< 사사기 19 >

1 이스라엘에 왕이 없을 그 때에 에브라임 산지 구석에 우거하는 어떤 레위 사람이 유다 베들레헴에서 첩을 취하였더니
På denne tidi, den gongen då det ikkje fanst nokon konge i Israel, var det ein mann av Levi-ætti som budde lengst burte på Efraimsheidi. Han fekk seg ei fylgjekone frå Betlehem i Judafylket.
2 그 첩이 행음하고 남편을 떠나 유다 베들레헴 그 아비의 집에 돌아가서 거기서 넉달의 날을 보내매
Men kona var utru mot honom, og for ifrå honom og heim til far sin, til Betlehem i Juda. Der var ho eit bil, fire månader på lag;
3 그 남편이 그 여자에게 다정히 말하고 그를 데려오고자 하여 하인 하나와 나귀 두 필을 데리고 그에게로 가매 여자가 그를 인도하여 아비의 집에 들어가니 그 여자의 아비가 그를 보고 환영하니라
då for mannen hennar etter henne, og vilde tala vel med henne og få henne til å koma att; og han hadde med seg drengen sin og eit par asen. Den unge kona leidde honom inn i huset åt far sin, og då faren såg honom, vart han glad, og tok vel imot honom.
4 그 첩장인 곧 여자의 아비가 그를 머물리매 그가 삼일을 그와 함께 거하며 먹고 마시며 거기서 유숙하다가
Og verfar hans, far åt den unge kona, heldt på honom, so han vart verande der i tri dagar, og dei åt og drakk og var der um natti.
5 나흘 만에 일찌기 일어나 떠나고자 하매 여자의 아비가 그 사위에게 이르되 `떡을 조금 먹어 그대의 기력을 도운 후에 그대의 길을 행하라'
Tidleg den fjorde dagen gjorde mannen seg reidug og vilde fara i veg. Då sagde far åt den unge kona til mågen sin: «Få deg fyrst ein bite mat å kveikja deg på! Sidan kann de fara.»
6 두 사람이 앉아서 함께 먹고 마시매 여자의 아비가 그 사람에게 이르되 `청하노니 이 밤을 여기서 유숙하여 그대의 마음을 즐겁게하라'
So sette dei seg ned båe tvo og åt og drakk saman, og far åt den unge kona sagde til mannen: «Kjære, gjer vel og ver til morgons, og kosa deg!»
7 그 사람이 일어나서 가고자 하되 첩장인의 간청으로 다시 유숙하더니
Og då mannen reiste seg og vilde taka ut, nøydde verfaren honom so lenge til han gav seg og vart der um natti.
8 다섯째 날 아침에 일찌기 일어나 떠나고자 하매 여자의 아비가 이르되 `청하노니 그대의 기력을 돕고 해가 기울도록 머물라' 하므로 두 사람이 함께 먹고
Morgonen etter - det var den femte dagen - var han tidleg uppe, og vilde taka av stad. Då sagde far åt den unge kona: «Kjære, få deg fyrst noko å kveikja deg på og bia so til det lid yver middag!» So åt dei i hop, dei tvo.
9 그 사람이 첩과 하인으로 더불어 일어나 떠나고자 하매 그 첩장인 곧 여자의 아비가 그에게 이르되 `보라! 이제 해가 저물어가니 청컨대 이 밤도 유숙하라 보라! 해가 기울었느니라 그대는 여기서 유숙하여 그대의 마음을 즐겁게 하고 내일 일찌기 그대의 길을 행하여 그대의 집으로 돌아가라'
Sidan ferda mannen seg til, og vilde taka i vegen med fylgjekona si og drengen. Då sagde verfar hans, far åt den unge kona: «No lid det alt til kvelds! Kjære, bia til morgons! Sjå korleis dagen hallar! Ver her i natt, og kosa deg! I morgon kann de taka tidleg i vegen, so du kann koma heim att!»
