< 여호수아 8 >
1 여호와께서 여호수아에게 이르시되 두려워 말라! 놀라지 말라! 군사를 다 거느리고 일어나 아이로 올라가라 보라, 내가 아이 왕과, 그 백성과, 그 성읍과, 그 땅을 다 네 손에 주었노니
So sagde Herren til Josva: «Ottast ikkje og ver ikkje rædd! Tak med deg alt stridsfolket, og gjer deg reidug og far upp mot Aj! For no vil eg gjeva Aj-kongen i dine hender, og folket og byen og landet hans,
2 너는 여리고와 그 왕에게 행한것 같이 아이와 그 왕에게 행하되오직 거기서 탈취할 물건과 가축은 스스로 취하라 너는 성 뒤에 복병할지니라
og du skal fara like eins med Aj og kongen der som du for med Jeriko og den kongen; men herfanget og bufeet, det kann de eigna til dykk. Lat nokre av folki dine leggja seg i løynlega attanfor byen!»
3 이에 여호수아가 일어나서 군사와 함께 아이로 올라가려 하여 용사 삼만명을 뽑아 밤에 보내며
Då gjorde Josva seg reidug til å fara upp mot Aj med heile heren. Han valde ut tretti tusund mann, djerve karar; dei sende han av stad um natti,
4 그들에게 명하여 가로되 `너희는 성읍 뒤로 가서 성읍을 향하고 매복하되 그 성읍에 너무 멀리 하지말고 다 스스로 예비하라!
og sagde til deim: «Høyr her: no skal de leggja dykk i løynlega attanfor byen, ikkje svært langt ifrå honom, og halda dykk reiduge alle saman.
5 나와 나를 좇는 모든 백성은 다 성읍으로 가까이 가리니 그들이 처음과 같이 우리에게로 쳐 올라올 것이라 그리할 때에 우리가 그들 앞에서 도망하면
Men eg og alt folket som er med meg, me vil ganga tett innåt byen, og når dei fer ut imot oss, som dei gjorde fyrre gongen, so skal me låst røma for deim.
6 그들이 나와서 우리를 따르며 스스로 이르기를 그들이 처음과 같이 우리 앞에서 도망한다 하고 우리의 유인을 받아 그 성읍에서 멀리 떠날 것이라 우리가 그 앞에서 도망하거든
Då kjem dei til å setja etter oss, til me hev fenge lokka deim burt ifrå byen; for dei tenkjer med seg: «Dei rømer for oss no som fyrr!» Men medan me rømer,
7 너희는 매복한 곳에서 일어나서 그 성읍을 점령하라 너희 하나님여호와께서 너희 손에 붙이시리라
skal de koma fram or løynlega og taka byen; for no vil Herren dykkar Gud gjeva honom i henderne dykkar.
8 너희가 성읍을 취하거든 그것을 불살라 여호와의 말씀대로 행하라 보라, 내가 너희에게 명하였느니라' 하고
Og når de hev teke byen, skal de setja eld på honom; de skal gjera etter Herrens ord! No hev de høyrt kva det er de skal gjera.»
9 그들을 보내매 그들이 복병할 곳으로 가서 아이 서편 벧엘과 아이 사이에 매복하였고 여호수아는 그 밤에 백성 가운데서 잤더라
So sende Josva dei i veg, og dei gjekk av og fann seg ein løynstad, og der lagde dei seg til; det var millom Betel og Aj, vestanfor Aj. Men sjølv var Josva hjå folket den natti.
10 여호수아가 아침에 일찌기 일어나서 백성을 점고하고 이스라엘 장로들로 더불어 백성 앞서 아이로 올라가매
Morgonen etter reis Josva tidleg upp og mynstra heren, og for so saman med styresmennerne i Israel fyre heren upp til Aj;
11 그를 좇은 군사가 다 올라가서 성읍 앞에 가까이 이르러 아이 북편에 진치니 그와 아이 사이에는 한 골짜기가 있었더라
og alt stridsfolket som var med honom, tok i vegen, og gjekk fram til dei kom midt for Aj; der lægra dei seg, nordanfor byen, so dalen var millom den og deim.
12 그가 오천명 가량을 택하여 성읍 서편 벧엘과 아이 사이에 또 매복시키니
So tok Josva um lag fem tusund mann og let deim leggja seg i løynlega millom Betel og Aj, vestanfor Aj.
