< 사사기 4 >

1 에훗의 죽은 후에 이스라엘 자손이 또 여호와의 목전에 악을 행하매
Då Ehud var burte, gjorde Israels-sønerne atter det som var Herren imot.
2 여호와께서 하솔에 도읍한 가나안 왕 야빈의 손에 그들을 파셨는데 그 군대 장관은 이방 하로셋에 거하는 시스라요
Då slepte han deim i henderne på Jabin, kananitarkongen. Jabin hadde kongssætet sitt i Hasor. Hovdingen yver heren hans heitte Sisera; han budde i Haroset-Haggojim.
3 야빈 왕은 철병거 구백승이 있어서 이십년 동안 이스라엘 자손을 심히 학대한 고로 이스라엘 자손이 여호와께 부르짖었더라
Og Israels-sønerne ropa til Herren; for Sisera hadde ni hundrad jarnvogner, og han trengde Israels-sønerne hardt i tjuge år.
4 그 때에 랍비돗의 아내 여선지 드보라가 이스라엘의 사사가 되었는데
I den tidi var Debora, kona åt Lappidot, domar i Israel. Ho var ei viskona,
5 그는 에브라임 산지 라마와 벧엘 사이 드보라의 종려나무 아래 거하였고 이스라엘 자손은 그에게 나아가 재판을 받더라
og sat jamleg under eit palmetre millom Rama og Betel på Efraimsheidi - det treet vart heitande Deborapalma - og Israels-sønerne kom upp til henne, so ho skulde skifta rett millom deim.
6 드보라가 보내어 아비노암의 아들 바락을 납달리 게데스에서 불러다가 그에게 이르되 `이스라엘 하나님 여호와께서 이같이 명하지 아니하셨느냐? 이르시기를 너는 납달리 자손과 스불론 자손 일만명을 거느리고 다볼 산으로 가라
Ho sende bod etter Barak, son åt Abinoam, frå Kedes i Naftalifylket, og sagde med honom: «Høyr no kva Herren, Israels Gud, segjer til deg: «Tak ut, og drag upp på Taborfjellet, og hav med deg ti tusund mann av Naftali- og Sebulons-ætterne!
7 내가 야빈의 군대 장관 시스라와 그 병거들과 그 무리를 기손강으로 이끌어 네게 이르게 하고 그를 네 손에 붙이리라 하셨느니라'
Og eg skal draga Sisera, hovdingen yver Jabins-heren, burtåt deg til Kisonåi med vognerne og heile horgi hans, og gjeva honom i dine hender.»»
8 바락이 그에게 이르되 `당신이 나와 함께 가면 내가 가려니와 당신이 나와 함께 가지 아니하면 나는 가지 않겠노라'
Då svara Barak: «Gjeng du med meg, so skal eg taka ut, men gjeng du ikkje med, so gjeng ikkje eg heller.»
9 가로되 `내가 반드시 너와 함께 가리라 그러나 네가 이제 가는 일로는 영광을 얻지 못하리니 이는 여호와께서 시스라를 여인의 손에 파실 것임이니라' 하고 드보라가 일어나 바락과 함께 게데스로 가니라
«Visst skal eg ganga med deg, » sagde Debora, «men då fær ikkje du æra for den ferdi du tek ut på; for Herren skal gjeva Sisera i kvendehand.» So gjorde ho seg reidug og vart med Barak til Kedes.
10 바락이 스불론과 납달리를 게데스로 부르니 일만인이 그를 따라 올라가고 드보라도 그와 함께 올라가니라
Og Barak stemnde Sebulon og Naftali i hop til Kedes; ti tusund mann fylgde etter honom, og Debora var med.
11 모세의 장인 호밥의 자손중 겐 사람 헤벨이 자기 족속을 떠나 게데스에 가까운 사아난님 상수리나무 곁에 이르러 장막을 쳤더라
Den gongen hadde Heber, ein av kenitarne, som var ætta frå Hobab, verbror åt Moses, skilt lag med ætti si, og no flutte han med tjeldbuderne sine alt burt til Besa’annim-eiki som stend innmed Kedes.
12 아비노암의 아들 바락이 다볼산에 오른 것을 혹이 시스라에게 고하매
Då Sisera fekk spurt at Barak Abinoamsson var faren upp på Taborfjellet,
13 시스라가 모든 병거 곧 철병거 구백승과 자기와 함께 있는 온 군사를 이방 하로셋에서부터 기손강으로 모은지라
baud han ut stridsmagti si, og for med alle vognerne sine, ni hundrad jarnvogner, og alt folket han hadde med seg, frå Haroset-Haggojim til Kisonåi.
