< 레위기 16 >

1 아론의 두 아들이 여호와 앞에 나아가다가 죽은 후에 여호와께서 모세에게 말씀하시니라
Då dei tvo Arons-sønerne var slokna, dei som laut døy for di dei gjekk fram for Herrens åsyn, då tala Herren til Moses,
2 여호와께서 모세에게 이르시되 네 형 아론에게 이르라 성소의 장안 법궤 위 속죄소 앞에 무시로 들어오지 말아서 사망을 면하라 내가 구름 가운데서 속죄소 위에 나타남이니라
og sagde til honom: «Seg med Aron, bror din, at han ikkje må ganga inn i heilagdomen, innanfor forhenget og fram åt kista med kerubarne, kva tid han vil; då kunde han missa livet; for uppyver kerubarne syner eg meg i skyi.
3 아론이 성소에 들어오려면 수송아지로 속죄 제물을 삼고 수양으로 번제물을 삼고
Soleis lyt Aron vera budd når han skal ganga inn i heilagdomen: Han skal hava med seg ein ung ukse til syndoffer og ein ver til brennoffer.
4 거룩한 세마포 속옷을 입으며 세마포 고의를 살에 입고 세마포 띠를 띠며 세마포 관을 쓸지니 이것들은 거룩한 옷이라 물로 몸을 씻고 입을 것이며
Og han skal klæda seg i ein vigd linkjole, og hava ei linbrok på seg næst kroppen, og binda eit linbelte kring livet, og sveipa eit linplagg kring hovudet; vigde klæde lyt det vera, og fyrr han tek deim på seg, skal han lauga likamen sin i vatn.
5 이스라엘 자손의 회중에게서 속죄 제물을 위하여 수염소 둘과 번제물을 위하여 수양 하나를 취할지니라
Og av Israels-lyden skal han få tvo geitebukkar til syndoffer og ein ver til brennoffer.
6 아론은 자기를 위한 속죄제의 수송아지를 드리되 자기와 권속을 위하여 속죄하고
So skal Aron leida fram syndofferuksen sin, og beda for seg og huset sitt.
7 또 그 두 염소를 취하여 회막 문 여호와 앞에 두고
Og han skal taka båe bukkarne, og leida deim fram for Herrens åsyn i møtetjelddøri.
8 두 염소를 위하여 제비 뽑되 한 제비는 여호와를 위하고, 한 제비는 아사셀을 위하여 할지며
Og han skal draga strå um bukkarne, eit for Herren og eit for Azazel.
9 아론은 여호와를 위하여 제비 뽑은 염소를 속죄제로 드리고
Og den bukken som fell på Herrens lut, skal han leida fram og ofra til syndoffer.
10 아사셀을 위하여 제비 뽑은 염소는 산 대로 여호와 앞에 두었다가 그것으로 속죄하고 아사셀을 위하여 광야로 보낼지니라
Men den som fell på Azazels lut, skal leidast livande fram for Herrens åsyn, og dei skal lesa bøner yver honom, og senda honom ut i øydemarki til Azazel.
11 아론은 자기를 위한 속죄제의 수송아지를 드리되 자기와 권속을 위하여 속죄하고 자기를 위한 그 속죄제 수송아지를 잡고
Når Aron hev leidt fram syndofferuksen sin, og bede for seg og huset sitt, so skal han fyrst slagta uksen,
12 향로를 취하여 여호와 앞 단 위에서 피운 불을 그것에 채우고 또 두손에 곱게 간 향기로운 향을 채워 가지고 장 안에 들어가서
og so skal han fylla glodfatet sitt med gløder frå altaret der elden brenn for Herrens åsyn, og taka tvo nevar med finstøytt, angande røykjelse og bera innanfor forhenget,
13 여호와 앞에서 분향하여 향연으로 증거궤 위 속죄소를 가리우게 할지니 그리하면 그가 죽음을 면할 것이며
og han skal leggja røykjelsen på elden for Herrens åsyn, so røyken gøymer lovtavlekista med kerubarne; elles lyt han døy.
14 그는 또 수송아지의 피를 취하여 손가락으로 속죄소 동편에 뿌리고 또 손가락으로 그 피를 속죄소 앞에 일곱번 뿌릴 것이며
So skal han taka noko av ukseblodet og skvetta med fingeren fremst på kisteloket mot aust, og framanfor kista skal han skvetta med fingeren av blodet sju gonger.
15 또 백성을 위한 속죄제 염소를 잡아 그 피를 가지고 장 안에 들어가서 그 수송아지 피로 행함 같이 그 피로 행하여 속죄소 위와 속죄소 앞에 뿌릴지니
So skal han slagta den bukken som er etla til syndoffer for folket, og bera blodet innanfor forhenget, og gjera med det som han gjorde med blodet av uksen: skvetta det på kisteloket og framanfor kista.
16 곧 이스라엘 자손의 부정과 그 범한 모든 죄를 인하여 지성소를 위하여 속죄하고 또 그들의 부정한 중에 있는 회막을 위하여 그같이 할 것이요
Soleis skal han gjera soning for heilagdomen, og reinsa honom for dei broti som Israels-borni hev sulka honom med kvar gong dei hev synda, og det same skal han gjera med heile møtetjeldet, som er reist millom deim, midt i ureinskalpen deira.
17 그가 지성소에 속죄하러 들어가서 자기와 그 권속과 이스라엘 온회중을 위하여 속죄하고 나오기까지는 누구든지 회막에 있지 못할 것이며
Og det må ikkje finnast noko menneskje i møtetjeldet frå Aron gjeng inn og skal halda bøn i heilagdomen, og til han kjem ut att og hev gjort soning for seg og for huset sitt og for heile Israels-lyden.