13 이와 같이 성읍 북편에는 온 군대가 있고 성읍 서편에는 복병이 있었더라 여호수아가 그 밤에 골짜기 가운데로 들어가니
Og då dei hadde fylkt heren, både den som lægra nordanfor byen, og den attare flokken, som låg vestanfor, for Josva same natti midt ned i dalen.
14 아이 왕이 이를 보고 그 성읍 백성과 함께 일찌기 일어나서 급히 나가 아라바 앞에 이르러 정한 때에 이스라엘과 싸우려 하고 성읍 뒤에 복병이 있는 줄은 알지 못하였더라
Då kongen i Aj såg det, skunda han seg ut tidleg um morgonen, både han og bymennerne, alt herfolket hans, og vilde møta israelitarne og stridast med deim på den staden dei hadde avtala, framanfor moen; men han visste ikkje at det låg so mykje folk og lurde på honom attanfor byen.
15 여호수아와 온 이스라엘이 그들 앞에서 거짓 패하여 광야 길로 도망하매
Og Josva og heile Israel lest tapa for deim og rømde burtimot øydemarki.
16 그 성 모든 백성이 그들을 따르려고 모여서 여호수아를 따르며 유인함을 입어 성을 멀리 떠나니
Då vart alt folket i byen utbode til å setja etter deim, og medan dei sette etter Josva, kom dei lenger og lenger burt ifrå byen;
17 아이와 벧엘에 이스라엘을 따라가지 아니한 자가 하나도 없으며 성문을 열어 놓고 이스라엘을 따랐더라
det fanst ikkje ein mann, korkje i Aj eller Betel, utan han drog ut etter israelitarne: dei let byen liggja open, og elte Israels-sønerne.
18 여호와께서 여호수아에게 이르시되 네 손에 잡은 단창을 들어 아이를 가리키라! 내가 이 성읍을 네 손에 주리라 여호수아가 그 손에 잡은 단창을 들어 성읍을 가리키니
Då sagde Herren til Josva: «Rett spjotet som du held i handi, ut imot Aj; for eg vil gjeva byen i dine hender!» So rette Josva spjotet sitt ut imot byen.
19 그 손을 드는 순간에 복병이 그 처소에서 급히 일어나 성읍에 달려 들어가서 점령하고 곧 성읍에 불을 놓았더라
Og med same han rette ut handi, sprang dei fram, dei som låg løynde, og for inn i byen, og tok honom, og dei sette eld på honom det snøggaste dei vann.
20 아이 사람이 뒤를 돌아본즉 그 성읍에 연기가 하늘에 닿은 것이 보이니 이 길로도 저 길로도 도망할 수 없이 되었고 광야로 도망하던 이스라엘 백성은 그 따르던 자에게로 돌이켰더라
Best som no Aj-mennerne snudde seg og skoda attende, vart dei vare røyken som steig til vers ifrå byen; då såg dei seg ingi råd til å koma undan, korkje til ei sida eller onnor, av di den heren som hadde rømt åt øydemarki, den vende seg no um imot fienden.
21 여호수아와 온 이스라엘이 그 복병이 성읍을 점령함과 성읍에 연기가 오름을 보고 다시 돌이켜 아이 사람을 죽이고
For då Josva og israelitarne såg at dei frå løynlega hadde teke byen, og såg røyken stiga upp, då snudde dei um, og sette på Aj-mennerne;
22 복병도 성읍에서 나와 그들을 치매 그들이 이스라엘 중간에 든지라 혹은 이 편에서, 혹은 저 편에서 쳐 죽여서 한 사람도 남거나 도망하지 못하게 하였고
og dei hine for til møtes med dei frå byen, so Aj-mennerne kom midt imillom israelitarne og fekk dei kring seg på alle sidor. Soleis vart dei nedhogne til siste mann; ingen vart att eller slapp undan
23 아이 왕을 사로잡아 여호수아 앞으로 끌어 왔더라
so nær som kongen; honom tok dei livande, og førde honom til Josva.