14 드보라가 바락에게 이르되 `일어나라! 이는 여호와께서 시스라를 네 손에 붙이신 날이라 여호와께서 너의 앞서 행하지 아니하시느냐?' 이에 바락이 일만명을 거느리고 다볼 산에서 내려가니
Då sagde Debora til Barak: «Kom no! For i dag vil Herren gjeva Sisera i dine hender. Veit du’kje at Herren gjeng fyre deg i striden?» So for Barak ned av Taborfjellet, og det fylgde honom ti tusund mann.
15 여호와께서 바락의 앞에서 시스라와 그 모든 병거와 그 온 군대를 칼날로 쳐서 패하게 하시매 시스라가 병거에서 내려 도보로 도망한지라
Og Herren sette ein støkk i Sisera og alle vognkjemporne og heile heren hans, so dei ikkje kunde standa seg for Barak og sverdet hans; då steig Sisera ned av vogni, og rømde på sin fot.
16 바락이 그 병거들과 군대를 추격하여 이방 하로셋에 이르니 시스라의 온 군대가 다 칼에 엎드러졌고 남은 자가 없었더라
Men Barak elte vognerne og heren alt til Haroset-Haggojim, og heile Sisera-heren fall for sverdet; det vart’kje att ein einaste mann.
17 시스라가 도보로 도망하여 겐사람 헤벨의 아내 야엘의 장막에 이르렀으니 하솔 왕 야빈은 겐 사람 헤벨의 집과 화평이 있음이라
Sisera rømde på sin fot til tjeldbudi hennar Jael, kona åt Heber, keniten; for det var fred millom Jabin, Hasor-kongen, og ætti åt Heber.
18 야엘이 나가 시스라를 영접하며 그에게 말하되 `나의 주여! 들어오소서 내게로 들어오시고 두려워하지 마소서' 하매 그 장막에 들어가니 야엘이 이불로 덮으니라
Og Jael gjekk ut imot Sisera, og sagde: «Kom inn, herre, kom inn til meg! Du tarv ikkje vera rædd!» Då gjekk han inn i tjeldbudi til henne, og ho gøymde honom under felden.
19 시스라가 그에게 말하되 `청하노니 내게 물을 조금 마시우라 내가 목이 마르도다` 하매 젖부대를 열어 그에게 마시우고 그를 덮으니
So sagde han: «Kjære væne, gjev meg litt vatn! Eg er tyrst.» Då opna ho mjølkeflaska og gav honom drikka og breidde på honom.
20 그가 또 가로되 `장막문에 섰다가 만일 사람이 와서 네게 묻기를 여기 어떤 사람이 있느냐? 하거든 너는 없다 하라' 하고
Og han sagde til henne: «Statt i budøri, og kjem det einkvar og spør deg um her er nokon, so seg: Nei!»
21 그가 곤비하여 깊이 잠든지라 헤벨의 아내 야엘이 장막 말뚝을 취하고 손에 방망이를 들고 그에게로 가만히 가서 말뚝을 그 살쩍에 박으매 말뚝이 꿰뚫고 땅에 박히니 시스라가 기절하여 죽으니라
Då var det Jael, kona åt Heber, tok ein tjeldnagle, og gjekk stilt inn til Sisera med hamaren i handi, og med han, trøytt som han var, låg i fastaste svevnen, slo ho naglen gjenom tunnvangen hans, so han gjekk ned i jordi. Soleis døydde han.
22 바락이 시스라를 따를 때에 야엘이 나가서 그를 맞아 가로되 `오라 내가 너의 찾는 사람을 네게 보이리라' 바락이 그에게 들어가 보니 시스라가 죽어 누웠고 말뚝은 그 살쩍에 박혔더라
I same bilet kom Barak og søkte etter Sisera. Då gjekk Jael ut imot honom og sagde: «Kom, so skal eg syna deg den mannen du leitar etter!» So gjekk han inn til henne, og då fekk han sjå at Sisera låg livlaus på jordi, med naglen gjenom tunnvangen.
23 이와 같이 이 날에 하나님이 가나안 왕 야빈을 이스라엘 자손 앞에 패하게 하신지라
Den dagen bøygde Gud Jabin i kne for Israel;
24 이스라엘 자손의 손이 가나안 왕 야빈을 점점 더 이기어서 마침내 가나안 왕 야빈을 진멸하였더라
og Israels hand låg tyngre og tyngre på Jabin, Kana’ans-kongen, til dei reint gjorde ende på honom.

< 사사기 4 >