< 에스겔 12 >

1 여호와의 말씀이 또 내게 임하여 가라사대
Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
2 인자야! 네가 패역한 족속 중에 거하도다 그들은 볼 눈이 있어도 보지 아니하고 들을 귀가 있어도 듣지 아니하나니 그들은 패역한 족속임이니라
Menneskjeson! Midt ibland den tråssuge ætti bur du, millom slike som hev augo å sjå med, men ikkje ser, og øyro å høyra med, men ikkje høyrer; for ei tråssug ætt er dei.
3 인자야! 너는 행구를 준비하고 낮에 그들의 목전에서 이사하라 네가 네 처소를 다른 곳으로 옮기는 것을 그들이 보면 비록 패역한 족속이라도 혹 생각이 있으리라
Og du, menneskjeson! Bu deg til som du skal fara i utlægd, og far burt um dagen framfor augo på deim, og du skal fara frå der du bur til ein annan stad framfor augo på deim. Kann henda dei kunde koma til å sjå; for ei tråssug ætt er dei.
4 너는 낮에 그 목전에서 네 행구를 밖으로 내기를 이사하는 행구 같이 하고 저물 때에 너는 그 목전에서 밖으로 나가기를 포로되어 가는 자 같이 하라
Og du skal føra ut bunaden din som ferdabunad høgstedags framfor deira augo, og sjølv skal du fara ut um kvelden framfor deira augo, sameleis som når dei fer i utlægd.
5 너는 그 목전에서 성벽을 뚫고 그리로 좇아 옮기되
Brjot deg eit hol i veggen framfor deira augo, og før bunaden din ut gjenom det!
6 캄캄할 때에 그 목전에서 어깨에 메고 나가며 얼굴을 가리우고 땅을 보지 말지어다 이는 내가 너를 세워 이스라엘 족속에게 징조가 되게 함이니라 하시기로
Framfor augo på deim skal du lyfta honom upp på herdi; når det er stumende myrkt, skal du føra honom ut, og du skal sveipa inn andlitet ditt, so du ikkje ser landet. For eg hev gjort deg til eit teikn for Israels-lyden.
7 내가 그 명대로 행하여 낮에 나의 행구를 이사하는 행구같이 내어 놓고 저물 때에 내 손으로 성벽을 뚫고 캄캄할 때에 행구를 내어다가 그 목전에서 어깨에 메고 나가니라
Og eg gjorde so som han baud meg; eg budde meg som til å fara i utlægd ved høgste-dagsleite, og um kvelden braut eg meg ut gjenom veggen med handi. Og då det var stumende myrkt vorte, førde eg bunaden min ut; på herdi bar eg honom framfor deira augo.
8 이튿날 아침에 여호와의 말씀이 또 내게 임하여 가라사대
Og Herrens ord kom til meg um morgonen; han sagde:
9 인자야! 이스라엘 족속 곧 그 패역한 족속이 네게 묻기를 무엇을 하느냐 하지 아니하더냐
Menneskjeson! Hev ikkje Israels-lyden, den tråssuge ætti, sagt med deg: «Kva gjer du?»
10 너는 그들에게 말하기를 주 여호와의 말씀에 이것은 예루살렘 왕과 그 가운데 있는 이스라엘 온 족속에 대한 예조라 하셨다 하고
Seg med deim: So segjer Herren, Herren: Denne beringi gjeld fyrsten i Jerusalem og all Israels-lyden som derinne er.
11 또 말하기를 나는 너희 징조라 내가 행한대로 그들이 당하여 사로잡혀 옮겨갈지라
Seg: Eg er eit teikn åt dykk; likeins som eg hev gjort, so skal det gjerast med deim; dei skal verta fangar og fara i utlægd.
12 무리가 성벽을 뚫고 행구를 그리로 가지고 나가고 그 중에 왕은 어두울 때에 어깨에 행구를 메고 나가며 눈으로 땅을 보지 아니하려고 자기 얼굴을 가리우리라 하라
Og fyrsten som er hjå deim skal taka si byrd på herdi og fara ut med det er stumende myrkt. Dei skal brjota hol i muren og føra ut gjenom det. Sitt andlit skal han sveipa inn, so han ikkje skal sjå landet med sine augo.
13 내가 또 내 그물을 그의 위에 치고 내 올무에 걸리게 하여 그를 끌고 갈대아 땅 바벨론에 이르리니 그가 거기서 죽으려니와 그 땅을 보지 못하리라
Og eg vil breida ut garnet mitt yver honom, og han skal verta fanga i mitt veide-net. So vil eg føra honom til Babel, til Kaldæarlandet - men det skal han ikkje sjå - og der skal han døy.