24 이스라엘이 자기를 광야로 따르던 아이 모든 거민을 들에서 죽이되 그들을 다 칼날에 엎드러지게 하여 진멸하기를 마치고 온 이스라엘이 아이로 돌아와서 칼날로 죽이매
Då Israel hadde gjort det av med alle dei Aj-buarne som hadde sett etter deim ut i øydemarki, og fiendarne alle som ein var falne for sverdet, so vende dei att til Aj, og hogg ned alle som var der.
25 그 날에 아이 사람의 전부가 죽었으니 남녀가 일만 이천이라
Den dagen fall det i alt tolv tusund menner og kvinnor, alt folket som åtte heime i Aj.
26 아이 거민을 진멸하기까지 여호수아가 단창을 잡아 든 손을 거두지 아니하였고
Josva tok ikkje til seg att handi som han heldt spjotet i, fyrr han hadde bannstøytt alle Aj-buarne.
27 오직 그 성읍의 가축과 노략한 것은 여호와께서 여호수아에게 명하신 대로 이스라엘이 탈취하였더라
Men bufeet og herfanget som israelitarne tok der i byen, eigna dei til seg, etter det som Herren hadde sagt med Josva.
28 이에 여호수아가 아이를 불살라 그것으로 영원한 무더기를 만들었더니 오늘까지 황폐하였으며
Josva brende upp byen, og gjorde honom for alle tider til ein grushaug og ein øydestad, so som han hev vore til denne dag.
29 그가 또 아이 왕을 저녁 때까지 나무에 달았다가 해 질 때에 명하여 그 시체를 나무에서 내려 그 성문 어귀에 던지고 그 위에 돌로 큰 무더기를 쌓았더니 그것이 오늘까지 있더라
Kongen hengde han upp på eit tre, og der vart han hangande til kvelds; men då soli gladde, let han deim taka liket ned frå treet; so kasta dei det der, utfor byporten, og hauga i hop ei stor steinrøys yver det; den hev lege der alt til denne dag.
30 때에 여호수아가 이스라엘의 하나님 여호와를 위하여 에발산에 한 단을 쌓았으니
Den gongen bygde Josva eit altar for Herren, Israels Gud, på Ebalfjellet,
31 이는 여호와의 종 모세가 이스라엘 자손에게 명한것과 모세의 율법책에 기록된 대로 철 연장으로 다듬지 아니한 새 돌로 만든 단이라 무리가 여호와께 번제와 화목제를 그 위에 드렸으며
soleis som Moses, Herrens tenar, hadde sagt Israels-borni fyre, etter det som stend skrive i lovboki åt Moses, eit altar av heile steinar, som det ikkje hadde vore svinga jarn på; der ofra dei brennoffer til Herren og bar fram takkoffer.
32 여호수아가 거기서 모세의 기록한 율법을 이스라엘 자손의 목전에서 그 돌에 기록하매
Og på steinarne sette han ei avskrift av den lovi som Moses hadde skrive for augo åt Israels-sønerne.
33 온 이스라엘과 그 장로들과 유사들과 재판장들과 본토인 뿐 아니라 이방인까지 여호와의 언약궤를 멘 레위 사람 제사장들 앞에서 궤의 좌우에 서되 절반은 그리심산 앞에, 절반은 에발산 앞에 섰으니 이는 이왕에 여호와의 종 모세가 이스라엘 백성에게 축복하라고 명한 대로 함이라
Og heile Israel, både sjølve folket og dei framande, med styresmennerne og formennerne og domarane sine, stod på båe sidor av sambandskista, midt imot Levi-prestarne som bar Herrens kista, den eine helvti uppunder Garizimfjellet og den andre helvti uppunder Ebalfjellet, soleis som Moses, Herrens tenar, hadde sagt at Israels-sønerne skulde standa når dei fekk velsigningi.
34 그 후에 여호수아가 무릇 율법책에 기록된 대로 축복과 저주하는 율법의 모든 말씀을 낭독하였으니
So las han upp alle ordi i lovi, både velsigningi og våbøni, heiltupp soleis som det stend skrive i lovboki.
35 모세의 명한 것은 여호수아가 이스라엘 온 회중과 여인과 아이와 그들 중에 동거하는 객들 앞에 낭독하지 아니한 말이 하나도 없었더라
Det fanst ikkje eit ord av alt det Moses hadde sagt fyre, utan Josva las det upp for heile Israels-lyden med både kvinnor og born, og for dei framande som fylgdest med deim.