 역사하였는데
Då fiendarne våre fekk spurt at me hadde full greida på det, og at Gud soleis hadde gjort rådi deira um inkje, so kunde me alle ganga attende til muren kvar til sitt arbeid.
16 그 때로부터 내 종자의 절반은 역사하고 절반은 갑옷을 입고 창과 방패와 활을 가졌고 민장은 유다 온 족속의 뒤에 있었으며
Men frå den dagen dreiv berre helvti av drengjarne mine på med arbeidet; andre helvti stod væpna med spjot, med skjoldar, bogar og brynjor. Hovdingarne stod attanfor heile Judas hus.
17 성을 건축하는 자와 담부 하는자는 다 각각 한 손으로 일을 하며 한 손에는 병기를 잡았는데
Dei som bygde på muren og dei som leste på seg og bar byrdor, med eine handi gjorde dei arbeidet, med hi heldt dei verja.
18 건축하는 자는 각각 칼을 차고 건축하며 나팔 부는 자는 내 곁에 섰었느니라
Kvar byggjar spente sverd um seg, og dei bygde medan hornblåsaren stod jamsides med meg.
19 내가 귀인들과 민장들과 남은 백성에게 이르기를 `이 역사는 크고 넓으므로 우리가 성에서 나뉘어 상거가 먼즉
Og eg sagde til dei adelborne og formennerne og til hitt folket: «Arbeidet er stort og vidsveimt; og me er spreidde på muren langt frå kvarandre.
20 너희가 무론 어디서든지 나팔 소리를 듣거든 그리로 모여서 우리에게로 나아오라 우리 하나님이 우리를 위하여 싸우시리라!' 하였느니라
Der de høyrer hornet ljoda, dit skal de samla dykk til oss. Vår Gud vil strida for oss.»
21 우리가 이같이 역사하는데 무리의 절반은 동틀 때부터 별이 나기까지 창을 잡았었으며
So dreiv me då på med arbeidet, medan helvti av folket heldt spjoti, frå morgonroden rann til stjernorne synte seg.
22 그 때에 내가 또 백성에게 고하기를 `사람마다 그 종자와 함께 예루살렘 안에서 잘지니 밤에는 우리를 위하여 파수하겠고 낮에는 역사하리라' 하고
Samstundes baud eg folket: «Kvar og ein med sin dreng skal vera med natti inne i Jerusalem, so me kann hava deim til vakt um natti og til arbeid um dagen.»
23 내나 내 형제들이나 종자들이나 나를 좇아 파수하는 사람들이나 다 그 옷을 벗지 아니하였으며 물을 길으러 갈 때에도 기계를 잡았었느니라
Korkje eg eller frendarne mine eller drengjerne eller vaktmennerne mine, kom or klædi. Våpni var for kvar og ein likso umissande som vatn.

< 느헤미야 4 >