18 그는 여호와 앞 단으로 나와서 그것을 위하여 속죄할지니 곧 그 수송아지의 피와 염소의 피를 취하여 단 귀퉁이 뿔들에 바르고
So skal han ganga ut til altaret, som er reist for Herrens åsyn, og gjera soning for det: Han skal taka noko av ukseblodet og noko av bukkeblodet og strjuka rundt ikring på altarhorni,
19 또 손가락으로 그 피를 그 위에 일곱번 뿌려 이스라엘 자손의 부정에서 단을 성결케 할 것이요
og skvetta med fingeren av blodet på altaret sju gonger, og reinsa det for den sauren som Israels-borni hev sulka det med, og helga det.
20 그 지성소와 회막과 단을 위하여 속죄하기를 마친 후에 산 염소를 드리되
Når Aron hev fullført soningi for heilagdomen og møtetjeldet og altaret, so skal han leida fram den livande bukken,
21 아론은 두 손으로 산 염소의 머리에 안수하여 이스라엘 자손의 모든 불의와 그 범한 모든 죄를 고하고 그 죄를 염소의 머리에 두어 미리 정한 사람에게 맡겨 광야로 보낼지니
og leggja henderne på hovudet hans, og skrifta uppyver honom alle dei brot og misgjerningar Israels-folket hev gjort so ofte dei hev synda, og leggja deim på hovudet åt bukken, og so senda honom ut i øydemarki med ein mann som stend reidug.
22 염소가 그들의 모든 불의를 지고 무인지경에 이르거든 그는 그 염소를 광야에 놓을지니라
Og bukken skal bera alle broti deira med seg til eit land som ligg langt, langt av leid. Når Aron hev sendt bukken ut i øydemarki,
23 아론은 회막에 들어가서 지성소에 들어갈 때에 입었던 세마포 옷을 벗어 거기 두고
skal han ganga inn i møtetjeldet, og taka av seg linklædi som han hadde på seg då han gjekk inn i heilagdomen, og gøyma deim der.
24 거룩한 곳에서 물로 몸을 씻고 자기 옷을 입고 나와서 자기의 번제와 백성의 번제를 드려 자기와 백성을 위하여 속죄하고
So skal han lauga likamen sin i vatn på ein heilag stad, og klæda seg i den vanlege bunaden sin, og so ganga ut att, og ofra brennofferet sitt og brennofferet for folket, og gjera soning for seg og for deim.
25 속죄제 희생의 기름을 단에 불사를 것이요
Og feittet av syndofferet skal han brenna på altaret, so røyken stig upp mot himmelen.
26 염소를 아사셀에게 보낸 자는 옷을 빨고 물로 몸을 씻은 후에 진에 들어올 것이며
Den som hev leidt bukken burt til Azazel, lyt två klædi sine og lauga likamen sin i vatn; då fyrst kann han få koma inn i lægret.
27 속죄제 수송아지와 속죄제 염소의 피를 성소로 들여다가 속죄하였은즉 그 가죽과 고기와 똥을 밖으로 내어다가 불사를 것이요
Uksen og bukken som vart slagta til syndoffer, og som dei tok blodet av og bar inn i heilagdomen til soning, skal dei føra ut or lægret, og brenna både skinni og kjøtet og møki.
28 불사른 자는 옷을 빨고 물로 몸을 씻은 후에 진에 들어올지니라
Den som brenner det, lyt två klædi sine og lauga likamen sin i vatn; sidan kann han koma inn i lægret.
29 너희는 영원히 이 규례를 지킬지니라! 칠월 곧 그 달 십일에 너희는 스스로 괴롭게 하고 아무 일도 하지 말되 본토인이든지 너희 중에 우거하는 객이든지 그리하라
Og dette skal vera ei æveleg lov hjå dykk: Den tiande dagen i den sjuande månaden skal de fasta og ikkje gjera noko slag arbeid, korkje den som er fødd og boren i landet, eller den framande som held til hjå dykk.
30 이 날에 너희를 위하여 속죄하여 너희로 정결케 하리니 너희 모든 죄에서 너희가 여호와 앞에 정결하리라
For den dagen skal dei gjera soning for dykk, og reinsa dykk for alle synderne dykkar, so de vert reine for Herren.
31 이는 너희에게 큰 안식일인즉 너희는 스스로 괴롭게 할지니 영원히 지킬 규례라
Ei høgtidshelg skal det vera for dykk, og då skal de fasta; det skal vera ei æveleg lov.
32 그 기름 부음을 받고 위임되어 그 아비를 대신하여 제사장의 직분을 행하는 제사장은 속죄하되 세마포 옷 곧 성의를 입고
Den som skal standa for soningi, er presten, han som hev vorte salva og sett til å styra preste-embættet etter far sin. Han skal klæda seg i dei heilage linklædi,
33 지성소를 위하여 속죄하며 회막과 단을 위하여 속죄하고 또 제사장들과 백성의 회중을 위하여 속죄할지니
og gjera soning for det høgheilage romet og møtetjeldet og altaret; og prestarne og heila ålmugen skal han og gjera soning for.
34 이는 너희의 영원히 지킬 규례라 이스라엘 자손의 모든 죄를 위하여 일년 일차 속죄할 것이니라 아론이 여호와께서 모세에게 명하신 대로 행하니라
Det skal vera ei æveleg lov hjå dykk, at dei ein gong um året skal gjera soning for Israels-borni og reinsa deim for alle synderne deira.» Og Aron gjorde som Herren hadde sagt til Moses.

< 레위기 16 >