< 여호수아 18 >

1 이스라엘 자손의 온 회중이 실로에 모여서 거기 회막을 세웠으니 그 땅이 이미 그들의 앞에 돌아와 복종하였음이나
So kom heile Israels-lyden saman i Silo, og der sette dei upp møtetjeldet; for no var landet vunne, og låg ope for deim.
2 이스라엘 자손 중에 그 기업의 분배를 얻지 못한 자가 오히려 일곱 지파라
Men endå var det att sju av Israels-ætterne som ikkje hadde skift odelsjordi si.
3 여호수아가 이스라엘 자손에게 이르되 `너희가 너희 열조의 하나님 여호와께서 너희에게 주신 땅을 취하러 가기를 어느 때까지 지체하겠느냐?
Då sagde Josva til Israels-sønerne: Kor lenge vil de drygja fyrr de kjem og eignar til dykk det landet som Herren, dykkar fedregud, hev gjeve dykk?
4 너희는 매 지파에 삼인씩 선정하라 내가 그들을 보내리니 그들은 일어나서 그 땅에 두루 다니며 그 기업에 상당하게 그려 가지고 내게로 돌아올 것이라
Kom med tri mann av kvar ætt, som eg kann senda i veg, so skal dei stella seg til, og fara kring i landet og skriva upp alt det dei ser, so me kann vita kor mykje der er å skifta; sidan skal dei koma attende til meg.
5 그들이 그 땅을 일곱 부분에 나누되 유다는 남편 자기 경내에 거하고 요셉의 족속은 그 북편 자기 경내에 거한즉
So skal de byta landet i sju luter og skifta deim millom dykk! Juda-sønerne skal verta verande i det landet dei hev fenge der sud, og Josefs-ætterne i sitt land her nord;
6 그 남은 땅을 일곱 부분으로 그려서 이곳 내게로 가져올지니 내가 여기서 너희를 위하여 우리 하나님 여호와 앞에서 제비뽑으리라
men de skal skriva upp alt som er i landet, i sju bolkar, og koma hit til meg med uppskrifti, so skal eg draga strå for dykk her, framfor Herrens, vår Guds, åsyn.
7 레위 사람은 너희 중에 분깃이 없나니 여호와의 제사장 직분이 그들의 기업이 됨이며 갓과 르우벤과 므낫세 반 지파는 요단 저 편 동편에서 이미 기업을 받았나니 이는 여호와의 종 모세가 그들에게 준 것이니라'
For levitarne fær ingen lut millom dykk; Herrens prestedøme skal vera deira arvlut. Og Gad og Ruben og den eine helvti av Manasse-ætti hev fenge sitt land austanfor Jordan, det landet som Moses, Herrens tenar, gav deim.
8 그 사람들이 일어나 떠나니 여호수아가 땅을 그리러 가는 그들에게 명하여 가로되 '가서 그 땅으로 두루 다니며 그려 가지고 내게로 돌아오라 내가 여기 실로에서 여호와 앞에서 너희를 위하여 제비뽑으리라'
So gjorde mennerne seg reiduge til å fara, og då dei tok ut, sagde Josva med deim at dei skulde skriva upp alt dei såg i landet. «Tak i vegen, » sagde han, «og far kring i landet, og skriv upp alt, og kom attende til meg, so skal eg draga strå for dykk framfor Herrens åsyn her i Silo.»
9 그 사람들이 가서 그 땅으로 두루 다니며 성읍들을 따라서 일곱 부분으로 책에 그리고 실로 진에 돌아와 여호수아에게 나아오니
Dermed tok mennerne av stad og for kring i landet, og skreiv upp bygd for bygd i ei bok, i sju bolkar. So kom dei attende til Josva, til Silo-lægret,
10 여호수아가 그들을 위하여 실로 여호와 앞에서 제비 뽑고 그가 거기서 이스라엘 자손의 분파대로 땅을 분배하였더라
og Josva drog strå for deim, framfor Herrens åsyn; der, i Silo, skifte han landet millom Israels-ætterne, etter som dei hadde folk til.
11 베냐민 자손 지파를 위하여 그 가족대로 제비를 뽑았으니 그 제비뽑은 땅의 경계는 유다 자손과 요셉 자손의 중간이라
Den fyrste luten fall på Benjamins-sønerne og ættgreinerne deira; det landet dei fekk, kom til å liggja millom Juda-sønerne og Josefs-sønerne.
