< 예레미야 51 >

1 여호와께서 이같이 말씀하시되 보라, 내가 멸망시키는 자의 마음을 일으켜 바벨론을 치고 또 나를 대적하는 자 중에 처하는 자를 치되
So segjer Herren: Sjå, eg vekkjer eit skadever imot Babel og imot ibuarane i Leb-Kamai.
2 내가 타국인을 바벨론에 보내어 키질하여 그 땅을 비게 하리니 재앙의 날에 그를 에워 치리로다
Og eg sender framande mot Babel, og dei skal dryfta henne og dei skal tøma landet hennar. For dei skal setja på henne frå alle leider på ulukkedagen.
3 활을 당기는 자를 향하여 갑주를 갖추고 선 자를 향하여 쏘는 자는 그 활을 당길 것이라 그 청년들을 아끼지 말며 그 군대를 진멸하라
Lat bogeskyttaren spenna boge mot den som boge spenner og mot den som briskar seg i brynja, og spar ikkje hennar drengjer, bannstøyt all hennar her!
4 무리가 갈대아인의 땅에서 죽임을 당하여 엎드러질 것이요 그 거리에서 찔림을 당한 자가 엎드러지리라 하시도다
Då skal daudslegne menner falla i Kaldæarlandet og stungne menner på gatorne.
5 대저 이스라엘과 유다가 이스라엘의 거룩하신 자를 거역하므로 죄과가 땅에 가득하나 그 하나님 만군의 여호와에게 버림을 입지 아니하였나니
For Israel og Juda er ikkje enkjor, gløymde av sin Gud, av Herren, allhers drott, endå landet deira var fullt av skuld mot Israels Heilage.
6 바벨론 가운데서 도망하여 나와서 각기 생명을 구원하고 그의 죄악으로 인하여 끊침을 보지 말지어다 이는 여호와의 보수의 때니 그에게 보복하시리라
Fly ut or Babel, og kvar og ein berge sitt liv so de ikkje tynest ved hennar misgjerning! For dette er ei hemne-tid for Herren; han vil gjeva henne lika for det ho hev gjort.
7 바벨론은 여호와의 수중의 온 세계로 취케 하는 금잔이라 열방이 그 포도주를 마시고 인하여 미쳤도다
Eit gullstaup i Herrens hand var Babel, som gjorde all jordi drukki; av vinen hennar drakk folki, difor vart folki reint rasande.
8 바벨론이 졸지에 넘어져 파멸되니 이로 인하여 울라 그 창상을 인하여 유향을 구하라 혹 나으리로다
Dåtteleg datt Babel og vart krasa. Barma dykk yver henne! Henta balsam for hennar plåga! Kann henda det kunde verta lækt.
9 우리가 바벨론을 치료하려 하여도 낫지 아니한즉 버리고 각기 고토로 돌아가자 그 화가 하늘에 미쳤고 궁창에 달하였음이로다
«Me etla å lækja Babel, men ho var ulækjande. Lat oss skilja lag med henne, so me kann fara kvar til sitt land! For domen yver henne rekk upp til himmelen og når radt upp i skyerne.
10 여호와께서 우리 의를 드러내셨으니 오라! 시온에서 우리 하나님 여호와의 일을 선포하자!
Herren hev late vår rettvise sak koma upp i ljoset; kom, lat oss fortelja i Sion Herrens, vår Guds verk!»
11 화살을 갈며 방패를 굳게 잡으라! 여호와께서 메대 왕들의 마음을 격발하사 바벨론을 멸하기로 뜻하시나니 이는 여호와의 보수하시는 것 곧 그 성전의 보수하시는 것이라
Kvet pilerne blanke, grip skjoldarne! Herren hev vekt upp åndi til kongen i Media; for mot Babel hev han vendt sine tankar til å øydeleggja henne; for det er Herrens hemn, hemnen for templet hans.
12 바벨론 성벽을 향하여 기를 세우고 튼튼히 지키며 파숫군을 세우며 복병을 베풀어 방비하라 이는 여호와께서 바벨론 거민에 대하여 말씀하신 대로 경영하시고 행하심이로다
Reis hermerke mot Babel-murarne, haldt sterk vakt, set ut vaktmenner, skipa til umsåtmenner! For Herren hev både tenkt ut og sett i verk det han hev tala mot Babel-buarne.
