< 이사야 51 >

1 의를 좇으며 여호와를 찾아 구하는 너희는 나를 들을지어다 너희를 떠낸 반석과 너희를 파낸 우묵한 구덩이를 생각하여 보라
Høyr på meg, de som jagar etter rettferd, de som søkjer Herren! Sjå på det fjell de er hogne utor, brunnen som de er gravne utor!
2 너희 조상 아브라함과 너희를 생산한 사라를 생각하여 보라 아브라함이 혈혈 단신으로 있을 때에 내가 부르고 그에게 복을 주어 창성케 하였느니라
Sjå på Abraham, dykkar far, og på Sara som fødde dykk! Ein han var då eg kalla honom, og eg signa honom so han vart mange.
3 대저 나 여호와가 시온을 위로하되 그 모든 황폐한 곳을 위로하여 그 광야로 에덴 같고 그 사막으로 여호와의 동산 같게 하였나니 그 가운데 기뻐함과 즐거움과 감사함과 창화하는 소리가 있으리라
For trøyst vil Herren gjeva til Sion, trøyst til alle ruinarne hennar. Audheidi hennar gjer han til Eden, og øydemarki til Herrens hage. Gleda og frygd skal finnast der, lovsong og jubeltonar.
4 내 백성이여! 내게 주의하라 내 나라여! 내게 귀를 기울이라 이는 율법이 내게서부터 발할 것임이라 내가 내 공의를 만민의 빛으로 세우리라
Høyr på meg, du mitt folk, og lyd på meg, du min lyd! For lov gjeng ut ifrå meg, og min rett eg set til ljos for folki.
5 내 의가 가깝고 내 구원이 나갔은즉 내 팔이 만민을 심판하리니 섬들이 나를 앙망하여 내 팔에 의지하리라
Nær er alt mi rettferd, til synes kjem mi frelsa, og mine armar hjelpar folki til rett. Øyland ventar på meg, og på min arm dei stundar.
6 너희는 하늘로 눈을 들며 그 아래의 땅을 살피라 하늘이 연기 같이 사라지고 땅이 옷 같이 해어지며 거기 거한 자들이 하루살이 같이 죽으려니와 나의 구원은 영원히 있고 나의 의는 폐하여지지 아니하리라
Lyft augo upp til himmelen, og sjå på jordi her nede! For himmelen skal kverva som røyk, og jordi skal morkna som klædeplagg, dei som bur der, døy som my. Men æveleg varer mi frelsa, og aldri tryt mi rettferd.
7 의를 아는 자들아! 마음에 내 율법이 있는 백성들아! 너희는 나를 듣고 사람의 훼방을 두려워말라 사람의 비방에 놀라지 말라
Høyr på meg, de som kjenner rettferd, du folk med mi lov i ditt hjarta! Ottast ikkje for menneskjespott, og ræddast ikkje deira hæding.
8 그들은 옷 같이 좀에게 먹힐 것이며 그들은 양털 같이 벌레에게 먹힐 것이로되 나의 의는 영원히 있겠고 나의 구원은 세세에 미치리라
For mol skal deim eta som klæde, og åt skal deim eta som ull. Men æveleg varer mi rettferd, og mi frelsa frå ætt til ætt.
9 여호와의 팔이여, 깨소서, 깨소서, 능력을 베푸소서! 옛날 옛 시대에 깨신 것 같이 하소서 라합을 저미시고 용을 찌르신이가 어찌 주가 아니시며
Vakna, vakna, klæd deg i kraft, du Herrens arm! Vakna upp som i fordoms tid, som i gamle dagar! Var det’kje du som ubeistet hogg, og sjøormen stakk i hel?
10 바다를, 넓고 깊은 물을 말리시고 바다 깊은 곳에 길을 내어 구속얻은 자들로 건너게 하신 이가 어찌 주가 아니시니이까
Var det ikkje du som turrlagde havet, vatnet i store-djupet, havbotnen gjorde til veg, so dei utløyste der kunde fara?
11 여호와께 구속된 자들이 돌아와서 노래하며 시온으로 들어와서 그 머리 위에 영영한 기쁨을 쓰고 즐거움과 기쁨을 얻으리니 슬픔과 탄식이 달아나리이다
Dei som Herren hev frikjøpt, skal snu heim og koma til Sion med jubelsong, med æveleg gleda til hovudkrans. Gleda og frygd skal dei nå, og sorg og sukk skal fly.