10 그 사람이 다시 밤을 지내고자 아니하여 일어나 떠나서 여부스 맞은편에 이르렀으니 여부스는 곧 예루살렘이라 안장 지운 나귀 둘과 첩이 그와 함께 하였더라
Men mannen vilde ikkje gjeva seg til der um natti. Han gjorde tok ut, og for frametter til han kom midt for Jebus, det er det same som Jerusalem. Med seg hadde han eit par asen med klyv, og fylgjekona var med honom.
11 그들이 여부스에 가까왔을 때에 해가 지려 하는지라 종이 주인에게 이르되 `청컨대 우리가 돌이켜 여부스 사람의 이 성읍에 들어 가서 유숙하사이다'
Då dei var innmed Jebus, var dagen langt liden, og drengen sagde til husbonden sin: «Kom, lat oss taka inn i jebusitarbyen her og vera der med natti!»
12 주인이 그에게 이르되 `우리가 돌이켜 이스라엘 자손에게 속하지 아니한 외인의 성읍으로 들어갈 것이 아니니 기브아로 나아가리라' 하고
«Nei, me vil ikkje taka inn i nokon by der det berre bur framande, og ikkje israelitar; me vil halda fram til Gibea, » svara husbonden.
13 또 그 종에게 이르되 `우리가 기브아나 라마 중 한 곳에 나아가 거기서 유숙하자' 하고
«Kom, lat oss sjå til å nå ein av dei byarne der burte, og få hus i Gibea eller Rama!» sagde han til drengen sin.
14 모두 앞으로 행하더니 베냐민에 속한 기브아에 가까이 이르러는 해가 진지라
So heldt dei lenger fram, og då soli gladde, var dei tett ved Gibea i Benjaminsfylket.
15 기브아에 가서 유숙하려고 그리로 돌이켜 들어가서 성읍 거리에 앉았으나 그를 집으로 영접하여 유숙케 하는 자가 없었더라
Der tok dei av vegen, og gjekk inn i byen og vilde få hus um natti. Då han kom inn i byen, sette han seg på torget; men det var ingen som baud seg til å gjeva dei hus for natti.
16 이미 저물매 한 노인이 밭에서 일하다가 돌아오니 그 사람은 본래 에브라임 산지 사람으로서 기브아에 우거하는 자요 그 곳 사람들은 베냐민 사람이더라
Då kom det ut på kvelden ein gamall mann heim frå marki, frå arbeidet sitt; han var frå Efraimsheidi, men heldt til i Gibea. Hitt folket der var benjaminitar.
17 노인이 눈을 들어 성읍 거리에 행객이 있는 것을 본지라 노인이 묻되 그대는 어디로 가며 어디서 왔느뇨?
Då han såg upp, vart han var ferdamannen på torget, og sagde til honom: «Kvar etlar du deg av, og kvar kjem du ifrå?»
18 그가 그에게 이르되 `우리는 유다 베들레헴에서 에브라임 산지 구석으로 가나이다 나는 그곳 사람으로서 유다 베들레헴에 갔다가 이제 여호와의 집으로 가는 중인데 나를 자기 집으로 영접하는 사람이 없나이다
«Me kjem frå Betlehem i Juda», svara hin, «og skal langt burt på Efraimsheidi; der er eg ifrå. Eg hev vore til Betlehem i Juda, og no er eg på vegen til Herrens hus; men her er ingen som vil hysa meg!
19 우리에게는 나귀들에게 먹일 짚과 보리가 있고 나와 당신의 여종과 당신의 종 우리들과 함께한 소년의 먹을 양식과 포도주가 있어 무엇이든지 부족함이 없나이다'
Eg hev både halm og for til asni våre, og brød og vin til meg og kona og drengen som er med oss; det vantar oss ingen ting.»
20 노인이 가로되 `그대는 안심하라 그대의 모든 쓸 것은 나의 담책이니 거리에서는 자지 말라' 하고
«Ver velkomen, » sagde den gamle mannen; «lat berre meg syta for alt det du treng! Men på torget må du ikkje vera i natt.»