13 많은 물가에 거하여 재물이 많은 자여, 네 탐람의 한정, 네 결국이 이르렀도다
Du som bur attmed mykje vatn, rik på skattar, komen er din ende, di låke vinning hev nått sitt mål.
14 만군의 여호와께서 자기로 맹세하시되 내가 진실로 사람을 황충같이 네게 가득히 하리니 그들이 너를 향하여 소리를 높이리라 하시도다
Herren, allhers drott, hev svore ved seg sjølv: Endå eg hadde fyllt deg med menneskje som engsprettor i mengd, skal det like vel lyftast sigerrop yver deg.
15 여호와께서 그 권능으로 땅을 지으셨고 그 지혜로 세계를 세우셨고 그 명철로 하늘들을 펴셨으며
Han hev gjort jordi med si kraft, skapt heimen med sin visdom, spana ut himlarne med sitt vit.
16 그가 목소리를 발하신즉 하늘에 많은 물이 생기나니 그는 땅 끝에서 구름이 오르게 하시며 비를 위하여 번개하게 하시며 그 곳간에서 바람을 내시거늘
Når han let røysti si ljoma, svarar dyn av vatn i himmelen, og han let skodda stiga upp frå utkantarne på jordi, let eldingar laga regn og sender vind ut or gøymslorne sine.
17 사람마다 우준하고 무식하도다 금장색마다 자기의 만든 신상으로 인하여 수치를 당하나니 이는 그 부어 만든 우상은 거짓이요 그 속에 생기가 없음이라
Kvar ein mann stend klumsa og hev ikkje vit på det, kvar ein gullsmed lyt skjemmast av bilæti sine; for dei støypte bilæti hans er berre lygn, og det er ingi ånd i deim.
18 그것들은 헛 것이요, 망령되이 만든 것인즉 징벌하시는 때에 멸망할 것이나
Dei er berre fåfengd, eit verk til å hæda; den tid dei vert heimsøkte, er det ute med deim.
19 야곱의 분깃은 이같이 아니하시니 그는 만물의 조성자요 이스라엘은 그 산업의 지파라 그 이름은 만군의 여호와시니라
Jakobs arvlut er ikkje deim lik, for det er han som hev skapt alt og fenge seg si odelsrætt. Herren, allhers drott, er namnet hans.
20 여호와께서 가라사대 너는 나의 철퇴 곧 병기라 내가 너로 열방을 파하며 너로 국가들을 멸하며
Du var hamaren min, stridsvåpnet, so eg med deg krasa folkeslag og med deg øyda kongerike.
21 내가 너로 말과 그 탄 자를 부수며, 너로 병거와 그 탄 자를 부수며,
Og med deg krasa eg hest og ridar, og med deg krasa eg vogn og køyrar.
22 너로 남자와 여자를 부수며, 너로 노년과 유년을 부수며, 너로 청년과 처녀를 부수며,
Og med deg krasa eg mann og kvinna, og med deg krasa eg gamall og ung, og med deg krasa eg svein og møy.
23 너로 목자와 그 양떼를 부수며, 너로 농부와 그 멍엣소를 부수며, 너로 방백들과 두령들을 부수리로다
Og med deg krasa eg hyrding og hjordi hans, og med deg krasa eg pløgjar og pløgje-uksarne hans, og med deg krasa eg jarlar og landshovdingar.
24 그들이 너희 목전에 시온에서 모든 악을 행한대로 내가 바벨론과 갈대아 모든 거민에게 갚으리라 여호와의 말이니라
Men no gjev eg Babel og alle som bur i Kaldæa lika for alt vondt som dei hev gjort Sion, framfor augo dykkar, segjer Herren.
25 나 여호와가 말하노라 온 세계를 멸한 멸망의 산아! 보라, 나는 네 대적이라 나의 손을 네 위에 펴서 너를 바위에서 굴리고 너로 불 탄 산이 되게 할 것이니
Sjå, eg kjem yver deg, du Tynefjell, segjer Herren, du som tyner all jordi; og eg vil retta ut handi ut imot deg og velta deg ned frå hamrarne og gjera deg til eit forbrent fjell.