12 그 북방 경계는 요단에서부터 여리고 북편으로 올라가서 서편 산지를 넘어서 또 올라가서 벧아웬 황무지에 이르며
Fylkesdeilet gjekk på nordsida upp frå Jordan og nordum Jerikoåsen og stemnde so vestetter upp på fjellet og fram til Bet-Avenheidi.
13 또 그 경계가 거기서부터 루스로 나아가서 루스 남편에 이르나니루스는 곧 벧엘이며 또 그 경계가 아다롯 앗달로 내려가서 아래 벧 호론 남편 산 곁으로 지나고
Derifrå tok det burtyver til Luz, sunnanfor Luzåsen, der Betel ligg, og gjekk so ned til Atrot-Addar, og upp på det fjellet som ligg sunnanfor Nedre Bet-Horon.
14 벧 호론 앞 남편 산에서부터 서방으로 돌아 남편으로 향하여 유다 자손의 성읍 기럇바알 곧 기럇 여아림에 이르러 끝이 되나니 이는 서방 경계며
So gjorde skiftelina ein sving, og vende seg, på vestsida, sudetter frå det fjellet som ligg beint sunnanfor Bet-Horon, til ho enda innmed Kirjat-Ba’al, ein by som høyrde Juda-sønerne til; no heiter han Kirjat-Jearim. Dette var vestsida.
15 남방 경계는 기럇 여아림 끝에서부터 서편으로 나아가 넵도아 물 근원에 이르고
På sudsida gjekk fylkesdeilet frå enden av Kirjat-Jearim - der var det skiftelina tok til i vest - og fram til Me-Neftoahkjelda.
16 르바임 골짜기 북편 힌놈의 아들 골짜기 앞에 있는 산 끝으로 내려가고 또 힌놈의 골짜기로 내려가서 여부스 남편에 이르러 엔 로겔로 내려가고
So gjekk skiftelina ned til foten av fjellet som ligg austanfor Hinnomssonsdalen, nordanfor Kjempesletta, tok so ned Hinnomsdalen til sudsida av Jebusitaråsen og ned til En-Rogel.
17 또 북향하여 엔 세메스로 나아가서 아둠밈 비탈 맞은편 글릴롯으로 나아가서 르우벤 자손 보한의 돌까지 내려 가고
Sidan svinga ho mot nord og gjekk fram til En-Semes og til dei steinkrinsarne som ligg midt for Adummimkleivi, og tok so ned til Bohan-Rubensson-steinen.
18 북으로 아라바 맞은편을 지나 아라바로 내려가고
Der tok ho yver til den åsen som ligg rett i nord for Araba, og so ned til Araba.
19 또 북으로 벧 호글라 곁을 지나서 요단 남단에 당한 염해의 북편 해만이 그 경계의 끝이 되나니 이는 남편 경계며
Sidan heldt ho fram til nordsida av Bet-Hoglaåsen, og enda i den nørdste viki av Saltsjøen, attmed Jordanosen. Dette var fylkesdeilet i sud.
20 동방 경계는 요단이니 이는 베냐민 자손이 그 가족대로 얻은 기업의 사면 경계이었더라
På austsida var det Jordan som var deile. Dette var odelsjordi åt Benjamins-sønerne og ættgreinerne deira, med fylkesdeilderne rundt ikring.
21 베냐민 자손의 지파가 그 가족대로 얻은 성읍들은 여리고와, 벧 호글라와, 에멕 그시스와,
Byarne som Benjamins-ætti og greinerne hennar var: Jeriko og Bet-Hogla og Emek-Kesis
22 벧 아라바와, 스마라임과, 벧엘과,
og Bet-ha-Araba og Semarajim og Betel
23 아윔과, 바라와, 오브라와,
og Avvim og Happara og Ofra
24 그발 암모니와, 오브니와, 게바니 십 이 성읍이요 또 그 촌락이며
og Kefar-ha-Ammoni og Ofni og Geba, tolv byar med grenderne ikring;
25 기브온과, 라마와, 브에롯과,
Gibeon og Rama og Be’erot
26 미스베와, 그비라와, 모사와,
og Mispe og Kefira og Hammosa
27 레겜과, 이르브엘과, 다랄라와,
og Rekem og Jirpe’el og Tarala
28 셀라와, 엘렙과, 여부스 곧 예루살렘과 기부앗과 기럇이니 십 사 성읍이요 또 그 촌락이라 이는 베냐민 자손이 그 가족대로 얻은 기업이었더라
og Sela, Elef og Jebus, som no heiter Jerusalem, og Gibat og Kirjat, fjortan byar, med grenderne ikring. Dette var landet åt Benjamins-sønerne og ættgreinerne deira.

< 여호수아 18 >