12 가라사대 너희를 위로하는 자는 나여늘 나여늘 너는 어떠한 자이기에 죽을 사람을 두려워하며 풀같이 될 인자를 두려워하느냐
Ja, eg er dykkar trøystar. Kven er då du som ræddast for menneskje som skal døy, for mannsborn som kverv som gras?
13 하늘을 펴고 땅의 기초를 정하고 너를 지은 자 여호와를 어찌하여 잊어버렸느냐 너를 멸하려고 예비하는 저 학대자의 분노를 어찌하여 항상 종일 두려워하느냐 학대자의 분노가 어디 있느냐
Og du gløymer Herren, din skapar, himmel-utspanaren, jord-grunnfestaren, og ræddast stødt all dagen for valdsmanns vreide! Når han siktar på øydeleggjing, kvar er då valdsmanns vreide?
14 결박된 포로가 속히 놓일 것이니 죽지도 아니할 것이요 구덩이로 내려가지도 아니할 것이며 그 양식이 핍절하지도 아니하리라
Snart skal han verta løyst, han som ligg bøygd i band, og han skal ikkje døy og ganga i gravi, og ikkje skal han vanta brød.
15 나는 네 하나님 여호와라 바다를 저어서 그 물결로 흉용케 하는 자니 내 이름은 만군의 여호와니라
Og eg er Herren, din Gud, som rører upp havet so bylgjorne bruser. Allhers-Herren er namnet mitt.
16 내가 내 말을 네 입에 두고 내 손 그늘로 너를 덮었나니 이는 내가 하늘을 펴며 땅의 기초를 정하며 시온에게 이르기를 너는 내 백성이라 하려 하였음이니라
Og eg lagde ordi mine i munnen din og løynde deg i skuggen av handi mi, so eg kunde planta ein himmel og grunna ei jord og segja til Sion: Du er mitt folk!
17 여호와의 손에서 그 분노의 잔을 마신 예루살렘이여 깰지어다 깰지어다 일어설지어다 네가 이미 비틀걸음 치게 하는 큰 잔을 마셔 다하였도다
Råd or, råd or, reis deg, Jerusalem! Du drakk av Herrens hand hans vreide-staup! Tumleskåli laut du tøma til botnar.
18 네가 낳은 모든 아들 중에 너를 인도할 자가 없고 너의 양육한 모든 아들 중에 그 손으로 너를 이끌 자도 없도다
Det er ingen som leider henne av alle dei borni ho fødde, og ingen tek henne i handi av alle dei borni ho fostra.
19 이 두가지 일이 네게 당하였으니 누가 너를 위하여 슬퍼하랴 곧 황폐와 멸망이요 기근과 칼이라 내가 어떻게 너를 위로하랴
Tvo ting var det som hendest deg - kven ynkar deg? - vald og våde, svolt og sverd - kven trøystar deg?
20 네 아들들이 곤비하여 그물에 걸린 영양 같이 온 거리 모퉁이에 누웠으니 그들에게 여호와의 분노와 네 하나님의 견책이 가득하였도다
Sønerne dine seig ned og låg på alle gatehyrno som ein hjort i garnet, dei var metta med Herrens brennande harm, med refsingsord frå din Gud.
21 그러므로 너 곤고하며 포도주가 아니라도 취한 자여 이 말을 들으라
Difor høyr då dette, du arming, du som er full, um ikkje av vin.
22 네 주 여호와, 그 백성을 신원하시는 네 하나님이 이같이 말씀하시되 보라 내가 비틀걸음 치게 하는 잔 곧 나의 분노의 큰 잔을 네 손에서 거두어서 너로 다시는 마시지 않게 하고
So segjer herren din, Herren, din Gud som forsvarer sitt folk: No tek eg tumleskåli or handi på deg, mitt vreide-staup skal du ikkje tøma meir.
23 그 잔을 너를 곤고케 하던 자들의 손에 두리라 그들은 일찌기 네게 이르기를 엎드리라 우리가 넘어가리라 하던 자들이라 너를 넘어가려는 그들의 앞에 네가 네 허리를 펴서 땅 같게, 거리 같게 하였느니라 하시니라
Og eg gjev det i handi på plagaran’ dine, dei som sagde til deg: «Legg deg ned, so me kann få trøda på deg!» og du gjorde din rygg lik flate marki, som ei gata for ferdafolk.

< 이사야 51 >