26 사람이 네게서 집 모퉁이 돌이나 기촛돌을 취하지 아니할 것이요 너는 영영히 황무지가 될 것이니라 여호와의 말이니라
Av deg kann ein då korkje taka hyrnestein eller grunnstein, men til ævelege audner skal du verta, segjer Herren.
27 땅에 기를 세우며 열방 중에 나팔을 불어서 열국을 예비시켜 그를 치며 아라랏과 민니와 아스그나스 나라를 불러모아 그를 치며 대장을 세우고 그를 치되 사나운 황충같이 그 말들을 몰아오게 하라
Reis hermerke i landet, blås i lur millom folki, vig folkeslag til strid imot henne, kalla imot det kongeriki Ararat, Minni og Askenaz, set inn herhovdingar imot henne, før fram hestar som bustute engsprettor!
28 열국 곧 메대인의 왕들과 그 방백들과 그 모든 두령과 그 관할하는 모든 땅을 예비시켜 그를 치게 하라
Vig folkeslag til strid imot henne, kongarne or Media, jarlarne og landshovdingarne der, og alt det land dei råder yver!
29 땅이 진동하며 고통하나니 이는 나 여호와가 바벨론을 쳐서 그 땅으로 황무하여 거민이 없게 할 경영이 섰음이라
Då dirrar jordi og bivrar, for no vert Herrens tankar mot Babel sette i verk: å gjera Babellandet til ei øydemark, so ingen bur der.
30 바벨론의 용사는 싸움을 그치고 그 요새에 머무르나 기력이 쇠하여 여인같이 되며 그 거처는 불타고 그 문빗장은 부러졌으며
Kjemporne i Babel hev halde upp med striden, dei sit i ro i borgerne. Deira kraft er kvorvi, kvende er dei vortne. Det er kveikt eld på hennar bustader, hennar bommar er brotne sunder.
31 보발군이 달려 만나고 사자가 달려 만나서 바벨론 왕에게 고하기를 그 성읍 사방이 함락되었으며
Lauparsvein løyp mot lauparsvein og sendebod mot sendebod, med bod til Babel-kongen at byen hans er teken frå ende til annan,
32 모든 나루는 빼앗겼으며 갈밭이 불탔으며 군사들이 두려워하더이다 하리라
at vadi er hersette, vatsdemmorne turrbrende med eld og hermennerne forfærde.
33 만군의 여호와 이스라엘의 하나님이 이같이 말씀하시되 딸 바벨론은 때가 이른 타작마당과 같은지라 미구에 추수 때가 이르리라 하시도다
For so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Babels dotter likjest ein treskjevoll når han vert tiltrakka; endå ei liti rid, og skurdonni vil koma for henne.
34 바벨론 왕 느부갓네살이 나를 먹으며 나를 멸하며 나로 빈 그릇이 되게 하며 용같이 나를 삼키며 나의 좋은 음식으로 그 배를 채우고 나를 쫓아내었으니
«Nebukadressar, Babel-kongen, hev ete oss, hev øydt oss, hev sett oss burt som eit tomt kjerald, hev gløypt oss som ein hav-drake, hev fyllt buken sin med forkunnmaten min, burt hev han drive oss.
35 나와 내 육체에 대한 잔학이 바벨론에 돌아가기를 원한다고 시온 거민이 말할 것이요 내 피 흘린 죄가 갈대아 거민에게로 돌아가기를 원한다고 예루살렘이 말하리라
Valdsverki mot meg, ja, mot mitt kjøt, koma yver Babel!» segje Sion-buarne, «og mitt blod yver Kaldæa-folket! segje Jerusalem.
36 그러므로 여호와께서 이같이 말씀하시되 보라, 내가 네 송사를 듣고 너를 위하여 보수하여 그 바다를 말리며 그 샘을 말리리니
Difor, so segjer Herren: Sjå, eg fører saki og hemnar meg for deg, og eg let hennar hav turkast upp og hennar kjelda torna.
37 바벨론이 황폐한 무더기가 되어서 시랑의 거처와 놀람과 치솟거리가 되고 거민이 없으리라
Og Babel skal verta til steinrøysar, eit sjakal-bøle, ei skræma og ei hæding; ingen skal bu der.
38 그들이 다 사자같이 소리하며 어린 사자같이 부르짖으며
Alle burar dei som ungløvor, gnaldrar som løve-kvelpar.