21 그를 데리고 자기 집에 들어가서 나귀에게 먹이니 그들이 발을 씻고 먹고 마시니라
So fylgde han den framande inn i huset sitt, og gav asni hans for, og då dei hadde tvege føterne sine, sette dei seg til bords.
22 그들이 마음을 즐겁게 할 때에 그 성읍의 비류들이 그 집을 에워 싸고 문을 두들기며 집 주인 노인에게 말하여 가로되 `네 집에 들어온 사람을 끌어내라 우리가 그를 상관하리라'
Best dei sat og kosa seg, kom mennerne i byen, ukjor som dei var, og kringsette huset; dei dundra på døri og ropa til den gamle mannen som åtte huset: «Lat den karen som hev teke inn hjå deg koma ut, so me kann få vår vilje med honom!»
23 집 주인 그 사람이 그들에게로 나와서 이르되 `아니라 내 형제들아 청하노니 악을 행치 말라 이 사람이 내 집에 들었으니 이런 망령된 일을 행치 말라
Då gjekk huseigaren ut til deim, og sagde: «Far ikkje so, godtfolk! Gjer ikkje vondt! Kom i hug at denne mannen er gjesten min, og gjer ikkje so stygg ei gjerning!
24 보라 여기 내 처녀 딸과 이 사람의 첩이 있은즉 내가 그들을 끌어 내리니 너희가 그들을 욕보이든지 어찌하든지 임의로 하되 오직 이사람에게는 이런 망령된 일을 행치 말라' 하나
Sjå her er dotter mi, som er møy, og fylgjekona hans; deim skal eg senda ut til dykk; so fær de taka deim og gjera med deim som de synest; men denne mannen må de ikkje fara so stygt med!»
25 무리가 듣지 아니하므로 그 사람이 자기 첩을 무리에게로 붙들어 내매 그들이 그에게 행음하여 밤새도록 욕보이다가 새벽 미명에 놓은지라
Men kararne vilde ikkje høyra på honom. Då tok den framande fylgjekona si, og leidde henne ut til deim, og dei låg med henne og skamfor henne heile natti, og slepte henne ikkje fyrr det leid imot morgonen og tok til å ljosna.
26 동틀 때에 여인이 그 주인의 우거한 그 사람의 집 문에 이르러 엎드러져 밝기까지 거기 누웠더라
I dagrenningi kom kona, og seig i hop framfyre døri til det huset der husbonden hennar var; der vart ho liggjande til det var ljost.
27 그의 주인이 일찌기 일어나 집 문을 열고 떠나고자 하더니 그 여인이 집 문에 엎드러지고 그 두 손이 문지방에 있는 것을 보고
Då husbonden hennar reis upp um morgonen, og let upp husdøri og gjekk ut, vilde fara sin veg, då låg kvinna, fylgjekona hans, framfyre husdøri, med henderne på dørstokken.
28 그에게 이르되 `일어나라 우리가 떠나가자' 하나 아무 대답이 없는지라 이에 그 시체를 나귀에 싣고 행하여 자기 곳에 돌아가서
«Reis deg upp, og lat oss fara i veg!» sagde han. Men han fekk inkje svar. Då lyfte han henne upp på asnet, og tok ut, og for til si bygd.
29 그 집에 이르러서는 칼을 취하여 첩의 시체를 붙들어 그 마디를 찍어 열 두덩이에 나누고 그것을 이스라엘 사방에 두루 보내매
Og då han kom heim, treiv han ein kniv, og tok fylgjekona si, og lema henne sund i tolv luter, og deim sende han kring i heile Israelsriket.
30 그것을 보는 자가 다 가로되 `이스라엘 자손이 애굽 땅에서 나온 날부터 오늘날까지 이런 일은 행치도 아니하였고 보지도 못하였도다 생각하고 상의한 후에 말하자' 하니라
Og alle som såg det, sagde: «Slikt hev aldri hendt og aldri vore spurt, alt ifrå den dagen då Israels-sønerne for frå Egyptarland og til denne dag. Tenk etter, legg råd, og tala!»

< 사사기 19 >