14 내가 그 호위하는 자와 부대들을 다 사방으로 흩고 또 그 뒤를 따라 칼을 빼리라
Og alt som ikring honom er til hjelp og alle hans herflokkar vil eg spreida for alle vindar. Og sverd vil eg draga ut etter deim.
15 내가 그들을 이방인 가운데로 흩으며 열방 중에 헤친 후에야 그들이 나를 여호와인 줄 알리라
Og dei skal sanna at eg er Herren, når eg spreider deim millom folki og strår deim ut i landi.
16 그러나 내가 그 중 몇 사람을 남겨 칼과 기근과 온역을 벗어나게 하여 그들로 이르는 이방인 중에 자기의 모든 가증한 일을 자백하게 하리니 그들이 나를 여호와인 줄 알리라
Men nokre få av deim vil eg leiva etter sverd og svolt og sott, so dei kann fortelja um alle sine styggjor millom folki som dei kjem til, og dei skal sanna at eg er Herren.
17 여호와의 말씀이 또 내게 임하여 가라사대
Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
18 인자야! 너는 떨면서 네 식물을 먹고 놀라고 근심하면서 네 물을 마시며
Menneskjeson! Et brødet ditt bivrande, og drikk vatnet ditt skjelvande og med hugsott!
19 이 땅 백성에게 말하되 주 여호와께서 예루살렘 거민과 이스라엘 땅에 대하여 이르시기를 그들이 근심하면서 그 식물을 먹으며 놀라면서 그 물을 마실 것은 이 땅 모든 거민의 강포를 인하여 땅에 가득한 것이 황무하게 됨이라
Og du skal segja til landslyden: So segjer Herren, Herren um deim som bur i Jerusalem, um Israels land: Brødet sitt skal dei eta med hugsott, og vatnet sitt skal dei drikka med fælske, for di deira land skal verta audt og snaudt, av di alle ibuarane for med valdsverk.
20 사람의 거하는 성읍들이 황폐하며 땅이 황무하리니 너희가 나를 여호와인 줄 알리라 하셨다 하라
Og folkerike byar skal verta lagde i øyde, og landet skal verta ei øydemark, og de skal sanna at eg er Herren.
21 여호와의 말씀이 또 내게 임하여 가라사대
Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
22 인자야! 이스라엘 땅에서 이르기를 날이 더디고 모든 묵시가 응험이 없다 하는 너희의 속담이 어찜이뇨
Menneskjeson! Kva er det for eit ordtøke de hev i Israels land, at de segjer: «Dagarne gjeng, og kvar ei syn vert upp i inkje?»
23 그러므로 너는 그들에게 이르기를 주 여호와의 말씀에 내가 이 속담을 그치게 하리니 사람이 다시는 이스라엘 가운데서 이 속담을 못하리라 하셨다 하고 또 그들에게 이르기를 날과 모든 묵시의 응함이 가까우니
Seg difor med deim: So segjer Herren, Herren: Eg vil få burt dette ordtøket, og dei skal aldri meir taka det på si tunga i Israel, men seg med deim: Nær er dagarne komne og sannsegni i kvar ei syn.
24 이스라엘 족속 중에 허탄한 묵시나 아첨하는 복술이 다시 있지 못하리라 하라
For no heretter skal det ikkje finnast fåfengd syn og falsk spådom hjå Israels-lyden.
25 나는 여호와라! 내가 말하리니 내가 하는 말이 다시는 더디지 아니하고 응하리라 패역한 족속아 내가 너희 생전에 말하고 이루리라 나 주 여호와의 말이니라 하셨다 하라
For eg, Herren, talar det ord eg talar, og det skal setjast i verk, det skal ikkje drygjast lenger ut. For i dykkar dagar, du tråssuge ætt, talar eg eit ord og set det i verk, segjer Herren, Herren.
26 여호와의 말씀이 또 내게 임하여 가라사대
Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
27 인자야 이스라엘 족속의 말이 그의 보는 묵시는 여러 날 후의 일이라 그가 먼 때에 대하여 예언하는도다 하나니
Menneskjeson! Sjå, Israels-lyden segjer: «Syni han ser, gjeld dagar langt undan, og um ukomne tider spår han.»
28 그러므로 너는 그들에게 이르기를 주 여호와의 말씀에 나의 말이 하나도 다시 더디지 않을지니 나의 한 말이 이루리라 나 주 여호와의 말이니라 하셨다 하라
Seg difor med deim: So segjer Herren, Herren: No heretter skal ikkje noko av mine ord drygjast ut lenger, det ord som eg talar, skal setjast i verk, segjer Herren, Herren.

< 에스겔 12 >