39 열정이 일어날 때에 내가 연회를 베풀고 그들로 취하여 기뻐하다가 영영히 잠들어 깨지 못하게 하리라 여호와의 말이니라
Når dei då er upp-øste, vil eg gjera eit drykkjelag åt deim og gjera deim drukne, so dei fagnar seg og sovnar i ein æveleg svevn og ikkje vaknar, segjer Herren.
40 내가 그들을 끌어 내려서 어린 양과 수양과 수염소가 도수장으로 가는 것 같게 하리라
Eg vil føra deim ned til slagting som lamb, som verar og bukkar.
41 슬프다 세삭이 함락되었도다 온 세상의 칭찬 받는 성이 빼앗겼도다 슬프다 바벨론이 열방중에 황폐되었도다
Kor er Sesak vorte teke, og «fagnaden for all jordi» herteken! Kor er Babel hev vorte til ei skræma millom folki!
42 바다가 바벨론에 넘침이여, 그 많은 파도가 그것에 덮였도다
Havet gjekk yver Babel, ho vart løynt av dei marmande båror.
43 그 성읍들은 황폐하여 마른 땅과 사막과 거민이 없는 땅이 되었으니 그리로 지나가는 인자가 없도다
Byarne hennar er vorte til ei audn, eit turt land og ei øydemark, eit land som ingen mann bur i, og som inkje mannsbarn fer framum.
44 내가 벨을 바벨론에서 벌하고 그 삼킨 것을 그 입에서 끌어 내리니 열방이 다시는 그에게로 흘러가지 아니하겠고 바벨론 성벽은 무너지리라
Og eg heimsøkjer Bel i Babel, og tek det han hev gløypt i seg ut or munnen hans, og folkeslag skal ikkje lenger strøyma til honom. Babel-murarne skal rynja, dei og.
45 나의 백성아! 너희는 그 중에서 나와 각기 나 여호와의 진노에서 스스로 구원하라
Far ut derifrå, mitt folk, so dei kann berga kvar sitt liv for Herrens brennande vreide!
46 그러므로 보라, 날이 이르리니 내가 바벨론의 조각한 신상들을 벌할 것이라 그 온 땅이 치욕을 당하겠고 그 살륙 당한 모든 자가 그 가운데 엎드러질 것이며
Og ver ikkje hugfalne og rædde for dei tiender som spørst i landet! For det vil koma ei tiend eitt året og ei onnor eit anna år, og urett vil råda på jordi, drott vil risa mot drott.
47 하늘과 땅과 그 중의 모든 것이 바벨론을 인하여 기뻐 노래하리니 이는 파멸시키는 자가 북방에서 그에게 옴이니라 여호와의 말이니라
Difor, sjå, dei dagar skal koma då eg heimsøkjer gudebilæti hjå Babel, og alt landet hennar skal verta til skammar; og alle skal falla daudslegne hjå henne.
48 바벨론이 이스라엘 사람을 살륙하여 엎드러뜨림 같이 온 땅 사람이 바벨론에서 살륙을 당하여 엎드러지리라 하시도다
Då skal himmel og jord fagna seg yver Babel, for nordanfrå skal tynaren koma yver henne, segjer Herren.
49 칼을 면한 자들이여, 서지 말라 행하라! 원방에서 여호와를 생각하며 예루살렘을 너희 마음에 두라
Babel skal og falla, dei slegne menner av Israel, liksom det og for Babel hev falle slegne menner på heile jordi.
50 이방인이 여호와의 집 성소에 들어가므로 우리가 책망을 들으며 수치를 당하여 부끄러움이 우리 얼굴에 덮였도다
De som slapp undan frå sverdet, far av stad, stana ikkje! Minnest Herren frå burtlengste land, og kom Jerusalem i hug.
51 그러므로 여호와께서 가라사대 보라, 날이 이르리니 내가 그 조각한 신상을 벌할 것이라 상함을 입은 자들이 그 땅에서 신음하리라
Me vart til skammar, for me laut høyra på svivyrding; skammi breidde seg yver våre andlit, for framande hadde kome seg inn yver heilagdomarne i Herrens hus.
52 가령 바벨론이 하늘까지 솟아 오른다 하자 그 성을 높이어 견고히 한다 하자 멸망시킬 자가 내게서부터 그들에게 임하리라 여호와의 말이니라
Difor, sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då eg vil heimsøkja gudebilæti hennar, og i alt hennar land skal slegne menner stynja.
53 바벨론에서 부르짖는 소리여, 갈대아인의 땅에 큰 파멸의 소리로다
Um so Babel vil hevja seg til himmelen, og um ho gjer si høge festning u-klivande, so skal frå meg tynarar koma yver henne, segjer Herren.
54 이는 여호와께서 바벨론을 황폐케 하사 그 떠드는 소리를 끊으심이로다 그 대적이 많은 물의 요동함같이 요란한 소리를 발하니
Naudrop er høyrande frå Babel og stort tjon frå Kaldæarlandet.
55 곧 멸망시키는 자가 바벨론에 임함이라 그 용사들이 사로 잡히고 그들의 활이 꺽이도다 여호와는 보복의 하나님이시니 반드시 보응하시리로다
For Herren tyner Babel og stoggar det store ståket hjå henne. Og bårorne deira skal dynja som store vatn, si dunande røyst skal dei lata ljoma.
56 만군의 여호와라 일컫는 왕이 이같이 말씀하시되 내가 그 방백들과 박사들과 감독들과 관장들과 용사들로 취하게 하리니 그들이 영영히 자고 깨지 못하리라
For ein tynar kjem yver henne, yver Babel, og kjemporne hennar vert fanga, bogarne deira sundbrotne. For Herren er ein Gud som gjev attergjeld, han gjev full løn.
57 만군의 여호와가 이같이 말하노라 바벨론의 넓은 성벽은 온전히 무너지겠고 그 높은 문들은 불에 탈 것이며 백성들의 수고는 헛될 것이요 민족들의 수고는 불탈 것인즉 그들이 쇠패하리라 하시니라
Og eg gjer deim drukne, hennar hovdingar og vismenner, hennar jarlar og landshovdingar og kjempor, og dei skal sovna av i ein æveleg svevn og ikkje vakna, segjer kongen - Herren, allhers drott, er namnet hans.
58 유다 왕 시드기야 사년에 마세야의 손자 네리야의 아들 스라야가 왕과 함께 바벨론으로 갈 때에 선지자 예레미야가 그에게 말씀을 명하니 스라야는 시종장이더라
So segjer Herren, allhers drott: Babel-muren, den breide, skal verta nedriven til grunnen, og portarne, dei høge, brende med eld, so folk skal ha mødt seg for inkje og folkeslag for elden, og stræva seg trøytte.
59 예레미야가 바벨론에 임할 모든 재앙 곧 바벨론에 대하여 기록한 이 모든 말씀을 한 책에 기록하고
Den fyresegni som profeten Jeremia gav Seraja, son åt Neria Mahsejason, då han for til Babel med Sidkia, Juda-kongen, i det fjorde året han var konge. Men Seraja var kvartermeister.
60 예레미야가 스라야에게 이르되 너는 바벨론에 이르거든 삼가 이 모든 말씀을 읽고
Og Jeremia skreiv i ei bok, all den ulukka som skulde koma yver Babel - alle desse ordi som er skrivne um Babel.
61 말하기를 여호와여, 주께서 이 곳에 대하여 말씀하시기를 이 땅을 멸하여 사람이나 짐승이 거기 거하지 못하게 하고 영영히 황폐케 하리라 하셨나이다 하라
Og Jeremia sagde med Seraja: «Når du kjem til Babel, då sjå til at du les alle desse ordi!»
62 너는 이 책 읽기를 다한 후에 책에 돌을 매어 유브라데 하수 속에 던지며
Og du skal segja: «Herre, du hev sjølv tala um denne staden at du vil rydja honom ut, so ingen skal bu der meir, korkje folk eller fe, for til ævelege audner skal han verta.»
63 말하기를 바벨론이 나의 재앙 내림을 인하여 이같이 침륜하고 다시 일어나지 못하리니 그들이 쇠패하리라 하라 하니라 예레미야의 말이 이에 마치니라
Og når du hev lese upp denne boki til endes, skal du binda ein stein til henne og kasta henne midt ut i Frat
og segja: «Soleis skal Babel søkka og ikkje koma upp att, » for den ulukka som eg let koma yver byen, og trøytte skal dei verta.» Hit når Jeremia-ordi.

< 예레미야 51 >